fredag 25. februar 2022

Bok 9 2022: "Ulykkesfuglen" av Camilla Läckberg



Ei kvinne køyrer utfor vegen og døyr etter å ha krangla med kjærasten. Undersøkingane etterpå viser ein svært høg promille, noko som er mistenkjeleg, med tanke på at kvinna aldri rørte alkohol. Politiet finn fleire slike merkelege dødsfall i andre delar av landet, og spørsmålet er kva samanhengen kan vere. 

Denne boka var litt på grensa til å bli parodisk mot slutten, etter min smak.

Bok 8 2022: "Steinhuggeren" av Camilla Läckberg

Ei jente vert funnen av ein hummarfiskar, og ein trur førsta at ho må ha drukna. Parallellhistoria denne gongen handlar om ei bortskjemd jente som opplever mykje drama i livet sitt. Først mot slutten av boka ser vi samanhengen mellom desse forteljingane.

Bok 7 2022: "Predikanten" av Camilla Läckberg

Mysteriet i denne boka dreier seg rundt funnet av ei død kvinne. Då politiet skal ta seg av liket, finn dei beinrestar av to andre døde kvinner på same stad. Restane viser seg å vere frå to kvinner som forsvann sporlaust i området i 1979. Ein mann som då var mistenkt for å ha drepe dei, tok livet av seg. Hendingane frå fortida må kome fram før ein får løyst gåta.

Eg likte denne boka òg, sjølv om løysinga var noko føreseieleg og lite realistisk.

Bok 6 2022: "Isprinsessen" av Camilla Läckberg

Eg har levd i den trua at eg har lese alle bøker av Camilla Läckberg, men på bloggen fann eg berre at eg hadde lese éi, og det var lenge sidan. Dermed fann eg ein ny serie eg kunne kose meg med, noko eg sette stor pris på. 

Läckberg sine krimbøker har handlinga lagd til den svenske vestkysten, og ein følgjer livet ved den lokale politistasjonen og det personlege livet til forfattaren Erica Falck. I denne første boka er det barndomsvenninna hennar som vert funnen død. For å løyse gåta må ein langt tilbake i tid for å nøste opp gamle mysterium og løyndomar.

Eg likte denne boka godt, spesielt fordi handlinga utanfor kriminalgåta er såpass interessant.

søndag 20. februar 2022

Bok 5 2022: "Ingen kan hjelpe meg-" av Ingvar Ambjørnsen


Sidan eg var så glad i Ellingbøkene då dei kom på 90-talet, held eg fram med å lese om Elling no når Ambjørnsen har valt å børste støv av han. I førre bok var Elling oppteken av sosiale medium, men i denne boka gir han seg ut for å vere ein slags litteraturkritikar som skal lose lesaren gjennom ei bok som han etter kvart vert støtt av. Eg er ikkje akkurat imponert av desse nyare bøkene, men ein må liksom sjå korleis det går med Elling. 

Bok 4 2022: "Beretninger om beskyttelse" av Erik Fosnes Hansen


Dette er ei veldig fin, men noko komplisert bok, då den inneheld fleire forteljingar som ikkje utan vidare heng saman. Dei er derimot svært gode, og ein ventar og leitar etter samanhengane medan ein les. Når ein les om romanen på nett, står det at det er den første av to samanhengande romanar, men eg finn ikkje noko om den andre. Eg skulle gjerne ha lese meir av det same.

Bok 3 2022: "Gul bok" av Zeshan Shakar


Dette er ei svært god bok om ungdomar med innvandrarbakgrunn i oppvekst- og etableringsfasen. Hovudpersonen slit med ansvar på heimebane, ein kjærast som er meir materielt interessert og starten på ein karriere i regjeringskvartalet. Sidan handlinga er lagd til året 2011, får ein òg lese om 22. juli.

Bok 2 2022: "Hekneveven" av Lars Mytting


Denne boka er eit framhald av "Søsterklokkene", som var ei bok eg likte svært godt. I denne boka følgjer vi sonen til Astrid Hekne, som bur på ein husmannsplass og er utestengd frå hovudgarden til slekta. Soknepresten er òg framleis med i forteljinga. Mykje av boka er veldig interessant, som moderniseringa av bygda, men noko er òg svært melodramatisk og lite sannsynleg. I sum vil eg seie at eg likte boka svært godt, om enn ikkje så godt som den første.

Bok 1 2022: "Munken som solgte sin Ferrari" av Robin S. Sharma


Ein suksessrik advokat kollapsar i rettssalen. Tre år seinare møter han att ein kollega, og det er denne som fortel om kor ung og sunn advokaten ser ut. Ein får òg lese samtalane mellom desse to, og då fortel advokaten om korleis han endra livet etter eit opphald i Himalaya. Eg synest det er mykje tull og vas i denne filosofiane, som til dømes at ein berre skal gjere det ein har lyst til. Likevel var her nokre tankar som var verde å ta med seg som inspirasjon.

Genser nummer 25: "Villmarksgenser" til Veslejenta

Etter eige ønske fekk også Veslejenta Villmarksgenser. Fargane og garnet er om lag det same som i den eg strikka til Eldstejenta, bortsett frå at hovudfargen er raudbrun. Charlie var overlukkeleg då Veslejenta kom heim nokre dagar!


Morsdag 2022

Veslejenta kom heim i høve musikalen veka etter, og dermed var vi tre generasjonar på middagsdate på morsdag i år. 

Genser nummer 24: "Hvammur" til Svensken


Kjærasten til Eldstejenta la att ein genser her heime då han var her i jula, noko som gav meg idéen til å strikke ein genser til han. Til botnfarge valde eg same farge som til Eldstejenta, men i "Troll" frå Hillesvåg. Mønsterfargane var ein miks av "Blåne" og "Troll", i same fargane som til Eldstejenta. Eldstejenta og eg tenkte ut denne overraskinga, og til mi store glede var genseren passeleg. Eg trur han vart glad òg. 

Eg vart ferdig med denne genseren i tide til at eg faktisk strikka 24 genserar i løpet av eit år, etter ikkje å ha strikka noko sidan tidleg 80-tal (bortsett frå ein dukkegenser på tidleg 90-tal). Eg skal ikkje halde det same tempoet i år to, og eg trur ikkje eg skal strikke med så tjukke pinnar og så tjukt garn, for det tek meir på armane enn lettare plagg.

Genser nummer 23: "Villmarksgenser" til Eldstejenta

 Denne strikka eg til Eldstejenta etter hennar eige val av fargar og modell. Garnet er mest "Blåne" frå Hillesvåg, men den kvite fargen er "Troll". Det går fort å strikke på pinnar nummer 6 i minste storleik!