Ariel
mandag 19. oktober 2026
Bok nummer 35 2026: "Kaja 2000" av Frederik Svindland.
Dette er del to av serien om Vito frå Porsgrunn. Det skal vere fire bøker i serien, men førebels er det berre to av dei som ligg på Storytel. Storytel skriv: "Se på meg da, jeg bare kjører på! Først Jævelunge, nå den boka her, historien til Vito bare fortsetter som Glamour på tv-en til mormor klokka ti på to hver dag. Men det er ikke glamorøse greier det her, det skal jeg love deg, lydboka her er full av harde ord og hver side høres brukt ut, litt som en gammal ryggsekk med tre tomme cans ... en god lukt egentlig. For det er litt det som er greia, det som er gammalt og glemt, det er så fint det hvis du er riktig i blikket. Det er først når du begynner å fikse på ting og gjøre det fint at det blir ødelagt, spør du meg. Men noen ganger går ting i stykker uten at du gjør no gærent også, og det er tragisk på en helt annen måte."
Bok nummer 34 2026: "Jævelunge" av Frederik Svindland
Oppvekstromanar kan vere interessante å lese, og denne boka er skrive om eit miljø som eg ikkje har kjennskap til, nemleg ungdomsmiljøet i Porsgrunn på 1990-talet. Det er ei god bok som er del av ein serie. Dette står på Storytel: "Hørt om den boka her eller? Den handler om meg, Vito. Jeg har skrivi den sjæl, for det er ingen andre som kommer til å gjøre det, ingen bryr seg om oss kidsa som vokste opp i Porsgrunn på 90-tallet. Jeg leser den sjæl også. Jeg bryr meg, jeg bryr meg masse, og nå er den klar, fortellinga om industribyen som fikk så ufattelig mange triste skjebner. Men ta det med ro, det er ikke en trist bok, den er egentlig ganske morsom. Alle er med, Jo-Jo og Mahad, Kaja 2000 (jeg glemmer aldri henne), og Halvor og Alvarez, de er på makka non stop, og pappa er wasted som vanlig, til og med rektor Larsen er med, han karen der redda livet mitt på et tidspunkt. Hva mer kan jeg si? Ikke tro på alt du hører..." Det er forfattaren sjølv som les.
Brundalen
Søndag 18. oktober var ein nydeleg haustdag, og vi skulle berre gå ein liten tur i nærmiljøet. Vi køyrde til Lisjedalen, gjekk den nye traktorvegen opp til Brundalsvatnet, gjekk rundt vatnet og deretter ned att den andre skogsvegen til det vi kallar "Sinsenkrysset", fordi der er ein sideveg inn til Geildalen. Der er ei myr ein må forsere før ein kjem inn til stien som går vidare til Lisjedalen, og eg vart svært letta då eg såg at nokon hadde lagt plankar/flakar på dei våtaste områda sidan førre gong eg gjekk der.
Brundalen er ein vakker stad året rundt, og no var det lenge sidan sist eg var der.
Rundtur til setrar i Hornindal
Laurdag 17. oktober var ikkje ein spesielt vakker dag, så vi ville ikkje på langtur eller gå på sleipe stiar. Vi enda opp med å gå ein grusveg som går innom fleire setrar, innanfor skisenteret i Hornindal. Det er ein partikollega som har tipsa meg om det som i utgangspunktet er ein tur å 4,5km, men som vi forlenga ved å gå inn i sidevegar til mellom anna Storesetra og forbi Hjortedalsetra og oppover vegen der. Vi bruker ofte slike dagar til å rekognosere for seinare turar, for på ein fineversdag er det fint å ta ein lang tur og setje seg ned. Denne dagen måtte vi gå for å halde varmen. ein annan gong kan vi køyre lenger inn setrevegen og gå i ein av sidedalane.
fredag 16. oktober 2026
Genser nummer 91: Edelweiss i Gann Tynn Merino
Ein dag det var halv pris på strikkepakkar på nett, fall eg for freistinga og kjøpte denne. Garnet er tynt og litt "slaskete#, så det har lett for å splitte seg. I tillegg er det relativt tynt, og genseren har to fargar i alle stripene i mønsteret. Som om ikkje dette er nok, strikka eg genseren i storleik Large, så den er for stor. Då eg hadde strikka den ferdig, fekk eg den nesten ikkje over hovudet fordi halsopninga var trang. Eg rekte derfor opp halsen, men så miste eg så mange masker at eg måtte rekke opp ein heil del ekstra. I dag festa eg trådane, og no ser han ikkje så verst ut, genseren. Eg trur eg skal dampe den, ikkje vaske den, før bruk, for eg er redd han mister fasongen ved vask.
Eg har eit stygt kallenamn eg har brukt om genseren, for den har vore irriterande frå starten av. Og apropos irriterande, så innebar freistinga at eg kjøpte ein strikkepakke til, i ein annan farge.
Bok 33 2026: "Borodino" av Øystein Orten
Ein aldrande lærar skriv eit brev til niesa si for å fortelje om slektshistoria hennar. Dermed har forfattaren etablert ei rammeforteljing rundt det som ein kan seie er glimt frå to hundre år med historie frå Nordvestlandet, med innslag av utanlandsreiser og internasjonal krigshistorie. Dei ulike forfedrane og -mødrene har hatt liv der både kjærleik, vonbrot, fare og tap har stått sentralt, og vi får ta del i tunge tankar dei har slite med. Når ein kjenner forfattaren, er det lett å sjå nokre likskapar mellom forteljaren og forfattaren, slik ein òg ser i tidlegare bøker. Det synest eg er eit artig trekk, og så likar eg spesielt godt det litt gamalmodige språket og referansane, fordi dette passar så godt til det historiske temaet. Boka skildrar kjenslevare hendingar utan å vere utprega sentimental, men eg sat att med ein klump i halsen etter å ha lese ferdig. Livet er ikkje alltid enkelt, og ein håpar ofte det vil gå betre for komande generasjonar, sjølv om kvar tid har sine utfordringar. Takk for boka, Øystein!
Bok 32 2026: "Sjur Gabriel" av Amalie Skram
Bok 31 2026: "The Absolute True Diary of a Part-Time Indian" av Sherman Alexie
Denne boka har eg lese fleire gonger saman med elevar. Det er ei ungdomsbok som omhandlar livet for innfødde amerikanarar i eit reservat, med utgangspunkt i guten Junior sine opplevingar. Her er tema som alkoholisme og stagnasjon, men òg fokus på klasseriese og moglegheiter til eit betre liv. Boka kom ut i 2015, og den er lett å lese for 16-åringar flest.
Bok 30 2026: "Kukene/Kukane" av Erlend Loe
Loe er, som mange veit, ein av mine yndlingsforfattarar, sjølv om eg ikkje er like begeistra for alle bøkene hans. Denne ligg føre påbokmål og nynorsk, eit originalt val som han sjølv har forklart kom av at han har ein kompis som driv bokhandel med nynorske bøker. Uansett valde eg å lytte til nynorskutgåva på Storytel, og det var forfattaren sjølv som las. Boka handlar om ein mann som misser penisen sin medan han dusjar. På eitt nivå er boka berre ei tøysete forteljing, men som vanleg har bok a ein alvorleg undertone. Loe seier sjølv at boka handlar om tap og å kjenne seg heil, men ein kan også i denne boka sjå ei problematisering av mannsrolla i vår tid, tenkjer eg.
Lue nummer 1
Eg har det med å kjøpe for mykje garn, og noko må ein bruke restane til. Derfor fann eg ut at eg kunne prøve å strikke ei lue til Bladfyken i same Rauma 3-trådsgarn som han fekk genser i. Eg valde å 4strikke den einsfarga for å gjere det enkelt for meg sjølv, og sanneleg vart det ei brukandes lue til slutt. Eg strikka i herrestorleik og la opp 128 masker, og det vart passeleg (eg strikkar kanskje litt laust).
søndag 11. oktober 2026
Folkestadsetra med gjengen
Torsdag 8. oktober ringde eg Veslejenta og spurde om ho ville gå tur. Eg køyrde til Folkestad og parkerte ved bommen opp til setrevegen, og ho gjekk heimanfrå. Vi hadde ein fin tur rundt setrevatnet, og hundane var glade for å vere samla, såg det ut til. Å gå tur er ein fin måte å vere saman på!
Erdalssetra og Vetledalsetra i Oppstryn
Onsdag 7. oktober hadde Bladfyken avspasering frå jobb, så då reiste vi til Oppstryn att. Etter bomturen i august grunna kyr som skulle heim frå beite, hadde vi tenkt oss attende dit utanom beitedyrperioden. Då vi kom fram, stod ein flokk geiter og venta, og dei var både store og nærgåande. Etter å ha rista dei av oss, bokstaveleg tala, gjekk vi opp til Erdalssetra. Det er for det meste gruslagd sti dit, men òg nokre parti med sleipe berg, noko som gjorde at vi brukte meir tid enn avstanden tilsa. Vi syntest det var litt kort til Erdalssetra, så vi heldt fram til Vetledalsetra lenger inne i dalen, der det går ein liten sidedal opp til venstre. Stien dit var tydeleg, men langt meir variert. Nokre parti gjekk på gras, andre på steinsett rås. På eit tidspunkt gjekk vi over eit gamalt skred, og så kom vi til setra. Fjella er majestetiske på ein annan måte der inne, med svarte, glatte fjellsider. Dei verkar umogleg å kome seg opp på, noko vi heller ikkje hadde planlagt. Turen vår var 3.6 kilometer kvar veg, og det var i grunnen passeleg med det variable underlaget.
mandag 5. oktober 2026
Straumssetra
Søndag 4. oktober var det meldt skikkeleg ruskevêr og mykje nedbør. Planen vår var å gå ein tur i nærmiljøet før vi skulle heim og koke fårikål og sjå tv, men når ein først er ute og går, kan planane endrast. Vi enda med å gå heilt opp på Straumssetra, som er ein bratt tur det meste av tida. Utsikta derifrå plar vere flott, men på grunn av skyer og regn var det ikkje så mykje å sjå, anna enn haustfargane der vi gjekk.
Vi kom seinare heim enn forventa, men etter kvart vart det fårikål, og det smakte svært godt sidan vi var nesten daude av svolt.
Rognestøyldalen
Laurdag 3. oktober skulle det vere ok vêr i Ørsta/Volda, så vi tok sjansen på å køyre til Rognestøyldalen og gjekk innover skogsvegen der. Fjella der er flotte, men dei forsvann etter kvart bak skodde og regnskyer. Vi gjekk til vegs ende før det begynte å høljeregne, og vi vart våte og kalde. Eg skulle kjøpe med litt kaffimat før vi besøkte mamma, og på Coop fann eg ein fleecepysj som eg kjøpte. Oppe hos mamma fekk eg skifta til tørre klede, og då vart livet noko lysare.
Besøk frå storbyen
I Oslo har ein haustferie ei veke tidlegare enn vi har her, og Eldstejenta hadde eit par fridagar til gode så ho kunne kome på besøk eit par dagar før haustferien hennar begynte. Ho og eg tok oss ein tur på handel etter at ho landa torsdag morgon, og så møtte vi tanta og mormora på kjøpesenter i Ørsta. Det heile var avtala med tanta på førehand, for vi måtte vente til mormora var ferdig på synstest. Vi gjekk på café og kjøpte sveler, for det lyt ein ete når ein kjem til Sunnmøre.
Fredag måtte eg på jobb, men hundane fekk ein fin tur med bygjesten. Om kvelden laga ho taco, og vi hadde invitert Veslejenta og kjærasten i tillegg til Bladfyken. Vi kosa oss med taco og brettspel om kvelden.
Laurdag gjekk Eldstejenta og eg tur med hundane frå Tua og innover Fladalen eit stykke.
Søndag var vi på korpsbasar, der Veslejenta spelte og kjærasten var groupie saman med oss. Vi hadde ei veldig fin helg!
Bok 29 2026: "Rinnanbanden: infiltrasjonen, torturen, oppgjøret" av Aage G. Sivertsen
I haust skal det kome ein tv-serie om Henry Rinnan, og det er eg både spent på og oppglødd over. Som førebuing las eg denne boka, og den er veldig interessant og spennande. Forfattaren tek utgangspunkt i at han som ung gut hadde ein fotballtrenar som han likte godt, men som hadde teke del i Rinnanbanden under krigen. Forfattaren har tidlegare skrive om Rinnan, men kjende behov for å skrive ei ny, basert på meir informasjon og grundigare studium. Ein får høyre om kva banden gjorde, men òg noko om motivasjonen til dei involverte, og om følgjene deltakinga i banden fekk for dei og deira pårørande i krigsoppgjeret og etterkrigstida. Mykje av dette var kjent stoff for meg, men eg lærte også mykje nytt. No har eg leita fram den gamle Tv-serien "Skyggespill" på Nrk, og den skal eg sjå på regnfulle haustferiedagar. Boka er glimrande innlese av Anders Ribu.
Bok 28 2026: "Du eneste - historien om Gunvor Hofmo og Ruth Maier" av Hilde Hagerup
På jobb har vi kjøpt inn klassesett av denne romanen, som er ei fiksjonsbok basert på den verkelege historia om Gunvor og Ruth. Gunvor Hofmo er godt kjend frå litteraturhistoria og er ein lyrikar vi alltid har på pensumlista. Kjærleiksforholdet til Ruth Maier er òg godt kjent. Ruth var jøde og døydde i konsentrasjonsleir, og dette prega sjølvsagt Gunvor resten av livet. Denne boka er fiksjon, men er basert på faktiske hendingar, dagbøker og liknande. Det er ei ungdomsbok som bør vere lett å lese, og eg er spent på korleis den kjem til å slå an.
Bok 27: "Shuggie Bain" av Douglas Stuart
Dette er ei veldig god bok! Handlinga utspelar seg i Glasgow på 1980-talet. Shuggie veks om med ei alkoholisert mor, og dei lever i fattigdom, Mora Agnes lever for det meste på trygd, og ho kjøper alkohol heller enn mat. Samtidig opprettheld ho eit vakkert ytre og snik til seg pengar på ulikt sett. Shuggie er annleis enn andre gutar på sin alder, så han blir utestengd og tidvis mobba både av born og vaksne. Vi får òg vite at han i romanens notid lever i fattigdom og utfører seksuelle tenester for pengar.
Bok 26 2026: "Hushjelpen ser deg" av Freida McFadden
Storytel skriv: "Millie og mannen hennes har flyttet til Long Island, hvor de håper å gi barna en trygg oppvekst i et rolig boligområde. Etter alle årene med slit som hushjelp føles livet nå behagelig, og Millie har lagt den mørke fortiden bak seg. Men freden varer ikke lenge. Når Millie og Enzos nye nabo, fru Lowell, inviterer dem på middag, får Millie frysninger i det øyeblikket hushjelpen åpner døren. Kvinnen klarer ikke å ta øynene fra dem. Og det er ikke bare fru Lowells hushjelp som skaper bekymring. Millie får følelsen av at noen lurer i skyggene og passer på dem. Flyttingen til den tilsynelatende rolige forstadsgaten fremstår i økende grad som en feil, og ubehaget øker når Millie får en advarsel fra kvinnen som bor rett over gaten: Vær forsiktig med naboene dine." Dette er ikkje den beste boka i serien om Hushjelpen, men det er god underhaldning.
Bok 25 2026: "Boka ingen får lese" av Venke Guldis Pilskog
Dei som har vakse opp i same område som meg, kjenner godt til den forferdelege historia om valdteksts- og drapsmennene kjende som Antonsen-brørne. I denne boka fortel forfattaren om korleis ho var dottera til kvinna som kom i kontakt med Edgar Antonsen slik at han kom til Ørsta. Dette fekk fatale konsekvensar, først og fremst for ungjenta Bodil Brungot, som vart offer for dei berykta brørne.
Bok 24 2026: "Sangen om løpende hester" av Britt Karin Larsen
Frå Stavanger Aftenblad: "Britt Karin Larsen syner overtydande korleis endringane har kome i tateranes liv; også kor ei minoritetsgruppe slitst mellom byrgt sjølvmedvit og mindremannskjensle. Motivkretsane er som før, og dreier seg omkring familie, generasjonar, ætt, kjærleik, sjalusi, hat, strenge reglar for kultur og ukultur, kampen for å overleva, den endelause striden mellom bonde og fant."
Denne serien var verkeleg interessant å lese. Ein lærer mykje om taterlivet, men òg om korleis taterane vart oppfatta av lokalmiljøa dei levde i.
Bok 23 2026: "De usynliges by" av Britt Karin Larsen
Omtale frå Storytel: "I denne andre romanen om historiene om tatrene i Norge fører Britt Karin Larsen handlingen fra tidlig 20-tall og frem til fredsdagen 8. mai 1945. Vi følger fremdeles de fire taterfamiliene vi ble kjent med i De som ser etter tegn i et vakkert mylder av episodiske småstykker der motsetningene mellom disse reisende og storsamfunnet er markant. I De usynliges by vinner ikke bare ideene om rasehygiene innpass de gjør seg også konkret gjeldende."
søndag 13. september 2026
13. september: søndagstur i Løndalen
Veslejenta var innom meg på torsdagen slik at hundane fekk leike i hagen. Det var ein nydeleg ettermiddag, og vi kunne sitje på verandaen og slappe av. I dag avtala vi å møtast ved setrevegen på Folkestad, og så gjekk vi saman til Løndalen og attende. Ved fotballbana stoppa vi og sleppte hundane lause så dei fekk springe av seg litt energi. Dei er framleis gode vener, men dei har fire svært ulike personlegdomar. Vi pratar mykje hund når vi er saman, men vi har òg mykje anna på saklista. Torsdag skal vi til dømes på kommunestyremøte.
11. september: roadtrip til Stryn
Eg hadde min andre fri-fredag denne hausten, og då passa det godt å fare på tur med mamma. Ho sa det var det same kvar vi for, men så nemnde ho Stryn. Eg begynte å køyre, og då vi kom til Grodås, fann vi ut at vi skulle innom klesbutikken. Vi fann oss noko begge to, og det er no alltid kjekt.
På veg til Stryn køyrde vi innom Sør-Markane, men der var ingen kjende å sjå. I sjølve Stryn vasa vi rundt og såg litt i butikkar, og så enda vi opp på same café som sist, der vi bestilte kyllingkebab. Etter maten var vi eigentleg så mette at vi ikkje gadd meir, men eg køyrde over Krøvelseidet då vi kom til Volda att. Vi er glade i bilturar, og spesielt når ein ikkje greier å gå så langt er det kjekt å kome seg ut og sjå noko anna.Genser nummer 90: Setesdalsgenser med raglanfelling til Bladfyken
Denne genseren er litt historisk, då strikketøyet vart med til Madeira i sommar og vart ståande att i Lisboa og på Gardermoen før det kom heim. Eg kan røpe at det ikkje vart strikka ei maske på Madeira, men eg hadde med spøt for sikkerheits skuld. Strikketøyet vart òg med til Solund, så det er ein bereist genser. Det er andre genser eg strikkar etter dette mønsteret, og no begynner eg å synast det er kjekt og "logisk". Det står att å sjå om eigaren vert nøgd - det er ei 60-årsgåve på førehand.
5. september: tur til Mosetra og Langedalen
Eg har gått fleire gonger til Vallasetra i mine unge år, då dette var den mest nærliggande setra for ein fotgjengar frå Vallabøen. Denne dagen køyrde vi opp til Mosetra (som ligg tvers over elva frå Vallasetra), og så gjekk vi innover dalen til vi ikkje gadd meir, og då gjekk vi over elva og gjekk på Valla-sida ned att til setrane. Fremst i dalen ser ein fantastiske fjellformasjonar, som er baksida av fjella i Molladalen. Det var uverkeleg vakkert med litt haustfargar og mildt vêr. MEN så begynte det å høljeregne, og stien vart frykteleg sleip. Eg datt og slo hovudet/armen/hofta/kneet på venstre side, og gjennomvåt og forslått kom eg attende til bilen. Då ville eg berre heim.
Eg kom frå fallet utan andre mein enn eit stort blått og gult område på eine hofta.
mandag 31. august 2026
21. august: Første fri-fredag dette skuleåret
Eg tok meg ein tur til tettbygde strok for å utføre nokre ærend og besøke mamma. Det regna utan stans, og vi laga oss eit ærend til ein butikk i Volda berre for å kome oss litt ut. Mamma og pappa brukte ofte å gå på kinarestaurant i Volda, så det er ein fin tradisjon å halde i hevd. Vi var der før klokka 17, så vi kunne få lunsjmeny. Det vil seie at ein får ein litt mindre porsjon for mykje lavare pris, og eg kan love at det var nok mat. Vi hadde drukke kaffi med noko attåt før vi for, så vi droppa dessert. Ein fin måte å tilbringe dagen på utan å bli klissvåte!
Rundtur til Oppstryn, Geiranger og Hornindal
Laurdag 29. august vart ein mild dag med ein del skyer. Det var siste helga med afternoon tea på Gamlebutikken på Hjelle, derfor køyrde vi til Oppstryn. Eg ville lufte hundane før vi gjekk på café, og brått var vi langt oppe i Erdalen, der vi fann eit nytt turmål. Det gjekk fin, grusa sti i retning ei seter vi ville gå til, men då vi var nesten oppe høyrde vi eit fælsleg brøl som
var ei blanding av smerteskrik og mordlyst. Det var ei bjølleku som kom mot oss, og bak henne komm det fleire av same kaliber. Vi gjorde kort prosess og snudde nedover stien att, med kyrne like bak. Dei tok oss att då vi var nede ved bilen og sette hundane i bur, og då fekk vi òg snakke med nokre bønder som kom bak kuflokken. Dei skulle jage kyrne attende til garden sin, men kunne òg fortelje at det var fleire kyr på setra som ikkje var henta. Dermed gav vi oss på heile turgåinga og for på café (etter å ha følgt etter kuflokken nedover dalen). Denne gongen var det ikkje fullt så mange gjestar, så vi fekk ein flott plass på terrassen. Vi valde kaffi i staden for te og ein annan sort smørbrød, men elles var måltidet som sist - og like lekkert.
Etter maten tenkte vi oss ein biltur til Strynefjellet, og så begynte vi å snakke om å køyre ned til Geiranger for å lade batteri. På vegen dit såg vi ei avkøyrsle til Dalsnibba. Der har eg aldri vore, men eg hadde veldig lyst, trass høgdeskrekk. Fjellet er 1500 meter høgt, og det var flott utsikt og nydeleg temperatur i høgda.
Då vi skulle køyre ned til Geiranger, var det brått frykteleg tjukk skodde, så turen var ikkje noko særleg. Eg foreslo at vi kunne sjekke om det var lenge til neste ferje, og det vart berre ti minutts ventetid. Dermed enda vi opp på fjordcruise mellom Geiranger og Hellesylt. Denne turen har eg tatt fleire gonger, men det var lenge sidan Bladfyken hadde vore der.
På vegen vidare stoppa vi ved Honndøla bru og gjekk tur med hundane, før vi køyrde ned til Grodås for endeleg å lade bilen. Vi måtte dessutan handle litt mat, og heldigvis var det tjue minutt att før butikken stengde.
Dagsturen vår vart altså litt av ein rundtur, og vi var på tur i nesten 12 timar. Men så vart det også ein kjekk og interessant dag med mange nye inntrykk!
Rovde: Myrkevatnet
Søndag 23. august var det eigentleg meldt fint vêr. Vi køyrde til Rovde og framover Årsetdalen, der vi parkerte og gjekk vidare opp til enden av dalen. Der gjekk vi ei rås opp til høgre i retning Myrkevatnet. Derifrå er det mogleg å gå fleire spektakulære fjellturar, men vi gjekk berre opp på ein liten ås og skulle sjå på utsikta over dei flotte fjella i dalen. brått seig det innover ei grauttjukk skodde, så det vart lite utsikt og litt skummelt å gå ned att utan å sjå.
Teppe til Bjarne
Eg hadde delvis ansvar for at Bjarne plumpa uti ei elv medan eg passa han, og kjensla av den skjelvande kvelpen vart så fæl at eg bestemte meg for å strikke eit varmt teppe til han av noko mjukt restegarn eg hadde liggande.







