søndag 21. juli 2024

Sjal nummer 1: "Swallowtail"


Dette vart på fleire måtar ein prøveklut for å teste ut eit litt komplisert mønster. Sjal nummer 2, som eg gav til mamma, var nok penare strikka, men dette er i "mine" fargar. Garnet er "Nordlys", eit fleirfarga garn iblanda nylon. Det kan brukast til lestar, men er òg eigna til slike plagg som ska "blokkast". Mønsteret ligg på Ravelry, og det var på engelsk. Læringskurva er bratt!

Svartedalsvatnet

Laurdagen kom med nydeleg sol og varme, og det vart svært varmt i hagen. Etter ein krevjande handlerunde på Eid vart det derfor til at vi gjekk oss ein tur frå Postvegen (den mellom Bjørkedalen og Harpefossen) opp til Svartevatnet. Vi hadde vore der før, og denne gongen tok vi med eingongsgrill og mat, for det passa med middagstid akkurat då. Turen er verken lang eller vanskeleg, men med varme og sekk vart det ein trimtur like fullt. Vi kom ikkje heim før etter solnedgang, og då var det svalt og fint å sitje på terassen.








fredag 19. juli 2024

Sjal nummer 2: "Swallowtail"


Eg beundra eit sjal ein kollega (som har strikkebutikk) hadde på seg og fekk tilsendt ei lenke til Ravelry, der oppskrifta låg ute gratis. Garnet som er brukt er eit blandingsgarn som heiter Nordlys, som både finst i fleirfarga og einsfarga garn. Først strikka eg eitt i blåtonar til meg sjølv, med ein del feil og plunder, og det har eg ikkje strekt ut enno. Deretter strikka eg eitt i kvitt og rosatonar til mor mi, som har blitt så glad i rosa. Det tok litt tid før eg fekk ordna ein måte å få strekt ut sjalet på, men eg er nøgd med resultatet. I dag fekk ho sjalet som gåve, og ho vart noko overraska over at EG hadde greidd noko slikt. Eg vart i grunnen overraska sjølv òg.

torsdag 18. juli 2024

Jallakoff 2024



Storegut deltok også i år på Jallakoff, den heilt lokale festivalen som vart starta opp i koronaperioden. Også i år samla det gamle bandet Lommerosk seg, noko som er naturleg i og med at fleire i bandet er med og arrangerer. Det er i år 10 år sidan dei kom til landsmønstringa i UKM i Trondheim, etter å ha kome vidare til fylkesmønstringane tre år på rad. Rart å tenkje på at to av dei no bur i Trondheim, og at fleire av dei framleis driv med musikk trass i andre yrke. Tre av dei er til dømes lærarar. Det var uansett kjekt å høyre både dei og dei yngre banda, med medlemer som no er eller skal bli elevar på musikklinja, der Lommerosk var legendariske. Det var tydeleg å sjå beundring blant dei yngste, og eg tenkte på kor viktig det er å ha gode førebilete - og å vere gode førebilete, for den saks skuld.

Brundalen


Eldstejenta, kjærasten hennar, Storegut og eg tok med oss hundane mine i Brundalen medan dei var heime på besøk. Veslejenta var ei veke i Sandnes med hunden sin, og Minstemann var på countrytreff, så vi vart ikkje fulltallige denne sommaren. Det er no alltid vemodig at nokon reiser og ikkje kjem att på lenge, men samtidig skjer det liksom enno mykje i sommarferien, så det vert nok verre når det går mot skulestart.

onsdag 17. juli 2024

Genser nummer 65: "Fanagenser med rundfelling" til Veslejenta


Eg har allereie strikka to slike, men det var eit veldig kjekt mønster å strikke. Garnet er Viking Alpaca storm, fargane naturkvit og ein brunaktig oransjefarge som vi likte svært godt. Garnet er veldig mjukt, men eg lurer på om eg skal strikke den neste med litt tynnare pinnar for at ikkje fargane skal skine gjennom. Eg har allereie planar om to til av denne modellen.

Solund 2024

I år var det Veslejenta, kjærasten og eg som reiste til Solund. Vi budde i rorbu på Steinsund Marinesenter, like ved Hardbakke, for tilfeldigvis skulle bandet til Minstemann spele på Solundfest akkurat medan vi var der. Dagane gjekk med til turgåing, båtturar, sightseeing og slektbesøk, før vi altså hamna på countrykonsert siste kvelden.




























torsdag 27. juni 2024

Hundane 10. juni

 


Oslo

Eg plagast med dårleg mobilkamera, så dermed blir det lite blogging, i tillegg til lite fotografering. Her er eit par bilete frå ei helg i Oslo i starten av juni. Eg hadde kjøpt musikalbillettar til Eldstejenta, meg sjølv og mi venninne W, og så tok eg meg like godt ei heil helg i byen. Vi rakk å sjå nasjonalmuseet og Munchmuseet på dagtid, og så gjekk vi på to ulike italienske restaurantar fredag og laurdag. Louie var glad for å få besøk av "Bestemor", og vi hadde nydeleg vêr og skikkeleg sydenkjensle.



Bok 18 2024: "Katalog over mine menn" av Helene Uri


Margrete (52) er hjartesjuk og treng eit nytt hjarte for å kunne leve vidare. Kristian (25) døyr i ei bilulukke, og foreldra får spørsmål om organdonasjon. Boka er fortald frå ulike synsvinklar, og alle er menn i Margretes liv. Trass i den noko dystre tematikken, er boka lettlesen og underhaldande.

Bok 17 2024: "Naustet" av Jon Fosse

 Eg må med skam melde at eg ikkje har lese mykje av Jon Fosse tidlegare, berre eit drama og boka "Andvake". Den repeterande stilen har for meg vore nærast parodisk, men eg gav forfattarskapen ein sjanse til, i og med at han er landets mest internasjonalt anerkjende nolevande forfattar. 

skrivestilen i "Naustet" er repeterande på ein suggererande, poetisk måte. Eg-personen sit på rommet sitt og prøver å skrive seg ut av ei uro han kjenner på, og bit for bit vert forteljinga om han og møtet hans med barndomsvenen Knut avslørt, i tillegg til forteljinga om den innpåslitne kona til Knut'n og "ho jenta" frå fortida, og vi forstår at hovudpersonen har eit noko problematisk forhold til kvinner. Når han stadig nemner at mora, som han i ein alder av 30 år framleis bur saman med, "ikkje er så gamal", forstår ein at mannen slit. 

Eg skal lese fleire bøker av Jon Fosse, for det bør ein gjere, men dette er meir krevjande enn mykje anna eg les.

Bok 16 2024: "Derfor må du vite at jeg er same" av Ella Marie Hætta Isaksen



Ella Marie vart rikskjendis då ho var med i - og vann - tv-programmet "Stjernekamp". I denne boka fortel ho om sigeren, og om korleis den gav henne eit utgangspunkt for å fremje standpunkt og haldningar. Go har utvikla seg til å bli både filmskodespelar og miljøaktivist, og for mange er ho den fremste talspersonen for samane i vår tid. Eg las delar av boka saman med elevar tidlegare i år, i samband med ein fagdag om samane. Vi såg mellom anna filmen "La elva leve", der Ella Marie har hovudrolla. boka er interessant, og eigentleg kunne eg ha tenkt meg å lese heile boka saman med elevar.

Bok 15 2024: "Kongenes sverd" av Bernard Cornwell

Storytel: "Et løfte har bundet Uhtred til kong Alfred. Et løfte har bundet ham til Æthelflaed. Og nå vil et løfte tvinge ham bort fra fedrenes hjem, som han har kjempet så hardt for å få tilbake. For Uhtred har sverget at når kong Edward dør, vil han drepe to menn. Og nå dør Edward. Sammen med en liten gruppe krigere reiser Uhtred sørover og direkte inn i skiftende allianser og kampen om riket, hvor han vil trenge all sin styrke for å overvinne den sterkeste krigeren av dem alle."

Bok 14 2024: "Ulvekrigen" av Bernard Cornwell

Srorytel: "Uhtred har vunnet tilbake borgen som har vært i familiens eie i århundrer, men trues nå fra alle kanter av både nye og gamle fiender. Det var ikke lenge Uhtred fikk nyte seieren. I Mercia er det et opprør på gang når kong Edward prøver å ta kontrollen. I Wessex strides rivaliserende parter om hvem som skal bli den neste kongen. Og over hele landet fortsetter invaderende vikinger sin uopphørlige jakt på nytt land. Uhtred, en legendarisk kriger, beundret og ettertraktet som alliert, fryktet som motstander, er igjen revet mellom sine to identiteter: Han slåss på det han mener er feil side, og forbannet av uhell og tragedie står han overfor en av sine mest formidable fiender. Det eneste som kan redde ham, er en stor porsjon kløkt, den største lojalitet og stort mot."

Bok 13 2024: "Flammebæreren" av Bernard Cornwell

Storytel skriv: "Northumbrias vikinghersker, Sigtryggr, og Mercias saksiske dronning Aethelflaed har blitt enige om en våpenhvile. Endelig får Englands største kriger, Uhtred, muligheten til å vinne tilbake familieeiendommen Bebbanburg. Den stjal hans forræderiske onkel fra ham for mange år siden, og nå er det de slue fetterne hans som okkuperer den. Men skjebnen griper inn, og Uhtreds mange fiender og de edene om troskap han har sverget setter en stopper for drømmen om å gjenerobre Bebbanburg. Nye fiender strømmer inn i landet, flere kjemper for Englands kongedømme og nye kriger truer. Men Uhtred er fast bestemt på at denne gangen skal ikke noe stoppe ham: Han er den rettmessige lorden av Bebbanburg. Men han vil trenge alt han har lært gjennom et liv i krig for at drømmen skal gå i oppfyllelse."

Bok 12 2024: "Stormens krigere" av Bernard Cornwell

Omtale på Storytel: "Det råder en skjør fred mellom Wessex, Mercia og Øst-Anglia. Kong Alfreds sønn Edward og hans innflytelsesrike datter, Æthelflaed, hersker i kongedømmene. Men rundt dem mobiliserer de urolige nordmennene, og de har blikket rettet mot de rike landskapene og velstående kirkene. Uhtred av Bebbanburg, kongedømmets største kriger, kontrollerer det nordlige Mercia fra den befestede byen Chester. Men flere samler tropper mot ham. I dilemmaet mellom familie og lojalitet, mellom personlige ambisjoner og politisk forpliktelse, finnes det ikke noen enkle svar. Men en mann med en krigers mot er kanskje i stand til å finne det. En slik mann er Uhtred."

søndag 23. juni 2024

Babyteppe nummer 1



Sidan eg har ein kollega eg har jobba tett saman med som skal ha baby no i juli, tenkte eg at eg kunne strikke eit babyteppe til veslejenta hennar. Eg bestilte garn og oppskrift på nett, men eg fekk ikkje til det opprinnelege holmønsteret og strikka derfor etter eige hovud i staden. Resultatet vart ikkje så verst, om enn enkelt. Det er trass alt tanken som tel.

torsdag 6. juni 2024

Genser nummer 64: "Perlepuffgenser" til Eldstejenta

 Eg var på besøk hos Eldstejenta sist helg, og med meg i kofferten hadde eg ein ny genser. Den passa perfekt, men ikkje i 25 grader...


lørdag 18. mai 2024

Dennis 1 år 18. mai 2024



Albert og Dennis fyller 1 år i dag, 18. mai. Eg tjuvstarta markeringa med å ta bilete av han i krone i går, i tilfelle det vart vanskeleg, men han poserte så fint som berre det. Då eg i dag skulle setje han ved bordet på verandaen for at han skulle ete "kake" slik Charlie plar gjere, vart han derimot så ukomfortabel at eg måtte gi opp og la han stå på golvet.

Albert er ikkje heime i helga, så gåvene får vente til i morgon.

Bok 11 2024: "The Breeding Pig" av Celin Ringseth


Denne boka fortel historia om paret Hanne og Fredrik, og vi får vite litt om korleis dei møttest, vart kjærastar og etablerte seg. Når så Hanne er nesten 40, begynner ho å ville ha born. Ho vert temmeleg oppslukt av tanken, medan Fredrik vert skremd av ein kollega som fortel om kor gal kona har blitt av å vere gravid og få born. I tillegg til å ta opp dette temaet, handlar boka òg om å bli vaksen og gi slepp på kven ein er og det ein har i livet. 

16. mai-feiring med flott fane


Tradisjonen tru hadde elevane på skulen i oppgåve å lage ei fane til klassen som taudragarlaget skulle marsjere inn med på 16. mai-feiringa. Eg må seie eg skvatt litt då eg brått fann ein pappkopi av meg sjølv som faktisk var litt større enn meg... Vi er heldigvis to kontaktlærarar per klasse, så vi delte på merksemda. Merkeleg nok vann ikkje klassen vår premie, men det får så vere. Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølve, og dagen vart som vanleg fylt med taudragarkonkurranse, innebandykamp mellom russen og lærarane, russedans, russerulling (ein elev ligg oppå femten andre, som rullar framover) og diverse helsingar frå rektor, russepresident, elevrådsleiar o.l. Dette var tradisjon då eg begynte å jobbe ved skulen i 2002, og berre små justeringar er gjorde undervegs. 

mandag 13. mai 2024

Brundalen 12. mai





Søndag føremiddag retta eg ferdig og delte ut resten av heildagsprøvene. Tre bunkar på to veker har kravd sin del av tida mi, og det har vore nydeleg vêr det meste av tida, så det kjendest fantastisk å ta fri om ettermiddagen og gå ein tur med hundane saman med Veslejenta. Småhundane hadde ikkje vore i Brundalen før, men det kjem nok til å bli mange turar dit. Vi hadde dalen for oss sjølve mykje av tida, og det vart både springing og bading. Dennis hadde litt vannskrekk først, men det gjekk fort over.