søndag 31. august 2014

Haustfornying i heimen

Etter at eg tok ut golvteppa frå stova, på grunn av hunden, vart det litt kaldsleg med det drivkvite og turkise i interiøret. Eg fann derfor ut at vi måtte ha lunare fargar i haust. Dei svarte voksdukane hadde vi liggande frå i fjor haust, og eg leita dessutan fram att dei rosa putene og den koselege Ekelund-løparen til salongbordet. Vi hadde dessutan eit par "pels"-pledd liggande. Nye innkjøp var identiske gardiner til stove og kjøken, og dessutan eit par putetrekk i brun fuskepels. Eg skal prøve å finne tak i oransje duftlys og nokre fleire fargeklattar i haustfargar, men førebels er eg nøgd med å ha fått stroke og hengt opp gardinene. Det var litt av ein jobb, men eg hadde god underhaldning i ei lydbok.


Bok 75 2014: "Inferno" av Dan Brown

Med høge forventningar tok eg fatt på denne romanen av Dan Brown. Eg hugsar enno korleis eg ikkje klarte å legge frå meg "Da Vinci-koden" i si tid, og dei andre bøkene hans har eg òg likt godt. "Inferno" traff meg ikkje heilt, må eg innrømme, anten det no var boka eller lesaren det var noko gale med.

Boka omhandlar trugsmålet om spreiing av eit virus, og også denne gongen er det Robert Langdon som er den store helten. Han vaknar opp på sjukehus med hukommelsestap i byrjinga av boka, og akkurat den delen er ganske spennande. Han møter dessutan ei intelligent, vakker blondine som han samarbeider med, men forholdet mellom dei vert ikkje særleg inngåande skildra.

Det eg likte best med boka, var referansane til kunst og litteratur. Elles syntest eg innhaldet var noko "søkt" og lite engasjerande, men heilt ok underhaldning.

Kveldstur til Keipen (944 moh)

Sidan journalisten aldri hadde vore på toppen av Keipen, vart det til at vi ut på ettermiddagen laurdag gjekk ein tur til topps. Det er ein lett og fin tur å gå, spesielt etter at ein har gått opp gjennom skogen til Heida og kan begynne på den eigentlege fjellturen. Sjølve platået på toppen er så lite at eg aldri har våga meg utpå, men eg set likevel pris på å kome opp i høgda og sjå utover. Så kunne eg heller låne vekk kameraet og få sjå bilete frå utsikta då eg kom ned att.
Utsikt mot Bjørkedalen

Dagens turmål for min del


Utsikt mot enden av platået


Rast på veg ned att

Ro-stemne på Bjørkedalen

Laurdag føremiddag var det ro-stemne på Bjørkedalen, med kapproing, matsal og sosialt samkome. Vi nytta høvet til litt sosial trening for Charlie, samtidig som vi kosa oss og prata medan andre tok seg av kapp-roinga. Ei gruppe utanlandske studentar hadde teke turen, og det må ha vore litt av ei oppleving for dei å ro vikingskip i den spektakulært vakre Bjørkedalen.




torsdag 28. august 2014

Skuletur til Rotsethornet (649 moh)




Etter å ha hatt ordinær undervisning i dei to første timane sette heile skulen av stad for å gå på fjelltur på Rotsethornet, det best kjende fjellet i Volda sentrum. Ein kunne velje mellom den bratte framsida og den lange og bratte baksida på veg opp, men alle måtte gå ned på baksida. Slik møttest mange på vegen. Turen er litt hard i starten, så mange var i ferd med å miste motet før dei kom oppom skiggrensa. Derifrå var det lett å gå. Vêret var fantastisk fint, så alt låg til rette for at flest mogleg fekk ein fantastisk dag.

onsdag 27. august 2014

Charlie på Keipen (944 moh)


Toppen av Keipen


I går lærte eg at slike daude furutre vert kalla "gaddar"




Ein nydeleg fri-onsdag med fjelltur til Keipen. Turen vart litt lang for Charlie, så eg bar han nesten heile vegen nedatt.

tirsdag 26. august 2014

Kristianmyrvatnet på Bjørkedalen

Store-Toren og Lisje-Toren






Sosiale media har sine klåre føremoner. Ein får turtips, til dømes, når ein ser på bilete som andre legg ut. Og når ein ikkje finn vedkomande turmål på kart, er det berre å lage ein status der ein ber om hjelp. Slik hadde det seg at vi kom oss til Kristianmyrvatnet på Bjørkedalen ein tysdag kveld i august.

mandag 25. august 2014

Bok 74 2014: "Dagdrivergjengen" av John Steinbeck

Denne boka har eg lese ein gong før, kanskje to. Det er godt mogleg å lese gode bøker fleire gonger, og no har eg hatt veldig sansen for Steinbeck ei stund. Det er noko med karakterskildringane hans som gjer bøkene så gripande, samtidig som det i denne boka er ispedd bøttevis med humor.

Sju menn deler eit hus, der livet for det meste går ut på å drikke vin eller å skaffe mat og vin utan å anstrenge seg for kraftig. Elendet dei lever i vert skildra på ein herleg humoristisk måte, som då dei betaler kjøpmannen for varene ved å gi han gjenstandar som dei seinare stel attende. Likevel viser dei ei høg grad av moral, som då dei ikkje stel pengane som "Piraten" skulle bruke på eit takkoffer han hadde lova skytshelgenen sin dersom hunden ikkje døydde av sjukdom (den vart kort tid etterpå påkøyrd, men lovnaden skulle Piraten halde uansett). Boka er meir morosam og underhaldande enn "Om mus og menn", men den liknar ein del i skrivestilen. Absolutt verd å lese!

lørdag 23. august 2014

Jentetur med hund på postvegen

Storegut er på Jugendfestival og Minstemann på speidartur, så i dag lever vi damene eit hundeliv. Veslejenta fekk bestemme turmål, og ho ville helst gå på grusveg, sjølv om vi no har flunkande nye gore-tex-skor. Eg hadde fått fjellskor i posten, men det går no greitt å gå dei litt inn på veg òg. Vi enda derfor opp med å gå på den gamle postvegen, frå Langedalsbroe til fylkesgrensa. Det er ein passeleg lang tur (10 000 skritt) utan spesielt mange bakkar, og hunden kunne gå laus mykje av tida. han møtte både menneske, kyr og sauer, og då tok vi han sjølvsagt i band. Elles fekk han springe fritt.

Charlie har vore plaga med bilsjuke, og i dag tok vi sjansen på å gi han nokre få smular av ein reisesjuketablett ei stund før vi kjørte. Han sikla ganske mykje i dag òg, men virka langt rolegare enn tidlegare. Målet er at han skal assosiere biltur med noko positivt etter kvart.





Bok 73 2014: "Berts første funderinger" av Anders Jacobsson og Sören Olsson

Denne andre boka om tenåringen Bert begynte vi på i sommar, då vi var på lang biltur. No har vi endeleg høyrt den ferdig, parallelt med at vi ser noko av tv-serien. Bert er ein fyr det er lett å bli glad i, og bøkene og tv-serien er god underhaldning for store og små. Ofte er det mor i huset som ler høgst av ting som Bert seier om familie og kompisar. Med gode bøker blir bilturar eit høgdepunkt, det er i alle fall mi erfaring.

fredag 22. august 2014

Bok 72 2014: "Om mus og menn" av John Steinbeck

Denne vesle perla av ei bok las eg første gong for over tjue år sidan, på engelsk. No leita eg den fram att i norsk lydbokversjon, og det er verkeleg ei glimrande opplesing på litt over tre timar.

George og den tilbakeståande Lennie er lausarbeidarar som drøymer om ein eigen gard. Problemet er at Lennie lett kjem i vanskar, så dei er delvis på flukt. Lennie er avhengig av hjelpa frå George, men det viser seg òg at George treng Lennie. Vi ser òg at andre betrur seg til Lennie, som tenkjer mest på mus, kaninar og hundekvelpar.

Steinbeck er ein stor forfattar, mykje fordi han skaper så fantastiske karakterar. Til og med små bipersonar får ei gripande bakgrunnshistorie, gjerne fortalt gjennom berre eit par setningar. "Om mus og menn" er ei kortfatta bok, men den er så gripande og god at den sit i lenge etterpå.

torsdag 21. august 2014

Bok 71 2014: "Alfabethuset" av Jussi Adler-Olsen

Eg plukka med meg boka fordi eg er stor fan av forfattaren, men las først etterpå at dette var debutboka, og at den ikkje handlar om Avdeling Q. Vaskelappen såg likevel såpass interessant ut at eg bestemte meg for å lese den.

To britiske flygarar vert skotne ned over Tyskland under andre verdskrig. Der stel dei kleda og identiteten til to døde tyske offiserar, men må i tillegg spele sinnssjuke for ikkje å bli oppdaga. Dei hamnar på ein institusjon for sinnssjuke, og etter kvart viser det seg at der er fleire som simulerer. Spenninga ligg i om dei blir oppdaga, og korleis dette får følgjer for ettertida.

Boka var veldig spennande i byrjinga, men som så mange andre kriminalromanar flatar den ut undervegs og vert noko langdryg. Det var i alle fall mi oppleving av boka. Mot slutten tek spenninga seg opp, men eg vil likevel seie at forfattaren ikkje innfrir når det gjeld sjangerforventningar. Boka handlar om så mykje meir enn krig og kriminalitet at sjølve spenninga ikkje heilt kjem i fokus. Etter mitt syn skal kriminalbøker ideelt sett vere slik komponert at spenninga held seg gjennom heile teksten, og mot slutten skal ein ikkje ønske å leggje den frå seg fordi ein er så spent på å sjå korleis det går. Slik var det ikkje med denne boka.

onsdag 20. august 2014

Kvardagsgleder og andre bollar

Vi er brått attende i kvardagen, med tidlege morgonar og fullt opp av aktivitetar på kveldstid. Innimellom blir det tid og høve til litt kos òg, som då vi på måndag kosa oss med "Idol", der bygdas store stoltheit Jeki var med. Tysdag var Veslejenta på korps, og Minstemann lurte på om det ikkje var svært lenge sidan vi hadde hatt "Arme riddarar". Eg laga ein diger stabel til kvelds, så både folk og dyr fekk ete seg ulystne. I dag, onsdag, hadde eg haustens første fri-onsdag. Minstemann skulle til tannlege og eg til lege, så mesteparten av dagen gjekk med til ein tur til tettbygde strok. Då ungane kom heim frå skulen, venta mora med skikkeleg søndagsmiddag: kotelettar. Til kvelds vart det baka bollar med og utan vaniljekrem. Dei vart ikkje heilt vellukka, men gjekk ned på høgkant likevel. Eg hadde droppa lunsj og kunne derfor ete ekstra mange bollar.

mandag 18. august 2014

Home alone

Hundane fekk øve litt søndag, men måndag vart dei for alvor overlatne til seg sjølve. Minstemann kom først heim, så det vart han som lufta dei og tok dei inn etter skuletid. Kva lydar dei har laga i løpet av dagen veit eg ingenting om, men eg håpar det gjekk greitt for naboane. Dei kosar seg i alle fall godt ilag, både når dei herjar og når dei søv.

Skodd og kledd for haust

Goretex-skorne mine dreg til seg vatn som svampar. Det same kan ein seie om softshelljakka, som eg har hatt i mange år. For nokre veker sidan sette eg meg derfor til med nettshopping, og bestilte ei fleecefôra regnjakke, eit par goretex-skor og ei regnbukse. Skal ein ha hund, må ein kunne tole alle typar vêr. Eg satsar på gilde fargar, sidan eg skal gå ein del i trafikken. Det er forresten ganske praktisk ute i naturen òg, spesielt i jaktsesongen.

Skulestart 2014

Etter ei veke med planleggingsdagar for mor og ferie for born var det i dag tid for å stå opp tidleg og kome seg av garde alle saman. Veslejenta begynner no i niande, som er eit aktivt år med konfirmasjonsførebuing og innsamling av pengar til neste års skuletur. Minstemann er ikkje liten lenger han heller, men begynner no i sjette klasse. Han drakk ein kopp kaffi til frukost, så slik sett er han på full fart inn i vaksenverda. Storegut skal gå VG2 musikk, så han for til hybelen søndag kveld.

Vi har snakka mykje om gode lekse- og søvnvanar i heimen siste tida, og så har vi diskutert korleis vi skal ordne oss reint praktisk med fritidsaktivitetar og hundepass. Det er store omveltingar etter ein lang sommar, men vi startar året med friskt mot og høge forventningar.

søndag 17. august 2014

Hundegard byggetrinn 3

Søndag sløva vi vekk halve føremiddagen, men så sette store og små i gang med ferdigstilling av hundegarden. Sidan Lasso er leigd inn som barnepike eit par dagar, måtte vi lage eit provisorisk overbygg der ho kunne få ligge. Elles forsterka vi festa av nettingen og strekte over ein netting til tak. Vidare laga vi til isolasjon og teppe i hundehuset til Charlie.

Hundane fekk øve seg på å vere aleine då vi reiste til Åmdalen for å hente bilen min, som var på antirustbehandling. Etterpå åt ungane og eg middag på Maria's i Volda, der dei har bygdas beste pizza og service. Eg hadde ikkje fått handla inn så mykje mat at eg hadde noko å lage søndagsmiddag av, og Maria lagar betre pizza enn eg nokon gong kjem til å gjere.

I dag er det siste feriedagen for ungane, og kvardagen tek til for fullt. Vi planlegg speletimar, dansetimar og fotballtreningar, i tillegg til at Charlie skal gå litt på skule i haust han òg. Eg gruar meg mest til å stå opp tidleg og haste av garde på jobb, spesielt når det minkar på dagslyset.

Lukke til med skulestart!


Lærekøyring til Bremanger

Eg var utan bil i helga på grunn av antirustbehandling, men journalisten stilte villeg opp då vi fekk utferdstrang laurdag. Veslejenta hadde planar for hunden og venninnene, så då kunne vi hine endeleg kome oss på ein lang biltur. Turmålet var først og fremst kystfortet på Rugøysund, Tongane, men før vi kom dit drog vi på kyrkjesafari til Berle, der ein finn den tredje kyrkja i området teikna av same arkitekt som vår lokale kyrkje.

Av kuriosa kan eg nemne at vi stogga på butikken i Davik for å kjøpe oss noko å drikke, og der traff eg ei av to eg kjenner som bur i den bygda. Eg har ikkje sett henne sidan vi gjekk på vidaregåande, men eg har høyrt at ho har flytta dit. Det viste seg at ho er lærar og fembarnsmor, så vi har truleg meir til felles no enn på 80-talet.

Storegut hadde fått køyre om lag 20 mil då vi kom heim. Det er lengderekord for han, og han fekk òg køyre på rekordsmal veg frå Davik og utover. På tilbaketuren køyrde vi ein lang tunnel og svippa innom Svelgen før vi reiste heim. 

Berle kyrkje, oppført i 1977

Gutta på tur

Eg vert som kjent fascinert av gamle gravstøtter

Kyrkje sett frå baksida, der kapellet ligg

Humor

ved "Gloføyke", tusenårsstaden i Bremanger:






Badehuset

Inne i dusjrommet






Denne kanonen hadde erstatta ein tidlegare, og var henta frå eit sovjetisk krigsskip i 1942




Havklippa Hornelen