søndag 31. oktober 2010

Opptur




Søndag tok vi oss ein lang frokost på hotellet før vi vende nasen heim. Vi fekk eit par timars pause før bygdabasaren starta. Ei hektisk, men hyggeleg helg!

10 år og like blide (minst)!

Her er vi då, vi 12 som tok turen til Geiranger i helga. Litt synd at glasa var tome då biletet vart knipsa, men det varte ikkje så lenge. Ein kjempeflott gjeng - i tillegg til nokre fleire supre damer som ikkje hadde høve til å reise denne gongen. Det kan hende vi reiser på ny tur før det har gått ti nye år!

Med Lama på Løsta






Tre av vinklubbdamene, meg sjølv sjølvsagt inkludert, nytta høvet til å gå seg ein tur til Løstafjellet på dagtid laurdag. Dagen var rimeleg grå, men utsukta var flott. Undervegs fann vi ut at vi lid av høgdeskrekk alle tre, så då var det ekstra morosamt at det var vi som gjekk på fjelltur. Med oss på turen hadde vi ein flokk på fire lamaar, som truleg er sett ut for å halde sin sti rein.

"Da dramene do"...

Hausten 2000 samla ei av bygdedamene ein gjeng heime hos seg. Det store temaet for kvelden var å starte ein vinklubb. Sidan det har vi samlast heime hos kvarandre om lag 10 fredagskveldar i året, smakt vin og ete god mat. Og skravla om det meste, frå brudebukettar til skulepolitikk. No i helga reiste 12 av oss (vi er om lag 18 medlemer) på tiårsjubileumstur til Geiranger. Mange var i spa-avdelinga det meste av laurdagen, medan andre gjekk tur (gjett fem gonger kva eg valde). Dei følgjande innlegga vil vise bilete frå årets happening - eg ser allereie fram til tjueårsmarkeringa.

PS: eg har fått ei diskret facebook-melding som påpeikar skrivefeil i overskrifta, og for å unngå fleire slike må eg få konstatere at det er skrive med overlegg og nok eit strålande døme på min subtile humor som omgjevnadene mine dessverre sjeldan set pris på...

lørdag 30. oktober 2010

Halloweenfest











For to år sidan sette vi ned ein heksekomité som arrangerte fest på grendahuset for å demme opp mot den utidige skikken med tigging av godteri.I år hadde ungdomslaget kjøpt inn meir lys og ei røykmaskin, i tillegg til mat, drikke og pynt. Noko pynt laga ungane sjølve òg, som nemnt i førre innlegg. Fredag kveld hadde vi først feiring for alle borna frå 18 - 20, der det var matsal, herjing, leikar og piñata. Klokka 20 dempa vi lyset, og aldersgrensa vart heva til 4. klasse. Då vart det disco, skattejakt og fleire leikar. Moroa var over klokka 23. Eg trur bileta talar for seg sjølve - eg synest faktisk det er morosamt å kome i kontakt med mi indre heks, som ikkje er så reint ulik min daglege personlegdom.

torsdag 28. oktober 2010

Dagen før dagen



I dag hadde vi siste førebuande møte for morgondagens Halloweenfest. Her i bygda har vi som kjent fest, i staden for at ungane skal tigge snop. Vi har pynta lokalet, fylt opp ein utruleg kul piñata og rigga opp lys og røykanlegg. Ungane har stått for mykje av arbeidet sjølve. I forfjor laga dei ein del papirpynt, og i år har dei supplert med edderkoppar av svarte piperensarar. Eg ser fram til å finne fram heksekjolen og nasen, sjølv om eg i utgangspunktet sikkert er heks nok utan kostyme.

Trøyst på ein tung dag

onsdag 27. oktober 2010

Frionsdag med sveler og Knausgård

I dag var det regn og ruskevêr, både her og både der, og då passa det ekstra godt at Minstemann fekk besøk av to gode kompisar. Eg hadde lova dei sveler - ein klar favoritt blant dei yngste. Elles vart det mykje leik og moro.

Då alle ungane var ute av huset, tok eg på meg nokre lag med klede og gjekk meg ein tur på eit par timar saman med Karl-Ove (det følest slik når ein høyrer på lydbøkene til Knausgård).

Bok 56 2010: "Englefall" av Tracy Chevalier

Forfattaren er mest kjend for romanen"Pike med perleøredobb", som eg berre kjenner gjennom filmatiseringa. I "Englefall" fyl vi to familiar i tillegg til nokre gravarar på ein gravplass der familiane møtest. Synsvinkelen skiftar heile tida, noko som vert tydeleg markert ved at namnet på eg-personen vert opplyst. Det tek litt tid før ein "kjenner" dei ulike personane, men då vert det ei fornøyeleg lita bok frå England på byrjinga av 1900-talet. Ingen stor roman, men god underhaldning.

tirsdag 26. oktober 2010

Gratulerer, Bror!

Broren min på Kongsberg fyller heile 46 år i dag! For tida driv han mest med å pusse opp kjøken, og eg lurte litt på om eg skulle legge inn eit interiørbilete som illustrasjonsfoto. Eg droppa det, og legg heller inn eitt av feriebileta frå sist sommar, då vi var saman i Strömstad, begge familiane. Det er eit godt minne å ta med vidare i livet.

mandag 25. oktober 2010

Knut Sigve frå Folkestad

I kveld gjekk det ein dokumentar på TV2 som eg håpar mange har fått med seg. Knut Sigve og mora Gudveig er to lokale kjendisar som viser godt att i lokalmiljøet. Dokumentaren handlar om at Knut Sigve treng hjelp som mora begynner å bli for gammal til å gi han, og om kor vanskeleg det kan vere å omstille seg til eit nytt liv. Medan sonen er skeptisk og pessimistisk, tek mora ein beundringsverdig nøktern og positiv tone når ho forklarer han at han må tenkje framover.

Programmet er ikkje så sentimentalt, mykje fordi Gudveig er ei så jordnær og flott dame, men eg sit likevel oppløyst i tårer i beundring for ei så tolmodig og eineståande mor.

En dag uten TRENing er en dag uten mening...

Dersom nokon lurer på korleis det går med TRENinga mi, kan eg opplyse om at det går heilt flott. Førebels har eg slått meg på roing og tredemølle. Det blir mest tredemølle, sidan den gir utteljing på skritt-teljaren.

På roapparatet kan ein stille inn kor langt ein vil ro, og så tel displayet ned til 0 med fart etter kor hardt ein tek i. På tredemølla er displayet fullt av informasjon om kor langt eg har gått, kor lang tid eg vil bruke på ein km, kor mange km eg ville ha gått på ein time, kor mange kaloriar eg har forbrent, kor lenge eg har gått, pulsen min etc etc. Vanlegvis likar eg ikkje duppedittar, men alle desse tala er skikkeleg god motivasjon. I kjend stil laga eg meg fort reglar for kor ofte eg kan slakke ned tempoet og ta ein slurk vatn (kvart tiande minutt), kor fort eg skal gå (7,1 km/t) og kor lenge eg skal halde på (minimum 45 minutt). I dag gjekk eg om lag ei mil. Det var akkurat lenge nok til å forbrenne dei kaloriane som var i det kakestykket som var att i kjøleskapet...

søndag 24. oktober 2010

Historia om ein søndagsmiddag som kokte ut i kålen

Fredag etter jobb hadde kollegavenninne K og eg vår faste cafédate, og etterpå var det tid for samhandling i kolonialbutikken i same bygg. Eg skulle handle inn til kakebakst og søndagsmiddag, og ho hadde eit liknande ærend. Etter noko diskusjon kom vi fram til at det var fullt mogleg å lage fårikål til søndagsmiddag, sjølv om det berre var eit par veker sidan sist. Vi plukka derfor med oss kål i handlekorga. Deretter skulle eg finne fløyte, noko som dessverre var utselt. Ok, då måtte eg innom ein butikk til, men først skulle eg i alle fall sikre meg fårikålkjøt. Men dessverre, denne veka var det svinekotelettar som fylde opp frysedisken, og heller ikkje blant ferskvarene fann vi årets lam. Eg treng vel knapt nemne at dei var utselde for kvit sjokolade.

Då vi kom nærare kassa, såg vi at mykje av butikken var halvtom, kanskje for å gi plass til julevarer. Men så var der ein diger reol full av "daglegvarer" som kaffitraktarar, vasskokarar og (hald dykk fast) MAKULERINGSMASKINER!!! Det er greitt nok med ein del koppar og kar i daglegvarebutikkar, og det tek ofte av med sal av filmar, grillar og ullsokkar, men denne syntest eg tok kaka aldeles. Den einaste bruksverdien eg såg på det tidspunktet, var makulering av handlelista.

Storegut laga dagens søndagsmiddag, som var kjøtkaker med gulrøter og kålstuing. Eg fekk meg nemleg ikkje til å legge på plass kålhovudet som eg allereie hadde putta i handlevogna. Kan hende kunne ein ha snitta opp kålen i makuleringsmaskina?

lørdag 23. oktober 2010

Familietreff på Hareid


Jusstudenten var heimom ein tur, og dermed inviterte Systa på familietreff. Vi feira i tradisjonell stil, med nydeleg og rikeleg mat, i tillegg til hyggeleg prat. Storegut hadde med eit dessertprosjekt for 4H, som eitt av bileta viser. Biletet fekk ein ekstra dimensjon, viste det seg, i og med at det ser ut som om guten fekk valet mellom kake og frukt.

fredag 22. oktober 2010

Fredeleg fredag




4H-prosjektet held fram. I kveld gjekk eg tur medan Eldstejenta assisterte Storegut som laga Toro tacogryte. Tilbehør var nachochips, rømme og mais. Då eg kom heim var maten ferdig, og vi kosa oss med mat og X-faktor. Vi heia på Mo, som gjekk vidare denne veka òg. Katten Lola går amok i stova, medan vi andre no har gått over til å bake oreokaker (2 stk) til helgekos.

Bok 55 2010: "Daisy sisters" av Henning Mankell

Mankell er best kjend som kriminalforfattar, men denne boka er skriven nesten ti år før han debuterte som kriminalforfattar. Og emnet er noko så originalt som kvinnelagnader - eit typisk tema for det tidlege åttitalet, men helst blant kvinnelege forfattarar. Forteljinga er nokolunde kronologisk, det meste blir forklart på ein refererande måte, og lite blir overlate til lesaren å tolke. Personleg synest eg det vart langdrygt og nesten kjedeleg, og at byrjinga var best. Den handla om Elna, som blir valdteken i 1941. Resten av boka handlar mest om dottera Eivor. Noko av miljøskildringa kan vere interessant, men det meste vart berre trasig og trivielt etter min smak.

torsdag 21. oktober 2010

Fiskekaker i brun saus: ein gammal kvardagsklassikar - men utan makaroni


Eg kan hugse denne retten frå barndomen, og at eg hadde mest lyst til å "maule" makaroni. I vaksen alder har eg fått i meg mykje makaroni og annan pasta, men aldri saman med poteter og brun saus! Fiskekaker er noko vi sjeldan serverer, men i sommar kom eg på denne gamle klassikaren, og så testa eg den ut på ungane. Dei likte det kjempegodt! I tillegg til å ete det meste når dei får ris og bernaisesaus til, et dei òg det meste saman med poteter og brun saus.

Dagens middag var Storeguts tredje 4H-middag. Eg håpar han får lyst til å lage middag av og til etter haustfesten òg!

onsdag 20. oktober 2010

Snø i hagen, mat i magen


I dag var det snø i hagen då vi stod opp, og etter kvart vart det også nydeleg sol. Vi rakk ikkje å få gjort så mykje før vi reiste til Volda, der Minstemann hadde avtale med tannlegen igjen. Etter det hadde vi eit par timar til overs før ballett-timen til Veslejenta. Det vart nokre dyre timar, for vi dumpa borti "BIG SMILE DAY" på Cubus (= 30% rabatt på alle klede), mange gode tilbod på Europris og diverse meir eller mindre nødvendige småting her og der. I tillegg hadde vi det ærefulle oppdraget å kjøpe snop og pynt til Halloweenfesten.

Storegut hadde reist heim etter skulen, og han fekk i oppdrag å lage middag: ris, bernaisesaus, grønsaker og kalkunkorv. Ungane mine et det meste dersom dei får ris og bernaisesaus til. Gamla stilte som assistent (nesten "sleeping partner"), og resultatet vart veldig bra.

tirsdag 19. oktober 2010

4H-prosjekt til glede og nytte

Storegut og Veslejenta går på 4H, og dei skal no få unna ein del arbeid i høve haustfesten neste helg. Det skal både kokast og bakast, og vi foreldra vert engasjerte til planlegging og innkjøp. I dag laga Storegut wok med kalkunkjøt og nudlar til seg og faren. Det betyr at han har att fem middagar. Veslejenta skal bake som prosjekt. Eg ser fram til dette, men skulle ønske dei hadde rydding og vasking som prosjekt òg...

mandag 18. oktober 2010

Bok 54 2010: "Gummi-Tarzan" av Ole Lund Kirkegaard

Danske Kirkegaard er ein av mine absolutte favorittar, og denne boka hugsar eg frå barndomen, då Øyvind Blunch las den på radio. No har Harald Stoltenberg lese den inn i ny utgåve, og den er berre fantastisk. Ivan Olsen er ein svekling som blir mobba av dei fleste rundt han, blant anna av faren. Ein dag møter han ei heks, og han får eit ønske oppfylt. Eg hugsar at bøkene på 70-talet ofte handla om slike "taparar", men denne boka er så grotesk at det blir humoristisk. Boka kom ut på dansk i 1975, og på norsk i 1978. Den held seg utruleg godt, i motsetnad til mange andre bøker frå den tida. Ein absolutt klassikar som både store og små kan og bør ha glede av!

Bok 53 2010: "Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlét Pappkartongen" av Ragnar Hovland

Denne barneboka las eg første gong i 1995, då eg underviste på Høgskulen i Volda. Den gongen fann eg boka lite barnevennleg og noko dyster, sjølv om den har blitt tildelt fleire prisar og gode kritikkar. No har eg høyrt boka saman med ungane, og det vart ei ny oppleving av teksten. Ungane synest ikkje boka er påfallande dyster, men dei skjøna ingenting av det som vert nemnt om Gerhardsen. Eg trur dei opplevde teksten som mindre vemodig enn eg gjer - boka handlar om attgløymde leikedyr som vasar forvirra rundt på leit etter fortida, og det er truleg ein meir skremmande tanke for vaksne enn for born. Språket er flott, som Hovland språk alltid er, men i lydboka går ein glipp av vekslinga mellom store og små bokstavar.

Monster-måndag

Etter ein hard jobbdag finst det knapt noko betre enn å få søndagsmiddag ferdig servert. I dag drog eg med meg tre av ungane for å kjøpe halloweenmasker til dei to yngste. Deretter tok vi turen til Starevegen, der dei varta opp med ein av yndlingsrettane mine; "erter, kjøt og flesk". "Besta" foreviga monstera, og eg har rappa biletet frå bloggen hennar.

Eg er eigentleg ingen stor tilhengjar av Halloween, og ein tur på "nille" kan vere skremmande av andre grunnar enn maskene er skumle. Der er alt frå Halloween-snop til Halloween-telysestakar og annan pynt i svart og oransje.

I bygda har vi alternativ feiring; vi lagar ein fest i staden for å sende ungane ut for å tigge etter snop. Straumshamn og Folkestad arrangerer kvart sitt år, og i år er det vår tur. Eg har kjøpt ny parykk i det høvet, og eg må seie eg ser litt fram til både Halloween og hallo-vin i år. 13 lokale hekser skal nemleg på raid for å feire vinklubbens 10-årsjubileum dagen etter Halloweenfesten. Eg trur heksekostymet skal få bli att heime, sjølv om det heile høyrest litt Bloksbergaktig ut...

søndag 17. oktober 2010

Med blogging som fag

Norskbøkene omtalar blogging som ein måte å uttrykkje meiningar om tema på. Dei siste åra har utviklinga gått rasande fort, og det er no mogleg å finne bloggar om det meste. Måndag morgon skal eg ta føre meg dette emnet i norskundervisninga, og då har eg med ein del døme:
Politisk blogg: Torbjørn Røe Isaksens blogg
Mest lesne "fjortisblogg": Voe
Fotballblogg frå Dagbladet
Regine Stokke, den kreftsjuke jenta som no er død. Bloggen hennar har kome ut i bokform.
Nienie, den brannskadde kvinna eg har skrive om ein gong før

I tillegg kan eg, dersom det er ønske om det, drage fram interiørbloggar, handarbeidsbloggar, bloggar skrivne av elevar ved skulen eller kjendisbloggar. Hovudpoenget er at det er mogleg å blogge om det meste, at ulike grupper likar ulike bloggar og at vi kan velje sjølve korleis vi vil framstå i bloggane våre. Eg fryktar at timen blir meir interessant for meg enn for elevane.

Sønn-dag

Storegut skulle spele kamp i dag. Eg gjorde meg så og seie ferdig med skulearbeidet tidleg på dag, og deretter gjekk eg meg ein lang tur langs vegen før kampen - trudde eg. Men så fekk eg telefon om at kampen allereie var godt i gang , og at eg dessverre hadde fått opplysning om feil tidspunkt. Guten greidde seg imidlertid godt utan mora ringside: resultatet vart 3 - 3 med Storegut som målvakt. Han var godt nøgd med mellom anna å ha redda eit straffespark.





Minstemann har lært ein del om gradbøying av adjektiv i det siste:
Minstemann: "Han Pappa e den sterkaste i familien, men du Mamma e den snillaste. Men ka ej e i familien?"
Gamla: "Den minste? Søtaste?"
Minstemann: "Nei, den mest kristne"

lørdag 16. oktober 2010

Kvanndalen



Viss ein kjører til Standalshytta, går det ei rås opp til ein dal som ligg spektakulært til mellom Kolåstinden og Sætretindane. Desse fjella har eg ingen planar om å sjå anna enn frå bakken, for dei er svært taggete. I dalen låg det restar av gamle steinras, og stemninga var nesten trolsk. Dessverre øydela skodda noko av utsikta i dag, og det var fuktig, sleipt og isete å gå. Dei nye gore-tex-skorne fungerer svært godt.