onsdag 28. juni 2017

Building a bridge

Eitt av mine politiske verv er å representere kommunen i selskapet Voldsfjordkryssing A/S. det er eit føretak som arbeider for å få bygd ei bru over fjorden frå Folkestad til Volda, og i neste omgang over Dalsfjorden. I dag var det generalforsamling i selskapet, og der vart det bestemt at eg skal sitje i styret i to år til. Eg håpar vi har kome eit langt steg vidare fram til det.
Skisse over korleis brua kan bli 

tirsdag 27. juni 2017

Tysdag i tettbygde strok

Tysdag morgon for vi av stad for å ordne nokre ærend i tettbygde strok, men først og fremst besøkte vi besteforeldra. Dit kom også systera mi, og så hadde vi ei triveleg stund med prat og kaffi. Eg fekk dessutan overrekt årets bursdagsgåve, som var ei fantastisk nydeleg kufte!

Etterpå køyrde vi til Volda, der vi rusla ein tur rundt Rotevatnet. Det er ein typisk volding-ting å gjere, og eg syntest det var interessant å sjå korleis det går med vegbygginga (som eg har vore med på å stemme over).

mandag 26. juni 2017

Bok 39 2017: "Tidevann" av Sharon Bolton

Eg kan ikkje skrive så mykje om handlinga utan å røpe noko, så eg nøyer meg med å fortelje at Lacey Flint i denne boka bur i ein båt på Themsen, og at ho sym ein del i elva. Parallelt vert det funne lik av utanlandske kvinner i den same elva, og politiet mistenkjer menneskesmugling. Boka er spennande og uføreseieleg til siste kapittel, og eg likte den svært godt.

søndag 25. juni 2017

Under Linda

Også i år fekk vi ta turen til Hareid på verdas minste poesifestivar, i hagen til Systa og Svoger. Aina Basso og Hilde Myklebust las frå tekstar dei har skrive, og for meg var det eit høgdepunkt å høyre Aina Basso, sidan eg har lese fleire av bøkene hennar. Ho fortalde dessutan ein del om hekseprosessar i regionen her, noko eg syntest var svært interessant. Elles vart det musikkinnslag med lokale musikantar og nokre spontane forteljingar og diktopplesing, i tillegg til "kaffi og drøs".



onsdag 21. juni 2017

På tampen av skuleåret

Tysdag var det bursdagen min, og eg feira den med eit sensoroppdrag på min gamle arbeidsplass i Ulsteinvik. Det var kjekt å kome dit att, som vanleg, og elevane og eksaminator gjorde ein flott innsats. Men så var det slutt på kreftene, må eg innrømme, og resten av dagen/kvelden vart tilbragt i sofakroken.

I dag hadde eg nokre timar undervisning, deretter ordna eg med fråværsføring og skreiv reiserekningar heilt til det var på tide å kome seg heim.

Eg føler meg som eit vrak, men det er heilt normalt på slutten av skuleåret. I morgon er det siste skuledag, deretter kommunestyremøte og SÅ er det ferie!
Dette heng på oppslagstavla på jobb - og det stemmer utruleg godt!

mandag 19. juni 2017

Jobbskugging

Minstemann skulle ha jobbskugging og ville vere skuggen min i dag. Lite vits i å skugge ein lærar, for det gjer vel elevar året rundt, men han fekk no med seg ein kjekk dag på Aasentunet med språkhistorie, arkitekturforedrag og innføring i korleis ein skriv prosjektarbeid om historisk person.

Bok 38 2017: "Fortapt" av Sharon Bolton

I denne romanen følgjer vi Lacey Flint på jakt etter ein mordar som gir seg ut for å vere vampyr, og som tek livet av unge gutar. Det er ei spennande bok der i alle fall ikkje eg greidde å løyse gåta - noko eg ser som eit kvalitetsteikn så lenge løysinga likevel er truverdig.

søndag 18. juni 2017

Fotball og tur i Løndalen

I dag skulle Veslejenta spele heimekamp. Minstemann og eg gjekk ein tur i Løndalen under oppvarminga deira og litt av første omgang, og så såg vi resten av kampen. Resultatet vart 4 - 2 til heimelaget mot Ørskog.

Sommarfest på Straumshamn

Laurdag var det duka for årets sommarfest i bygda. Det vart arrangert fotballturnering, hesteskokasting, natursti og kunstutstilling på dagtid, og fest med inkludert konsert på kveldstid. Minstemann og eg deltok berre i første del av festen, då det var aldersgrense på del 2. Bear.Inc spelte, og om kvelden spelte Lommerosk.

Middagen tok vi ute denne laurdagen, sidan det vart servert deilig grillmat.

Bileta er tekne før folka kom - det var bra oppmøte både på dag- og kveldstid.


fredag 16. juni 2017

Fagdagar og eksamen

Denne arbeidsveka har vore hektisk på ein annan måte enn veker elles i året. Vi har hatt alternative dagar med foredrag, film, rebusløp, innovasjonscamp m.m. for elevane parallelt med at vi har avvikla munnleg eksamen. Sjølv hadde eg opp elevane mine i går, så i dag fekk eg vere med på historiefagdag saman med VG2-elevane. Vi var på Herøy kystmuseum og Ishavsmuseet på Brandal, og vi fekk grundig omvising og foredrag begge stadane. Eg var litt frostig då eg henta Veslejenta, men ho hadde velta i kano på aktivitetsdagen ved Rotevatnet, så ho hadde det enda verre. Det vart i alle fall ein minneverdig dag.

torsdag 15. juni 2017

Bok 37 2017: "Verden som var min. Syttitallet" av Ketil Bjørnstad

No har eg høyrt ferdig den andre sjølvbiografiske tiårsboka til bjørnstad, og det har tatt si tid. I denne boka er han 18 - 28 år, og vi følgjer han vidare i karrieren og privatlivet. Mykje av boka handlar om vennskapet med Ole Paus, noko eg syntest var interessant. Mange av nyheitssakene er nye for meg, men noko er òg kjent, så den "store historia" er vel så interessant som den sjølvbiografiske. Etter å ha lese Knausgård vert dette litt mindre interessant som sjølvbiografi, men det er likevel bøker det er verd å få med seg.

søndag 11. juni 2017

Postvegen

I dag rusla vi oss ein tur frå Langedalsbroe til grensa. Dette er ein av favoritt-turane våre, og det var årets først tur dit etter at vegen mellom Bjørkedalen og Harpefossen opna att for sesongen. Det blir nok ikkje den siste! Det er kjekt med slike turar på avsidesliggande grusvegar når det er utrygt for regn og litt vått i marka, og spesielt kjekt før kyrne kjem på beite.

lørdag 10. juni 2017

Bok 36 2017: "Livredd" av Sharon Bolton

Denne romanen er nummer 2 i serien om Lacey Flint. Denne gongen skal ho jobbe undercover i studentmiljøet i Cambridge, fordi der har vore ei bølgje av mystiske sjølvmord. Boka er verkeleg spennande, og akkurat passeleg innfløkt og uføreseieleg etter min smak.

Bok 35 2017: "Now you see me" av Sharon Bolton

Nokon anbefalte denne forfattaren i ei facebookgruppe eg er med i, og eg tenkte å gijere eit forsøk. Det er langt mellom dei gode kriminalromanane, synest eg, men no var eg i krim-modus.

Hovudpersonen i boka er Lacey Flint, som er ei politikvinne med spesiell interesse for Jack the Ripper. Tilfeldigvis dukkar det opp nokre drapssaker der ein kopierer dei bestialske drapa frå slutten av 1800-talet, og Flint hamnar inn i etterforskninga etter at ho er vitne i den eine saka. Her er òg ei parallell historie frå 10-11 år sidan, som ein forstår kan vere med å kaste lyst over det heile.

Boka er spennande, og løysinga både uventa og sannsynleg, på ein måte. Eg likte den svært godt, og skal halde fram med å lese denne serien. Denne første boka las eg på engelsk, men eg har liggande ein bunke som er omsett til norsk. Det er snart ferie, og eg håpar på nokre timar i sola.

mandag 5. juni 2017

Bok 34 2017: "Library of Souls" av Ransom Riggs

Eg har no lese den tredje boka i serien om Miss Peregrine's Peculiar Children. Det gjekk svært treigt i starten, men så tok boka seg noko opp utover i handlingsforløpet. Mitt problem med fantasysjangeren er at eg manglar fantasi til å sjå føre meg vesen som ikkje finst i verkelegheita og hugse kva eigenskapar dei til ei kvar tid har, så eg synest eigentleg det blir litt uinteressant. Likevel har eg hatt glede av å lese denne boka òg, ikkje minst på grunn av dei obskure bileta som er med som illustrasjonar. Elles håpar eg det vert laga fleire filmatiseringar av bøkene i serien, for dei eignar seg mykje betre for filmmediet, synest eg.

lørdag 3. juni 2017

Kyrshaudet (573 moh)

Sidan det vart ein så fin dag, fekk eg med meg dei to yngste og hunden på ein liten fjelltur på Folkestad. Det var tørt og fint i marka, og turen var akkurat passeleg for oss i dag. Vi gjekk eit stykke langs stien mot Sollidheida, deretter tok vi stien attende mot Kyrshaudet på toppen av fjellrekka. Det vart ein omveg, men det hadde vi berre godt av.






Vinklubb juni 2017

Så var det duka for nok ein vinklubb. Denne kvelden vart vi åtte til bords, og vi fekk servert nydeleg lasagne og tre ulike vinar. Samtalane var mange og interessante, og det vart ein særs hyggeleg og vellukka kveld. Favoritten min blant vinane var kvitvinen, men dei var gode alle tre.

torsdag 1. juni 2017

Bok 33 2017: "Fuglane" av Tarjei Vesaas

Av og til kjem ein på ein klassikar som ein ikkje har lese, men absolutt burde ha lese. Sjølvsagt har eg lese mykje om "Fuglane", men eg har ikkje lese sjølve boka før no. Boka er veldig fin, den, og eg likte den betre enn andre bøker eg har lese av same forfattar. Mattis er ein noko tilbakeståande mann som lever saman med systera si. Han opplever å sjå teikn i naturen som han tolkar som vonde varsel, og snart kjem ein mann i liva deira og endrar alt.

Boka er kjend som ein outsiderroman, men den kan òg lesast som ein psykologisk roman om sjalusi eller forseinka pubertet.