søndag 31. august 2008

Bjørnasethornet 739m




I og med at det regna i går og var meldt finever til i dag, jobba eg meg frampå så eg skulle kunne nyte dagen i dag med ein tur i skog og mark. Etter mykje diskusjon vart målet fjellet like bak huset vårt, det som syter for at vi ikkje har morgon- og vintersol her på garden. Eldstejenta var sjuk, men vi hine kom oss til topps til slutt - til og med unge Indiana Jones, som aldri hadde vore på noko fjell før. Han gjekk med hatt, pistol og eit hoppetau til pisk. På heimveg møtte eg naboen, som lurte på kva eg syntest om å stå på kanten og sjå ned på huset mitt. Eg berre kika dumt på henne. Målet er å nå toppen, ikkje å nyte noka utsikt. Kanskje neste gong.

"De få utvalgte" av Peter Høeg (bok nr 26)


"Les denne du, og sjå om DU får noko ut av den", sa Besta og gav meg denne romanen. På omslaget såg boka grei ut den, og etter nokre dagar på nattbordet har eg endeleg fullført lesinga. Men kva så? Når eg har problem med ei bok eg har lese, googlar eg oftast fram ei bokmelding på nettet for å sjå kva det er eg har gått glipp av. Denne gongen fann eg ein litt sarkastisk kommentar om at romanen passar best for dei som vil utfordre intellektet. Tydelegvis har ikkje mitt intellekt godt av slike utfordringar. Eg skjøna litt, men fekk lite ut av romanen.

lørdag 30. august 2008

Ballar i lufta

Det er nesten så ein kan bli litt forvirra. Eller i alle fall nesten tussete. Nye elevar med eller utan lærebøker, med eller utan datamaskin, med eller utan internett-tilgang og med eller utan særskilde ønske og behov i undervisninga. Og så er det fotografering, rådgjeving, klassens time og konsertar som forstyrrar det faglege fokuset i skuletida. I fritida har det vore ballett, hip hop, piano, fotball, korps, musikkskule og foreldremøte om Polentur (eg hadde mellom anna teke feil av avreisedag, så det var eit nyttig møte!). Fredag kveld tok eg meg ein rask joggetur (det var kanskje å overdrive, men eg vart raskt ferdig, om ikkje anna) og så reiste eg på vinklubb. Nok ein fredag med god vin, ost, kjeks og samtalar med bygdedamer som ein elles berre treff i barnehagen og på ferja. Vi var ni til bords, og praten var temmeleg høglydt. Ein perfekt måte å koble ut stress og alvor frå jobben på! Så vaknar ein opp og er strålande opplagd til husrydding, klesvask, skulearbeid, omsorg for sjuke born, brenning av brising, tur i skogen med bikkja, pizzabaking saman med borna og ein ny episode av "Sjukehuset i Aidensfield" medan ein sig langt ned i godstolen...

onsdag 27. august 2008

Første frionsdag i haust


Ein kan spørje seg sjølv kor mykje fri ein har når ein skal førebu sju undervisningstimar til neste dag, men eg hadde i alle fall høve til å arbeide heime i dag. Innimellom vart det både rydding, klesvask og plenklipping (brått avslutta då framdrifta svikta) (plenklipparen si framdrift, ikkje mi) vart det tid til ein tur i skogsvegen med Minstemann og Bianca. Nummer 3 hadde òg fri, men ho var travelt oppteken med eitt eller anna prosjekt saman med naboguten. Første forsøk på ein tur i skogsvegen vart avslutta like før vi kom fram. Minstemann "kjørte" traktor og vart sliten i beina. På andre forsøk var det Gamla som måtte trå til, bokstaveleg tala. Då skulle guten sitje bak i sykkeltilhengar, nemleg. I skogen vandra han rundt og gjenopplevde scener frå tre Indiana Jones-filmar medan han instruerte hunden og mora til å ta diverse roller. I tilhengaren på veg heim song han tittelmelodien for full hals. Vel heime ville han sjølvsagt sjå ein av filmane att, og han spolar forbi alt anna enn dei dramatiske scenene - dei ser han omatt og omatt... Når han blir stor, skal han bli som Indiana Jones, seier han. Med pisk og pistol.

søndag 24. august 2008

Sunny Sunday


Medan Gubben jobbar har vi hine hatt sommarferie igjen denne helga. Eg tok med meg jobben, dvs. ein bunke med nye lærebøker, ut i sola og var der det meste av dagen. I kveldinga sneik eg meg til å klippe ein plen, sjølv om eg eigentleg er motstandar av bråkete søndagsarbeid. "Den bortkomne sonen", altså hunden Bau, har vore på utstilling i Drammen både sist helg og denne, så resultata har hagla inn på mobilane våre. Sist helg var det ei stor Norsk Kennelklubb-utstilling med hundar frå både inn- og utland, og då enda han opp som 4. beste hannhund etter ein svenske og to onklar. Denne helga var det to mindre utstillingar i Drammen, og då vart han best i rasen (BIR) og deretter 2. beste i gruppa (BIG2) - altså den gruppa som inneheld gjetarhundar og brukshundar (t.d. Collie, Shetland sheepdog og Briard) - begge dagane. Vi skulle gjerne ha vore der og heia på han, men må nøye oss med eit "arkivfoto" frå Nesbyen.

lørdag 23. august 2008

Og så var det endeleg fri igjen...



Gubben har arbeidshelg og kjem ikkje heim før ut på natta, men vi hine har hatt ein glimrande fineverslaurdag med raskt tilbakevendande feriemodus. Dei yngre ungane har vore uvanleg kreative i leiken, medan eldstejenta har lese Agatha Christie i solveggen. Vi slit litt med leselysta, så eg har lånt "Ti små negerbarn" til henne. Den boka las eg mange gonger då eg var barn/ungdom, og eg syntest den var like spennande kvar gong. Sjølv har eg både lese i solveggen, jobba litt med skulearbeid, vaska klede, laga middag og klipt tre plenar. Med andre ord: hatt fri. Eit av dei kreative høgdpunkta i dag var det Nummer 3 og den fire dagar yngre naboguten som stod for. I går hadde dei sitt første møte med kulturskulen, der ho skal lære å spele kornett og han baryton. Nummer 3 er pliktoppfyllande av natur, og ho arrangerte øving både i går og i dag. Då dei begynte å få dreisen på speleleksa, tok dei seg ein tur ut på marsj medan dei spelte så det høyrdest i heile fjorden. Eg sa dei skulle ha hatt ein hatt og spele for forbikjørande, og dette prøvde dei - utan å tene ei krone. Då gjekk dei like godt i gang med å spikre eit stort skilt. "Mamma, korleis skriv ein KIOSK", spurde Nummer 3, og då fekk eg ein mistanke. Den nye planen var å selje saft for ti kroner glaset medan dei spelte speleleksa som akkompagnement. Synd vi drakk opp all safta til middagen...

Fredag med framgang


Etter å ha brukt dagen til fjelltur og det meste av ettermiddagen til arbeid og litt middagskvild (eg plar sove ein blund under barne-tv, men kunne ikkje gå glipp av Fragglane...) var det koseleg å kunne dra på jentekveld hos ei venninne. Vi var fire damer, fekk servert ost/kjeks m.m. og heldt oss sjølve med god prat. Då eg kom ruslande heim "ut i de små timer" hadde Gubben montert badromsinnreidninga så og seie ferdig. Vi manglar nytt blandebatteri og ein del knaggar og oppheng, men no blir badet snart totalt fornya. Resultatet av min dag var 32000 skritt, men resultatet av Gubbens fridag var kanskje til større nytte og glede.

fredag 22. august 2008

Heile verda og litt av Volda


Frynsegoda er ikkje så mange i læraryrket, men i dag var det fjelldag - og dette kallar vi arbeid! det er ei glede å sjå elevane oppføre seg annleis enn på skulen, småprate om kor slitne ein eventuelt er og rett og slett sjå dei i andre omgjevnader. Turen i dag var lang, men ikkje særleg bratt. Vi vart bussa inn i Aldalen, gjekk til ei seter og deretter litt ulike retningar etter kor langt vi ville gå. Eg enda med å gå på Skarphornet og bortetter ein fjellrygg til eg kom til "Himmelvegen". Det vart mykje asfalt på slutten, men eg hadde godt selskap i kollegaer med diverse barn og dyr. Skritt-teljaren viste 25000 steg, 10000 meir enn den farefulle ferda sist søndag. Det var dessverre litt skodde og til dels overskya, men alle var samde om at vi hadde hatt ein flott tur.

torsdag 21. august 2008

Første skuledagen min - ikkje rart at sola skin...


I år er eg kontaktlærar for VG1, og vi har fullt opp å gjere med "bli-kjend-aktivitetar" og overdosar med informasjon. Sidan veret er bra, var det i dag høve til å ta med førsteklassingane inn til Årneset for å drive med namneleikar der. På vegen gjekk vi forbi ein barneskule der ei førsteklasse stod på geledd utanfor klasserommet sitt, og så gjekk vi forbi høgskulen, der nye studentar vandra kvilelaust rundt og leita etter rett lokale. Det er noko visst sjarmerande med å begynne på eit nytt skuleår som lærar òg, og ein går til timane sine ekstra godt budd for å unngå eit negativt førsteinntrykk. Alle kopiar var komne i perm for å unngå fikling med lausark (elevane har ikkje lærebøker før tidlegast om ei veke), og lysarka var òg sette sirleg i perm. Berre så synd at internett og Classfronter stod i sju steinar så ein måtte improvisere likevel. Pæra på overheadprosjektøren var dessutan gåen, og "nokon" hadde fjerna frå klasserommet den prosjektøren som hadde ny pære. Same procedure as last year - and the year before?

tirsdag 19. august 2008

Klar til skulestart?


Ungane begynner gradvis på ettermiddagsaktivitetar som fotball og musikkskule. I morgon, onsdag, begynner dei to eldste på skulen att. Som før nemnt har vi fornya garderoben ein smule, vi har kjøpt diverse brede og fargeblyantar, og no har også eldstejenta vore til frisør for å fornye seg til skulestart. Sjølv har eg hatt to innhaldsrike planleggingsdagar og treng snart ein ny ferie...

søndag 17. august 2008

The Undomestic Goddess (25)


Er dette tittelen på min uskrivne sjølvbiografi? Neida, berre nok ei Sophie Kinsella-bok, den siste eg hadde. I denne er det store spørsmålet: er ei kvinne lukkeleg dersom ho har god utdanning og ein strålande karriere, eller er ho lukkelegare som hushjelp hos ein rik familie (med ein stileg gartnar i hagen)? Det store spørsmålet i dette blogginnlegget er: KVAR VART FEMINISMEN AV?

Gamla gjer ting ho eigentleg ikkje tør (eller bør)


Sidan ein er i det tøffe hjørnet, tek ein like godt del i Eldstejentas rideskule. Eg syntest sjølv eg var veldig modig, men ho utbraut etterpå: "du e den vanskeligaste elev ej noken gong he hatt".

Beviset

Been there, done that







For dei som har lese bloggen min tidlegare har det lenge vore ei kjend sak at eg har hatt som mål å gå på "Keipen" - eit fjell som ser heilt greitt ut frå "vår" side (sjå tidlegare bilete), men heilt ufatteleg bratt frå Bjørkedalssida. I det siste har eg møtt diverse kjenningar som nyleg hadde vore der, og dei har fortalt at det slett ikkje var så gale verken langt eller bratt. No har vi hatt eit par dagar med sol, og då slo vi til, dei to eldste borna og eg med bikkja på slep - eller helst omvendt. Dei som kjenner meg, veit at eg lid av ein temmeleg irrasjonell høgdeskrekk, så turen var litt av ei bragd for meg. Ungane fekk streng beskjed om at humor ikkje var tillate, at vi skulle gå i samla flokk og at ingen skulle forville seg ut på nokon kant. Trass i mine formaningar fekk vi ein triveleg tur, sjølv om det skal innrømmast at vi ikkje var ute på kanten og såg ned. Men på toppen var vi! Vi vart litt i tvil heilt på slutten, då vi fekk høyre at det sat ein familie med Rottweiler like oppom der vi gjekk. Bianca var heilt tullete på heile turen fordi vi traff så mange folk, og det er ikkje noko særleg å gå på ein skummel plass med ein hund som rykker i bandet. Nedatt tillot vi humor att, inklusive "tøysedetting" og historier om detting utfor stup. Alle var samde om at turen var heilt topp - heilt opp.

lørdag 16. august 2008

Stille i fjøset

Det er temmeleg tomt og stille i heimen etter at søskenbarna reiste. Dette betyr IKKJE at dei var bråkete, tvert imot, men litt av "piffen" gjekk ut av ungane her då dei vart aleine att. Vi vil gjerne takke dei for eit triveleg besøk, og dei er hjarteleg velkomne attende ved eit anna høve!

While the Cat is away...


Gubben var ikkje med på shopping, men hadde vaska, pussa og måla då vi kom heim. Det raude "nedebadet" har no fått eitt strøk "Skagen" (same farge som Besta og Besten måla i kjellarleilegheita). Det ser fint og stilig ut! Vi var mest spente på om det kvite i golvflisene ville sjå gult ut saman med det grå, men det ser ut til å gå bra. Det skin sjølvsagt igjennom raudt i det første strøket, så det er vanskeleg å vite heilt korleis det blir. Gubben ville ikkje vere med på biletet som skulle forevige overgangen frå raudt til grått, men personleg synest eg ikkje det finst noko flottare enn arbeidande mannfolk.

Klare for ny haustsesong





I dag skulle vi shoppe litt til skulestart, levere to slitne søskenbarn hos Besta og Besten m.m. Shopperunda vart lengre enn planlagt, men no har vi brede, pennal, fargeblyantar, notisbøker og klede nok til første veka på skulen, i alle fall... Det var dei to største som fekk vere i fokus i klesvegen i dag, og så fekk eg pengar med Besta som eg skulle kjøpe potteplante for. Eg kjøpte ein flott "flamingo" - inspirert av Besta sin.

fredag 15. august 2008

Varmblodige barn og kaldblodshestar






I dag har vi vore i Brundalen. Ungane bada, og denne gongen var eg streng med at dei skulle skifte av seg dei våte kleda når dei kom på land, og ikkje berre kle på seg utanpå. Sjølv styrte eg mest med bålet. Vi fekk oppleve både regn og sol på turen. Vel heime vart det rideskule att, og så vart det fisketur for storegutane (inkludert Gubben) og play station og data for jentene.

torsdag 14. august 2008

Hesteskule og Hundeutstilling





Bileta og overskrifta talar vel for seg sjølve om kva vi har gjort i dag? Dei to søskenbarna har vore på rideskule med Eldstejenta og lært å galoppere. Alle tre jentene har vore engasjert i hundehald, så Bianca har vore børsta og stilt opp. Bileta er forminska før eg lasta dei opp - viss eg ikkje gjer det, klikkar internett...

Ein roleg dag på landet


Onsdag tok vi livet med ro, dvs ungane spelte play station og data, leika hundeutstilling, hoppa i høyet m.m. og eg vaska for det meste klede og prøvde å halde kontroll på Minstemann. Dagen vart litt oppstykka av at Eldstejenta skulle på fotballtrening og Gubben var i Trondheim. Då dei kom heim, vart det brownies, pizzarestar frå middag, pastarestar frå tysdag, sjokoladepuddingrestar frå tysdag og blåbær- og isrestar frå tidlegare i sommar. Dagen gjekk utan at eg tok eit einaste bilete, så eg set inn eit frå tysdag. Legg merke til fluga - den seier kanskje litt om kvaliteten på kameraet? Liljene er minst seks år gamle, og eg fekk dei blomstrande i potte av Systa - det var då eg fekk idéen til å kjøpe sameleis liljer til Besta.

onsdag 13. august 2008

Brundalen tysdag kveld




Desse bileta er tekne med "gamlekameraet"

Aktivitetsdag







Tysdag var det eit irriterande ver, med sol og konstant utrygt for regn. Sidan vi hadde planlagt tur i Brundalen om kvelden, vart det ikkje nokon langtur på dagtid. Ungane reid litt og hoppa på trampoline medan eg klipte eit par plenar, og så var vi ein tur på stranda så ungane fekk bade litt. Seinare vart det Brundalstur med meir bading, fisking og grilling. Vel nede vart det eit mystisk måltid med steikte kreder og pølser, brødskiver og sjokoladepudding.

mandag 11. august 2008

Kilskrossen

Med 5 barn i alderen 8 - 15 er det freistande å finne på noko, og ikkje berre la dagen sige av garde. Veret har vore tvilsamt, så vi gjekk ein tur inn til Kilskrossen før dei fire eldste bada ved Olavskjelda. Resten av dagen har borna disponert sjølve, med trampoline, play station, data og film.

søndag 10. august 2008

Vikarierande motiv



Kva er det du treng dersom du har ein krevjande jobb, fire barn, hus, hundar m.m.? Biletet av Gubben kan gi inntrykk av at rett svar skal vere "nye klede", eller "ein drøymedag med Jan Thomas", men rett svar er: ein ny HOBBY! No har vi vore glade i å ta og ha bilete tidlegare òg, men sidan vi har skaffa oss eit Canon EOS 450D, har hobbyen blitt heva til nye høgder. Det blir neppe nokon revolusjon i val av motiv, men eg håpar det kan bli nokre blinkskot utover. Spesielt når Eldstejenta og eg skal til Polen seinare i haust, og ho skal lage presentasjon om det på data - noko som var påskotet for å kjøpe kamera no. Det er alltid mykje lettare å rettferdiggjere nye innkjøp når det er ungane som treng noko. Elles har vi no fått to kjekke søskenbarn i heimen, noko vi har sett fram til lenge. Vi har mange opplevingar vi har lyst til å dele med dei, og i skrivande stund har Gubben teke med seg dei to største gutane på fisketur, medan jentene ser på film i campingvogna, der dei også skal ligge i natt.