fredag 27. juni 2008

Aften rød gjør morgen...blød? sød?


Slik var utsikta herifrå klokka 23.15. Slike kveldar skulle ein ha vore på Flø. Eller på Helgehornet.

Feriestemning



I dag har vi hatt fullt opp å gjere:
1. Klippe kantar(Gamla)
2. Klippe plen (Nummer 2)
3. Rake (Nummer 2)
4. Vaske ned soverom (Nummer 1)
5. Luke bed (Nummer 2 og Gamla)
6. Vaske og brette klede (Gamla)
7. Rydde hus (Gamla)
8. Fikse varmtvatnet i campingvogna (farfar og T)
9. Sykle med Bau (Gamla)
No skal eg koke slåttegraut før vi held fram med jobben... (og det blir pakkevarianten)

torsdag 26. juni 2008

Klippe klippe klippe klippe


Ungane og eg var til frisør i Volda i dag (berre dei tre yngste klipte seg), og jammen vart det tid til ei handlerunde i Ørsta òg! Under påskot av å levere og hente diverse attgløymer frå i går besøkte vi Besta og Besten og åt middagen deira. Vel heime har Nummer 2 klipt to plenar, eg har tusla litt rundt i hagen, Nummer 3 har raka litt og Nummer 1 har rydda rommet sitt. I tillegg har vi hatt gardsdrengen farfar her til å slå med slåmaskin. No kom det regn att, men alle plenar er klipte! I bilen høyrer vi "Putti Plutti Pott", og med kjøring rundt Austefjorden i tillegg til anna kjøring blir det til at songane klistrar seg på hjernen. Rett som det er går ein av oss og syng på ein av dei evig periodevis aktuelle songane.

onsdag 25. juni 2008

Kjensla av at det enten regnar eller er plagsomt mykje knott ute


Dagen i dag var temmeleg variert, må eg seie. Minstemann hadde time på helsestasjonen igjen fordi han verken såg eller hinka sist han var der, så då nytta vi høvet til å handle litt, dra opp på jobb for å levere papir og lese eksamenssvar og besøke Besta og Besten. Der var Hareidsgjengen innom for å hente Nevø nummer 2 (sjå biletet som eg rappa frå ein annan blogg), som kjørte opp og fekk sertifikatet i dag. Som vanleg fekk vi nok av både middag og diverse. Vel heime kasta eg meg over plenklipparen og la bak meg nokre tusen skritt bakom og oppom huset. Håpet er at det er opplett i morgon så eg får ta eit par plenar til før regnet tek til att. Eigentleg likar eg hagearbeid, men med knott og regn blir det berre stress og styr. Då armen ikkje tolte meir kroppsarbeid, sette eg meg til med ein episode eller to av "Forsytesagaen". Elles kan eg nemne at Minstemann såg som ei ørn i dag, men han nekta å hinke.

tirsdag 24. juni 2008

"De beste blant oss" av Helene Uri


Årets attande bok var ein presang eg fekk av to gode kollegaer til bursdagsfesten min. Helene Uri er ei skarp dame som eg ikkje hadde lese noko av før, men som eg ofte har tenkt eg skulle ha lese noko av (er det ikkje ofte sånn?). "De beste blant oss" er ei satirisk framstilling av forskarmiljøet ved universitetet i Oslo, som eg ikkje kjenner så godt til, men som ein likevel kan førestille seg. Sjølv om slutten var relativt opplagd, har eg mora meg veldig med denne boka undervegs. Den seier blant anna ein del om korleis kvinner framleis blir vurderte ut frå utsjånad og åtferd, og korleis primitive krefter rår også i høgintellektuelle miljø. Absolutt ei bok ein bør lese, så: takk for gåva!

Nevø nummer 1 21 år

Då eg var 19, trulova Gubben og eg oss. Vi følte oss veldig vaksne og fornuftige, for ikkje å seie skråsikre. Nokre dagar seinare vart eg tante for første gong, til ein nydeleg baby som vart buande i Ørsta den første sommaren i livet sitt, og som vi derfor fekk sjå mykje av. Seinare fekk eg passe han litt i feriane og slikt, og eg var imponert over kor fornuftig og veslevaksen guten var. Som 11-åring hadde han sommarjobb med å beise gjerde og passe ungar (vi veksla på) hos oss i Ulsteinvik, og for fem år sidan var han dreng her på garden. Det var visst noko beising då òg. No er han vaksen journalist, og vi gratulerer han så mykje med dagen. Det er vanskeleg å venje seg til at småungane blir vaksne - men det er berre eit teikn på at ein sjølv held på å bli "nauta" gammal...

mandag 23. juni 2008

Jonsok



Første feriedagen er såvidt overstått. Vi har brukt dagen til å pakke ut, vaske klede, dusje, gå lang tur med to hundar som trivst betre i skogen enn på utstilling og diverse ryddeprosjekt. Så vart det tid for å finne kostyme, og Gubben og dei tre eldste reiste inn på forsamlingshuset for å lage til jonsok (Gubben har ikkje ferie enno, så han var heime i ti minutt før han snudde utatt). Minstemann hadde vore i barnehagen, der dei også hadde kledd seg ut, så han måtte sove middag før han feira vidare. Korpset arrangerte matsal, loddsal og bålbrenning. Mesteparten skjedde inne, for dt var grusomt med knott ute. Nummer 1 arrangerte leikar for småbarna, Nummer 2 (i midten på det øvste biletet) vann pris for beste kostyme og Nummer 3 (til høgre på det nedste biletet) vann ei sjokoladeplate som ho delte med Nummer 4.

Svoger 46


Eg har berre ein svoger, og han har i tillegg vore kollegaen min i fleire år i Ulsteinvik. Han er ein svært omgjengeleg og omsorgsfull kar som det er lett å like, og vi har mange felles interesser og syn - sjølv om vi var svært ulike i utgangspunktet. Åra gjer oss likare og likare, for å seie det slik! Det blir vel ei markering av diverse dagar i ferien, både av junibarn, julibarn og bryllaupsdagar, og i alle fall ein gong skal vi ha köttbullar og/eller falukorv. Gratulerer med overstått 46-årsdag, min eldste svoger. Helsing di yngste svigerinne.

Supperådet


Her er eit bilete frå fredag kveld, då mange i bearded collie klubben var samla hos kennel La Faja til ein hyggeleg tradisjon: skikkeleg trøndsk kjøttsuppe! Ungane mine lurte på om den var like god som trøndersodd på boks, og det var den! Dette er sikkert siste blogginnlegg som omhandlar bursdagen min, så eg nyttar høvet til å takke for presangar, tekstmeldingar, blogghelsingar og helsingar på facebook. Det er ein overgang å bli førti, men eg synest eg har fått utretta mykje så langt i livet, så då er det ikkje så hardt.

Hundeutstilling på Morokulien



Galskap er eit viktig element i kvardagen - i alle fall plar Gubben og eg å trøyste oss med at vi har så seriøse jobbar at vi må avreagere med noko heilt anna i fritida. Hundane er vår felles hobby nummer ein, og eldstejenta (Nummer 1) har begynt å bli svært flink som handlar (det er vanskelegare enn det ser ut å gå rundt i ring og få ein hund til å sjå pen ut). Helga baud ikkje på dei heilt store premiane, men begge hundane gjekk ut med raude sløyfer og æra i behald. Bianca stilte for første gong i championklassa, og ho fekk ein CK (rosa rosett), noko vi er spesielt fornøgde med. Vi er stolte både av hundane og femtenåringen vår, som vi gjerne skulle ha sett ein rosett på. Sjølv debuterte eg som ringsekretær med ansvar for å skrive kritikk (på engelsk) til 17 kvelpar. Endeleg kom mellomfaget mitt verkeleg til sin rett!

Moro og kult? Igjen?



Her er nokre glimt frå det Morokulien camping har å by på: eit fredsmonument, eit skilt med Sverige og Norge på og eit jernbanespor. Av andre fasilitetar og minnesmerke kan eg nemne eit reiestativ og.... ja, det var visst alt. Det eine biletet viser meg saman med alle mine barn, og det var det ei snill dame som gjekk forbi som ville ta då diskusjonen gjekk om kven av mine barn som ikkje skulle vere med på biletet. Gubben var altså ikkje med.

Bursdagsmiddag på Joe's Diner




























Natt til bursdagen min kjørte vi til Morokulien camping, der det skulle vere norsk og svensk spesialutstilling i helga. Turen gjekk fint den, men vi var svoltne då vi kom fram. Vi fann ut at vi skulle stikke innom Charlottenberg og kjøpe litt mat, og enda opp på caféen "Joe's Diner", der bilete av Elvis og Marilyn lyste mot oss. På menyen stod köttbullar med lingon och potatismos, og eg kan love at det smakte fortreffeleg, sjølv om klokka ikkje var meir enn 11 om føremiddagen...

torsdag 19. juni 2008

Dagens

I dag hadde vi tradisjonell avslutning med program, smørbrød og kaker. Pensjonistar og mødrer i permisjon var til stades, og eg fekk endeleg helse skikkeleg på vesle Ole Magnus (fødd 13. april). På slike dagar bruker vi å "takke av" (eit uttrykk som hittil har vore ukjent for meg, men som eg sporenstreks la til i vokabularet mitt) pensjonistar, og blant vårens heldige var gymlæraren min frå ungdomsskulen/naboen frå Ørsta/kollega. Ho er ei sprek dame som held seg godt, og ho fortalde ei historie som illustrerte dette: i fjor haust hadde ho si første senilveke, og var dermed borte frå elevane ei veke utan at dei visste kvifor. Nokre av dei spekulerte på kva grunnen kunne vere, og ein hadde sagt "nei... ej trur ikkje at ho e gravid...."

onsdag 18. juni 2008

Flott bukett


Så er det slutt: årets norskelevar er ferdige med allmennfagleg påbygging og er klare for å erobre verda. I dag brukte eg ettermiddagen til å dekke på til 200 og pynte festsalen til avslutningsfest. Programmet bestod av talar frå rektor og russepresident (som var svært flink!), songar, musikk og film/bilete. Maten var, som i fjor, pastasalat, salat og brød. Etter maten fekk elevane utdelt karakterane sine, og så tok vi farvel og gjekk kvar til vårt. Det er alltid rørande når avgangselevane stiller i finstasen og møtest for siste gong. Mine elevar gav meg nydelege blomar og nokre velvalde ord med på vegen vidare ("det vakje so gale å ha ti tima norsk i veka når me hadde dej" er vel det næraste eg kjem ros). Dei er ein flott bukett, og eg ønskjer dei alt godt vidare i livet!

tirsdag 17. juni 2008

Null hull og mykje tull

Gubben har tannlegeskrekk. Sjølv er eg ikkje akkurat begeistra for å gå til tannlegen, men eg har eit triks for å gjere det litt kjekkare: Før eg skal til tannlegen tek eg ut 2000 kroner. Viss eg ikkje har hol, betaler eg 600 kroner for sjekk og sliping, og så "løyver" (eller "tener" som Systa ville ha sagt) eg 1400 kroner som eg kan unne meg noko for. I dag fortalde eg tannlegen om dette trikset då han kommenterte at det ikkje var mange kundar som betaler kontant i desse tider. Eg trur han hadde sansen for resonnementet! I morgon skal eg ta meg ei lita shopperunde mellom arbeidsdag og arbeidskveld. Vi skal nemleg ha fest for avgangselevane i morgon kveld, og eg gidd ikkje å stresse med å reise heim og snu att. Då reiser eg heller på Amfi og snur att. Eg har diverse gåvekort som sikkert ikkje står seg så lenge...

Gratulerer Henrik Arnold!


I dag er det 200 år sidan Wergeland vart fødd!

Eg er spesielt glad i dikta han skreiv på sjukeleiet, særleg "Til min Gyllenlakk" og "Til Foråret", som begge var på pensumlista i år, og som ein av elevane fekk snakke om på munnleg eksamen i går.

mandag 16. juni 2008

Munnleg tortur

I løpet av dei fem åra eg har arbeidd ved skulen har eg hatt fem klasser i norsk på Allmennfagleg Påbygging (10 timar i veka). Kvart av desse åra har eg fått opp ei gruppe elevar i munnleg, med vekslande hell. Både i fjor og i år har eg vore skuffa over resultata. I kveld var vi ferdige 21.10, og då var eg mergandes trøytt og himla sliten. Eit par av elevane gjorde det mykje dårlegare enn til standpunkt, og det er alltid trist. To gjekk opp ein karakter, og det er sjølvsagt kjekt. Eg håpar berre at resultatet ikkje hindrar dei i dei vidare planane deira, eller i å nyte den velfortente ferien.

søndag 15. juni 2008

Gårsdagens store happening



I går var Gubben og eg i kalas. Festen hadde fått tittelen "Føling i fjæra", og opplegget var suverent: fiskesuppe i naustet, delvis medbragte kaker, tre kassegitarar og MYKJE song, latter og skråling. Gubben og eg var dei siste som gjekk av dei som ikkje skulle overnatte, og då var klokka halv fem. Vi fekk med andre ord med oss både soloppgang og solnedgang, og regnet gav seg før festen begynte. Biletet syner mannen til jubilanten som held tale for si strålande kone. "Dette må vi gjere oftare", sa eg til naboen då eg gav han ein avskilsklem. I dag lurte han på om det var festen eller klemminga eg hadde sikta til...

lørdag 14. juni 2008

Gratulerer til to venninner!

Ei av sambygdingane mine blir 39 i dag, og ho feirar dagen i London saman med storfamilien sin (ærendet er at dei feirar 60-årsdagane til foreldra). Naboen min nede ved sjøen har jubileum i dag - vi skal ned dit og feire i kveld, og ungane er hos farmor og farfar. Gratulerer til to spreke og flinke damer!

fredag 13. juni 2008

Here I go again


Gubben er heime att, med sekken full av Whitesnake-effektar. Nummer 2 fekk to plekter som Doug Aldrich hadde brukt, og stemninga står i taket.

Barnemunn


I dag stod minstemann opp og kom sakte og molefonken trampande ned trappa frå loftet. Eg spurde han kva som var gale, og då svara han: " Eg skulle ønske eg var ein hest, for då sleppe en å vaske seg på hendene når en har vore på do"

torsdag 12. juni 2008

Pokerfjes, peptalk og pizza

Måndag fekk eg meldinga: eg får opp eit parti i norsk munnleg på komande måndag. Sidan det har eg gått rundt med pokerfjes - det vil seie; eg har i lengre tid sagt at dei truleg kjem opp, og vi har brukt mykje tid på repetisjon. I dag fekk elevane meldinga, og eg må seie dei tok det sporty. Resten av klassa kom opp i organisasjonslære, historie og engelsk. Vi brukte litt tid på ein "peptalk" om kva som er viktig/mindre viktig i pensum. Det er ikkje så lett å gi råd når ein allereie har laga fleire av oppgåvene, men eg har laga meg ei tale som eg har drege fram dei siste åra. Det er femte gongen eg får opp elevar i norsk sidan eg begynte på jobben hausten 2002, så eg trur eg kan dette no. Likevel er det eit herk og eit styr, og eg synest synd i elevane som må slite seg gjennom det enorme pensumet.

Vel heime hadde eldstejenta hatt "heimedag" i mat og helse, så huset var reint og ryddig, speltpizzaen stod i omnen og på kjøkkenbenken låg nysteikte brownies. Fantastisk! Med ei lita middagskvild vart livet ikkje så verst. Vi skulka forresten barnehagens grillfest i pøsregnet (alvorleg tala: eg er ikkje ei dårleg mor for det, vel?).

onsdag 11. juni 2008

Fridag igjen (eller i alle fall ei fristund)


Pøsregnet held fram - merkeleg kor fort vi gløymde at dag etter dag med regn er typisk for årstida (denne òg). I dag hade eg tre born heime, og dei leika seg så fint inne at eg ikkje hadde hjarte til å jage dei ut før hundane måtte få ein tur før kampen. Nummer 2 skulle nemleg spele kamp i kveld, og nummer 1 var i Volda på trening. Vi møtte henne då vi kom til Folkestad, og så var vi tilskodarar til det audmjukande tapet mot Åheim. To timar med frisk luft og mosjon, seier no eg. Og så var det å reise heim, dusje alle mann, lage kveldsmat (nysteikte baguettar og varm sjokomjølk) og lese/synge på senga. Og så er klokka plutseleg 23.15, og eg unner meg ei lita stund med Shakespeare på dvd (uaktuelt å sjå filma teater med gubben i hus, tenkjer eg). Produksjonen er med Ian McKellen og Judi Dench, og den er fantastisk nær opp til teksten og nesten utan effektar. No er eg omtrent halvvegs, og det blir litt langdrygt med 145 minutt. Heksene er absolutt eit høgdepunkt.

Gubben ringde frå Oslo; midt i samtalen såg eg datoen på dataen og hugsa plutseleg at det er trulovingsdagen vår (21 år!). Eg kunne ha lata som om eg var fornærma på han som ikkje hugsa det, men det var kanskje litt for svikefullt (hallo; ein er ikkje Macbeth heller!).

tirsdag 10. juni 2008

Shopaholic and Baby


Bok nummer 17 vart ferdiglesen seint i går kveld, og no er det slutt på forteljinga om Becky - ei dame som får dei fleste andre til å verke rasjonelle og økonomiske. I denne boka er, som tittelen røper, Becky gravid. Dette betyr nok ein grunn til å shoppe. Ein treng faktisk fem barnevogner i Rebecca Bloomwoods verd - ja ein treng til og med eit eige barnevognsrom i huset! Og så må ein gå til den fødselslegen som alle kjendismodellane går til - problemet er berre at denne legen er ex-en til mannen i Beckys liv, og dei begynner å møte kvarandre og tekste med kvarandre... Ok så er dette ein smule trivielt, men deilig avslappande. Eg har to Kinsellabøker til liggande, men no skal eg lese noko skikkeleg.

Monty Python and the Holy Grail


I serien av innlegg om "verdas beste jobb" kan eg i dag melde om nok ein arbeidsdag med triveleg aktivitet. I engelskklassa har vi snakka ein del om nasjonale stereotypar og humor, og vi har i tillegg lese om Kong Arthur. Då nokre av gutane dreiv og siterte Pythonsketsjar her ein dag, bestemte eg meg for å ta med "Monty Python and the Holy Grail". Det er ikkje den beste Pythonfilmen, men den er god! Eg er ikkje sikker på om humoren traff alle, men eg mora meg i alle fall. I tillegg hadde eg ein dobbelttime med repetisjon av norskpensumet i den andre klassa mi - og så var det slutt på undervisninga for i år. No gjenstår berre munnleg og avslutning.

mandag 9. juni 2008

Gubbe på tur

Gubben ringde frå Oslo for ein halvtime sidan for å seie god natt - han hadde hatt ein roleg kveld og skulle prøve å kvile seg...

Å vere firebarns-aleinemor er ingen spøk; særleg når det er to som skal på fotballtrening, ei som får besøk og ein som sovnar framfor Tv-en. Med litt planlegging og organisering går det som regel bra:
1. Hurtigris er eit must når middagen skal lagast og etast i løpet av ein halvtime
2. Nummer 2 sit på med naboen til fotballtreninga si
3. Nummer 1 avtalar med ei venninne at ho kan besøke henne før treninga slik at ho òg kan sitje på med naboen.
4. Nummer 3 får ikkje dra på besøk, men ha besøk.
5. Når eg skal hente nummer 1 på ferja, skjer eg først opp eit halvt brød så nummer 2, 3 og 4 kan lage seg kveldsmat medan eg er borte. Så går den stunda...
6. Video er òg eit must, for den serien om Tudorfamilien får eg ikkje sett før etter at ungane er sovna - eller før dei står opp i morgon tidleg...
7. Lesing er ein roleg aktivitet. Trippelboka om Ludde bør roe ned nummer 4 så han sovnar att. Kanskje kan eg i tillegg lokke med snop viss han er flink - det fungerte fint før i dag..
8. Søvn er oppskrytt...

Sense and sensibility


Å ha gode vener som veit kva ein set pris på av presangar, har sine fordelar. Dette seier seg nesten sjølv. At det òg skal ha sine fordelar at Gubben er mykje på farten, er kanskje litt mindre sjølvsagt. Her har vore nokre ledige stunder innimellom, og då ser eg IKKJE fotball-EM. Til bursdagen min fekk eg den nye BBC-serien basert på "Sense and Sensibility", og den har eg kosa meg med dei siste dagane. Fantastisk flotte naturbilete og gode kvinnelege skodespelarar gjorde denne betre enn 1995-filmen, men eg sakna nokre av dei mannlege skodespelarane frå filmen. Det beste med serien framfor filmen var sjølvsagt LENGDA!!! Ho som gav meg filmen og eg er einige om at scena der Edward Ferrars står i våt kvit skjorte og høgg ved er fantastisk. Finst det noko lekrare enn hardt arbeidande mannfolk?

søndag 8. juni 2008

It's raining again


Så skya det plutseleg over, og no skal det visst regne fram til laurdag... Gubben kjørte meg opp i skogen så eg fekk lufte hundane og meg sjølv skikkeleg før den komande veka. Då blir det lite turgåing, er eg redd. Utfordringa er å få følgt opp alle fritidssyslar, gjere jobben sin og å stå opp endå tidlegare enn vanleg. Sjekk bakgrunnen på biletet, forresten: det er Keipen, ein gjengangar på hundebileta mine og eit anna turmål for sommaren. Som de ser er det framleis ein del snø att, så førebels tek eg det med ro.

Barndomsminne


I dag er ei av mine gamle klassevenninner (vi gjekk saman frå 1. - 9.) 40 år. For ei tid sidan fekk eg tilsendt det vedlagde biletet frå ei anna klassevenninne, og det morosame er at akkurat denne bursdagen, truleg 8. juni 1978 eller -79, hugsar eg spesielt godt. Vi vart nemleg skyssa til Hovdevatnet for å bade og grille pølser! Slike hendingar er nesten daglegdags for mine søte små, men for oss var dette stort. Då eg fekk biletet, tok det litt tid før eg fann meg sjølv. Eg kjenner att den gule bikinien, som eg var veldig glad i, men eg har trudd at eg var overvektig i heile min barndom... Uansett: gratulerer til H som er 40, og som eg håpar har det like kjekt på feiringa si som den gongen.

fredag 6. juni 2008

Shopaholic and Sister


Heime att frå fjellturen tok eg meg tid til å lese ut denne fjerde "Shopaholic"-boka. Eg er framleis like hekta, og har lese på senga, på ferja og altså ute i sola. Det er imponerande korleis forfattaren fangar ein inn i dei trivielle problemstillingane, sjølv om det heile sjølvsagt er forutsigbart, syltynt og sikkert heilt forkasteleg. No har eg berre ei bok att i serien, og eg er redd eg kjem til å sakne Becky...

Her er sol og glede




Læraryrket har ikkje så mange frynsegode, men nokre er det. I dag har eg brukt arbeidsdagen til å gå fjelltur i fineveret. Bau var med og hadde ein kjempefin dag med mange beundrande blikk. Turmålet var Helgehornet; ein overkomeleg tur, sjølv om kondisen ikkje er god og varmen var direkte plagsom. Vel oppe var det nydeleg utsikt både ut mot havet og inn i fjellheimen. Helgehornet var mitt turmål nummer 1 denne sommaren, og no kan eg hake av for "oppdrag utført". Eit anna høgdepunkt var det at nummer 1 hadde teke ein tidleg buss heim frå tentamen og vaska det meste av huset!

Mi einaste niese 11 år i dag


På svenska flaggans dag, 6. juni, fyller ei kjekk jente på Hareid 11 år! Vi gratulerer så mykje! Eit av dei beste minna så langt om denne jenta, er då ho var hos oss nokre dagar og vi bada i sjøen og på setra. Og så har vi feriert ein gong i Sverige ilag, noko vi satsar på å få til i år òg. Ha ein kjempefin bursdag!

torsdag 5. juni 2008

Solen skinner kanskje bare i dag?


Dag etter dag med gode temperaturar og strålande sol er ikkje akkurat vanleg her på desse kantar - men herleg er det! Og når arbeidsdagen sluttar i 2-tida, er det fint å vere lærar. I dag hasta eg heim, laga ein rask middag og sola meg/sov middag ein times tid før Gubben kom heim. Sidan dei tre musikantane skal på korpsstemne i helga, er det ein del å gjere med klesvask o.l., og det er fint arbeid å kombinere med soling. Nummer 2 hadde vore på skuletur i Brundalen og var temmeleg sliten av dagen, men så var det altså heimekamp. Og eldstejenta skulle på trening i Volda. Gubben tok med seg alle saman, men eg vart att heime og gjekk tur med bikkjene, klipte plen og vaska klede. Sjølvsagt burde eg ha halde meg inne og rydda/vaska, men eg orkar berre ikkje å vere inne så lenge sola er framme. I 21-tida går den ned bak eit fjell, så no er det tid for skulearbeid. Heldigvis skal vi på fjelldag i morgon, så eg får berre to timar å planlegge...

onsdag 4. juni 2008

Rapport frå ein fridag

Vermeldinga hadde allereie fortalt at dagen i dag skulle bli fantastisk, så det var berre å kle av seg og kome seg ut. Litt klesvask og plenklipping var alt eg orka av arbeid, og så var det ungar som ville bade og som skulle pyntast for å gå i selskap. Litt lesing og soling blei det tid til, sjølvsagt. i 15-tida sjekka eg mailen min, og såg til min store forskrekkelse at streiken var over. Det volda meg nokre kvaler, for eg måtte setje meg inn i saka, men så kan dagane bli meir normale att - håpar eg. I kveldinga reiste vi til skulen der tre av ungane våre går. Niande klasse hadde laga cabaret og heldt basar med kakesal, åresal og loddbok for å få inn meir pengar til Polentur til hausten. Vår håpefulle spelte fleire roller, men mest spennande var det då ho skulle synge solo. Ho er glad i å danse og spele piano, men synge solo har ho ikkje gjort før. No er også den terskelen trakka over, og det gjekk kjempefint! Temaet for cabareten var popmusikk gjennom tidene, og solonummeret hennar var Marilyn Monroe's "Diamonds are a girl's best friend". Eg hadde sjølvsagt med kamera - men tullete nok hadde eg lagt att minnebrikka heime, så eg har ingen illustrasjon av denne storhendelsen.

Shopaholic Ties The Knot


I går las eg ferdig denne tredje boka om Rebecca Bloomwood, som denne gongen skal gifte seg og må velje mellom eit drøymebryllaup på Plaza i New York og eit tradisjonelt bryllaup heime i hagen til foreldra (drøymebryllaupet til mora). Syltynt? Javel, men likevel spennande. Becky er håplaus, men sjarmerande, og eg er allereie i full gang med den neste boka i serien.

mandag 2. juni 2008

Blomar på jobben


I dag var vi to 68-damer som fekk kvar sin orkidé i gåve frå kollegiet. Eg er svært glad i kvite blomar og orkidéar, så då er vel ein kvit orkidé perfekt? Då eg pakka den ut etter eg kom heim, la eg merke til den stilige blomsterpotta. Kjekt å få gåver - eg er ikkje heilt vaksen, kjenner eg.

Observante lesarar vil legge merke til ein halvklipt plen i bakgrunnen, eit skite vindu og eit tomt tørkestativ. Alt tyder på at eg skal prioritere hus og heim denne veka. Men skin sola, nektar eg å gå inne og vaske - berre så de veit det.

Fest og moro


Då Gubben vart 40 for snart tre år sidan, hadde vi stor fest på den nedlagde skulen i bygda. Eg heldt ein tale for han som folk snakkar om enno - inkludert Gubben sjølv. Og til eventuelle konfirmasjonsgjestar der ute: eg var ikkje plagsomt rørt DEN gongen. Då eg sjølv skulle feire den komande dagen min sist laurdag, pysa Gubben ut og let ein musikarkompis synge ein song til meg i staden for å tale. Songen var "Den finaste eg veit", originalt med Hellbillies. Elles var det mange trivelege folk (ca 70), mykje god mat frå venninner rundt omkring og flotte presangar. MEN NO ER DET SLUTT PÅ FEST OG MORO HER PÅ GARDEN! Med dåp, konfirmasjon og 40-årsfeiring + to barneselskap i løpet av litt over to månader skal vi no kule heilt ned og prøve å ete opp alle restane i frysaren. Så får vi håpe at andre tek opp tråden og organiserer noko - naboen ved sjøen kom forresten med invitasjon til 50-årsdag den 14. i dag, og det gler vi oss til!