mandag 26. september 2022

Genser nummer 37: "Høstblad"


Oppskrifta til denne genseren ligg ute gratis, og eg hadde venta ei stund på at det skulle dukke opp tilbod på garnet "Alpakka tweed". Då det brått var på sal til halv pris, slo eg til og kjøpte nok garn til to genserar. Planen var å strikke ein genser i storleiken small, for så å sjå om eg skulle strikke ekstra small til Veslejenta eller Medium til meg sjølv etterpå. Eg fekk på meg genseren i storleiken small, men den var litt ubekvemt trang. Spørsmålet då vart om eg skulle gå ned i vekt sjølv eller gi genseren til Veslejenta. Eg valde den siste og enklaste løysinga. Garnet er utruleg mjukt, og fargane er veldig fine. Eg har allereie begynt på ein ny i storleiken medium.

Eldstejenta heime på visitt




Helgabesøk av Eldstejenta og kjærasten gjekk forbi utan at så mange bilete vart tekne, men vi var på indisk restaurant saman med mamma, på konsert med Jan Eggum og hadde koselege timar heime saman med Minstemann og kjærasten hans. 

Eg hadde strikka den grøne Dahliagenseren litt liten, men den var svært fin til Eldstejenta, som dermed kunne reise heim med tyngre koffert.

søndag 18. september 2022

Genser nummer 36: Dahlia


Denne genseren har lege og venta på trådfesting ei stund. Eg fall pladask for dei to grønvariantane og strikka modellen med dobbel tråd, slik oppskrifta seier ein skal. Noko vonbroten oppdaga eg då den var ferdig strikka at den er litt for kort og tilsitjande etter min smak. No har eg valet om eg skal bruke den som den er, drage den ut eller kanskje gjere noko med meg sjølv slik at eg passar betre inn i genseren.

Tråden er Sandnes tynn merino og Tynn silk mohair, og den var veldig kjekk å strikke. Eg har tidlegare strikka "chunky" Dahlia, og mønsteret er det same.

BASK på Stødt


Minstemann spelar mellom anna i eit band saman med 2-3 av mine tidlegare elevar + ein til frå musikklinja. På repertoaret står stort sett gamal musikk, som the Beatles, Deep Purple og the Doors, og det set sjølvsagt ei gamal mor pris på. Torsdag hadde dei konsert på utestaden Stødt - ein alkoholfri konsert utan aldersgrense verken oppover eller nedover. Gutane var både flinke og morosame, og eg håpar organisten kan bli med på fast basis.

søndag 11. september 2022

Gamle Strynefjellsvegen

 Laurdag reiste vi av garde tidleg for å kunne få med oss mest mogleg av dagen. Vi hadde planar om å reise til Mårådalen, ein sidedal til gamle Strynefjellsvegen, men valde i staden å køyre nesten heilt fram til hyttefeltet på Grotli og gå ein tur oppover i retning Huguvarden - mest fordi det var mykje skugge i den retninga Mårådalen låg. Turen vår gjekk i ope terreng oppetter ei fjellside, og vi stogga ved ein varde - uansett kva den heiter. Det var svært sparsommeleg med skilting i området, kan eg røpe.

Vi var usikre på om haustfargane hadde kome, og nær Grotli var det nydeleg fargespel og strålande sol. Nærare Stryn var ikkje hausten så langt komen.

Etter den vesle fjellturen køyrde vi attende i retning Stryn og rasta nede ved eitt av dei turkisblå vatna. Der kokte vi oss kaffi på stormkjøken og åt niste innkjøpt i Stryn på veg mot fjellet. Det tok litt tid å få liv i stormkjøkenet, så det vart ikkje suppekoking denne gongen. Kaffi i trekopp 1100 moh er ikkje å kimse av, og vi har hermed fått eit nytt favoritt-turmål!







torsdag 8. september 2022

Genser nummer 35: islender


Etter å ha strikka fire (!) islendarar av modellen "Star", strikka eg i kveld ferdig og festa trådane på denne tynnare versjonen. På eit tidspunkt tidleg i vår/sommar bestilte eg feil på nett, men eg gadd ikkje returnere pakken. Veslejenta vil gjerne ha den, viss den passar, så no får vi sjå om det blir pakkesending eller besøk med det første. 

Garnet i denne versjonen heiter Alpaca Storm frå Viking garn, og det er eit mjukt garn som var lett å jobbe med. Eg vart overraska over kor mørkt vaskevatnet vart, så her var mykje fargestoff til overs.

Søndagstur på Keipen (944 moh)







Søndagen begynte temmeleg roleg og sakte. Minstemann og kjærasten kom innom ein tur, og etter at dei reiste tenkte eg at eg skulle gå ein tur i det fine vêret. Turmålet var usikkert, men eg enda opp med å gå på Keipen denne vakre haustdagen. Sidan eg var så treig med å kome meg av garde, fekk eg fjellet for meg sjølv mykje av turen. 

Dette er ein av favoritt-turane mine, men heller ikkje denne gongen såg eg på utsikta frå toppen. Eg henta heller ikkje boka som ligg litt for skummelt til ytst på toppen.

Musikk i sentrum


Laurdag 3. september var ein nydeleg dag, noko som sette eit fint preg på arrangementet "Musikk i sentrum" i Ørsta. Eg tok turen til bygda for å besøke mamma, deretter for vi til laguneparken og høyrde nokre av innslaga på friluftskonserten. Minstemann stilte saman med bandet som elles inneheld musikklinjeelevar som framleis går på skulen på vg2 og vg3. Dette bandet kom vidare til fylkesmønstringa i UKM, og dei spelar gamle songar av mellom andre the Beatles. Etter konserten gjekk mamma og eg på indisk restaurant, så vi fekk ein kjekk ettermiddag.