fredag 28. juni 2013

I never promised you a rose garden

I dag var eg ein snartur over fjorden for å levere papir på lensmannskontoret. Dei to yngste treng nemleg pass seinare i sommar.

På heimveg stakk eg innom Plantasjen for å kjøpe sen og plastknivar til dei to kantklipparane mine, og så fall eg for freistinga og kjøpte tre rosebusker og ei georgine.

Vel heime fekk eg hjelp til å fjerne ein halvdaud asalea nedanfor leikarhytta, og så planta vi rosene der. Då eg såg nærare på etikettane, tyda namna på at dette skal bli eventyrleg vakkert. Då asaleaen forsvann, dukka det opp to rosebusker til, så det kan bli rikeleg med roser på sikt. Det vart i tillegg ein del luking, rydding og kantklipping, og eg gjekk ein lang tur då det begynte å regne. Ein aktiv utedag, med andre ord.

torsdag 27. juni 2013

Eg må ha solbriller på

Sidan det var meldt sol i dag, la eg meg på verandaen med ei god bok. Sola kom etter kvart.

Når eg ligg på magen, les eg papirbok, medan det blir lydbok når eg solar fronten. No held eg på med to fascinerande bøker, så tida flaug medan eg steikte meg. Likevel vart eg noko rastlaus, og det vart ein liten tur i Brundalen og til Langevatnet, før eg klipte det meste av plenen ovanfor huset.

Hagen begynner å sjå betre ut, men no manglar eg nokre viktige delar på kantklipparane mine, så klippeprosjektet i oppkjørsla er mellombels avslutta. Det meste av prosjekt ser mellombels avslutta ut, når eg tenkjer meg om, og det har førebels ikkje vore freistande å leggje ut bilete. Då legg eg heller ut turbilete.
Ved Langevatnet


Utsikt frå Langevatnet mot Brundalen


Brundalen

Stadig nye byggeprosjekt på setra


onsdag 26. juni 2013

Bok 40 2013: "På kjøret" av Jack Kerouac

Originaltittelen på denne boka er "On the Road", noko som er langt meir dekkjande. Boka fortel ei historie om to kompisar som reiser rundt i USA og Mexico ein gong rundt 1950, og den er basert på forfattaren sine eigne opplevingar. Han annonserer i byrjinga av boka at det skjedde mykje utruleg og spennande på turen, men eg vart ærleg tala litt skuffa over mangelen på dramatikk. Det som særpregar boka mest, er tidskoloritten. Boka ber preg av jazz, sex og narkotika - nærare bestemt "beat"-kulturen. Sentralt står kjensla av fridom på alle plan, noko som inneber brot med gjeldande normer og reglar i samfunnet.

Eg vart ikkje akkurat begeistra for romanen, men Mads Ousdal les svært godt på lydboka. Kanskje ville boka hatt større litterær verdi for meg dersom eg las den på originalspråket.

tirsdag 25. juni 2013

Oppgradering av oppkjørsla

Den mest originale og uventa bursdagsgåva mi i år var eit lass med grus. Torsdag fekk eg telefon frå ein kar som spurte om han kunne tippe av eit lass med grus nedst i oppkjørsla mi i staden for å ta det med heim til Vanylven. Eg takka sjølvsagt ja tvert, men gløymde å spørje om han visste at det var bursdagen min.

I dag har vi drenert nokre grøfter i oppkjørsla, lagt utover om lag halve lasset med grus og dessutan begynt på eit nytt prosjekt: å flekke av mose på berga nedanfor huset. Ikkje det at eg har tenkt å tørke klippfisk der, men eg er veldig glad i stein og har lyst å sjå om det blir fint. Lettstelt blir det i alle fall.

No står det mellom anna att å kjøpe ein ny kantklippar, så det kan bli litt mindre jungel i hagen. Det er for vått til å klippe plen no, men det kjennest godt å ha fått begynt på hagearbeidet. Det viser godt at Gamla har sensurert dei siste vekene!

mandag 24. juni 2013

Begava

Eg hadde nyleg bursdag, noko eg feira med sensuroppdrag i Bergen. I etterkant har eg fått mange fine, kjekke og nyttige gåver som har gleda meg veldig så langt i ferien. Her er eit utval:



Briksdalsbreen i Olden

Søndag var vêret langt betre enn det meldingane hadde sagt, og vi la ut på tur til Briksdalen. Det var lettskya og mildt i Nordfjord, og den einaste staden det var litt kaldt, var oppe ved sjølve breen, der det er ein kald trekk frå isen.

Hesteskyssen er for lengst bytta ut med Troll-bilar, men vi valde sjølvsagt å gå til fots. Det er litt bratt i starten, men så flatar vegen seg ut innover der breen låg tidlegare. Sist eg var på dei kantar, var ein planleggingsdag det første året eg jobba på min noverande jobb, og eg vart lokka med på brevandring. Det hadde eg mareritt om lenge etterpå, forresten, så det var godt å berre ha ein kosetur med ei kvilestund på svabergfjella på veg ned att. Vi bur i eit vakkert distrikt med mange flotte turmål berre eit par timar unna stovedøra.




Dei blankskura svaberga var oppvarma av sola





Oldenvatnet

Originalt namn på ein båt, og dessutan mykje påskrift om kva ein kan oppleve ombord

fredag 21. juni 2013

Bok 39: "1Q84 Bok 3" av Haruki Murakami

Det er ei stund sidan eg las dei to første bøkene i den populære serien til Murakami, så eg måtte repetere litt før eg tok til på den tredje. I dei to første bøkene møtte vi mellom andre Aomame, som etter å ha hamna i bilkø går ned ei naudtrapp på motorvegen og kjem inn i ei alternativ verd. Parallelt fortel forfattaren historia om mattestudenten Tengo, og mykje av spenninga i bøkene dreiar seg om kor vidt desse to kjem til å møtast, kva dei har til felles og om Aomame kjem attende til den verkelege verda att.

Bok 3 fullfører historia, og den er ganske spennande til tider. Nokre emne vart litt lettvint handsama etter min smak, men alt i alt er dette ein trilogi ein bør få med seg. Den beveger seg i grenseland mellom fantasy og realisme, og personane er lett å feste seg ved. Bøkene bør absolutt helst lesast i rekkefølgje.

onsdag 19. juni 2013

Fotball på Åheim

Jentelaget hadde ei relativt dårleg oppleving då Åheim var på vitjing til Folkestad, så eg hadde lyst til å få med meg returkampen. Trass i flott spel på Folkestadlaget enda kampen 11 - 4 til heimelaget Åheim, men Folkestad-jentene tok det att med å vere mest sympatiske.

På turen til Åheim køyrde vi via Eid og Maurstadeidet, men heimatt tok vi ei anna rute, og då stogga vi litt i Syvde.




tirsdag 18. juni 2013

Tur til Langevatnet, Svartevatnet og Grimeskarvatnet

Langs den gamle postvegen over Brekka mellom Bjørkedalen og Harpefossen er det merka fleire turstiar. Måndag kveld gjekk turen innover frå om lag der fylkesgrensa er og innover mot i alt tre vatn. Grimeskarvatnet er lengst vekk, og dit er det om lag 1,6 km, med noko stigning på slutten. Det såg ut til å vere rikeleg med fisk i alle vatna.
Grimeskarvatnet

Svartevatnet


Langevatnet



mandag 17. juni 2013

Søndag: sensur og solnedgang

Etter nokre timar i sola og nokre timar ved pc-en vart eg endeleg ferdig med årets norsksensur. Rastløysa kom krypande, derfor vart det ein tur på Bjørnasethornet for å sjå på solnedgangen. På toppen låg plutseleg skodda grauttjukk, så utsikt vart det lite av. På veg nedatt klårna det opp, så då vart det eit vakkert syn i kveldinga likevel.




lørdag 15. juni 2013

Bok 38 2013: "Vareopptelling" av Erlend Loe

Erlend Loe er ein av mine favorittforfattarar, og eg har lese det aller meste av det han har skrive. Den nyaste boka hans er kort og lett å lese, og i ein litt annleis stil enn mykje av det eg har lese før. På ein måte minner han denne gongen litt om Paasilinna, ein annan av favorittane mine.

Boka fortel kort og godt om ein aldrande lyrikar som har brukt nokre år på å skrive ei diktsamling. Den dagen samlinga kjem ut, får den elendige kritikkar, og lyrikaren bestemmer seg for å ta hemn. Ei artig lita bok, der ironiseringa over forlagsbransjen er tydeleg. Ekstra morosamt fann eg den vesle scenen der Karl Ove Knausgård brått dukkar opp.

onsdag 12. juni 2013

Bok 37 2013: "Tråden" av Victoria Hislop

Boka begynner bra, med interessant historisk stoff frå Thessaloniki i perioden rundt og under andre verdskrig. Ein får innsyn i eit miljø der jødar, kristne og muslimar lever side ved side, men der dramatiske ting skjer.

Undervegs endrar boka noko karakter, til ei suppesøt smørje som delvis er så føreseieleg at ein kan begynne å lure på om forfattaren har utført eit hastverksarbeid. Når dei personane som er "i vegen" døyr, til dømes, er det ei litt for enkel løysing etter min smak.

Eg var begeistra for "Øya" då eg las den, men både "Hjemkomsten" og "Tråden" er etter mitt syn svært mykje dårlegare. 

God bokmelding eg er einig i


War and peace n' stuff

Engelsklærar-mamma sat oppe til langt på kveld saman med poden, som førebudde seg til munnleg eksamen i engelsk om emnet "War and peace". Hjelpa mi var først og fremst å hjelpe han med avgrensinga av det enorme emnet, og han enda opp med å skulle snakke om Versaillestraktaten, nazisme, massedrap av jødar og "Aktive fredsreiser".

Fri-onsdagen skulle eg ut på oppdrag, så eg måtte reise heimanfrå klokka sju. Ein liten "peptalk" måtte til:

Mor: "Tenk på at sensor er ei vanleg dame på jobb"
Barn: "Ej kan tenke at ho e dej. Men, du ser litt skummel ut, egentlig"
Mor: "Å? Som mor eller sensor?"
Barn: "Begge dela"


 Sånn kan ein få passet sitt påskrive!

Sensorjobben min var slitsam, men ei særs positiv oppleving. Det var flinke, reflekterte og godt budde elevar som fortente gode karakterar.  Letta var stor då eg var ferdig, og lukka vart komplett då Storegut ringde og fortalde at det hadde gått svært bra på eksamenen hans. 

Eg stogga i Ørsta og henta småungane, som hadde fått sove lenge hos besteforeldra på fridagen sin. Då vi kom heim, erklærte eg at eg skulle sove middag, og etter to og ein halv time vart eg vekt av ein glad gut som gav meg ein stor klem og sa "takk for hjelpa". 



 

tirsdag 11. juni 2013

Turbo-Tysdag

I dag kom Eldstejenta på jobb til meg og heldt eit føredrag om friåret sitt til to av klassene mine.

Etter jobb kom dei to yngste over med ferja. Veslejenta hadde hatt vanleg skuledag og kornettøving, og Minstemann hadde vore på skuletur på setra og på SFO. Vi gjekk på biblioteket, og deretter kjøpte vi PC til Veslejenta. Ho hadde fått bursdagspengar med besteforeldra på begge sider, og så betalte Gamla det resterande beløpet.

Morfaren vart med Minstemann og meg til Åmdalen på fotballturnering, medan Veslejenta vart att heime med mormora for å lage til den nye dataen. Turneringa enda med ein siger og to tap, men det var ein nydeleg sommarkveld og triveleg lag.

Etter å ha fått servert nydeleg blomkålsuppe, etterlet eg ungane hos besteforeldra og drog heim for å hjelpe Storegut med førebuingane til morgondagens engelskeksamen.

Det er travle tider...


mandag 10. juni 2013

Måndag: fotballkamp og førebuing til munnleg eksamen

Etter endt jobbdag kom eg heim til nyvaska hus og ein haug nykløyvd ved i hagen. Her hadde både born og besteforeldra deira vore i sving.

Storegut hadde fått melding om at han skal opp i engelsk munnleg på onsdag, så eg prøvde etter beste evne å hjelpe han i gang med førebuingane samtidig som eg hjalp Veslejenta med RLE-leksa og laga pølsegrateng med blomkål og brokkoli.

Etter middag skulle Veslejenta spele fotballkamp, og eg rakk faktisk ein liten middagsblund medan laget varma opp. Resultatet vart 1 - 3 mot Tjørvåg, men laget spelte godt og fekk mosjon og frisk luft.

Vel heime att har Eldstejenta laga ferdig ein presentasjon som ho skal halde for nokre av elevane mine i morgon. Eg håper det blir kjekt. Storegut jobbar sjølvstendig no, men han høyrest ut til å ha nokolunde peiling på kva han skal gjere.

søndag 9. juni 2013

Sensur-søndag

Søndagen starta brått og tidleg då LOL(a) mjaua og bar seg utanfor soveromsglaset. Ho var så selskapssjuk og nærgåande då ho kom inn at det var umogleg å sove meir, så då sette eg meg like godt til med sensuren. Då klokka var 12, hadde eg nådd dagens mål. No har eg nemleg berre 30 eksamenssvar att!

Like etter kom ungane heim, ein etter ein, så då tok eg helg. Minstemann og eg gjekk/sykla ein tur til Mjeltvika for å få frisk luft og mosjon, medan Veslejenta sov på sofaen. Ho har vore på korpstur i helga, og det hadde tæra på kreftene.


fredag 7. juni 2013

Bok 36 2013: "Da duene forsvant" av Sofi Oksanen

Forlagets omtale: "Da duene forsvant" er en stor fortelling om okkupasjon, motstand og forræderi; om et ulykkelig ekteskap; om kjærlighet og farlige forbindelser; om modige og svikefulle valg. Handlingen foregår i Estland under og etter andre verdenskrig. I 1941 jages sovjetmakten ut av landet, og tyskerne blir de nye okkupantene. Tre år senere gjenerobrer sovjetstyrkene makten. På 60-tallet er kommunistregimet fast etablert med sitt nett av kontrollører og overvåkere. Tre personers liv er i sentrum: Motstandsmannen Roland kjemper for et fritt og uavhengig Estland. Hans fetter Edgar er kameleonen som alltid går dit makten er, og kan skifte identitet og lojalitet uten å nøle. Juudit er ulykkelig gift med Edgar, forelsker seg i en tysk offiser, og har bånd til den idealistiske Roland.

Eg fekk lite ut av denne boka, må eg innrømme, men det kan like gjerne vere min feil som at boka er dårleg.

Sommarkonsert i operahuset

Torsdag kveld gjekk turen til Nordfjordeid. Eid har sitt eige operahus, og det flotte lokalet gjorde sitt til at ein allereie før konserten var imponerte. Då konserten begynte, kom høgdepunkta som perler på ei snor. Musikantane og songarane hadde pynta seg, det vart minimalt med pausar mellom innslaga og alle nummera var så godt innøvd at det var ei fryd å høyre på. Nokre av utøvarane heldt dessutan eit så høgt nivå at eg sjeldan har høyrt liknande. Dei siste to nummera var sett saman av gitarar, blåsarar, strykarar, songarar med meir, og det var berre fantastisk å høyre på. Elles må eg legge til at konsertleiinga og rigginga verka utruleg profesjonell, og at lyssettinga gav konserten eit ekstra løft.

Årsaka til at vi var der, var at "Lommerosk" har delteke i rockeskulen på Eid. Dei framførte det dei sjølve kalla "basarrock frå Sunnmøre", og dei var sjølvsagt flinke og fekk flott mottaking. Nummeret dei spelte var gode, gamle "Social education".

onsdag 5. juni 2013

Fri-onsdag med sensur og tur i Lisjedalen

I dag hadde eg ein tur-date med Eldstejenta, men først jobba eg nokre timar med norsksensuren. Det beste middelet mitt mot stress er hardt arbeid, og så ein tur ut som pause.

Vi gjekk skogsvegen til Lisjedalen, deretter over Geildalen til den andre skogsvegen og ned på hovudvegen att. Turen vart på 18 000 skritt, så eg var noko sliten då eg kom heim. Då skein det opp med nydeleg verandasol, så eg la meg føre og sov i sola før eg jobba vidare.

Eg er no halvvegs i bunken, så eg ligg godt an.


tirsdag 4. juni 2013

Sensur og sein tur

Måndag sensurerte eg ti eksamenssvar rett etter arbeidstid, så no er eg oppe i 70 ferdigsensurerte, noko som utgjer 35 % av den totale mengda på 200 svar. Dette feira eg med å ta fri resten av kvelden og gå ein lang tur frå Langedalsbrua i Bjørkedalen, langs vatna og over fylkesgrensa til Sogn og fjordane. Det er flatt og greitt å gå på grusveg, noko som høvde godt i og med at eg eigentleg var ganske sliten frå før. Sensur er hardt for kropp og hovud, men stress er verre. For meg er hardt arbeid den beste kuren mot stress.