fredag 28. juli 2023

Bok 24 2023: "Motlys" av Kaja Kvernbakken


Elly er fotograf, og såleis oppteken av lys, motiv og detaljar. Sjokket blir derfor stort når ho vaknar etter ei trafikkulukke og har mist synet. Boka handlar om korleis ho opplever dette tapet, og boka er ganske interessant, om enn noko kort (om lag 140 små sider). Forfattaren er ny for meg, og dette er hennar andre bok sidan debuten i 2019. Ho har bakgrunn som forlagsredaktør og omsetjar, så ho bør ha eit godt grunnlag for skrivinga si. Når eg kritiserer boka for å vere for kort, er det mest fordi eg likar å dvele litt lenger med ei forteljing enn eit par, tre timar. Eg likar ikkje at bøker er for lange heller, men minst 200 sider bør det vere etter min smak.

torsdag 27. juli 2023

Bok 23 2023: "Svart Babel" av Fartein Horgar


Andreas Lamar reiser til Paris for å bli målar, men skuffar familien då det vert skandale rundt nokre av motiva i måleria. Han må dermed reise attende til Vestindia. Lucina er barnlaus, men endar opp som pleiemor to gonger, og det andre pleiebarnet er den som skal skrive forteljingane ned. Slik blir bokserien avslutta, og det har vore både interessant og underhaldande å lese desse bøkene. Espen Beranek Holm har lese inn lydbøkene, og eg må seie at han har lese på ein framifrå måte med god uttale både av engelsk og fransk, og med god uttale og stemmebruk. Dette har vore med på å gjere leseopplevinga betre.

Bok 22 2023: "Benjamins reise" av Fartein Horgar

Tida for denne romanen er etter Napoleonskrigane og ei tid framover. Hovudpersonen er Benjamin, som gjer opprør mot slaveeigaren sin og rømmer med eit piratskip. Dermed får han oppleve mangt og mykje, samtidig som han jobbar seg opp frå dekksgut til skipslege. Etter kvart vert han dessutan musikar, noko som utgjer ein større del av boka. Dette er kanskje den mest fantasifulle boka i serien, men det er god underhaldning.

Bok 21 2023: "Frihetens kjøtere" av Fartein Horgar


Vi har no kome fram til slutten av 1700-talet, som var stordomstida til dei dansk-norske koloniane i Vestindia. Dei kvite plantasjeeigarane tener godt, medan slavane har det elendig som før. I tillegg finst det no ei aukande mengd frikjøpte slavar.

Mihamy er slave, men ho har eit godt forhold til eigaren, og lever nærast som kona hans. Han har både kone og born heime i Danmark, men det ser ut til å vere ekte kjærleik mellom han og Mihamy. Tragisk nok vel han å duellere, og dermed vert livet til Mihamy endra.

Bok 20 2023: "I slaktemåneden" av Fartein Horgar


Vi er no komne fram til 1730-talet, og koloniane opplever tørke og hungersnaud. nokre nye slavar gjer opprør, andre sluttar seg til og det vert drap av kvite slaveeigarar og overtaking av plantasjane i fleire månader. Sentrale personar i denne boka er to slavekvinner, og vi får innblikk i korleis livet deira kan ha vore. Akkurat medan eg har lese desse bøkene, har debatten om korleis slaveritida skal formidlast til amerikanske elevar vore eit tema i amerikansk politikk- Der er krefter som vil fokusere mindre på å få fram det negative ved slaveriet, kanskje for å unngå skuldkjensle. 

Bok 19 2023: "Paradisets elendige" av Fartein Horgar


Dette er første boka i ein serie på fem bøker om dansk-norsk Vestindia, der mellom anna slaveri står sentralt.

Først møter vi norske Johannes Hauge, som mønstrar på eit skip i Bergen når han er på flukt heimanfrå etter eit grusomt brotsverk. Blant dei andre ombord er det straffangar, prostituerte og sinnssjuke som alle skal av garde for å gjere nytte for seg i den nye verda. Vi følgjer Johannes i prosessen med å jobbe seg oppover i det nye samfunnet.

Genser nummer 53: "Suaq" til meg sjølv

 


Utgangspunktet for denne kreasjonen var eit mønster med potar og raglanfelling som eg fann i boka "Villmarkstrikk 2". Fargevalet var litt spesielt, med ei blanding av naturfargar (beige, kopar og brun) og fjordblå, den finaste fargen eg veit. Garnet er léttlopi. Eg var nøgd med produktet, men må nok ta av eit par kilo for at den skal sitje fint.

22. juli 2023

Også i år planta eg ei raud rose på 22. juli. Tankane vandrar slike dagar til alt som skjedde attende i 2011, i tillegg til alt eg har lese og høyrt i ettertid. Mange unge liv gjekk tapt, og mange fleire har bore på sorg og traume i ettertid. 


Albert og Dennis ti veker





Vi har no vore kvelpeeigarar i ti dagar, og gutta krutt har rukke å bli ti veker. Viss eg skal oppsummere korleis desse ti dagane har vore, kan det oppsummerast med: hektisk. Eg hadde gløymt at det å ha kvelp er så slitsomt! På dagtid er dei fulle av energi, og mykje løyste seg då vi fekk laga ei innhegning av 14 kompostelement frå Biltema. Når dei er utanfor denne, må dei fotfølgjast rundt på eigedomen, men dei har òg stor glede av å herje rundt med kvarandre. Slik sett er det mindre arbeid med to enn med ein, og Charlie slepp òg litt av herjinga, noko han set pris på. 

Første dagane tok det litt tid å roe seg med måltid, dobesøk og søvn, men no har vi hatt nokre fine dagar med opphaldsver og mykje uteliv, og då har det vore mykje lettare. Det er bra, for eg har vore mykje aleine med dei medan Veslejenta har vore på jobb. Sjølv har eg ikkje vore nokon stad på fem dagar, og brakkesykja kjem snikande, kjenner eg. Søndag skulle eg ta med Dennis i bilen og hente Veslejenta på kaia, då ho hadde besøkt faren sin saman med Albert, og då vart Dennis skikkeleg dårleg i bilen. Vi må venje dei til så mangt, både bilkøyring og å kunne vere aleine, men førebels har vi hatt nok med å prøve å unngå dobesøk inne og å roe dei om natta, med vekslande hell. 

 Utanom alt arbeidet og styret er det sjølvsagt mykje moro. I går kveld gjekk vi tur til parkerigsplassen ovanfor kyrkja og trena innkalling. Kvelpane er veldig lærevillige, og dei verkar uredde. Dei spring gjerne gjennom agilitytunnelen saman med Charlie, og dei kan sitje på kommando. Dei har ulike personlegdomar der Albert er roleg og Dennis meir energisk, noko vi til dømes såg på turen, der Albert gjerne ville berast litt på heimveg. Dennis er den som bjeffar til Charlie, og Albert er rolegast om natta. Dei trivst best med å sove tett saman om dagen, men vi har dei i kvart sitt bur om natta for å halde kontroll på kven som har "uhell" og ikkje. Då Veslejenta tok med Albert på tur og på besøk, hadde Dennis ingen problem med å vere att "aleine". Dette er òg viktig, sidan vi ikkje kjem til å bu saman for alltid. Vi har meldt oss/dei på kvelpekurs til hausten, og det håpar vi vil bli bra for oss alle.

fredag 21. juli 2023

Lisjedalen

Dennis

Albert

Gamla og guttene

I dag skulle Albert og Dennis øve seg på å gå i band, så vi køyrde til Lisjedalen for å øve ein stad utan trafikk. Kvelpane storkosa seg og var flinke til å gå, og vi kunne gå på begge sidene av vatnet før dei var slitne.

tirsdag 18. juli 2023

Albert og Dennis dag 2


Etter litt over eit døgn i den nye heimen, kan vi konkludere med at Albert og Dennis har funne seg godt til rette. Vi luftar dei veldig ofte, noko som kan vere litt stressande når regnet høljar, men som vil løne seg på sikt. Dei har berre hatt eit par uhell inne, og første natta heldt dei seg frå leggetid til dei stod opp (problemet var at han som skulle lufte dei vart litt sein fordi han ikkje fekk på seg skor fort nok). Charlie har slutta å stresse, så alle kan gå ute og lufte seg i hagen utan problem. 

Barselvisitt i dag var Storegut og eit par venninner. Dei skal reise vidare til Trondheim i morgon, derfor ville dei innom allereie i dag. Vêret er elendig, men vi har nok å henge fingrane i.

Genser nummer 52: "Kvitebjørn" til Minstemann

I dag fekk eg endeleg festa resten av trådane i Kvitebjørn-genseren til Minstemann. Den har lege på vent medan det var varmt, men no er det 12 grader og regn, så det går fint å styre med denslags mellom slaga her. Fargane er like Storegut sin genser, men ikkje identisk (denne har mørkeblått, men ikkje raudt). Snart kjem Eldstejenta og Storegut heim att, og då håpar eg på å få samla alle fire bjørnane og ta bilete av dei iført genserane. Ingen av dei skal trenge å fryse!

Albert og Dennis får ein ny heim





Måndag 17. juli skulle det store skje, og om ettermiddagen møtte vi oppdrettarane på Folkestad og fekk skrive under alle papir og deretter teke med kvelpane heim  Det vart ein hektisk ettermiddag og kveld med to babyar i hus. Charlie hadde det ekstremt stressande, men vi kunne ikkje la dei gå lause saman alle tre før ut på kvelden. Då gjekk det bra, for Charlie var mest oppteken av å få snuse på dei. Kvelpane tødde meir og meir opp, så det vart mykje underhaldning òg, men med regn og 13 grader var det lite freistande å lufte dei. Det måtte til, men vi var tre vaksne som kunne ta i eit tak. 

I bloggande stund har vi alle overlevd natta. Kvelpane låg på rom med ungdomane, og dei hadde sove gjennom heile natta utan uhell. Charlie låg på mitt rom og fekk kvile seg skikkeleg. Om morgonen leika dei to små ivrig saman, og no søv dei att. Vi menneska må kvile når vi kan...

Storesyster Strikke-Solveig 60 år


Torsdag 13. juli vart vi inviterte til Hareid for å feire storesystera mi, saman med dei heimeverande blant storfamilien. Frå vår grein var det berre Veslejenta og eg som kunne møte, men broren min var der med heile sin familie. 

Laurdag arrangerte borna hennar ei samling for heile deira grein av slekta, og dette skulle vere ei overrasking. Mi rolle var å stille med kaffi og kaker til festlyden, som skulle vidare til Eid. Broren vår køyrde mamma hit til oss og deretter til Eid, og sjølv kom eg òg til Eid, der vi fekk nydeleg trerettars middag på hotellet.

Eg legg berre ut bilete av den eine kaka eg serverte - namnet "Strikke-Solveig" er ein intern vits i familien, etter nokre videoar som er lagde ut på nettsidene til lokalavisa. Der vart ho presentert som "Strikke-Solveig frå Ørsta", noko vi synest er morosamt. For meg er ho ikkje berre ei strikkedame, men ei av klippene i livet mitt. Ho har alltid vore den klokaste og fornuftigaste, og eg har alltid hatt stor respekt for henne, sjølv om vi eigentleg er temmeleg ulike på mange måtar. Eg har aldri vore sjalu eller misunneleg på henne, kanskje nettopp på grunn av respekt og at vi er så ulike, og kanskje òg på grunn av ein stadig minkande aldersskilnad. Det blir oftast, også her, framheva kor klok og fornuftig Systa er, i tillegg til at ho er flink både når det gjeld mat og handarbeid. Eg vil i tillegg her framheve at ho har ein velutvikla humor, og at ho alltid har vore raus og inkluderande. I oppveksten opplevde eg henne som streng, men ho er kanskje meir tydeleg. Ho var i alle fall tydeleg på at ho ikkje hadde noko ønske om å bli "Strikkhopp-Solveig".


Jallakoff 2023

 I år vart det på nytt arrangert Jallakoff, og blant musikantane på scenen var mine to søner. Den yngste spelte med bandet sitt, Bask, og den andre spelte saman med sitt gamle band Lommerosk og sitt nye band Poor Rick. Det kom mellom anna eit par trønderar frå dette bandet som budde hos oss medan festivalen vart planlagd og gjennomført. Poor Rick hadde ikkje med bassisten sin, så der steppa Minstemann inn. Eg fekk med meg noko av konsertane, og det var rett triveleg.



Solund 2023

Også i år bestilte eg rorbu i Hjønnevåg ei veke, frå 30. juni til 7. juli. Denne gongen vart dei to mellomste "ungane" med, i tillegg til Bladfyken. Vêrmeldingane var så som så, men det vart langt finare enn forventa. Vi brukte dagane til fisking, turar og brettspel, i tillegg til eit krabbemåltid på kaia etter å ha drege teiner med søskenbarnet mitt. Det vart ei fin veke, slik det alltid blir, og vi fekk øvd oss litt på å filetere og steike lyr.