onsdag 29. juni 2011

Baking og bøker

Feriedag 3 i heimen: skodde og regn. Igjen.

Vi vaksne har lett for å kome på nyttige inneprosjekt når vêret er dårleg, og personleg kjedar eg meg så og seie aldri. Men eg kan bli vêrsjuk.

I og med at Sydenbillettane er i boks, tok eg livet med ro i dag og tenkte at vi får kose oss og slappe av til vêret snur. Eg gjekk meg ein tur på vel ei mil medan eg høyrde lydbok, utan å tvinge nokon til å vere med. Eldstejenta ville bake pizzahorn, så ho sykla til butikken og hadde deretter ein heil jobb med baking, steiking og rydding. Dei tre yngste spelte PS for det meste, men dei to mellomste tok seg ein tur ut når det leid på.

Etter middag har eg kvilt meg, lese i bok og kveikt stearinlys. Det kjennest som haust.

Bok 46 2011: "Far Goriot" av Honoré de Balzac

Etter å ha meldt meg ut av Verdensbiblioteket fordi eg syntest bøkene var litt tunge og lesinga lite lystprega, er sjølvsagt lageret eg har opparbeidd meg fullt av litterære godbitar. "Far Goriot" handlar, kort fortalt, om ein mann som lever i ytterste fattigdom fordi han gir alt han eig til sine to utakksame døtrer. Ein får eit innblikk i livet blant sosieteten i Paris på 1800-talet, og ein opplever ei hjarteskjerande dødsscene mot slutten. Eg måtte faktisk felle ei tåre eller to.

Bok 45 2011: "La meg synge deg stille sanger" av Linda Olsson

Olsson er ein svensk forfattar busett på New Zealand, og dette er debutromanen hennar. Ho skriv eigentleg på engelsk, men romanen inneheld utdrag frå svensk lyrikk mellom kapitla. Synsvinkelen vekslar mellom dei to kvinnene Veronika og Astrid, og i møtet mellom desse kjem to livshistorier til overflata og ein unik venskap tek til.

Eg vert ikkje heilt einig med meg sjølv om dette er ei vakker bok med mykje livsvisdom, eller om det er ei klisjéfylt forteljing med føreseieleg slutt. Kanskje balanserer romanen på grensa mellom desse karakteristikkane, og då er det mykje opp til lesaren og modusen denne er i om ein likar det ein les. Sjølv var eg begeistra ein stad midt i, men så vart det litt for mykje av det gode mot slutten.

Boka er kort og lett å lese, så de får heller lese den sjølve og gjere dykk opp ei meining.

tirsdag 28. juni 2011

Det einaste ho ønska seg var ein solskinsdag

Feriedag 2 i heimen: skodde og regn. Eg tok med meg dei to yngste til Volda fordi Veslejenta skulle til tannlegen, og vi fekk handla litt og gått på biblioteket før vi for heim. Vel heime gjekk eg meg ein lang tur aleine medan ungane kosa seg med PS-spel, og etter middag gjekk dei tre eldste tur heilt på eige initiativ.

Medan ungane var ute, sat eg og såg ut på skodda og tenkte at det er ein lang sommar, og at vêret ikkje akkurat er noko å skryte av så langt. Langtidsvarselet lovar heller ikkje bra. Litt spontant begynte eg å sjå på restplassar til Syden, og plutseleg hadde eg kjøpt ein tur til Eldstejenta og meg i byrjinga av august.

Om ikkje skodda letta ute, letta i alle fall mi indre skodde medan eg venta på at ho skulle kome heim. Eg skreiv noko på facebook om at ho skulle på tur men ikkje visste det enno, og då ho kom heim, sa eg at ho måtte sjekke facebook fordi nokon hadde skrive på tavla hennar. Jubelen stod i taket! No kan vi overleve ein kald og våt juli, for i august skal vi ligge strak ut i sola, klage over varme og berre slappe totalt av i ei veke. Viss vi greier det.

Bok 44 2011: "Doktor Proktor og verdens undergang. Kanskje" av Jo Nesbø

Forfattaren er svært aktuell med si nyaste krimbok, men dersom familien skal på biltur i sommar, er truleg ei av Doktor Proktor-bøkene å foretrekke. Bøkene har eit sprøtt, humoristisk og fantasirikt innhald, og denne handlar mellom anna om ein suspekt, svensk kordirigent som hypnotiserer folk i Noreg til å gå til krig mot Danmark via eit populært tv-program.

Sjølv om det er ei barnebok, er boka minst like morosam for vaksne - ikkje minst er lydboka god fordi opplesaren Ivar Nergaard er god til å herme etter dialektar, og etter kongen. Eit lite spark mot Jon Fosse gledde ei norsklærar-mamma, men ungane skjøna ikkje kva eg lo av.

Mot slutten peikar forfattaren sjølv på at boka har ein djupare tematikk om å vere annleis enn den store hopen i samfunnet, og det har han sikkert rett i. Likevel er det underhaldningsverdien som er størst her. Nesbø kan meir enn å skrive krim - men det visste de vel frå før...

mandag 27. juni 2011

Harry Potter maraton

Første feriedag utan planar var ein typisk sunnmørsk sommardag: 15 grader, skodde, yr og knott. Jentene laga frokost og vart med meg på butikken, deretter begynte ungane på Harry Potter-filmane vi kjøpte i Oslo medan eg gjekk tur i knappe to timar, steikte pannekaker, bakte brød og vaska klede. Vêret innbyr til sløving inne, og vi kan tillate oss EIN slik dag no i starten av ferien.

Bok 43 2011: "Utrenskning" av Sofi Oksanen

Forfattaren Sofi Oksanen vart tildelt Nordisk Råds litteraturpris etter at denne romanen vart nominert i 2010. Romanen inneheld fleire synsvinklar og parallelle historier, og den tek opp aktuelle tema som menneskehandel, sexslaveri, Tsjernobyl, korrupsjon og kommunisme i Estland og andre delar av tidlegare Sovjetunionen i perioden 1940 - 1992. I tillegg til dei historiske og samfunnsaktuelle hendingane, møter vi menneske som opplever samfunnsendringane på kroppen - bokstaveleg tala. Eg er ikkje heilt sikker på om eg likte den så godt, for eg opplevde den som vanskeleg mot slutten. Men den er, for all del, svært interessant.

søndag 26. juni 2011

Together again

Etter ein lang dag i bil kom vi omsider heim, og eg reiste av stad for å hente småungane. Dei hadde hatt ein kjekk miniferie hos besteforeldra i Ørsta, der eitt av høgdepunkta var to fisketurar. I "byagåve" fekk ungane ei dvd-samling av sju Harry Potter-filmar, med håp om stillferdig kos framover. I bloggande stund går dei berserk og er særs høgrøysta - det er mykje fire ungar har å fortelje kvarandre etter nokre dagar kvar for seg.

I Ørsta fekk eg nok ei bursdagsgåve; denne gongen eit Flora-sett med blåbær . Tusen takk til Hareidsdølene for fin presang!

lørdag 25. juni 2011

Ein roleg dag i Oslo...



I dag skulle vi ta det med ro og gjere oss kjende i storbyen. Det begynte med ein tur til Norsk Teknisk Museum på Kjelsås, så då fekk gutane kjøre tog for første gong. Muséet inneheldt svært mykje som passa for gutar i alle aldrar, og spesielt kjekt var det å kunne trykke på knappar, ringe i gamle telefonar og sjå på gamle fly og bilar.

Attende i byen fekk gutane gå litt på eiga hand i butikkar på Oslo city, og så tok vi oss ein tur bort til operahuset for å "sightse" litt. På veg attende til hotellet stogga vi på Hard rock café og åt middag, og no har vi ein pause før vi eventuelt går ut og ser meir på folkelivet.

Foo Fighters

Årets store happening gjekk av stabelen fredag kveld. Fire blodfans fekk, saman med om lag 20 000 likesinna, oppleve dei store heltane på Telenor arena. Foo Fighters er eit godt gammaldags rockeband med dyktige musikarar og ei sceneutstråling det står respekt av. Vi fekk høyre mange gamle hits, synge med på allsang (noko anna enn allsang på grensen, må eg seie) og verkeleg kjenne stemninga på kroppen. Øyreproppane  kasta vi etter at oppvarmingsbanda var ferdige, og det gjekk forbausande bra. Gamla hadde sjølvsagt med både øyreproppar og paracet, sånn i tilfelle, men det gjekk forbausande bra - også for gammalt folk.

fredag 24. juni 2011

Friday at Friday's

Fredag morgon var det tid for å ta avskil med gjengen på Kongsberg. Tusen takk for opphaldet!

I 12-tida kom vi til hovudstaden. Det vart tid til både sight-seeing og handel før eit betre måltid på Friday's. I kveld er det konsert, og vi gledar oss stort!

torsdag 23. juni 2011

Torsdag på Kongsberg




Torsdag kjørte vi vidare til Kongsberg, der vi tilbringer tid saman med Bror min og familie. Det vart høve til ein tur inn i sølvgruvene, som gutane kjenner frå Olsenbanden junior. I kveldinga stakk dei største Gutta på bowling, medan Svigerinna og eg slappar av i heimen saman med Minsten.

Første feriedagen

Onsdag starta litt stressande med pakking og rydding, før eg sette kursen mot Ørsta med dei to yngste. Dei skal vere i pensjon hos besteforeldra nokre dagar, og vi fekk servert deilig middag før eg måtte sette kursen mot tannlegekontoret. Greitt med alt som er ordna til ferien! Etter den årlege "null hull"-sekvensen var det strake råsa av stad for å sanke ihop resten av "Gutta". Første økta gjekk til Hemsedal, der vi overnatta på Skogstad hotell etter å ha ete på Peppe's, som tilfeldigvis låg tvers over gata og utgjorde det meste av utsikta frå balkongen vår.



tirsdag 21. juni 2011

Avslutningsfest for avgangselevane


I kveld hadde vi eit særs vellukka arrangement på skulen, ikkje minst takka vere musikklinjelærarane, som mellom anna hadde øvd inn allsongane og var forsongarar. I tillegg vart det vist ein film, laga av ein elev på medialinja, vi fekk sjå filmklipp frå årets musikal og både ein elev og rektor talte. Etter maten delte vi ut karakterutskrifter til elevane, og då klassen min skulle fram, begynte plutseleg nokon å spele og synge "happy birthday". Slik er det i desse facebooktider - det er ikkje lett å halde slike ting for seg sjølv. Klassen hadde kjøpt ein nydeleg orkidé til meg, og i tillegg forfatta og signert eit fantastisk koseleg kort som eg vurderer å ramme inn og ha hengande ved speilet i gangen, så eg kan sjå meg sjølv i auga og seie "du er dritkul".

Det er vemodig å sende barna sine ut i verda, og dei 29 i klassen min har verkeleg vore barna mine. Tre av dei var ikkje til stades i kveld, men dei 26 hine fekk eg klemme på. Eg fekk ikkje fram så mykje vetigt, må eg innrømme, så velvalde ord på vegen fekk dei andre stader ifrå. Dette var klassa som kledde meg ut som drikkekartong, toast-tre og russekortmumie, som fekk meg til topps på Saudehornet og som gav meg mange andre gleder og frustrasjonar. Dei blir i hjartet mitt for alltid.


Fleire bilete frå skulen si heimeside finn du her

Kort frå familien

Begavelse




lørdag 18. juni 2011

Happy birthday, Macca!

Mamsen og Lillegutt på Ørstatur


Mobilen min har irritert meg i lang tid. Han har vore ein tur på reparasjon òg, men idioten fall snart attende i gamle uvanar, som å slå seg av midt i utgåande meldingar eller i viktige samtalar. Fredag kveld tenkte eg at nok er nok - no ville eg ha ein ny. Touchtelefon har eg ikkje motorikk til å handsame, og eg hatar å lese bruksanvisningar, så det måtte bli noko tilsvarande den eg har. Bortsett frå at den nye sjølvsagt måtte virke.

Minstemann og eg la derfor i veg på shoppingrunde i dag. Han leid seg gjennom to elektrobutikkar og tre klesbutikkar ("Mamma, må ej ha endå meir klede?") før vi endeleg stakk innom leikebutikken og kjøpte han ein ny cowboyhatt.

"Besta" inviterte på middag; heimelaga kjøtkaker m.m., og så fekk eg bursdagpresang. Ja, eg fekk pengar i tillegg, så mobilen var eigentleg delvis gåve frå dei.

Vel heime gjekk vi ein tur for å teste ut den nye cowboyhatten saman med eit våpen, og no sit vi og kosar oss med smågodt og teiknefilm. Det er deilig å kjenne at det ikkje er meir enn eit par dagar att på jobb før ferien!

fredag 17. juni 2011

Bok 42 2011: "En kule" av Tom Kristensen

Ein kriminalroman frå finansmiljø er i utgangspunktet ikkje så veldig interessant lesing for meg, men eg gav denne ein sjanse fordi den fekk gode kritikkar som ei svært god debutbok. Til tider var den også interessant og spennande, men den slutta svært fort og klisjéfylt. Eg kan styre mi begeistring.

torsdag 16. juni 2011

Siste innspurt før ferien

Eksamen er stress, press, nervar i heilspenn, vonbrot og glede. Og elevane har det ikkje så greitt dei heller.

Onsdag gjekk med til sensur. 7 elevar skulle i elden og snakke om litteraturhistorie, språkhistorie, utviklingslinjer og nye utfordringar. Samarbeidet med eksaminator gjekk svært bra, og vi var einige om resultatet. I dag var rolla mi bytta om frå sensor til eksaminator, og det var "mine barn" som skulle i elden. Også i dag gjekk samarbeidet med sensoren greitt, og resultatet samla sett var bra i høve til standpunktkarakterane. Nokre gjekk truleg skuffa heim, men eg veit i alle fall tre som var hoppande glade etterpå - med god grunn.

Og eg? Letta og passeleg nøgd kom eg heim og la meg i solstolen. Der flata eg totalt ut i eit par timar med ei lydbok på øyret, totalt tappa for krefter og tiltakslyst. Kjenner eg meg sjølv rett, går det over. Kanskje skal eg gå meg ein kveldstur no når sola går ned?

tirsdag 14. juni 2011

Nail or Fail

Dagens store overrasking kom ikkje som noka bombe. Dei sju resterande elevane i klassen hadde resonnert seg fram til at dei kom opp i norsk munnleg, trass i mitt uklanderlege pokerfjes. (Det er kanskje ein grunn til at eg alltid taper i kortspel.)

Eg plar gå hardt ut og seie at eg har fått opp elevar til munnleg kvart einaste år eg har jobba, bortsett frå dei åra eg gjekk ut i fødselspermisjon før skuleåret var slutt. Til og med eit år det var sensornekt på munnleg fekk eg opp eit parti, fordi der dukka opp ein sensor som ikkje hadde somla seg til å organisere seg.

Munnleg eksamen er eit herk og eit pes, både for elevar og lærarar, men så er det også ei fantastisk lette å verte ferdig med det - dersom resultatet er ok. No sit både elevane og eg og les om norrøn litteratur, språkhistorie, romantikk og modernisme, blant anna. Elevane skal halde ein presentasjon først, og så skal eg spørje dei ut etterpå. Alle er vi spente på korleis det skal gå med oss, korleis sensoren er, korleis nervane oppfører seg når vi er under press. Eg trøystar dei med at dei om to dagar aldri treng å lese om dette att. Sjølv har eg att nesten 25 år før eg er pensjonist.

mandag 13. juni 2011

Hasundhornet (533 moh), hoggorm og Hødd







Etter ein skoddegrå innesøndag starta eg andre pinsedag med eitt mål for auget: å vere i aktivitet ute. I følgje Barnefaren skulle vikingkaupangen på Herøy gard vere open i dag òg, men det viste seg at det ikkje stemde. Då vart det til at dei to små, iført tøy- og inneskor, vart med meg på Hasundhornet i Ulsteinvik. Eg budde i Ulsteinvik frå 1993 - 2000 utan å kome meg til topps på det sentrale fjellet, så det var på tide å ta turen. Det er fint å gå på tur ute i øyane, sidan der er lett terreng og lite skog. Med litt telefonisk assistanse frå Systa fann vi vegen opp, sjølv om vi hadde valt ei unødvendig lang løype.

På snarvegen nedatt vart det noko dramatikk då Minstemann trakka på ein hoggorm - eg har faktisk aldri sett ein slik før, og måtte kjempe litt med meg sjølv for å verke roleg og ansvarsfylt.

Storegut og laget hans skulle spele kamp i Ulsteinvik, og vi kom dit tidsnok til å få sjå andre omgang. Resultatet vart 16 - 0 til Folkestad, så gleda var stor. Dei hine vart att på grunn av gratisbillettar til Hødd-kamp, men eg er no heimom for å gjere meg klar til kveldens kinodate med nokre av jobbdamene.

søndag 12. juni 2011

Bok 41 2011: "Andres nød" av Val McDermid

Det er vanskeleg å skrive om ein kriminalroman utan å røpe for mykje av innhaldet, men eg kan nemne at kriminalsakene det dreiar seg om i denne romanen er massemord av prostituerte og smågutar. Det begynner bra, med gode karakteristikkar av etterforskarane, ei veksling i synsvinkel der vi får innblikk i tankane til ein forbrytar og eit spennande spaningsoppdrag. Deretter flatar det merkeleg nok ut ein del, og romanen vert unødvendig lang (12 cd-ar). Eg kan ikkje fordra det når kriminalromanar varer lenge etter at ein har skjøna poenget.

lørdag 11. juni 2011

Minstemanns første Kiwi


Medan Gamla hadde ein roleg dag med rusletur etter vegane og ein heil del lesing, deltok Minstemann på sin aller første Kiwi-cup, i Ørsta. Laget hans har spelarar i alderen 5 - 8 år, og dei er berre supersjarmerande. I dag møtte dei to lag frå Ørsta og to frå Volda, og dei slo det eine Ørsta-laget 7 - 6 (for å seie det på den måten). Guten var ikkje lite stolt då han kom heim med statuett og greier, og han fortalde gjerne om kampane.

"Og so laga eg ei straffe. Ja, det var ikkje meininga, då, men det kom en fyr og snubla i meg så han rulla og rulla bortover. Eg sa unnskyld, då, men det vart straffe likevel".

God pinse til alle lesarar!

fredag 10. juni 2011

Bok 40 2011: "Døde sjeler" av Nikolaj Gogol

Boka, som eg fekk tilsendt frå "Verdensbiblioteket", inneheld den fullstendige første og den ufullstendige andre del av det Gogol planla som eit verk i tre delar. Teksten er såleis både fragmentert og utan slutt, men den er slett ikkje utan både litterær og litteraturhistorisk verdi.

Skrivestilen er lett humoristisk, og forfattaren kjem med kommentarar om personane i boka som om desse var levande. Spesielt ved eitt høve er dette gjort på ein artig måte: etter å ha omtala fortida til hovudpersonen, skriv han at han har greidd å vekkje han:

"Men vi er kommet til å snakke temmelig høyt og har glemt at vår helt, som har sovet hele tiden mens vi fortalte hans historie, nå er våknet og kan høre sitt navn nevnt; det går jo ganske ofte igjen. (...) Leseren gir nok en god dag i om Tsjitsjikov blir sint eller ei, men hva forfatteren angår, så må han under ingen omstendigheter legge seg ut med sin helt"

Forteljinga i boka er at den slu Tsjitsjikov reiser rundt og kjøper opp namna på liveigne bønder som har døydd sidan førre folketeljing. Dette for å lure myndigheitene til å la han ta opp eit stort lån og reise vekk. Han møter mange fargerike personlegdomar på vegen og lyg ihop forklaringar til dei. Ved å fortelje denne historia ville Gogol presentere heile Russland, og her er nok ein del kritikk av 1800-talets Russland som vi ikkje heilt skjønar i dag. Kvifor han såg seg nøydd til å brenne to utkast til del 2 er uvisst, men han døydde i alle fall før han fekk fullført prosjektet.

Det er sjølvsagt irriterande å lese ei bok som ikkje er fullstendig, men eg visste om det på førehand og var budd på å ikkje få høyre korleis det gjekk til slutt.

torsdag 9. juni 2011

Du skal ikkje tru det blir sommar

Etter jobb i dag tok Eldstejenta og eg oss ein tur på TREN, der vi både gjekk tur, jogga litt og rodde. Utan å bli våte. Etterpå tok vi ein snartur innom solsenteret, under mottoet "lag din eigen sommar". Det er deilig å sitje inne i kveld med ullsokkar og fleece, lettare solbrend, med ein stor kopp varm te. Kalenderen seier 9. juni.

onsdag 8. juni 2011

Fri-onsdag med fotball

På vårens siste fri-onsdag før ferien skulle Minstemann og eg verkeleg feriere. Ingen tur, ikkje noko mas - berre litt lett jobbing (lesing i sola). Eg la meg ut då skodda letta, gjekk innatt då eg skulle lage middag og planla å legge meg ut att etter middag. Fin plan.

Å lage ein stabel pannekaker tek si tid, men eg hadde lova ungane at det skulle vere dagens middagsmeny. Eg kan hugse korleis det var å kome rett heim til ferdig middag etter skulen då eg gjekk på vidaregåande, og den kjensla vil eg gjerne at ungane mine skal oppleve når eg har fri til å lage middagen klar så tidleg.

Etter pannekakene var sjølvsagt sola vekk. Eg la meg ut ei stund berre på trass, og fekk sjølvsagt frosten i meg av same grunn. Det var berre å legge vekk bikinien att og leite fram sokkar og fleecejakke.

I kveldinga skulle Storegut på trening og Veslejenta spele kamp, og begge delar skjedde på same stadion. Minstemann fann nokre kompisar å sparke saman med medan eg var supportermamma på sidelinja. Det hjalp lite å heie, for stillinga vart til slutt 3 - 7 mot Hareid. Eit lite lyspunkt var det at Veslejenta scora eitt av måla. Vel heime gjekk eg ein tur på om lag ei mil, og kvelden var mild og fin med ein del sol. Den gjekk akkurat ned då eg kom heim, nærare klokka 22.00. Det er vakkert slike dagar, men eg hadde ikkje med kamera på tur. Ikkje på fotballkamp heller. Eg må visst skjerpe meg.

Bok 39 2011: "Magnetisørens femte vinter" av Per Olov Enquist

Romanen er frå 1964, og handlinga er basert på ei sann historie om ein tysk lege som dreiv med såkalla magnetisme-effekt i lindring av sjukdom. Synsvinkelen vekslar mellom ei forteljarstemme og dagboknotat frå ein av personane i historia. Det store spørsmålet er om hovudpersonen kan gjere folk friske att, eller om han driv med humbug. Eg fekk ikkje så mykje ut av den, er eg redd, men eg vurderer å sjå filmatiseringa frå 1999.

tirsdag 7. juni 2011

Konsert på kulturskulen


Dagens kulturelle happening var ein musikkskulekonsert på Eben Eser, der Veslejenta tok del med kornetten sin. Nummeret ho hadde øvd på, var "Yesterday", og det gjekk heilt fint. Etterpå kunne ho fortelje at ho hadde hatt hikke medan ho spela.

Blant publikum var foreldra, Ørsta-besteforeldra og Minstemann. Han sov seg gjennom det meste av seansen, noko som verkeleg er imponerande. Der var nemleg både blokkfløyte, slagverk, fionlin og piano. Mest imponerande syntest eg Terry på klarinett var, og det festlegaste innslaget var Aleksander på trommer. Lars André spelte også flott, på gitar. Elles var der mange glade nybyrjarar.

Note to self: kjøp meir paracet

mandag 6. juni 2011

Folkestad - Hareid 18 - 0

Etter ein relativt lang dag på jobb, på grunn av karaktermøte, var eg berre innom heimen og slukte i meg noko mat før eg vende attende til Folkestad for å sjå laget til Storegut knuse det tilsvarande G14-laget frå Hareid. Resultatet vart til slutt heile 18 - 0. Litt kjedeleg for han som vanlegvis er keeper, men som no krangla seg til å få spele ute første omgang, men svært hyggeleg og underhaldande for frammøtte føresette.

Niesa på Hareid 14 år

Vi vil gratulere mi einaste niese med dagen i dag!