torsdag 30. juni 2016

Kilskrossen

I dag køyrde vi bilen inn til rasteplassen mellom Kile og Bjørkedalen. Derifrå gjekk vi til Kilskrossen og vidare gjennom Kilebygda og postvegen til Mjeltvika. Vêret var svært usikkert, og det var meldt både regn og vind, men vi kom oss heim utan å bli heilt gjennomvåte.

onsdag 29. juni 2016

Bok 43 2016: "Sør-Afrikas historie. Førkoloniale samfunn, Apartheid og frigjøring" av Tore Linné Eriksen

Denne boka har ein ambisiøs tittel, men den er berre på knapt 200 sider. Den gir såleis eit slags oversyn over historia til landet, frå jeger- og sankarsamfunnet, til kolonitida og over i vår moderne tid. Ein får eit visst innblikk i korleis religion og kultur har prega landet, og kva utfordringar dei slit med no. Boka kom ut i år, så den er svært aktuell.

Eg har lese boka fordi emnet interesserer meg, men òg for å ha meir bakgrunnskunnskap når eg underviser i engelsk.

Kornbergveten (577 moh)


Dagens turfølgje. Det seiast at det er rekordår for myrull i år.




Prov på gamalt hærverk




Veten er ikkje noko høgt fjell, men det er ganske langt å gå frå setra og ut på ytste tuppen. Dermed får ein gå lenge langs ein rygg med utsikt både mot Dalsfjorden og Folkestad, og sjølvsagt fantastisk utsikt til fleire kantar etter kvart som ein kjem langt nok ut.

I dag vart vêret litt usikkert etter kvart, og då vi stod på enden, såg vi regnet i Ørsta og Volda. Sjølv møtte vi ikkje regn før vi var komne nesten ned att til bilen.

Slike dagar er det ingen betre stad å vere enn heime, etter mitt syn. Vi bur i eit område som andre reiser til for å feriere, så vi bør ta oss god tid til å nyte terrenget, lufta og lyset.

tirsdag 28. juni 2016

Ingen stor dag for demokratiet

Etter eit knapt fleirtal for folkerøysting om kommunesamanslåing sette nokon alle klutar inn for å få vedtaket omgjort. Derfor vart det i dag arrangert ekstraordinært kommunestyremøte, der vedtaket frå 16. juni vart omgjort. Toppen av farsenivå vart nådd då forslagsstillaren frå sist sa at han hadde stilt forslaget sist fordi han prinsipielt meiner det er rett med folkerøysting, men han hadde ikkje trudd forslaget ville få fleirtal.

Eg er stor motstandar av politisk taktikkeri, og meiner det einaste rette er å stemme slik ein meiner er rett. Eg meiner veljarane burde få seie sitt i ei folkerøysting, og synest det er svært uheldig at den andre kommunen pressar fram eit svar som går på tvers av dei demokratiske prosessane dei fleste ønskjer. Det lovar ikkje godt for eit eventuelt samarbeid i framtida.

mandag 27. juni 2016

Bok 42 2016: "Irène" av Pierre Lemaitre

Dette er ein utruleg makaber og ekkel kriminalroman om ein mordar som rekonstruerer mord frå kriminalromanar. Eit artig påfunn, men likevel ikkje ei godt komponert historie. Eg synest spenninga flatar ut, sjølv om mordoffera er svært detaljert skildra. Boka er ikkje like god som "Alex", men den burde lesast først.

søndag 26. juni 2016

Under Linda

Min gode, gamle ven 
Systera og svogeren min arrangerer kvart år ein lyrikkfestival i hagen. Eg deltok for første gong i fjor, og i år hadde eg med Bladfyken. vi fekk høyre dikt av Marit Kaldhol og Jan Ove Ulstein, og songar framførte av Odd Goksøyr og Ronald Øvrelid. I tillegg vart det god prat og bugnande kakefat etterpå. Vêret var ikkje så fantastisk som i fjor, men det var i alle fall opplett. Det var ei triveleg stund, og eg tek gjerne med meg eit par kaker og kjem neste år òg.

torsdag 23. juni 2016

Bok 41 2016: "Boka om Baltimorefamilien" av Joël Dicker

I denne boka møter vi att Marcus Goldman frå boka "Sannheten om Harry Quebert-saken".

Da Marcus vaks opp, var det to Goldman-familiar: middelklassefamilien til Marcus i New Jersey, og den rike og glamorøse Baltimore-familien. Marcus besøkte dei så ofte han kunne, for å vere saman med fetteren Hillel og Woody, guten som onkelen og tanta hadde redda frå eit liv på gata og tatt til seg. Og så var det nabojenta Alexandra, som drøymde om ei framtid som popstjerne. Dei fire heldt kontakten i alle år, inntil fasadane begynte å rakne, og alt ein dag gjekk gale. 

i boka vert hendingane frå fortida gradvis avslørt, og resultatet er ein spennande roman om ting som ikkje er slik dei verkar.

Postvegen på Brekka

Onsdag kveld gjekk vi årets første tur over Brekka, frå Langedalsbroe til skiltet som viser stiar innover mot Svartevatnet, blant anna. Då vi var der i fjor haust, møtte vi ein mann som skrudde opp laminert kart på skiltet, og dette syntest vi var ein svært god idé. Då vi no skulle sjå nærare på kartet, viste det seg at det var noko misvisande, då kartet ikkje stemte med terrenget. Kartet er nemleg på feil side av vegen ut frå kva kartet viser, eventuelt kunne kartet ha vore feste på baksida av pålen. Då eg skulle ta bilete av skiltet, kom Charlie og poserte heilt på eige initiativ.



tirsdag 21. juni 2016

Bok 40 2016: "Hvem fulgte Doruntine hjem?" av Ismail Kadare

Denne romanen er basert på ei gamal albansk segn. Doruntine har blitt gifta bort langt vekk frå familien. Broren Konstantin gir ein heilag lovnad, ein "bessa", om at han skal bringe henne heim til mora når ho lengtar heim. Romanen startar når Doruntine kjem heim til mora og fortel at Konstantin henta henne. Problemet er berre at broren har vore død i tre år.

Boka er kanskje ei spøkelseshistorie, kanskje ein thriller og kanskje ein slags fabel, eller ein symbolsk, filosofisk tekst som dreier seg om sanning og det ein ønskjer skal vere sant.

mandag 20. juni 2016

Bok 39 2016: "Bryllupet" av Ismail Kadare

Eg er blitt tipsa om denne albanske forfattaren for ei tid attende, og no har eg skaffa meg nokre bøker frå tidleg i forfattarskapen hans (1972). "Bryllupet" handlar, som tittelen seier, om eit bryllaup, og det går føre seg på landsbygda i Albania seint på 1960-talet. Vi får innsyn i gamle albanske skikkar, men desse vert spegla mot den nye, sosialistiske tidsånda i landet. Eg likte boka godt og ser fram til å lese fleire bøker av same forfattar.

Etterordet i boka er forresten svært lærerikt, ikkje minst fordi boka kom ut på Forlaget Oktober og er svært politisk inspirert. Albania er eit land med ei spennande historie, og ein kan sjå korleis religiøse haldningar og kvinneundertrykkande tradisjonar var med på å framprovosere eit kommunistisk styre.

søndag 19. juni 2016

Bok 38 2016: "Den første sten" av Carsten Jensen

Denne boka er ei skildring av hendingar knytt til krigen i Afghanistan, skrive av ein dansk forfattar. Boka har fått mykje merksemd og god kritikk, men eg synest den var noko langdryg.

Sitert frå nettstaden til Lydbokforlaget:

"Troppen vi følger, møtes i Afghanistan for å tjenestegjøre under NATOs kommando. De kampklare soldatene skal ledes av danske offiserer uten krigserfaring. I maktvakuumet som oppstår, står den karismatiske Schrøder frem og innfører belønningssystemer som er hentet fra krigsspillene de slår ihjel ventetiden med. Alt de opplever, skal filmes. Med kamera på hjelmene dokumenteres soldatenes hverdagsliv og kamphandlinger for å lagres i nettskyen som et minnesmerke over de falne og de levende. Den parallelle virkeligheten de unge soldatene skaper, skal imidlertid vise seg å bli fatal. Merkelige hendelser begynner å ramme familiene deres i København. En dag forsvinner flere av dem sporløst. Er de drept, har de gått over til fienden, er de blitt terrorister? Og hvem er egentlig Schrøder?
Med «Den første sten» har krigen i Afghanistan fått sin store nordiske roman, og norske lesere har fått en oppslukende thriller mettet med mening."

Bok 37 2016: "Honningkrukken" av Gert Nygårdshaug

Eg har lese #Mengele Zoo" av same forfattar, og var delvis begeistra for den. Eg slit med å akseptere fantasifulle, urealistiske delar av bøker som eigentleg verkar veldig realistiske, og dette hende då eg las "Honningkrukken" også. Hjernen min er ikkje slik kopla at eg synest det er greitt å blande fantasy og realisme, spesielt ikkje når det gjeld krim.

Likevel har eg valt å gi sjangeren og forfattaren ein sjanse til. "Honningkrukken" er ein kriminalroman som handlar mykje om vin og historie, men òg om kodetyding og bestialske mord. Litt søkt etter min smak, men eg skal prøve ei bok eller to til om detektivhelten Fredric Drum.

Første feriedag: shopping på Moa

Då Veslejenta hadde bursdag, skulle ein del av gåva vere ein handletur til Moa, kjøpesenteret ved Ålesund. Etter eksamen. det tok si tid før vi fekk tid, og i mellomtida har ho vore i Bergen og shoppa der, men i dag for jentene, Minstemann og eg på shopping. Dessutan kjøpte vi pizza, og vi besøkte besteforeldre i Ørsta og bestefaren i Volda. Ein fin start på ferien når vêret var overskya med nokre regndropar.

fredag 17. juni 2016

Siste dag på jobben før ferien

I dag hadde vi snittar og kaker, vi gratulerte og tok avskil, vi lytta og song. I kjend stil. Sjølv fekk eg blomar som takk frå leiinga for arbeidet som tillitsvald - noko eg har tenkt å trappe mykje ned på til hausten.Eg tok meg som vanleg ein tur innom biblioteket på jobb før eg for heim, og i år var fangsten svært seriøs og lærerik, vil eg tru. Det går for det meste på krig og konflikt, i Syria, Afghanistan og Somalia, og eg håper på å få god tid til å fordjupe meg i denslags i sommar. Blant mykje anna.

10. klasse-markering på Folkestad

I kveld var det duka for fest, då dei 13 kjekkingane i 10. klasse skulle takkast av. Det var fint og morosamt program, og Veslejenta og venninna song "Slipping through my fingers" medan dei viste gamle klassebilete på storskjerm. Eg vart rørt berre av å høyre om dette programinnslaget.

torsdag 16. juni 2016

Ein spennande dag i kommunestyret

I dag vart det med knappast mogleg fleirtal, 14 mot 13 stemmer, vedtatt å halde ny folkerøysting om kommunesamanslåing. Etter mitt syn var dette rett, i og med at ein hadde ei folkerøysting om samanslåing med ein annan kommune tidlegare. Lita tue kan velte stort lass.

onsdag 15. juni 2016

Hestehornet (688 moh) på siste fri-onsdagen

I dag var det Minstemann og min sin siste fri-onsdag, for til hausten blir det ungdomsskule og full jobb på oss. Det var derfor ekstra viktig å utnytte det vakre vêret i dag. Eldstejenta hadde også fri, men var ikkje i form til ein altfor strabasiøs tur. Det vart derfor ein tur til Hestehornet, med opp- og nedtur på den slakkaste sida. Det var bratt nok for oss, for fjellforma er ikkje heilt på plass enno.



Vel heime styrte eg litt i hagen medan dei laga middag, og så fekk eg ei gledeleg nyheit då sensuren på eksamen var komen. Det frigjorde litt ekstra energi, så det vart både baking og anna mot kvelden.

tirsdag 14. juni 2016

Kveldstur i skogsvegen og Lisjedalen

Etter ein lang dag med jobb og møte var det fantastisk å kome heim til ferdig middag. Slik var det krefter og energi nok att til å gå ein lang kveldstur i skogsvegen og Lisjedalen saman med Eldstejenta og Charlie. Det er nydelege dagar med sol og lyse kveldar, og det var nesten så eg ikkje ville gå inn att. Snart er det ferie og vi kan nyte dagane  fullt ut.




mandag 13. juni 2016

Bok 36 2016: "Havboka, eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider" av Morten A. Strøksnes

Forfattaren har vore på fisketur i Lofoten, men boka handlar enda meir om havet, om mytar og vesen der. Eit merkeleg påfunn kanskje, men godt lesestoff som er nydeleg innlese med nordnorsk tonefall.


søndag 12. juni 2016

Bok 35 2016: "Alt lyset vi ikke ser" av Anthony Doerr

I denne boka møter vi mellom anna ei blind, fransk jente og ein tysk gut som er eit teknisk geni. Sentralt i historia er òg ein tysk offiser som er på jakt etter ein magisk diamant. Romanen spinn rundt datoen 8. august 1944, og hendingane før og etter denne datoen. Kapitla er korte, og det vert hoppa mellom ulike stader og personar, så dette er ei typisk papir-bok som neppe vil vere enkel å følgje med i på lydbok. Eg er glad i bøker (og filmar) med spennande komposisjonar, og denne var ikkje noko unntak. Komposisjonen gir boka ei enorm framdrift, då ein lurer på om dei to personane vil møtast, og kva som vil skje då. Det var rett og slett vanskeleg å legge frå seg boka før eg hadde lese dei over 600 sidene, og det er ikkje ofte det skjer. Likevel syntest eg slutten vart noko uthala, og eg lurer på om det eigentleg var nødvendig med eit kapittel frå 2014.

Innhaldet og personane i boka fekk meg til å tenkje på "Boktyven", og eg vil tru at dei to bøkene kunne ha blitt samanlikna i eit fordjupingsemne i norsk på vgs.

lørdag 11. juni 2016

Storegut sin songeksamen

På musikklinja skal tredjeklassingane halde ein konsert på om lag ein halv time, med variert program. Storegut hadde valt ut både "svisker", jazz og rock. Mest inntrykk på mora gjorde sjølvsagt nummeret der Veslejenta fekk kome på scenen og kore storebroren. Til hausten er det hennar tur å begynne på vgs, så det vart familiens stafettpinne dette. Konserten og utspørjinga etterpå heldt til toppkarakter, noko farfaren på omsorgssenteret var den første som fekk vite. Det har vore ein rimeleg spesiell vår for Storegut, så dette var ein stor dag for oss alle.

onsdag 8. juni 2016

Romedalen

Tysdag kveld, etter konserten, tok vi oss ein tur til Romedalen, der vi gjekk frå den eine setra til den andre. Det vart både skodde og iskald vind, så vi fekk ikkje sett dei fantastiske fjelltoppane, men vi fekk no mosjon og frisk luft. Det er herleg å vere ferdig med eksamenen sin!

Minstemann på musikkskulekonsert

Tysdag var det musikkskulekonsert, og Minstemann slo til med eit flott nummer saman med musikkskulelæraren, som spelte piano. Det var ei lang rekke elevar på scenen, og nokre av dei imponerte stort. Det er \og flott trening å framføre for publikum, men igjen må eg seie at eg irriterer meg over folk som går når deira barn er ferdig å spele. Ein får håpe dei har svært gode grunnar til slik oppførsel!