torsdag 30. november 2017

Andre lesedag

Dagen starta med at eg fann ut eg kunne ligge litt til, då eg høyrde at Minstemann hadde stått opp. Dermed forsov eg meg litt til dagens dont, men ikkje verre enn at eg kom meg i gang med lesinga i anstendig tid. Det gjekk trått i dag, og eg kjenner eg er både sliten og lei. Då eg skulle til på statistikken for n'te gong, måtte eg først ta meg ein luftetur. Det var fem kuldegrader i dag, og nokre stader fann vi sola på turen vår. Den er bleik og forsvinn fort, men den lovar liksom vår likevel.

Det er enno tidleg kveld, men konsentrasjonen er på botnnivå og eg gløymer like fort som eg les. Likevel har eg hatt eit par aha-opplevingar i dag som kan kome godt med i morgon. Det skal uansett bli herleg å bli ferdig!

onsdag 29. november 2017

Første lesedag

Eg blar i pensumlitteratur, skriv notatar, les powerpoint-presentasjonar, søker på nett etter definisjonar, ser youtubevideoar om folk og statistikk. No håper eg berre eg skjønar spørsmåla på fredag!

Eg tok meg ein luftetur "på solsida" i dag òg. Det gjer underverk med frisk luft og mosjon!




søndag 26. november 2017

Luftetur i Mjeltvika

Det er harde dagar med mykje lesing på matmor, og små turar med Charlie for å lufte vetet, som vi seier her. I dag var det aldeles nydeleg ute, og vi rakk å gå litt og myse i sola før den forsvann.

På Facebook legg eg ut svart-kvitt-bilete for tida, men her legg eg ut begge variantane.

Bok 86 2017: "Liv eller død" av Michael Robotham

Denne boka startar med at Audie stikk av frå fengselet i Texas berre ein dag før han skulle ha blitt sleppt fri. Like etter blir fengselskompisen Moss på mystisk vis sleppt fri han òg, og vi kan ane at årsaka er at nokon trur han vil leie dei til Audie. Det heile vert eit oppgjer med fortida, men mange kjensler og ein del action. 

Tittelen er noko av det mest fantasilause eg har sett på lenge, men den australske forfattaren har i alle fall sjølv eit artig namn. Eg har ikkje sett namnet før, men i følgje Wikipedia har han skrive fleire bøker, blant anna biografien om ei av jentene i Spice Girls. 

lørdag 25. november 2017

Ein annleis dag på jobben

Vi har innført "fagdagar" på jobb, noko som vil seie at vi av og til har åtte timar undervisning i eitt fag på fredag. For elevane vil det seie at dei varierer kva fag dei har på fredagane, men at det er eitt fag heile dagen (eller to fag på nokre fredagar). Denne veka skulle eg ha fagdag i internasjonal engelsk, og emnet var Afghanistan, med vekt på det fleirkulturelle samfunnet, historie, konfliktar og dei såkalla "oktoberbarna". Elevane hadde fått ei innføring i dette tidlegare i veka, så då fredagen kom, begynte vi dagen med å sjå "Drageløperen". Deretter rydda vi rommet og møblerte med småbord og fleire stolar, før eg la på serviettar og tok fram peparkaker og mandarinar. Etter lunsj fekk vi nemleg besøk. Ein eg studerer saman med er lærar for ei gruppe gutar der dei fleste kjem nettopp frå Afghanistan, og desse hadde vi invitert til oss for å kunne fortelje litt om seg sjølve og småprate med elevane mine (som i seg sjølv er ei gruppe med elevar frå fleire land, der ikkje alle er like gode i norsk). Eitt av læreplanmåla handlar om kulturell kommunikasjon, og dette fekk dei øve på i praksis.

Eg var frykteleg spent på korleis møtet ville bli, men elevane tok det svært fint. Nokre syntest det var veldig "kleint", spesielt i starten, men det gjekk betre etter kvart. Etterpå var fleire av mine elevar svært oppglødde, og nokre sa dei hadde vore på gråten ved tanken på at nokre av dei dei snakka med ikkje visste om dei fekk bli i Noreg. Det tok tid å finne noko ein hadde til felles, men konklusjonen var nok at dei opplevde at dei var meir like enn dei hadde trudd, med unntak av at desse gutane ikkje ville seie så mykje om familien sin eller oppveksten. Dei kunne seie litt om klimaet i landet og slikt, men det var langt lettare å få dei til å fortelje om møtet med Noreg.

Eg er oppteken av at elevane skal lære med hjartet, ikkje berre med hjernen (eitt av mine tallause floskel-mantra), og denne fredagen oppnådde eg akkurat det.

mandag 20. november 2017

Familiedag på Trøndertun

I helga reiste dei to yngste, Bladfyken og eg til Trondheim. Ærendet var familiedagen på Trøndertun folkehøgskule laurdag 18. Eldstejenta kom til hotellet seint fredag kveld, så laurdag var heile familien samla. Vi fekk høyre diverse konsertar på skulen, før vi reiste inn til sentrum. Der åt vi pizza på Peppes pizza nede ved elva, og så slappa vi av på hotellet resten av kvelden. Sidan vi hadde to tremannsrom, fekk også Storegut overnatte. Vi trilla ekstrasenga frå eine rommet over til det andre, så søskenflokken var samla og kunne kose seg saman. Søndag åt vi frukost saman, og så reiste vi sunnmøringane i førevegen heim att. Eldstejenta skulle ta tog til Oslo seinare på dag, så ho gjekk på gudsteneste i Nidarosdomen etter frukost. Storegut fekk òg vere på rommet ei stund til (utsjekkinga var ikkje før klokka 18). Hotellet låg like ved Elgeseter bru, og servicen var utruleg god.

Det var først og fremst kjekt å samle flokken og sjå korleis Storegut har det. Ingen tvil om at han er i sitt rette element! Elles håpar eg at han eller andre i søskenflokken slår seg til med studiar i Trondheim. Det er ein triveleg by.

Mine fire <3 td="">

Bandet "Sølvløk"


Han her <3 td="">


torsdag 16. november 2017

Dagen før avreise

Det er regn og ruskevêr non-stop, og bilen såg ut deretter. I morgon skal vi ut på langtur, så då skitnar vi den enda meir til, men eg tok likevel turen innom bensinstasjonen og fekk vaska bilen i dag. I tillegg fylte eg opp att tanken, slik at vi skal sleppe å tenkje på slikt på ei stund. Både Veslejenta og eg har fri frå skulen i morgon, og derfor bad vi fri Minstemann òg, så vi kan reise om morgonen. Vi ser fram til ei kjekk helg, ikkje minst fordi vi skal få sjå og høyre korleis Storegut har det på folkehøgskulen. 

Bok 85 2017: "Rigels øyne" av Roy Jacobsen

Denne boka er eit framhald av "De usynlige" og "Hvitt hav", og det vert snakka om at det kjem fleire. Slike seriar kan halde fram i det uendelege, viss forfattaren ønskjer, og det er sikker inntektskjelde dersom den første boka har vore populær.

Freden har kome til Barrøy, og Ingrid legg ut på reise for å finne att han som er faren til barnet hennar. Ho framstår som ei sterk og sta kvinne, og ho opplever mykje og møter fleire interessante  menneske på reisa si.

Eg er truleg mindre begeistra for desse bøkene enn eg burde, og eg irriterer meg fordi eg synest dei har for lite fokus på praktiske ting. Til dømes legg Ingrid ut på reise i mange veker, med ein baby, utan at vi får vite korleis ho ordnar seg med bleier og klesvask anna enn ved svært få høve. Kanskje er det ikkje så interessant for forfattaren eller lesarane, men ein får trass alt vite kva dei et på brødskiva, liksom. Eg synest også at Ingrid vert litt for mykje av det gode, når ho eit par gongar utbryt "Jeg blir aldri sliten".

For å seie det enkelt: når det gjeld nordnorske kvinnelagnader, skriv Wassmo betre.

Opning av nye Øyra skule

Ordførar Jørgen klipper snora

Leiar for byggenemnda, Jan Henning, er òg ein partikamerat
Onsdag 15. november var eg invitert på offisiell opning av den nye barneskulen i Volda sentrum. Eg har ikkje vore med på å kjempe den fram, sidan det var førre kommunestyre som tok den kampen, men eg var likevel invitert som kommunepolitikar. Ordføraren fekk klippe snora, men gjorde eit poeng av det same, at det var førre ordførar som eigentleg hadde gjort jobben.

Skulen har vi fått omvising i før, og den er sjølvsagt tipp topp moderne. Feiringa gjekk føre seg i eit rom der det er plass til alle elevar og lærarar, og eit slikt samlingspunkt er sjølvsagt kjekt både for skulen og kulturskulen, som har lokale i tilknyting til skulen. Det var spesielt stor stas at skulen fekk eit flott piano i gåve frå entrepenørane, og vi fekk høyre flott speling på det under feiringa. Noko anna som gjorde inntrykk, var helsinga frå høgskulen, som understreka kor viktig det er for dei som driv lærarutdanning å ha ein ny og moderne skule nesten på campus. Det var dessutan fleire av talarane som gjorde eit poeng av at det aller viktigaste er kva ein fyller skulen med.

tirsdag 14. november 2017

Pappa/Morfar 81

80-årsdagen i fjor vart ein vond dag som enda med sjukehusinnlegging, og det var derfor ekstra kjekt å kunne feire 81-årsdagen til Pappa på ein langt lystigare måte. Minstemann kom over med ferja etter skulen, så kjøpte vi nye vinterskor til han og for deretter til Ørsta for å besøke besteforeldra. Mormora hadde baka tre kaker, så vi slapp å svelte, og bursdagsbarnet sjølv var i ganske fin form - etter forholda.
Novemberjubilantane

Nye vinterskor

søndag 12. november 2017

Korpsbasar i Syvde

I dag var det lokale korpset i Syvde for å øve saman med skulekorpset der, før dei heldt felles basar etterpå i eit fullstappa samfunnshus. Så vart det altså korpsmusikk og åresal denne søndagen òg, og relativt langt å køyre. Bladfyken og eg fekk oss middag hos familien hans der, men det vart no meir som ein snarvisitt.
Folkestad/Tonika

Begge korpsa saman

lørdag 11. november 2017

Gleda over dei små ting

Fredag hadde eg inga undervisning, og det vart derfor ein lang lesedag. Pensum er overveldande, og eg slit litt med å halde konsentrasjonen oppe. Motivasjonen steig då eg seint om ettermiddagen oppdaga at arbeidskravet mitt i statistikk var godkjent, og at eg dermed kan gå opp til eksamen 1. desember. Det er kanskje ikkje noko stor bragd objektivt sett, men reint subjektivt har det kosta mykje av hardt arbeid og aktiv nedbryting av dårleg sjølvtillit på området. Ikkje minst er eg overraska over at eg klarte meg så godt utan anna hjelp enn nokre faglege diskusjonar med medstudentane. Eg har rekna kvar ei oppgåve sjølv, og det er eg stolt av.

fredag 10. november 2017

Bok 84 2017: "Svenske gummistøvler" av Henning Mankell

"Svenske gummistøvler" er ei frittståande bok, seier forlaget, men eg vil anbefale alle å lese "Italienske sko" først. Vi møter nemleg dei same personane att, pluss nokre fleire. Boka startar med at huset til eg-personen Fredrik brenn ned. Det vert snart klart at det er blitt tent på, og boka får dermed eit slags mysterium som gjer den spennande å lese. I tillegg er Fredrik blitt ti år eldre, og det skjer ting i livet hans som gjer at han står ved eit vegskilje.

Eg likte boka godt, sjølv om det ikkje vart så mykje av ein kriminalroman som eg på eit tidpunkt håpa på.

mandag 6. november 2017

Bok 83 2017: "Snille hunder kommer ikke til Sydpolen" av Hans-Olav Thyvold

Ei gamal kvinne blir enke, og ho begynner å drikke for mykje. Sonen er ute etter å skaffe henne heimehjelp, medan den dominerande svigerdottera vil overta huset hennar. Ikkje så komisk kanskje, men så er det det at historia er fortald av hunden Tassen, som har si eiga oppfatting av det som skjer rundt han. Parallelt med handlinga les den gamle kvinna om hundar på sydpolekspedisjon, noko som får ei slags tyding i handlinga. 

Det er ei hjarteskjerande historie om alderdom, einsemd og sorg, men den er frykteleg morosamt skrive. Ei bok til både å le og gråte av, spesielt viss ein er glad i hundar.

Basarsøndag


Korpset arrangerte basar, og som "korpsmamma" var eg sjølvsagt til stades med opa lommebok. I tillegg til korpsmusikk fekk vi òg høyre song ved kor og lokale born, og treblåsaspirantane spelte òg nokre nummer. Det vart ein inntektsbringane ettermiddag, og konklusjonen er at ein må spikke fleire årar.

torsdag 2. november 2017

Operasjon dagsverk

I dag skulle det vere Operasjon dagsverk, der elevane arbeider ein dag for å samle inn pengar til ungdom i andre land. Årets aksjon handla om Nigeria, og eg tilbaud Veslejenta å arbeide heime medan eg var på jobb.

Siste to kveldane hadde eg sete pal med arbeidskravet mitt, som skal leverast måndag innan klokka 14. Det har vore eit slit, og eg er slett ikkje sikker på om det vert godkjent, men i dag fekk eg i alle fall levert svaret mitt. Eg er noko lei av både z-skårer, korrelasjonskoeffisientar og konfidensintervall, men læringskurva har vore så bratt at den umogleg let seg rekne ut.


Elles brukte vi arbeidsdagen utan elevar til diverse møte, og eg fekk skrive ut nokre prøver som skal rettast i løpet av næraste framtid. Det blir nokre hektiske veker fram mot eksamen og jul, men så blir det desto kjekkare å få det unnagjort.

Vel heime etter jobb og henting av Minstemann kom vi til duk og dekka bord, ferdig middag og ryddig og reint hus. Veslejenta hadde til og med fått tid å gå tur med Charlie, så det må eg seie var ein effektiv dag.

onsdag 1. november 2017

Bok 82 2017: "Italienske sko" av Henning Mankell

Mankell vart først og fremst kjend for kriminalbøkene sine, som eg har lese dei fleste av - og likt. Denne boka er ikkje ei kriminalbok, men ei bok om einsemd, sjukdom, tilgjeving og sorg. Det høyrest dystert ut, og det er det for det meste òg, sjølv om boka òg gir ein del ettertanke. Grunntonen er melankolsk, slik emnet tilseier.

Ein mann lever aleine på ei øy. Han har tidlegare arbeidd som lege, men har slutta på grunn av ein grusom feil han har gjort i yrket sitt. Han blir oppsøkt av ei kvinne han har svike ein gong i fortida, og som aldri kom over det sviket. Spørsmålet er om det er mogleg å tilgi, og om det er mogleg å gå vidare i livet etter opprivande hendingar.

Eg likte boka godt, men den var noko dyster og melankolsk. Det er ikkje alltid ein er i modus for denslags.