fredag 31. desember 2021

Jula 2021



Veslejenta var den første julegjesten som kom heim, og det allereie ei veke før planlagt på grunn av heimeeksamen. Etter kvart kom også Storegut, og eg hadde dei siste to arbeidsdagane heime på grunn av nedstengd skule. Det var heilt greitt å sleppe å ta laust i gryotta, for det var mykje å gjere i heimen. Veslejenta hjelpte meg med å kjøpe dei siste gåvene, medan Minstemann vart med på mathandel for å hjelpe til med å bere. Det vart ein del handlenett.

Dei siste to julegjestane kom på vesle-veslejulaftan. Eldstejenta hadde med seg kjærasten sin, som vi andre aldri hadde møtt og det vart ekstra hyggeleg. Veslejulaftan reiste alle ungdomane på raid for å besøke far og mormor og hente gåver, medan eg vart att heime og laga potetsalat og graut tl dei kom heim. Deretter pynta vi juletre, tradisjonen tru.

Julaftan var vi i kyrkja, der vi hadde bestilt plass på førehand. Det var litt rart å sitje der med munnbind, men svært stemningsfullt med nydeleg song og musikk.

Kjærasten til Eldstejenta er kokk, derfor fekk eg god hjelp til å steike svineribbe i år. Vi plar ikkje ha begge delar på julaftan, men det tru eg vi skal få som ny tradisjon no når vi er så mange. Storegut laga rabbestappe, det er òg ein fin tradisjon å innføre, synest eg. Kokkekjærasten hadde laga ostekake til dessert, men det vart midnatt før vi kom til desserten.

Det var mange fine, nyttige og morosame pakkar under treet, og nytt av året var at vi heldt på med "pakkeleiken" før dei skikkelege pakkane vart pakka ut. Julaftan vart svært vellukka og hyggeleg.

Første juledag var ein roleg dag, slik tradisjonen tilseier, men Eldstejenta og eg gjekk ein tur i Mjeltvika. Det hadde snødd mykje på julaftan, så julestemninga var på topp.

Andre juledag reiste alle til Mormora i Ørsta, der også kjærasten til Minstemann dukka opp, i tillegg til ein bataljon frå Hareid. Mormora hadde laga ei stor panne med gulasj, og i tillegg fekk vi dessert og fleire kaker til kaffien. Ho hadde verkeleg stått på, og vi hadde ein triveleg dag saman.

Etter familieselskapet reiste eg heim aleine, medan ungane for til faren. No fekk eg ro til å rette ein tentamensbunke eg hadde på vent, og til å strikke ferdig ein genser til Minstemann. Litt feriering og besøk fekk eg òg høve til.

Denne rapporten kom for seint til å ønske alle god jul, men eg kan i alle fall ønske alle ei finnyttårsfeiring og eit godt nytt år.

Bok 72 2021: "Skyggenes time" av Sophie Hannah


 Ei kvinne har hatt eit forhold til ein gift mann, og då han ikkje dukkar opp til deira faste avtale, kontaktar ho politiet. Dei trur henne ikkje, og ho anklagar mannen for brutal valdtekt for å få dei til å agere. Boka utviklar seg til å bi svært dramatisk, og kanskje ikkje så veldig realistisk, men dette er god underhaldning.

Bok 71 2021: "Stoisk uro og andre filosofiske smular" av Agnes Ravatn

 I denne boka skriv Ravatn om filosofi frå sin eigen synsvinkel, noko som gjer den langt meir underhaldande enn ei rein filosofibok ville ha vore. Etter å ha teke nokre vekttal og studiepoeng i filosofi visste eg mykje av det ho skriv om frå før, men det var likevel kjekt å lese hennar vinkling på emnet.

Bok 70 2021: "Folkelesnad" av Agnes Ravatn


 Dette var ei underhaldande bok om vekeblad, for det meste. Ein gong i studietida skreiv eg ei oppgåve om "dameblad" versus "mannfolkblad", og det er mykje dette denne boka tek føre seg. Ravatn skriv godt og underhaldande med mykje humor.

Bok 69 2021: "Felemakaren" av Edvard Hoem


I serien om forfedrane sine har Hoem denne gongen kome til ein mann som levde i Romsdalen tidleg på 1800-talet,og som opplevde krig og fattigdom. Etter kvart lærer han seg å bygge feler, derav tittelen. Hoem les lydboka sjølv, og det e ei god bok om fattigdom, kjærleik og handverk.

mandag 20. desember 2021

Genser nummer 20: "Hvammur" til Storegut


Andre barn i advent kom heim til mor, og der venta ein genser som har lege ferdig strikka ei stund, men som eg monterte og vaska sist fredag. Genseren er strikka i Alafosslòpi, og mønsteret heiter Hvammur. Den sat som støypt, og guten var vel nøgd. han treng var,e klede i Bartebyen, der det ofte er kaldt, og der han jobbar deltid i SFO og er mykje ute.

lørdag 11. desember 2021

Genser nummer 19: Hjertegenser til Veslejenta

 Veslejenta kom heim ei veke før planen, så dei siste trådane vart festa dagen etter at ho kom heim. Denne hjertegenseren vart strikka i small, i fargane grå og dyp rød (som eg hadde att etter min eigen). Både mor og dotter hadde på genserane då vi var på førjulsvisitt i Ørsta med Mor/mormor. 


Genser nummer 18: Hjertegenser i Hillesvåg Varde

Eg hadde lyst på ein lilla adventsgenser, men tenkte at to tweedgenserar vart litt i overkant. Med litt hjelp frå eksperten på butikken enda eg opp med garnet Hillesvåg Varde, i ein nydeleg lillafarge og ein grårosa. Fasongen vart som på den første, men det vart liksom ein heilt annan genser utan det tweedpreget.


Genser nummer 17: Hjertegenser i Alpakka Tweed

Denne genseren var rask å strikke, og garnet er veldig mjukt og godt å jobbe med. Eg strikka den i medium storleik i fargane dyp rød og natur. Eg løyvde fleire nøste, derfor bestilte eg meir garn for å få bruke opp restane til eit anna prosjekt.