søndag 28. november 2021

Bok 68 2021: "Den røde adresseboken" av Sofia Lundberg



Ei 98 år gamal kvinne lever aleine, med skype-kontakt med grandniesa i USA som høgdepunkt i livet. Boka går eigentleg mest ut på å fortelje om livet til denne kvinna, som har levd gjennom krig og dramatikk i Sverige, USA og Paris, mellom anna. Hadde eg sett omslaget, ville lykkeskrifta og kvinna som er avbilda bakanfrå ha forklart meg litt om sjanger, men eg syntest boka var ganske underhaldande, om enn sentimental til tider. 

Bok 67 2021: "Verda er ein skandale - ei lita bok om livet på landet" av Agnes Ravatn


Forfattaren reiser frå Oslo saman med mann og barn for å bu eit halvt år på Vestlandet. Dei pussar opp eit hus, manglar internett og nyt vestlandsnaturen. Forfattaren tilbringer dessutan mykje tid saman med naboen, den eldre forfattaren Einar Økland. Boka er tankevekkjande og interessant, i alle fall viss ein kjenner litt til profil-generasjonen.

Bok 66 2021: "Lena fra Tysfjord" av Anne-Britt Harsem


Harsem har tidlegare skrive ei bok om overgrep i Tysfjord, der ei jente fortalde historia si om korleis ho hadde blitt misbrukt av fleire menn i det lulesamiske, læstadianske miljøet i bygda. I denne boka følgjer vi mora til denne jenta, og vi får òg innsyn i lulesamane si historie, der fornorskingsprosessen, mobbing og religiøsiteten står i sentrum. Boka er kanskje litt sentimental til tider, men den er ei slags forklaring på korleis eit lokalsamfunn kan utvikle seg når storsamfunnet vert den store fienden.

Bok 65 2021: "For du stjal min lille venn" av Sophie Hannah


Ei kvinne har gifta seg med draumemannen, og gleda er stor over å ha blitt teken vare på av mora hans, som bur saman med dei. Vi føgjer kvinna, men mest følgjer vi etterforskarane som blir kjende med henne då ho melder babyen sin sakna. Ho har nyleg fødd eit barn, og ho har eit barn heime hos seg, men ho påstår at dette er eit anna barn. Boka e spennande, om ikkje så realistisk, og det var god underhaldning å lese denne boka.

Bok 64 2021: "I vargens tid" av George R.R. Martin

Eg har sett serien "Game of Thrones", og eg har lenge tenkt at eg skulle lese bøkene. Fantasy er ikkje min favorittsjanger, truleg fordi eg manglar fantasi, men eg har tidlegare sett at eg har likt ei bok dersom eg såg filmen/serien først. No ligg bøkene på Storytel, og eg gav første boka ein sjanse. Den var heilt ok, men det freista ikkje å lese vidare.

Bok 63 2021: "Et liv forbi" av Helga Flatland


Dette er ei nydeleg bok om ei vaksen dotter og mora hennar, og om forholdet mellom dei. Mora har fått ein alvorleg diagnose, og vi får høyre om korleis livet hennar har vore prega av at mannen har vore sjuk i lang tid. Boka vekslar mellom å følgje desse to kvinnene, og på lydboka les to ulike skodespelarar. Boka er veldig god, men òg vemodig og vond å lese.

Bok 62 2021: "Misterioso" av Arne Dahl


Eg likar godt å finne (for meg) nye krimforfattarar; spesielt når dei har skrive svært mange bøker. 

I denne boka blir ei rekke finansmenn tekne livet av, og mykje tyder på at det er nokon som hemnar seg. Men kven, og kvifor? Boka blir ei stund stadig meir spennande, men etter mitt syn ramlar den saman med ein litt keisam slutt.

Det er ingen som tvingar meg til å lese flire bøker av same forfattar, så det står att å sjå. Eg er i tvil.

fredag 19. november 2021

Genser nummer 16: Mariusgenser til Minstemann

Dette strikkeprosjektet har måtta vike for andre prosjekt innimellom, men det vart no ferdig til slutt. Resultatet vart reint vellukka, vil eg seie, og genseren passa guten både i storleik og stil. Fargen viste seg å passe betre enn frykta, då guten overraska med ny hårfarge.