lørdag 30. juni 2012

Jorekstad og Maihaugen














Sidan vi ikkje er blant dei som har med kamera inn i badeland, legg eg berre ut bilete frå ettermiddagens tur til Maihaugen. Jorekstad badeland var fartsfylt og herleg for store og små, medan Maihaugen var hyggeleg og interessant. Vi kosar oss veldig alle fire, og synest slett ikkje det er nødvendig verken å reise langt vekk eller ha strålande vêr for å få mange flotte opplevingar.

fredag 29. juni 2012

Litt av eit kjør på Hunderfossen

Kunsten er å velje ein kvardag utanom sesongen, gjerne med litt trasig vêr, og møte opp rett etter opningstid og vere der til stengetid. Då slepp ein kø, og ungane får vere aktiviserte og nytte dei ulike tilboda så mange gonger dei orkar.










Løn for strevet er når ein unge utbryt, etter 8 timar i familieparken, at "dinne dagen he vore perfekt planlagt".

torsdag 28. juni 2012

Lilleputthammer












Besøk og ballett

Denne dagen vart solrik og fin, og eg fekk lokka Storegut til å klippe plenen medan eg steikte vaflar til han og dei to smågutane. Minstemann hadde nemleg overnattingsbesøk for aller første gong, og det var stor stas!

Om ettermiddagen tok vi turen til Ørsta, der Morfar og gutane heldt seg i heimen medan Mormor og eg var på ballettshow. "Besta" skriv om dette på sin blogg, og eg legg berre ut eit bilete Eldstejenta tok av seg sjølv mellom lyd- og lysmann Jiry og koreografen Andy. Det var ei flott framsyning, og det dukkar nok opp stoff i lokalpressa etter kvart. Eg går dessverre glipp av elitedansarane si framsyning på Aasentunet i morgon, då dei skal danse på dei nynorske festspela.

tirsdag 26. juni 2012

Testing, testing









Nokre bilete tekne i hagen og på tur i Mjeltvika i kveld

Ny sveis

Som prøveklut for kameraet valde eg først Minstemann, som hadde vore til frisør. Etter at motivet var borte, oppdaga eg at kameraet var feil innstilt, på manuelt.

Fekk igjen på skatte, no he ho....

Nytt kamera!

Ei tid for dilling og grilling

I dag hadde vi ein måndag utan særleg mykje program. Veslejenta hadde ein avtale med nokre venninner om å ligge i telt i natt, så ho pakka tinga sine og for av garde. Storegut har for det meste halde seg i ballbingen, medan Minstemann og eg har vore på besøk, og fått besøk. Begge delar var veldig koseleg, forresten.

Lenge etter solnedgang og etter at skodda hadde senka seg, fann Gamla ut at ho ville grille i utepeisen. Kanskje hadde det vore ein idé å teste ut patenten på pølser først, men eg heiv meg rett på kotelettane. Sidan det vart litt kaldt og vindfullt på verandaen, fann eg ut at eg skulle flytte møblane bakover på verandaen så dei stod litt lunare til, og så fyrte eg i omnen inne og sette opa verandadøra som "terassevarmar".

På facebook har eg sett fleire gramme seg over mygg, men her var ingen av arten. Om det var vinden eller røyken som jaga vekk myggen, veit eg ikkje, men "vi gutta" kosa oss uansett med ein sein og velsmakande middag.

mandag 25. juni 2012

Bok 36 2012: "Middagen" av Herman Koch

Då eg begynte på denne romanen, trudde eg den var ei vanleg historie om to rivaliserande brør. Det er den på ein måte, men den er uendeleg mykje meir. Mest av alt handlar det om kva ein er villeg til å gjere for borna sine. Eg vil ikkje røpe meir av handlinga, berre seie at dette var ei lettfatteleg og interessant lita bok.