torsdag 31. desember 2020

Bok 104 2020: "Ingen flere tårer" av Joy Fielding


Etter å ha lytta meg gjennom klassisk litteratur ein periode, oppdaga eg no ein for meg ny krimforfattar på Storytel. Boka låg under sjangeren "psykologisk thriller", som må seiast å vere ein av favorittsjangrane mine.

Bonnie er gift og har ei lita jente. Ein dag ringer den alkoholiserte ex-kona til mannen og seier at Bonnie og dottera er i fare, og at Bonnie må kome og snakke med henne. Då Bonnie kjem fram, er ex-kona død, og Bonnie blir mistenkt for mordet. Etter kvart utviklar historia seg til å omhandle oppveksten og familien hennar, borna til ex-mannen og venene deira, kollegaer og andre familiemedlemer og kjende. Bonnie begynner å bli sjuk, og vi anar ugler i mosen.

Boka var veldig spennande til tider, spesielt då ein slange er laus. Eg frydar meg over å ha funne ein forfattar som har skrive mange krimbøker, og eg håpar fleire er like gode som denne. I bloggande stund har eg allereie begynt på ei ny.

Sidan dette vart bok nummer 104, og den siste eg leser ferdig i 2020, kan eg konstatere at eg er oppe i eit gjennomsnitt på to bøker i veka. Dette året har eg kosa meg ekstra mykje med å lese skjønnlitteratur, sidan eg ikkje har studert. 

Bok 103 2020: "Redd deg selv, lille hjerte" av Wencke Mühleisen


Trass i den søte tittelen er dette ei temmeleg rå og ærleg bok, som handlar om eit par på om lag 65 år. Eg-forteljaren er kvinna i forholdet, som hadde eit kort forhold til ein eks-kjærast for tjue år sidan. No opplever ho at mannen fortel at han har hatt eit forhold til ei anna kvinne i halvanna år. Vi får lese om kvinna sine kjensler og tankar rundt dette, og eg må seie dette var ei bok eg likte godt. Til slutt i boka står ei lang liste over skjønnlitteratur, så eg reknar med der er ein del litterære referansar eg har gått glipp av.

onsdag 30. desember 2020

Sjette juledag: Mamsen og Storegut


Sidan dei andre reiste kvar til sine reisemål i går kveld, hadde Storegut og eg dagen i dag til disposisjon. Eg brukte mykje av føremiddagen til å slappe av og lese, og etter kvart gjekk vi oss ein tur i Mjeltvika. Eg har vore svært flink til å gå tur denne jula, og prisar meg lukkeleg fo at eg fekk nytta karantenetida til å rette heildagsprøver, slik at eg har fått nyte ferien til fulle. 

Etter turen for vi på butikken for å kjøpe oss middagsmat. Vi enda opp med å ete biff med lauk, steikt sopp, poteter og brokkoli, med ferdig fløtesaus til. Etter 2 1/2 veke utan kjøt til middag smaka det godt med ein saftig biff, det skal eg ærleg innrømme. 

I kveldinga har eg lese bok medan Storegut har sett fotball. Innimellom ser vi litt nyheiter, der det store sjokket i dag var eit stort jordras på Romerike. I morgon får vi ein litt meir hektisk dag, men det var deilig med ein stille dag midt i juleferieringa.

Bok 102 2020: "Hullet han krøp ut av" av Vidar Sundstøl


Eg-forteljaren er ein forfattar som lever eit slitsomt liv med plagar av ulike slag, i tillegg til ein krevjande son. Vi får ikkje vite heilt kva alt dette dreiar seg om, for skrivemåten er fragmantert og poetisk, ikkje klar og enkel. Vi får kjensla av at forteljaren tenkjer attende på seg sjølv på eit tidlegare tidspunkt, gjennom tilbakeblikk til året 2003, før han debuterte som forfattar.

Eg likte boka, men den var ikkje enkel å skjøne, så eg gjekk truleg glipp av ein heil del.

tirsdag 29. desember 2020

Femte juledag: reise


I dag slappa vi av heime på føremiddagen. Nokre pakka sakene sine, nokre rydda og nokre gjorde seg klare på anna vis. Om ettermiddagen køyrde vi Minstemann til Haddal, deretter handla vi andre litt og for til restauranten My Kitchen i Volda. Vi hadde vore innom og bestilt sushi før vi køyrde til Haddal, så det vart ikkje så lang ventetid. Maten smakte aldeles fantastisk, og sushi var verkeleg nydeleg som avveksling til annan julemat - det vil seie; her i huset har vi ete mykje fisk siste dagane, men det blir det mindre av framover. 

Etter kvart var det tid for å køyre Eldstejenta til flyplassen, og så køyrde vi Veslejenta til buss-stasjonen. Storegut og eg for deretter heim, og no har han reist til ein kompis for å sjå fotballkamp. Det vert derfor ein stille kveld vidare for meg, og eg kosar meg med ei spennande bok medan eg ventar på melding frå Eldstejenta om at ho har kome trygt fram.

Fjerde juledag 2020: tur på Bjørkedalen


Vi får ikkje tid til så mykje desse dagane, men i dag gjekk vi tur langs Bjørkedalsvatnet, før jentene og eg for til Eid for å handle. Deretter laga eg middag, ungane spelte spel og så vart det litt tv på tampen av dagen. Det har vore ein fin dag med frisk luft og mykje mat, slik vi likar jula best.

søndag 27. desember 2020

Tredje juledag 2020: besøk i Starevegen


I dag var vi inviterte på kaffi og kaker hos Mormora i Ørsta. Dit kom òg mine to eldste nevøar og systera mi, så vi var fleire samla enn på lenge. Eg trur ikkje eg har møtt systera mi sidan før nedstenginga i mars, så det var på høg tid. Vi fekk servert nydeleg og rikeleg med mat, som forventa, og vi fekk ei triveleg stund.

Bok 101 2020: "Olav Audunssøn 6. Vinteren" av Sigrid Undset


Med denne boka avsluttar Undset forteljinga om Olav Audunssøn i Hestviken. Dette er ei bok med mykje drama og melodrama, men òg mykje grubling. Skal gamle sanningar takast fram i lyset? Er dei årsakene til at livet har blitt meir komplisert enn naudsynt? Mest interessant og sentralt er det stadig like problematiske forholdet mellom Olav og Eirik. Vi dei forsonast? Dette er ein spennande og interessant bokserie, men noko av grublinga får andre løysingar enn det eg hadde tenkt meg på førehand. Livet er dessutan vanskeleg, særleg for kvinner.

lørdag 26. desember 2020

Andre juledag 2020

 I dag vakna vi seint, men så var vi desto kjappare til å kome oss opp til Stigedalen, der vi gjekk heilt inn til vegs ende i dag òg. Det er over 11 km tur/retur, så det er ein skikkeleg tur. I tillegg var det snø på mykje av vegen. vel heime att har Veslejenta reist til Volda på venninnebesøk, og Storegut skal òg på besøk til kompisar. Bacalaoen står på kok, det luktar herleg og kan fort bli ein fast juletradisjon. 







fredag 25. desember 2020

Bok 100 2020: "Olav Audunssøn 5. Ødemarken."


Forholdet mellom Olav og Eirik vert stadig verre, og til slutt får guten nok og reiser vekk. Olav grublar på korleis han best skal styre livet sitt, og korleis han best skal ta seg av borna, både eigne og fosterborn. Han har òg problem med folk på garden. Kva skal han gjere dersom ikkje Eirik kjem att?

Bok 99 2020: "Olav Audunssøn 4. Veiskillet"

Eigentleg er forteljinga om Olav Audunssøn delt inn i to delar; Olav Audunssøn i Hestviken og Olav Audunssøn og hans børn. Den andre delen begynner med denne boka, og det går fram av tittelen "...og hans børn" kva som har fokus. Forholdet til Eirik er problematisk, og sjølv reiser han utanlands for å kome unna vonde minne og få tid til å tenkje sjølv. 

Første juledag 2020

Også i dag lata eg meg med lydbok og lang frukost, men så gjekk eg meg ein tur i Mjeltvika i dag òg. Det er ein tur som tek om lag ein time, dersom ein ikkje stoppar og pratar med nokon. I dag låg det litt snø, men ikkje så mykje på vegen innover. 


Etter turen har eg hatt "spadag", med god tid til eigenpleie med velduftande produkt - nokre av dei fekk eg til jul. Eg har dessutan baka eit par brød, rydda og støvsuga, så no ser her nokolunde ok ut - så lenge det varer. Til i morgon har eg lagt i vatn klippfisk, då planen er å lage bacalao. Det passar godt for henne som ikkje et kjøt til vanleg, og dei hine har òg ytra ønske om ein fiskemiddag i jula. 

Julaftan 2020

Dette vart vel den rolegaste julaftan eg har hatt hittil, men julefreden seinka seg verkeleg, og det var fantastisk å få ein fridag heilt til eigen disposisjon. 


Og kva gjer Gamla med ein dag til eigen disposisjon? Lata meg, gjekk tur, åt god mat og hadde pakkeopning saman med Charlie Hund. Det vart mykje lesing, og så såg eg eit par filmar eg lenge har hatt lyst til å sjå, men som ingen andre har samtykka i. Ein skulle tru eg hadde fått nok av eige selskap, men under karantenen jobba eg knallhardt med retting og heimeskule. No kan eg verkeleg nyte livet.


Det vart nokre pakkar òg, og det var gåver eg vart glad for alt saman. Då var det verre med Charlie Hund, som fekk nok eit klesplagg han ikkje trivst med å gå i (denne gongen med bjeller på). 

onsdag 23. desember 2020

Førjulskos

Måndag køyrde eg Veslejenta på jobb, medan vi andre reiste vidare til Mormora på middagsbesøk. Jentene hadde besøkt bestemora så fort Eldstejenta hadde testa negativt i førre veke, men det var no kjekt å kunne kome fleire. Eg syntest det var fint å vere ute av karantene, og eg har vel sjeldan vore så smittesikker. Ungane hr alltid vore nær knytte til besteforeldra, og no er det berre Mormora att. Det er vemodig, men sjølvsagt gledeleg at vi har henne, nokolunde frisk og oppegåande (når ho ikkje dett om på kjøkengolvet og skræmer oss).


Tysdag var Veslejenta på jobb att, men vi andre gjekk over ei mil på tur frå Tua og inn til enden av vegen ved Movatnet. Etterpå reiste vi til Eid for å bunkre inn mat til juledagane. Det er vanskeleg å vite kva ein har lyst å ete til middag i romjula, men eg legg no opp til eit par kjøtfrie alternativ.



I dag, onsdag, er det vesle julaftan. Vi (= alle unnateke Veslejenta) gjekk ein tur innover bygda i regnvèret, og så vart det noko innpakking av gåver og liknande før ungane reiste til faren. Dei kjem att om eit par dagar, heldigvis. Det er uendeleg stor stas å ha dei her.

Eg vil ønskje alle lesarar ei retteleg god jul, utan smitte og karantene.

søndag 20. desember 2020

4. søndag i advent

 Og så var lukka komplett





Bok 98 2020: "Olav Audunssøn 3. Olav Audunssøns lykke" av Sigrid Undset


Olav og Ingunn lever i Hestviken i denne tredje boka. Ingunn er ikkje noko særleg til kone, då ho ikkje arbeider så mykje og er mykje sjuk. Ho føder fleire gutebarn, men alle døyr. Olav er fortvila, men likevel kan han ikkje tenkje seg å leve utan Ingunn, som er hans beste venn og den han held mest av. Eg er no halvvegs i serien, og eg kjem til å lese heile.

Veke 51: livet i karantene

Etter at eg hadde testa meg for Covid 19 og skyssa Veslejenta til jobb sist søndag, gjekk eg i karantene til i dag, søndagen etter. Det var trasig å tenkje på at eg ikkje skulle få møte ungane heile veka, og at eg ikkje fekk delta på det viktige budsjettmøtet i kommunestyret, men eg syntest samstundes det var greitt å sleppe å vere på jobb med tanke på smittesituasjonen. Eg har vore redd heile hausten for at noko slikt skulle skje, så eg hadde ingen panikk. Pessimistar blir som kjent sjeldan skuffa, vi får berre stadfesta at vi hadde rett.

Over 100 personar kom i karantene denne gongen, og vi var 9 lærarar i alt, trur eg. Ingen av oss testa positivt, heldigvis, men der var medelevar som vart smitta. Eg synest synd i dei smitta og familiane deira, det må eg berre seie.

Undervisninga mi gjekk føre seg frå heimen denne veka, og eg hadde ikkje heilt oversikt over kvar elevane var, berre at dei var pålogga. I dei to førsteklassene mine i engelsk skulle vi uansett svare på spørsmål til ein roman vi nett las ferdig, så det gjekk fint an å gjere heime. Der var heile eine og halve andre klassa i karantene, og dei fekk høve til å jobbe med stoffet når det passa dei, med innleveringsfrist fredag ettermiddag. Den klassa der halvparten var i karantene har eg i tillegg i norsk, og dei fekk i oppdrag å sjå nokre reklamefilmar eg la ut lenkje til, og i tillegg svare på nokre spørsmål om filmane. Også her vart det innlevering digitalt. Den siste klassa er ei andreklasse i norsk. Der skulle vi jobbe med "Jeppe påå Bjerget" og sjå ei filmatisert framsyning som eg hadde på dvd, med Bjarte Hjelmeland i hovudrolla. No fekk dei kose seg med ei gamal fjernsynsteaterframsyning som ligg på Nrk sine nettsider i staden. Alt dette brukte eg søndagen til å arrangere og legge ut meldingar om, og så tok eg kontakt med elevane og snakka litt med dei undervegs i veka.


Tida elles brukte eg svært godt, om eg må seie det sjølv. Måndagen vart eg ferdig med dei to rettebunkane i engelsk, og fekk delt dei ut digitalt. Elevane er vane til at eg rettar digitalt, så det var ingen stor overgang verken for dei eller meg. Tysdag, onsdag og torsdag jobba eg knallhardt, og seint torsdag kveld hadde eg fått retta ferdig dei to norskbunkane òg. Det var utruleg herleg å gå inn i jula utan rettebunkar, men eg var òg frykteleg sliten. 


Torsdag følgde eg dessutan med på kommunestyremøtet, som vart streama direkte på nett. Heile møtet varte i ti timar, men eg følgde berre med på dei mest spennande sakene, som bygging av høghus i Rotsetfjøra, lovlegheitskontroll av saka om skulekrinsar som vi vedtok på førre møte og sjølvsagt budsjettet. Det var til tider frykteleg spennande, i alle fall i høve til karantenelivet.

Først i køen

Fredag morgon var det ny Covid 19-test. Elles brukte eg dagen til huslege syslar, gjekk tur og las bok. Seint om kvelden fekk eg negativt svar på testen, og det var sjølvsagt ei lette, sjølv om eg var temmeleg sikker på at det ville bli utfallet. Eg har ikkje hatt eit einaste symptom heile veka. 




Laurdag vart det laugardag for Charlie, etter at vi hadde gått ein lang tur. Eg redde opp sengar til dei to eldste, rydda og vaska, i tillegg til å lese og slappe av. Det kjendest som første feriedag, noko det også var.


I dag, søndag, er eg endeleg ferdig med karantenen. Det er gyseleg vêr, så eg gidd ikkje gå tur. Ungane kjem om ei stund, og planen er at vi skal handle inn mat saman. Her er ikkje mykje mat att i heimen, i alle fall ikkje mat som freistar. Eg har klart meg bra, takka vere frysaren, og her er truleg mat nok til ein karantene til, for ein person. Noko godt å by julegjestane er her derimot ikkje. Mellom slaga har eg gått mykje tur for å klarne hovudet og kome meg opp av godstolen. Eg har treft nokre få sambygdingar når eg har gått tur, men elles har eg vore aleine. Eg trivst godt i eige selskap, har hatt mykje kontakt med folk på nett og telefon og har ikkje gått på veggane ein einaste gong. Så lenge ein ikkje er smitta, går det greitt med karantene, men eg er glad for at eg endeleg skal møte att ungane. Det var det verste med heile greia, å vite at dei var så nær men ikkje få treffe dei - spesielt storeungane, som har kome heim frå Trondheim og Oslo. Det kjem nok eit adventslystennebilete seinare i dag.

fredag 18. desember 2020

Bok 97 2020: "Olav Audunssøn 2. Ingunn Steinfinnsdatter" av Sigrid Undset


Andre bok i serien om Olav Audunssøn handlar mindre om han enn om Ingunn Steinfinnsdatter, slik undertittelen røpar. I første bok vart dei to lova til kvarandre, men så vart Olav tvinga utanlands. Etter kvart som åra går, vert Ingunn einsam, og det dukkar opp ein vakker og morosam islending. Boka er spennande, sjølv om ein ergrar seg over personane som er med.

onsdag 16. desember 2020

Bok 96 2020: "Olav Audunssøn 1: Olav Audunssøn gifter seg" av Sigrid Undset


Når ein får ekstra god tid til å lese, er det freistande å begynne på ein serie. Denne gongen valde eg serien om Olav Audunssøn i Hestviken av Sigrid Undset. Eg synest slike gamle klassikarar kan vere tunge å lese på papir, så lydbøker er eit fantastisk alternativ. I tillegg sit eg mykje og stirrar på ein skjerm når eg jobbar, og då er lydbøker veldig kjekt. 

Serien om Olav Audunssøn har eg aldri lese før, og allereie etter den første boka ser eg at dei etiske konfliktane er tydeleg til stades, kanskje enda meir sentralt enn i Kristin Lavransdatter-serien. Det er spennande å lese om middelalderen, og eg ser fram til å lese vidare om korleis det går med Olav og Ingunn.

søndag 13. desember 2020

Bok 95 2020: "Å smyge forbi en øks" av Beate Grimsrud

Lydia er ei jente med seks søsken, ein far og ei mor. Familien er noko utanom det vanlege, og det er sanneleg Lydia òg. I boka får ein høyre om ein kristen sommarleir, treningar i friidrett og ein tur til London, men ein får òg høyre om kvardagsmiddagar med ein far som stel mat frå ungane. Ei tankevekkjande bok.

3. søndag i advent (og første søndag i karantene)

Dagen vart noko annleis enn forventa. Vel, rettinga hadde vore den same uansett, men i dag måtte eg i tillegg til teststasjonen for å teste meg for Covid 19 for andre gong i haust. Den store skilnaden denne


gongen, er at eg uansett må vere i karantene til neste søndag. Eg såg fleire kjende i testkøen, men det hjelper lite når ein er i karantene for kvarandre òg.

Eg køyrde Veslejenta til faren, der ho skulle vente til ho skulle på jobb litt seinare. No får eg ikkje vere saman med folk før neste søndag, og det blir noko stusseleg. Men eg håpar eg slepp unna med å ha det stusseleg og ikkje blir sjuk. Eg prøver å tenkje positivt på alt eg no får tid til, og førsteprioritet skal rettebunkane ha. Målet er å sleppe retting når eg endeleg slepp ut av karantenen.


lørdag 12. desember 2020

Veke 50

Veka begynte ikkje så veldig bra. Eg datt på eit islagt verandagolv og slo bakhovudet skikkeleg søndag kveld, noko som gjorde at eg hadde problem med å få sove. Eg var redd eg hadde hjernerystelse, men det gjekk heldigvis bra. Kroppen elles kjendest mørbanka, men eg hadde ingen andre synlege skadar enn ein blåkul på ein stad som ikkje viser vinterstid.

Veka elles har bestått i å jobbe, rette, hente veslejenta på kaia og prate om kveldane. Ein dag på jobb kjende eg at eg var så sliten at eg var på nippet til anten å begynne å le hysterisk eller å briste i krampegråt. Desember kan kjennast slik i yrket mitt, og denne hausten har vore i overkant travel med over 100% jobb. Det merkast når rettebunkane kjem inn.

Torsdag kveld retta eg ferdig bunke nummer to, og planen var å bruke fredagen og laurdagen til å skrive kommentarar og setje karakterar. 

Fredag skulle eg sitje prøvevakt først, men eg var ferdig med jobben klokka 11.30. Planen var altså å reise heim for å rette meir, men så var Veslejenta fri frå jobb og dermed heime med hunden, så eg tenkte eg heller kunne handle fleire julegåver. Etterpå ramla eg utpå cafékjøret, handla mat og diverse (kan ein rekne parfyme som ei kolonialvare?) og kom ikkje heim før til vanleg tid, 16.00. Der kommanderte eg Veslejenta til å lage middag til oss, og så ramla vi utpå seriekjøret. Rettebunkane gløymde eg visst undervegs, men vi hadde ein avslappande og hyggeleg kveld.

Laurdag køyrde eg Veslejenta på kaia om morgonen, og så tok eg meg ein tur til Eid for å handle meir. Det var mellom anna ein duk eg hadde sett meg ut, og så ville eg ha ein ny kjole sånn til avslutningsføremål. Det er kjekt å ha noko nytt halvbest. Vidare handla eg litt både her og der. Då eg var innom dagens siste butikk, ringde sjefen og fortalde at eg var sett i karantene. No får eg berre håpe at eg ikkje fekk smitta nokon på shoppingrundane mine...


På veg heim stogga eg på Stigedalen/Tua og gjekk innover til Asbjørnhytta. Det hagla med meldingar og telefonar, blant anna frå coronahjelpa, og eg takka for klare svar på spørsmåla mine. Eg skal, kort fortalt, leve mest mogleg isolert fram til neste søndag, uansett testresultat undervegs.

Resten av dagen og kvelden vart ikkje som planlagt. Det vart ein del telefonsnakk, mange meldingar frå fjern og nær og ein heil del tv då Veslejenta kom heim. Retting vart det ikkje noko av i det heile, men no får eg rikeleg med heimetid til denslags. Det blir ikkje noko møte verken av eine eller hin sorten på kveldstid, og jobben lyt eg gjere frå spisebordet. Akkurat det har eg ønskt at vi kunne gjere i heile desember, slik at alle fekk feire jul med sine nære og kjære. Eg får ikkje treffe storeungane før neste søndag, og då må dei kanskje ha med niste. Berre eg ikkje er sjuk, skal eg takle ei veke i isolasjon heilt fint. Tankane går ut til dei seks kollegaene og dei 70 elevane som også er i karantene, men mest av alt til den uheldige eleven som er smitta.


onsdag 9. desember 2020

Bok 94 2020: "10 år i frihet" av Natascha Kampusch

Denne boka skreiv Natascha etter nokre år, og vi får her innsyn i korleis ho vart behandla av media, av folk og på sosiale medium i tida etter at ho hadde kome fri. Også denne boka er interessant, også utanom at det er ei kjend nyheitssak.

Bok 93 2020: "3096 dager" av Natascha Kampusch

Natascha vart kidnappa i 1998, og ho sat innestengd på eit bittelite rom under bakken i 3096 dagar, før ho greidde å rømme. I denne boka fortel ho om korleis dette skjedde, korleis det var å sitje fanga og korleis det var å verte fri att. Dette er ei spennande og tankevekkjande bok.

Andre søndag i advent 2020

 


Tradisjonen heldt fram då Veslejenta tende det andre lyset andre søndag i advent. 

lørdag 5. desember 2020

Veke 49



Denne veka har vore normalt hektisk. Det har ikkje vore møte på ettermiddag/kveldstid, så på den måten har det vore rolegare enn normalt, men så har det vore opptrapping til heildagsprøvesesongen som tok av fredag. Då hadde tre av klassene mine heildagsprøver - to i engelsk og ei i norsk. Fredagen sprang eg rundt som ein tulling for å svare på spørsmål frå elevar på tre klasserom, lese opp oppgåve for dei som hadde rett til det og kommunikasjon med elevar som sat heime og skreiv på grunn av karantene, symptom og operasjon. Etter lunsj sat eg dessutan vakt, og elevane hadde framleis mange spørsmål og diverse dataproblem. Då eg kom heim, var eg så gåen at det var uaktuelt å begynne å rette på dei om lag 80 elevsvara. Ut på kvelden lasta eg dei ned og la dei i mapper, klar til retting. Det var heller ikkje ei enkel sak, for sjølvsagt hadde ikkje alle fått til å levere på læringsplattforma. Nokre leverte på minnepinne, andre på chat, medan atter andre delte dokument på google.


Laurdag morgon skulle eg sette meg til å rette, men eg fann ikkje roa før eg først for på handletur til Eid og deretter gjekk innover frå Tua til Movatnet. Det var ein nydeleg vinterdag med om lag null grader i lavlandet og to kuldegrader der eg gjekk tur. Sola gjekk ned om lag 15.00, og då var eg attende ved bilen og kunne køyre heim for å starte rettinga. Dei første elevsavara brukte eg grusomt lang tid på, men så fekk eg opp farten og fekk unna ein heil del før eg gav meg for dagen. Måndag får eg inn 25 nye elevsvar, og i alt vert det om lag 50 timar rettingsarbeid. Eg blir ikkje ferdig med alt dette før jul, men eg har som eit håp om at eg skal få ferdig engelsktentamenane. 

torsdag 3. desember 2020

Bok 92 2020: "Hillbillyens klagesang" av J. D. Vance


I dokumentarserien UXA som gjekk på tv før valet i november var J.D. Vance eitt av dei mange intervjuobjekta til Thomas Seltzer. Han snakka då om den kvite arbeidarklassen, og eg tenkte eg ville lese boka hans, som vart omtala i ein av episodane i serien. 

Boka har undertittelen "En biografi om en familie og en kultur i krise", og forfattaren fortel si eiga suksesshistorie ispedd fakta og sitat frå diverse forskarar og ulike medium. Kort fortalt vaks J.D. opp som fattig Hillbilly med små sjansar til å lukkast med noko, og han skildrar heimemiljøet sitt som prega av rus, latskap og mangel på ambisjonar. Han kritiserer òg den kvite arbeidarklassen for å skulde på andre enn seg sjølve når noko går gale, som den late og gagnlause mannen som miste jobben på grunn av skulk, men som skulda på politikarar og industrileiarane. Sjølv kom J.D. seg ut av miljøet, mellom anna ved å verve seg som soldat. 

Boka er veldig interessant, spesielt etter å ha sett UXA-serien.