onsdag 31. mars 2010

"Moy sjmykk" på Moa i dag!

Eldstejenta hadde bursdag nyleg, og mi gåve til henne var ein tur til kjøpesentera på Moa, utsett til i dag. Ho hadde fått ein del pengar til dagen sin, og det meste av dette ligg no att i kassa-apparata. Med seg heim hadde ho ein heil del vårlege klede, medan mora lenge såg ut til å ende opp med ein papirpose med to par øyredobbar. MEN så tok Gamla av på ein interiørbutikk og fekk med heim fine boksar, emaljerte dørslag og duftlys til både seg sjølv og dottera.



Av kulinariske opplevingar kan eg nemne svele på ferja, orientalsk tapas på "Sunn og Nam" (dummaste namnet på ein restaurant, men god mat) kaffi på Statoil og ein bringebærsjokolade på deling.

tirsdag 30. mars 2010

Favoritt-firarbanden min

Dagen i dag gjekk for det meste med til trivielle syslar og ein "bytur" med kiropraktorvisitt. Ettermiddagen vart altfor kort, men nærare klokka 20.00 kom vi oss endeleg ut på tur. Vi gjekk inn til Mjeltvika og utatt, på ein veg som delvis var dekt av eit tynt lag snø. Det er fint no når det er lyst om kveldane, og i dag var det opplett og fint heile dagen.

mandag 29. mars 2010

Så har me juksa litt

I dag var planen enkel: vi skulle sløve skikkeleg. Det innebar at vi gjekk tur med hundane på vegen. Då vi kom til skogsvegen, gjekk vi opp og tok eit bilete med tittelen "Årets julekort? Nummer 1" før vi gjekk vidare etter bilvegen.

Nysnøen ligg langt ned i fjella, og den gryande våren har trekt seg attende til fordel for den lite føremålstenlege seinvinteren. Ein og annan dag som dette kan ein slye seg på sofaen, spele Monopol eller heilt andre syslar, men Gamla er ei rastlaus sjel som gjerne vil ut og grille pølser, gå på ski eller sitje i solveggen og myse mot vårsola. 

søndag 28. mars 2010

"Besta" 70 år!

Ingen kallar henne "besta", men det er no det ho vel å kalle seg på bloggen sin. For denne 70-åringen har både blogg og facebookprofil, og ho held kontakt med barn og barnebarn gjennom ulike medium.



Både "Besta" og den andre dottera hennar har blogga om selskapet i dag, om maten, gjestane og gåvene. Eg vil derfor berre legge ut nokre fleire bilete og takke for ei kjekk feiring i dag!

lørdag 27. mars 2010

Første feriedag

Den store feriekjensla uteblir kanskje når ein set vekkjarklokka på 7.00. Årsaka var ein grytidleg og sårt etterlengta frisørtime. Då den var vel (?) overstått, plukka eg med meg Eldstejenta på shopping- og caférunde i Volda. Deretter vart det pakking og hybelrydding før vi sette kursen heimover.

Heime fekk jentene instruksar om korleis ein lagar lasagne før eg tok med meg Nummer 2 og hundane på tur innover i Geislida. Då vi kom heim, stod middagen klar.

Enno har vi eit hav av fridagar framfor oss, og vi skal vite å nyte dei, uansett vêr og føre. Eg håpar at alle de blogglesarane der ute gjer det same!

Fotomodell?

Eldstejenta har vore i fotostudio saman med ei av sine ex-klassevenninner som går VG1 media og kommunikasjon, Ann Iren Redula Folkestad. Ho er svært flink til å ta bilete, og eg likte dette så godt at eg ville dele det med eventuelle blogglesarar. Modellen sjølv har gjeve løyve til publiseringa.

fredag 26. mars 2010

Bok 11 2010: "Elskeren" av Marguerite Duras

I denne romanen møter vi ein aldrande fransk forfattar som ser attende på ein periode då ho som svært ung jente møtte ein styrtrik kinesar, og dei innleidde eit erotisk forhold som skapte furore i fransk Indokina (Vietnam). Duras var sjølv 70 då ho skreiv denne romanen, og ho voks opp i Indokina, så her er sikkert noko overlapping mellom fiksjon og røyndom. Romanen fekk mykje heider då den kom ut i 1984, men eg er ikkje så overbegeistra. Rett nok er her mykje poetisk språk og ein del livsfilosofi, men eg likar betre at karakterane festar seg og blir levandegjorde. I denne boka vart personane nesten anonyme for meg.

Hugsar du den afghanske jenta?

Her kan du lese meir om henne

onsdag 24. mars 2010

Smerte-fri-onsdag

I dag skein sola heilt uventa, og då vart det til at ungane og eg tok ein tur på Stigedalen. Vi gjekk inn til Sagesetra, og ungane fann bakkar og hopp som gjorde turen innhaldsrik og morosam. Sjølv sette eg umåteleg pris på å kunne myse mot sola på fridagen. Eg har vore plaga med kink i nakken siste dagane, og har umåteleg stor tru på at sol og mosjon hjelper mot det meste.

Med middagen vel overstått tok vi oss ein tur med hundane innover Geislida.

Heller ikkje i dag hadde eg med kamera på turen, så illustrasjonsfotoa er tekne med mobilen til Nummer 2.

tirsdag 23. mars 2010

Bursdagsfeiring på Landscape

Når ein blir sytten år på ein heilt vanleg tysdag, må ein skvise inn familiefeiringa ein stad mellom skuleslutt og systera sin ballett-time. Heldigvis er det fleire som er villege til å lage eit godt måltid til gjengen, og valet i dag var kinesisk mat (bortsett frå Minstemann, som åt karbonader og ris). Jubilanten sjølv valde innbakt kyllingfilet, og til dessert vart ho introdusert for delikatessen "frityrsteikte bananar" - noko som såg akkurat ut som den kyllingfileten ho nettopp hadde ete.

Bok 10 2010: "Syden" av Are Kalvø

Eg har sans for humoren og lesestilen til Are Kalvø. For tida skal eg jobbe med kåseri i den eine norskklassen min, derfor lånte eg "Syden" for å kome i stemning. Eg har høyrt delar av boka før, men no lytta eg til heile verket, som er ein ironisk presentasjon av sydenliv gjennom tidene. Boka har stor underhaldningsverdi, og den høver godt som lydbok. Det er forfattaren sjølv som les.

Gratulerer med dagen!

23. mars er det 17 år sidan Eldstejenta kom til verda, 16 dagar på overtid etter diverse kurar. Ikkje noko stress på den jenta, nei! Og lukka var vel aldri større enn då eg vart mor for første gong. Eg syntest ho var det vakraste som fanst, og eit under på jord. Ho fylde dagane mine frå første dag fordi ho ikkje ville sove anna enn når eg heldt henne eller trilla på grusveg, og seinare tok eg henne med på leikeplassar, sat i sandkassa saman med henne og var totalt oppslukt av henne. Ingen av dei andre ungane har fått så mykje merksemd, men no er ho nesten ikkje heime meir. Det har vore litt av ein overgang for oss alle at ho plutseleg er blitt så vaksen, men inst inne vil ho alltid vere babyen min.

søndag 21. mars 2010

Barne-TV? Nei takk!

Klokka 18.00 kom min vanlege kommentar på den tida av døgeret: "no e det Barne-TV". I dag var det ingen som hadde lyst til å sjå det; dei to store var opptekne av song og musikk medan dei to små sat med kvar sin datamaskin. Sjølv sleit eg med stiv nakke og vond rygg, så eg hadde lyst ut og gå meir tur i det fine vêret. "Eg går ut ein tur, eg", sa eg, og då var det to til som hadde lyst ut. Vi gjekk innover mot Mjeltvika eit stykke, medan sola hadde gått ned bak fjella, men framleis farga fjelltoppane rosa. Med litt god prat og leik vart turen langt meir underhaldande enn Barne-TV.

Så kom sola

Laurdagen var regnfylt og grå, så då passa det godt å sitje inne først i ein frisørsalong og deretter i kinosalen. Då vi vakna i dag, skein sola frå knallblå himmel, så det var berre å stappe i seg frokosten og kome seg ut. Kameraet hadde vi ikkje tilgjengeleg før vi var på heimveg, defor blir det ingen ordinære turbilete i dag.

Dei mest skarpøygde der ute ser kanskje at alle ungane er nyfriserte til påske, og at våren er komen. Det er heilt utruleg at vi brukte snøracer på vegane sist søndag!

lørdag 20. mars 2010

Dagens kulturelle: "Alice i eventyrland" på kino

Dagen i dag har vore innhaldsrik. Alle fire avleggarane er blitt flikka på, og etterpå var heile familien på kino og såg "Alice i eventyrland". Dei tre yngste og eg les boka for tida, og den er som ein einaste lang illusjon, eller hallusinasjon. Eg vart derfor positivt overraska over filmen, som minner lite om dei tidlegare teiknefilmane. Johnny Depp spelar sjølvsagt fantastisk, og er ikkje heilt ulik rollefiguren Willy Wonka (i "Charlie og sjokoladefabrikken"). Scenene var dramatiske, skumle og vakre, med fantastisk animasjon. Vi var begeistra for filmen alle saman - til og med Minstemann, som var altfor ung til å vere der (11 års aldergrense).

Hope-Breivik tur/retur

Fredag kveld tok fem kollegavenninner turen til Ørsta Kulturhus for å hylle fredagskvelden. Christine Hope og Ina Breivik hadde sett saman eit show, der vi fekk bli kjende med Jan Ivar, Margot, Amy Winehouse, einaste homsen på Dale og fleire figurar som delvis er kjende frå TV. Det var enkel humor, kanskje litt manglande og forutsigbare sluttpoeng i sketsjane, men skodespelartalenta deira er fantastisk.

Illustrasjonsbildet er frå "17. maitalen", som eg lo mykje av, sjølv om heile sketsjen eigentleg mangla anna tekst enn nokre usamanhengande klisjéar frå sjangeren. Det var berre så urkomisk då Breivik skulle vere ein noko senil og forvirra tippoldefar som skulle halde tale.

Etter showet gjekk vi ut og åt, noko dei fleste andre i den stappfulle salen også gjorde. Det er ikkje ofte Ørsta har eit såpass yrande uteliv!

torsdag 18. mars 2010

Bok 9 2010: "Seierherrene" av Roy Jacobsen

Dette er ein roman eg lenge har hatt lyst til å lese. På baksida av omslaget vert den skildra som "slektskrønike, samtidshistorie og ikke minst generasjonsroman" - altså eit slags litterært kinder-egg. Eller?

Den mildt sagt voluminøse papirutgåva er på over 600 sider, og lydbokutgåva er på over 19 timar til saman. I mine øyre vart dette litt for mykje av det gode. Spesielt i Del 2, som omhandlar perioden fram mot 1990, og som eg syntest var langt mindre interessant enn Del 1, som handla om livet på Helgeland i 1927 og framover eit stykke. Livet i Groruddalen på 60- og 70-talet er noko "oppbrukt" etter kvart, synest eg. Likevel skaper forfattaren personar det er lett å bli kjend med og føle empati for. Prosjektet er å skrive om framveksten av ein sosial klasse, og det lukkast forfattaren i.

Apropos "oppbrukt", så er det Bjørn Sundquist som les, men det fungerer svært godt. I byrjinga les han med tydeleg nordnorsk dialekt, og i Del 2 les han på bokmål med ein del restar av nordnorsk.

Kort oppsummert: eg likte boka godt i byrjinga, men gjekk noko lei mot slutten. Idealet er det motsette.

onsdag 17. mars 2010

Sangen om den røde rubin

I kveld har eg vore på teaterframsyning i Ørsta, der Riksteatret sette opp "Sangen om den røde rubin" av Agnar Mykle. Ei flott framsyning, der særleg hovudrolleinnehavaren Mattis Herman Nyquist gjorde ein flott figur av den sjølvhøgtidelege studenten Ask Burlefot.

tirsdag 16. mars 2010

A LOVE-ly day

Hugsar de opplegget mitt frå førre tysdag, med kjærleiksdikt frå ulike hundreår?

I dag skulle elevane sitje i grupper og velje seg ein kjærleikssong som dei så skulle presentere for resten av klassen. Youtube, videokanon og lydanlegg gjer det mogleg å vise musikkvideoar på stort lerret. Elevane, som er dei same elevane som starta bokbloggen, kom raskt i gang, og dei fleste gruppene fekk tid til å framføre før dobbelttimen var slutt.

Det som fascinerte meg mest, var spennet i utvalet av songar. Vi fekk høyre "Love" med Nat King Cole, "Love Story" med Taylor Swift og "Love you to death" med Kamelot, berre for å nemne nokre.


mandag 15. mars 2010

Viss du vil bli stor og staut, må du ete mykje....?

Bloggar har ein viss effekt på meg når det gjeld val av meny. I det siste har eg lese nokre bloggar som reklamerer for "Farmen" og graut. Personleg har eg ikkje sett "Farmen" sidan han med namnet vann (Gaute Grøtta Grav), men graut har eg greie på. Og lyst på. I dag diska eg opp med havregraut til kvelds, noko som fall i smak blant mine tre små. Minstemann slukte ein porsjon og sa: "kelner, kan du klæsje på et par dæsjer til med grøt?" Han blir nok Superhelt ein vakker dag.
 
Då Eldstejenta var lita, kokte eg ofte havregraut til henne, mata henne og fortalde eventyret om Gullhår med tilhøyrande plastfigurar. Dersom det var meir graut att då eventyret var ute, måtte vi dikte ein variant om tre tigrar. Dei hine ungane har måtta stå for underhaldninga ved matbordet sjølve.

søndag 14. mars 2010

Alltid freidig

Nummer 2 var i symjehallen i dag, saman med andre i Freidig 4H. Dei hadde det visst veldig kjekt, i følgje den mora som la ut dette biletet på Facebook...

On the road again...

Dei fleste synest det har vore nok vinter, men eg er glad så lenge det er snø, faktisk. Det gjer det så lyst og reint, og hundar og ungar har så mykje meir moro. I dag vart det ikkje brøyta på vegane før 12.30, og då var vi komne ut på tur for lengst. Etter at OE hadde vore der og rydda vegen vart det mykje lettare for hundane å drage snøraceren, og lettare for oss hine å gå. Vel, for Minstemann var det nesten umogleg å gå på heimveg, så då var det Gamla som var trekkhund. Finnmarksløpet neste?

Dagens visdomsord: Alt har si tid (Forkynnaren 3)

fredag 12. mars 2010

Planlaust liv

Det er "in" å ha det travelt. Ein skal gjerne vere bådde dobbel- og trippelbooka, seie nei til invitasjonar fordi ein allereie har takka ja til noko anna, legge ut om ferieplanar og fritidssyslar og i tillegg ha tid til familiekos.

Eg er ikkje noko unntak. Livet mitt er i periodar ein einaste stor timeplan med avtalar og oppdrag av alle slag. Ein gong fann eg ut at eg hadde planar for alle dei komande seks helgane, og det einaste eg ønskte meg var å kunne vakne opp ein laurdagsmorgon og tenkje: "kva skal eg finne på i dag?"

Bloggen og Facebookstatusen er stader der ein viser fram det høge aktivitetsnivået sitt, dei fine tinga ein lagar eller kor vellukka ein er reint sosialt. Det er lett å skulde andre for å vere opptekne av fasadeliv, men dei fleste har vel eit tilløp til slikt. Sjølv er eg i overkant glad i å legge ut idylliske tur- og barnebilete, trur eg, medan dei fantastiske interiør- og handarbeidsbileta uteblir. Så skaper eg kanskje ein illusjon av at eg er ei aktiv og snill mor, i staden for...., ja, det kan vere det same. Eg har ingen planar om å bryte blogg-illusjonen.

Men eg hadde lyst til å kome med ei tilståing: denne helga har eg ingen konkrete planar, ingen aktivitetar eller avtalar eg må halde meg til, utanom den nesten timeplanlagde cafédaten med kollegavenninne K. Det kjennest fantastisk! Kanskje skal eg lese litt ekstra mykje, gå litt ekstra tur eller sjå ein god film eller sju. Strikking eller oppussing blir det i alle fall ikkje.

torsdag 11. mars 2010

Korleis kom desse snikande inn i norsktimen, skal tru?



Også Minstemann kan gi kompliment...

"Mamma, du e den beste og finaste mammaen i verda, men du e litt rare på håret. Og so he du litt rare stemme. Og so E du litt rare også"

onsdag 10. mars 2010

Save it for a rainy day

Fornemmelse av snø

Frionsdagen vart ikkje så strålande som vi etter kvart er blitt vane til, men vi tok oss ein tur i skogsvegen med hundar og akebrett. Mange er lei av snø no, men for ungane medfører snøen mange aktivitetar som dei elles ville ha gått glipp av. Dei to minste laga ein snøhund, som dei levande hundane hoppa sund, og Nummer 2 aka på "Blåbærhaugen" (som de kanskje veit har vi laga eigne stadnamn fordi vi ikkje kjenner dei opprinnelege). Hundane fekk rikeleg med mosjon og var like reine og fine då dei kom heim (nok ein fordel med snø).

tirsdag 9. mars 2010

Love through the ages - literally speaking?

"A Red, Red Rose"


by Robert Burns


My love is like a red, red rose
That’s newly sprung in June :
My love is like the melody
That’s sweetly played in tune.

As fair art thou, my bonnie lass,
So deep in love am I :
And I will love thee still, my dear,
Till a’ the seas gang dry.

Till a’ the seas gang dry, my dear,
And the rocks melt wi’ the sun :
And I will love thee still, my dear,
While the sands o’ life shall run.

And fare thee weel, my only love,
And fare thee weel a while !
And I will come again, my love,
Thou’ it were ten thousand mile.



William Shakespeare: Sonnet 131


My mistress' eyes are nothing like the sun;
Coral is far more red than her lips' red;
If snow be white, why then her breasts are dun;
If hairs be wires, black wires grow on her head.
I have seen roses damask'd, red and white,
But no such roses see I in her cheeks;
And in some perfumes is there more delight
Than in the breath that from my mistress reeks.
I love to hear her speak, yet well I know
That music hath a far more pleasing sound;
I grant I never saw a goddess go;
My mistress, when she walks, treads on the ground:
And yet, by heaven, I think my love as rare
As any she belied with false compare.


"Men" by Dorothy Parker


They hail you as their morning star
Because you are the way you are.
If you return the sentiment,
They'll try to make you different;
And once they have you, safe and sound,
They want to change you all around.
Your moods and ways they put a curse on;
They'd make of you another person.
They cannot let you go your gait;
They influence and educate.
They'd alter all that they admired.
They make me sick, they make me tired.

Ein av dagens tekstar

mandag 8. mars 2010

Bok 8 2010: "Den hemmelige hagen" av Frances H Burnett

På barnebokfronten er eg inne i ein klassikarperiode, både for at Gamla skal få oppfriska gamle minne, og som danning av dei søte små. Sjølv hugsa eg "Den løyndomsfulle hagen" frå min eigen barndom, både som bok og tv-serie, men det var kjekt å dele min eigen entusiasme med dei tre yngste. Eigentleg er ikkje boka så ulik "Heidi" i bodskap: born blir sjuke, svake og sjølvopptekne av å verte overbeskytta inne, men friske, sterke og omgjengeleg dersom dei får vere mykje ute i frisk luft og helst grave litt i jorda.

Ein lever seg lett inn i historia om den foreldrelause jenta, guten som ligg og ventar på å få pukkelrygg og Dickon, som er ven med dyra i skogen. Mysteriet med hagen gjer boka ekstra spennande, og gir dessutan håp om nye hagegleder utover vår og sommar.

søndag 7. mars 2010

Drøymekonsert på Straumshamn
















I dag arrangerte det lokale korpset "Drøymekonsert", med barnekoret i Kilsfjord kyrkje som gjesteartistar. Det vart sjølvsagt både song og musikk, men òg lotteri og kakesal. Minstemann var dagens mest heldige, for han vann på 50% av lodda sine og fekk ein nyttig og ein velsmakande gevinst.

Søndag og sørpeføre

Dagens trim var å la hundane drage snøraceren - igjen. Framleis ligg det såpass mykje snø att på vegane at det gjekk an å bruke hundane til trekkhundar, og eg trur nesten fartsgrensa langs vegen vart brota eit par gonger. Det er spesielt Bianca som er ivrig etter å trekke, men når dei er to, vert instinktet forsterka hos begge. Hundar kan drage si eiga vekt, men det er viktig at dei er fullt utvaksne og fri for hoftefeil. Ein bør heller ikkje begynne med denne typen mosjon utan at hundane er i god form frå før, og dei må ikkje få mat seinare enn to timar før eller tidlegare enn to timar etter slike turar. Det gjeld eigentleg all mosjonering, men ein liten rusletur kan dei sjølvsagt tole.