lørdag 31. august 2013

Vinklubb august 2013

Dessertvinen i midten
Fredag kveld var det duka for ny vinklubb. Vi var 9 glade vindamer samla rundt bordet, og på menyen stod kyllingtaco, lagt lagvis i ei form, kaker og kvitvin. Alle vinane var svært gode, og spesielt den tredje var nydeleg til kake. Den var litt musserande og ganske søt, og ville truleg ha passa fantastisk som velkomstdrink, til jordbær eller liknande.

Valkamp i Kristiansand

Eldstejenta og Venninna har teke kontakt med det lokale AUF-laget, og no deltek dei i arbeidet med valkampinnspurten. Mora er gammal AUF-ar, og det er derfor ekstra stas at eplet held seg ved stammen.



onsdag 28. august 2013

Blæja (1142 moh)

Ein kan nå toppen av Blæja både frå Syvdesida og frå Dalsjorden. Vi køyrde inn i Åmelfoten, og deretter opp anleggsvegen til setra "Dansen". Ein er då om lag 600 meter over havet, så stigninga er ikkje så ille før eit parti mot slutten. Ein går lenge roleg inn langs ei elv, før ein brått må opp nokre bratte bakkar. Mot slutten måtte vi gå i ut, men denne gongen gjekk det greitt. Eg gjekk sakte og stogga ofte, for høgdeskrekken er verst dersom ein er andpusten.

På toppen av fjellet var det flott utsikt til alle kantar, og der var tillaga ein levegg av stein med eit bord og benkar rundt. Truleg er det folk frå Syvde som har laga dette, sidan ein fekk flott utsikt dit frå kosekråa.






tirsdag 27. august 2013

Business as usual: konsert og skulevalsdebatt

Måndag fekk elevar og lærarar på arbeidsplassen min gå på konsert med Mikhael Paskalev. Vi har ikkje drive skule så lenge at vi skulle ha eit behov for avbrekk, men hyggeleg likevel. Musikaren var relativt ukjend for meg på førehand, men det var ganske bra. Han hadde med seg fire andre på diverse instrument og koring, og sjangeren var litt ubestemmeleg pop-rockete.

Tysdag var det skulevalsdebatt i Voldahallen, med representantar frå dei fleste politiske partia som stiller lister i fylket. Både politikarane og ikkje minst elevane oppførte seg eksemplarisk, og eg var ved nokre høve stolt av å jobbe med så flott ungdom som det vi gjer. Dei klappa høfleg til det meste som vart sagt, og ekstra høgt dersom nokon kom med eit godt poeng. Ikkje minst klappa dei til medelevar som var modige nok til å stille spørsmål til politikarane. Sjølve skulevalet skal ikkje vere før om ei veke, og det blir spennande å sjå om det samsvarar med lydnivået på applausen.

mandag 26. august 2013

Bjørnasethornet måndag kveld

I dag nådde vi toppen utan at skodda tok overhand, så Følgje-Sveinen fekk sjå den vakre utsikta til alle kantar. Det er vakkert i fjellet no, og haustfargane har begynt å dukke opp. Det er vemodig at nok ein sommar er på hell, men samtidig vert bonusen ekstra stor når ein får slike vakre stunder.








søndag 25. august 2013

Bok 55 2013: "The Rise and Fall of Gøran Trovåg" av Gaute M Sortland

Det er skrive mange bøker om gutar i oppveksten, om gutar som vert opptekne av jenter og om gutar som spelar band. Dette er ei slik bok, og i tillegg fortel den litt om spritsal til mindreårige, foreldre med samlivsproblem og om å gå på trynet i hundeskit. Hovudpersonane er gutar i ungdomsskulealder, i ein norsk småby i samtida.

Boka til Sortland skil seg ikkje mykje ut frå tilsvarande bøker, men den er slett ikkje dårleg av den grunn. Fordi den er så kort, og fordi den er skriven på god nynorsk, tenkjer eg den kunne høve godt som lesestoff for ungdomsskuleelevar i og utanfor det nynorske kjerneområdet.

Sjølv fall eg pladask for tittelen - det seier seg sjølv.

"Ti Turmål" til "Rolegheita" på Bjørkedalen 25. august 2013

I dag vart det ein liten rusletur i lett terreng, etter å ha køyrt opp ein lang skogsveg.

Hytta "Rolegheita" vart bygd for 100 år sidan, av nokre menn som ville ha ei hytte i skogen, langt vekk frå setrane. Derfor arrangerte Freidig 4H i dag eitt av Volda kommune sine "Ti Turmål" nettopp til denne staden. I tillegg til ei triveleg stund saman med dei over førti andre frammøtte, fekk vi studere på nært hald anleggsarbeidet med den berykta "monsterlinja".

Godt over 45 frammøtte


Dette var ein artig patent

Nokre av dei frammøtte

"Rolegheita"

Inne i "Rolegheita"

"Monsterlinja"


Nyesetra på Bjørkedalen

lørdag 24. august 2013

Sløyfe blåbær?

Etter å ha fått pengar av besteforeldra, fekk Minstemann kjøpe seg det han ønska seg mest: ei ny tversoversløyfe. Morfaren hadde dessutan gjeve han ei slipsnål, så guten måtte posere for fotografen.
"Glennie double knot"

Etter at vi kom heim, gjekk/sykla vi ein lang tur til skogsvegen for å plukke bær. Det var lite av denslags, men vi hadde ein nydeleg tur i solskin og over 20 grader. No ventar vi berre på at Storegut skal kome heim, så vi får starte opp grillen.



onsdag 21. august 2013

Bok 54 2013: "En sang fra fortiden" av Katherine Webb

Dette er ein roman i den sjangeren som er blitt så populær siste åra, og som eg ikkje veit kva blir kalla. Utgangspunktet er ei historie frå notida, der personane har noko uavklara i fortida dei prøver å nøste opp i. Gåtene frå fortida vert avdekt både gjennom samtalar med gamle personar og gjennom ei parallell handling, og det er romantiske og melodramatiske hendingar som får følgjer for personane i notida. Ein kan seie det så enkelt som at personane i notida leitar etter forklaringar i fortida, men endar opp med å finne ut kven dei sjølve er.

Zack driv eit kunstgalleri, er skild og har eit barn han får sjå altfor sjeldan. Då han blir fascinert av bileta til ein bestemt kunstnar, reiser han til Dorset for å finne ut meir om kunstnaren og samle stoff til ei bok om han. Parallelt går vi attende til 1930-talet og får høyre om livet til denne kunstnaren og menneska rundt han.

Boka er til tider spennande, men mykje er føreseieleg og langtekkeleg. Dette er ingen stor litteratur, men grei underhaldning.

tirsdag 20. august 2013

Bok 53 2013: "The Temp" av Serena Mackesy

I læreboka vi nyttar i faget "internasjonal engelsk" finst ein morosam tekst som heiter "Bored meeting". Den er eit utdrag frå romanen "The Temp", som var debutromanen til Serena Mackesy. Eg-personen er ei ung kvinne som arbeider som sekretærvikar i ulike firma. Vi får lese om episodar på kontoret og i omgangskretsen, og ein kan ikkje anna enn å bli glad i henne. Namnet hennar er ukjent til side 348, forresten, for å understreke kor anonyme slike sekretærvikarar er.

Boka er lett å lese på engelsk, og den kan i stilen minne litt om bøkene til Sophie Kinsella/Madeleine Wickham.

Fem år med Allkunne



Nettstaden Allkunne.no feira i dag femårsjubileum, og det vart feira med kake blant tredjeklassingane på Volda vgs. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn tala om kor viktig det er å kunne finne stoff på målet sitt, og nettstaden og den medhøyrande "app'en" vart synte fram.

Eg må innrømme at eg ikkje har brukt nettstaden aktivt, men no er eg i ferd med å sjekke den ut. Det er viktig å bruke nynorsk aktivt, og nettstaden er dessutan kvalitetssikra gjennom bruken av fagfolk.

mandag 19. august 2013

Attende til kvardagen

I dag var det skulestart for store og små. Eg fekk skyssa dei to yngste ut dørene før eg sjølv for på jobb. Der sneik eg meg til å vere til stades då rektor tok imot førsteklassingane, sjølv om eg ikkje er kontaktlærar. Det er stort for ei mor når sonen begynner i første klasse, også når det er på vidaregåande.

Etter kvart kom mine eigne "barn" på plass, og det var sjølvsagt kjekt å sjå dei att etter ferien.

Etter skuletid køyrde eg Veslejenta på ballett, og så besøkte eg foreldra mine medan ho dansa. Minstemann fekk vere med ein kompis heim etter skulen, og så fekk han vere med på speidar. Dei gjekk på setra og laga bål, steikte pinnebrød og kosa seg i regnvêret.

Eit lite attersyn frå 2003: søskenbarna begynte i første klasse på barneskulen - i dag begynte dei på vidaregåande skule i studieførebuande og musikklinja. I den tida var dei så like at dei kunne ha passert som tvillingar.

søndag 18. august 2013

Nye tider

Eldstejenta skal begynne på skule i Kristiansand på tysdag. Ho har allereie kome fint i orden i leilegheita, som ho deler med venninna som ho tidlegare i år reiste verda rundt saman med.

Storegut begynner på musikklinja på vidaregåande skule i Volda i morgon måndag, og han reiste i kveld for å overnatte hos besteforeldra.

Veslejenta begynner på ungdomsskulen måndag. Den ligg i same bygg som barneskulen, men det blir meir alvorleg med skulegang for henne òg no.

Minstemann skal opp i femte klasse på barneskulen, og dei skal vere mykje saman med dei som no blir fjerdeklassingane. Tidlegare har dei vore mykje saman med klassetrinnet over, dei som no skal bli sjetteklassingar, så det blir endringar for han òg.

Gamla sjølv skal ha nokre nye elevar, men berre fag eg har hatt tidlegare. Eg får ei god blanding av kjent stoff og nye utfordringar, og det er slik eg helst vil ha det. Sidan Minstemann framleis skal ha frionsdagar, har eg heller ikkje i år full stilling, men skal i utgangspunktet ha undervisningsfri onsdagane.

Den første skuleveka går med til å få rutinane på plass. Fritidsaktivitetane har blitt flytta ein del på, og nokre er avslutta og nye er komne til. Nytt i år er det at Minstemann skal bli speidar. Då får han truleg lære fleire typar knutar, så det blir sikkert ein suksess.

Glimt frå leilegheita til Eldstejenta og Venninna:





lørdag 17. august 2013

Frøskaret (og nesten Felden)


Eg har lenge hatt lyst til å gå opp på fjellet Felden, som ligg mellom Laurdalen i Bjørkedalen og Sanden i Dalsbygda. I dag kom eg meg nesten dit, men måtte snu midt oppe i ura fordi det begynte å regne og blåse, og fordi eg fekk eit anfall av høgdeskrekk.

Ting du ikkje seier til ein person med høgdeskrekk:
  • Ingen av steinane er heilt faste, det er ei ur
  • Eg har gått her før, men eg kan ikkje hugse denne ura
  • Skal ikkje du sjå på utsikta?
No er eg trygt heime, takk og lov, i mitt rette element: godstolen. 

torsdag 15. august 2013

Min beibi dro avsted

Så var dagen komen: Eldstejenta og Venninna reiser til Kristiansand for å gå på hudpleie-skule. 25 år etter at Gamla sjølv reiste til Kristiansand for å studere engelsk. Den gongen grein eg heile vegen til Stryn, fordi det brått gjekk opp for meg at eg skulle reise heimanfrå på noko anna enn ferie. Eg angra aldri på at eg reiste dit, og åra der nede var veldig gode både fagleg og sosialt, noko eg håper vil bli resultatet av skulegangen til jentene òg. Det er sjølvsagt trist og rart at dei skal vere så lenge og langt borte, men vi kan halde kontakten på ein langt enklare måte enn vi kunne i 1988, då breva heimanfrå var høgdepunkt i kvardagen. Eg ser allereie fram til å få høyre om korleis det går med dei, korleis leilegheita ser ut og korleis medelevane er. Så får vi legge ein slagplan om besøk eller heimreise når det lid litt på.

onsdag 14. august 2013

Ulla Rahbek om identitet

Eg har tidlegare vore på kurs der Ulla Rahbek har førelese, så då eg hadde valet mellom ulike engelskkurs i dag, valde eg å høyre henne ein gong til. Dette innebar at eg måtte stå opp i gryotta for å kome meg til Molde, men det var heldigvis ein kollega som køyrde. Vi hadde dessutan fått tilsendt fem tekstar til gjennomlesing på førehand, så mykje av kvelden i går gjekk med til å lese gjennom desse.

Rahbek er imponerande kunnskapsrik og veltalande, og det er ei fryd å høyre på henne. Denne gongen var temaet "identitet", og ho presenterte ein del teori om emnet og relaterte dette til dei tekstane vi hadde lese. Nokre av tekstane var godt brukande for elevar, og dagens favoritt for meg var novella "The Match" av Alan Sillitoe. Den handlar om ein mann som kjem skuffa heim frå ein fotballkamp og bankar opp kona, og komposisjonen og biletbruken gjer den ekstra interessant å lese.


søndag 11. august 2013

Bok 52 2013: "Huset ved moskeen" av Kader Abdolah

Nokre bøker eignar seg dårlegare som lydbøker enn andre, og dette gjeld særleg bøker som ikkje er oppbygde som ei nokolunde samanhengande forteljing. Denne romanen er eit døme på ei slik bok, som eg truleg hadde fått meir ut av dersom eg las den i papirutgåva.

Handlinga er lagt til Iran, og som tittelen tilseier handlar den om menneska som bur i eit hus ved ein moské. I tillegg får ein eit innblikk i historia til landet, spesielt styrtinga av sjahen og det som skjedde i ettertid.

Eg er glad i bøker frå andre land og kulturar, men i dette tilfellet engasjerte det historiske faktastoffet meg meir enn resten av boka. Dette er ikkje noko nytt - eg sit ofte att med den kjensla, og kan ikkje berre skulde på bøkene når det skjer. Eg kunne uansett ha tenkt meg å lese boka ein gong til, i papirutgåve.

Bok 51 2013: "Transmission" av Hari Kunzru

I læreboka vi bruker i faget "internasjonal engelsk" finst der eit utdrag frå denne boka, og eg tenkte derfor eg skulle lese heile. Utdraget handlar om ein indisk dataingeniør som drøymer om å reise til USA og gjere karriere der, og i resten av boka får vi høyre korleis han får knust den amerikanske draum og korleis han i fortviling spreier eit datavirus som får store følgjer for fleire andre personar vi møter.

Boka inneheld gode personkarakteristikkar og skildringar av moderne menneske i ulike miljø, og ikkje minst møtet mellom aust og vest. Skrivestilen er lett ironisk og humoristisk, og romanen er lettlesen også på engelsk.