tirsdag 31. juli 2018

Hagedag






Sist veke har eg saga vekk ein del greiner av thujaen, slik at ein lettare skulle kome til med større reiskap. Måndag vart den store sagedagen, då journalisten saga ned heile thujarødet. Det var relativt fort gjort å flle stammane, men mykje etterarbeid med å sortere greinene, kviste og rydde. Eg tok meg av kverninga, og fekk gjort unna mykje. Det er meir att.

mandag 30. juli 2018

Bok 55 2018: "Bienes historie" av Maja Lunde

Denne boka inneheld tre forteljingar frå fortid, notid og framtid, og sentralt i alle historiene er biene sin funksjon i naturen og korleis ein skal handsame desse viktige vesena. I framtida har biene forsvunne, og dette har ført til matmangel og store problem med matproduksjon. Menneska er i stor grad opptekne med pollinering, i og med at dette ikkje skjer på ein meir naturleg måte. 

Boka har fått mykje merksemd, noko som kan føre til større merksemd også på det problemet eit einsidig jordbruk og klimaendringar kan få for framtida. Boka er pessimistisk, men inneheld òg håp om at kunnskap kan føre til endringar.

Eg låg i hagen og las denne boka, medan eg høyrde på ein flokk summande vesen som har bygd bol under rafta. I beda summar humler, og alle summande vesen er velkomne her hos oss - spesielt etter at eg har lese denne boka.

fredag 27. juli 2018

Hundedagar

Det er ikkje greitt å vere hund når gradestokken bikkar 30. I hagen er det heitt midt på dag, og eg plar gå meg ein tur rundt klokka 16, då her er på det varmaste. I dag ville Charlie ikkje vere med, og han la seg ned fleire gonger i løpet av turen. Vi gjekk inn til Kile, der vi vassa litt i vatnet, men elles var det lite futt i oss i dag. Charlie låg i skuggen og ville ikkje ete, berre drikke vatn. Eg hadde det i grunnen slik sjølv òg.

Etter solnedgang, som er relativt tidleg, fekk vi både futten og appetitten attende.

Bok 54 2018: "Tiranas hjerte" av Pajtim Statovci

I denne boka møter vi ein ung mann som rømmer frå Albania til Italia, og vidare til Spania, Tyskland, USA og Finland. Mannen manglar nasjonal identitet, og han tek avstand frå fortida si og fortel løgner om opphavet sitt. Han er òg usikker på kjønn og legning. Danningsreisa er ispedd forteljingar frå Albania, og til saman vert dette ei glimrande bok som stiller spørjeteikn ved kva identitet og kjønn er. Dette er ei av dei beste bøkene eg har lese på lenge.

Bok 53 2018: "Den undejordiske jernbanen" av Colson Whitehead

I denne boka vert flukta til svarte slavar i USA tidleg på 1800-talet skildra. Det er ein mørk del av historia som er viktig å minnast. Boka har sterkt innhald, og ein får innsyn i korleis slavane vart behandla av dei kvite eigarane. Forfattaren fekk Pulitzerprisen for boka i 2017.

tirsdag 24. juli 2018

Bok 52 2018: "Macbeth" av Jo Nesbø

Eg er ingen stor fan av Jo Nesbø sine bøker, men er derimot svært glad i Shakespeares drama. Derfor var eg nysgjerrig på denne romanen, der Nesbø skulle skrive ein kriminalroman basert på eit valfritt stykke av Shakespeare, etter det eg har forstått. 

Noko av det som kjenneteiknar stykket, er at Macbeth blir spådd ei framtid med mykje makt, og at han har ei dominerande kone som hjelper seg i kampen for å tilrane seg makt på brutalt vis. I tekstane til Shakespeare er ambisjonar noko svært negativt, noko som har samanheng med den maktkampen som gjekk føre seg i den tida då Shakespeare levde.

Nesbø sin roman inneheld mykje som minner om stykket. Eg sleit med å skjøne heilt kvar og kva tid handlinga gjekk føre seg, men det var truleg meininga òg. Boka fall ikkje heilt i smak, bortsett frå at eg likte slutten, og eg må innrømme at eg las den mest for å sjå korleis det originale stykket vart brukt i ein slik tekst. For å seie det slik: eg ville heller ha lese stykket ein gong til.

Bok 51 2018: "Kivien kaller" av Sarah Lark

Dette er tredje boka i serien om New Zealand, og handlinga er lagt til tida rundt første verdskrig. Nokre av personane reiser i krigen og deltek i slaget på Gallipolli, noko det er interessant å lese om. Det mest sentrale og gripande i boka er derimot forteljinga om Gloria, som blir send til England på kostskule og deretter blir med foreldra på turné og rømmer for å kome attende til New Zealand.

Bokserien er full av drama, for ikkje å seie melodrama, og her er mange usannsynlege tilfeldigheiter og mykje romantikk. Likevel har bøkene ein viss verdi fordi dei òg skildrar fornuftsekteskap, homofile sine problem med å vere ein del av samfunnet, kvinner sine rettar og problem med å fungere i arbeidslivet og problematikken rundt det å vere arving. Nokre personar er for gode til å vere sanne, og dei blir ofte stereotypisk framstilte med uregjerleg raudt hår og azurblå auge, til dømes. Andre karakterar er langt meir komplekse, og det gjer det òg meir interessant å lese.

Eg anbefaler serien på det varmaste, sjølv om det tek si tid å lese den.

mandag 23. juli 2018

Ny veke, nye prosjekt

Det har vore stillstand i hagen sidan torsdag på grunn av Malakoff, og i dag var det meldt regn ut på ettermiddagen. Det var mykje eg burde gjere, og eg klipte først plenen på oppsida av huset. Deretter kasta meg over beda og luka dei nokolunde - men eg gjekk lei midt i storebedet. Det vart liksom litt stilleståande arbeid. Eg hadde på litt mold og rosegjødsel i og med at det var meldt regn.

Ein thuja (?) på nedsida av huset har irritert meg i lengre tid. Den har blitt så stor at den hindrar utsikt frå kjøkenglaset, og den kastar skugge over delar av eigedomen mykje av dagen. Eg trudde først det skulle vere ei smal sak å sage den ned, men der er fleire stammar og mange greiner i vegen. Det nye prosjektet vart derfor å sage av greiner med handsag, slik at ein skal nå inn til stammane med ei større sag. Det var ikkje så tungt som å sage mispel, så eg fekk unna ein heil del utan problem.

Ei kollegavenninne kom innom akkurat då eg burde ta kaffipause, så vi fekk oss ein lang og hyggeleg prat. I tillegg fekk eg ein flott goodybag med diverse reisetoalettsaker og godsaker, så no fekk eg lyst ut på tur. Eg har ikkje lagt planar for resten av ferien, anna enn at eg hadde tenkt å skrive på masteren min, men det kan no bli helgaturar og haustferietur før ein anar det.

Etter at ho reiste, kverna eg mesteparten av dei greinene eg hadde saga av. Det begynte å regne til slutt, og då var det i grunnen på tide å gi seg. Eg hadde gløymt å ete på ti timar, til dømes, så eg var nær ved å besvime.

No har det regna mykje, og det er fare for mastervêr i morgon.
Før

Etter

Goodybag

søndag 22. juli 2018

22. juli 2018

Det har gått sju år, men minna heng i. Ein gjer seg tankar om behandlinga ofra, og om kvar tankane frå rosetogtida vart av. Haldningane til gjerningsmannen har no blitt meir synlege i sosiale media, og politikarar vert skulda for å "drage 22. juli-kortet" dersom dei påpeikar samanhengen mellom haldningar og handlingar.

Eg har gjort det til min personlege markeringstradisjon å plante roser 22. juli. Så også i år. Plantasjen har brukt å selje roser til "3 for prisen av 2", så planen var å kjøpe tre rosebusker av ulike slag. Så viste det seg at dei i år hadde roser til halv pris i staden, men eg enda likevel opp med tre ulike sortar. To av dei var veldig fine, i ulike rosanyansar, men eg syntest eg måtte kjøpe ei raud òg, i høve dagen.




"Allotria", planta tidlegare i sommar

Malakoff dag 3

Denne dagen hadde eg sett fram til konserten med Wolfmother, men den begynte såpass seint at eg helst ville vente med å reise så det ikkje vart så lenge å vente. Eg køyrde derfor Minstemann til Eid tidleg på ettermiddagen, så han fekk henge litt på festivalområdet saman med kompisar.

Eg fekk med meg dei to gode konsertane med Gluecifer og Wolfmother, og spesielt den sistnemnde innfridde. God, gamaldags rock med fire menn som spelte på scenen - det er ofte ikkje meir som skal til,

Gluecifer

Wolfmother

lørdag 21. juli 2018

Malakoff dag 2


Fredagen vart ein svært variert dag på festivalen. Vi valde ut nokre av konsertane, for å få med seg alt vert i meste laget, og Bladfyken og eg enda opp med å sjå Vazelina Bilopphøggers (gamle menn spelar gamal musikk og fortel gamle vitsar), Side Brok & Sirkel Sag (lokalpatriotisme), Satyricon, Gabrielle og Ghost. Det absolutte høgdepunktet var Ghost, som hadde eit spektakulært show og god musikk. Problemet med konsertar er at ein går lei av at artistane spelar den same sjangeren om att og om att, men Ghost var langt meir varierte musikalsk I tillegg var dei i rolle heile tida, ikkje som Satyricon, som gjekk rett frå å vere veldig tøffe medan dei spelte til å seie "tusen takk, dette betyr så mye for meg". Det vart nesten litt komisk. Likevel var det gripande då dei fortalde at dei hadde spelt på Malakoff i 2011, og at det var kjekt å kome attende i hyggelegare stemning.

Sirkel Sag


Satyricon


Ghost

fredag 20. juli 2018

Malakoff dag 1

Torsdag begynte rockefestivalen på Eid, og eg tok med Bladfyken og Minstemann på tur. Opningskonserten med Honningbarna var spektakulær, og dei har eit utruleg sceneshow. Det vart ein del stagediving, også med instrument (til og med cello), publikum fekk kome på scenen, det vart klatra i master og kasta instrument. Musikalsk var det òg veldig tøft, sjølv om det er vanskeleg å oppfatte tekstane deira.

Siste konsert første dag var med Gåte, og det hadde eg forventa var bra. Eg plar bruke "Bendik og Årolilja" i norskundervisninga, mellom anna, så eg har høyrt ein del på dei før. Konserten overgjekk forventningane mine med mange hakk - det var berre utruleg spektakulært og bra!

Honningbarna

Gåte

Torevêr

Det har vore tidenes vakraste sommar så langt, men det er frykteleg tørt i naturen. Det var derfor svært kjærkome at det skulle kome torden og regn på onsdag, og eg hadde benka meg på verandaen saman med Charlie for å nyte hendinga. Det braka godt ei stund, og det ausa ned såpass lenge at ein fekk vatna, men ikkje meir heller. Det var meir som ein forfriskande dusj, og så var det på an igjen med sol og finevêr. Det er berre utruleg, og i år synest eg at eg har vore heldig med yrkesvalet mitt!
Charlie brydde seg ikkje om lydane, men gjekk inn då regnet kom



Utsikt

Nok ei nyvinning



Etter at me fekk nye naboar, har Charlie hatt ein lei tendens til å stikke av bort til dei for å helse på hunden deira. Tysdag fekk eg pakke i posten med ei line som me kan feste han i ute i hagen når me til dømes solar oss eller lukar i bed. Gutane monterte lina i bakhagen tysdag kveld, og onsdag skulle den takast i bruk. No viser det seg at han er litt redd heile lina, så han sit musestille for å unngå lyden som kjem når han flyttar på seg. Her må det noko tilvenning til!

onsdag 18. juli 2018

Bok 50 2018: "Maorienes sang" av Sarah Lark

Etter å ha gjeve opp ventinga på lydbokversjonen av denne og den tredje boka i trilogien, har eg no lese papirutgåva. Det irriterer meg stort at ein ikkje les inn heile serien, og eg las om att den første boka for noko sidan for å friske opp minnet.

I denne andre boka frå New Zealand på 1800-talet møter vi fleire av etterkomarane etter dei unge kvinnene som i første boka reiste over havet for å få eit nytt liv i kolonien. Mest sentralt står Elaine og Kura, som i tillegg til å vere kusiner også vert rivalinner. Som unge jenter vel dei å gifte seg - men med kva utgangspunkt for å lukkast og å oppnå det dei drøymer om?

Mykje av romanen er på kioskromannivå, men det er artig å følgje slektene og å lese om livet på New Zealand. 700 sider er mykje, men med rette feriemodusen går det heilt fint.

søndag 15. juli 2018

Bok 49 2018: "Italiensk reise - den håplause jakta på ei sjel" av Øystein Orten

Svoger Øystein har arbeidd med dette bokprosjektet i fleire år, så det var ei fryd endeleg å få boka i hende. Eg har kosa meg med lesinga over lengre tid, for eg ville ikkje "sluke" denne boka som eg gjer med diverse romanar. Dette er nemleg ei bok som krev litt meir av lesaren, då den inneheld mykje informasjon om stader, bøker og filmar som er knytt til reiser forfattaren har vore på.

Både prosjektet og produktet er beundringsverdig og interessant, og eg må innrømme at eg fekk lyst til å legge ut på reise eg òg - ikkje berre gjennom bok, men òg i det verkelege livet.

fredag 13. juli 2018

Ørstatur og nytt innkjøp

I dag tok vi turen til Ørsta, der broren min med familie er på besøk. I tillegg fekk eg henta det nye leiketøyet vårt, delvis finansiert av gåvekort frå fylkeskommunen. Vi fekk berre testa det litt då vi kom heim, sidan det var så seint, men i morgon er det fare for ein del støy.

torsdag 12. juli 2018

Meir hageprat

Onsdag tok eg meg ein snartur til tettbygde strok for å kjøpe motorsag og kompostkvern. Sistnemnde hadde dei ikkje på lager, så det vart eigentleg meir som ein bomtur, bortsett frå ærenda eg hadde på biblioteket, apoteket og matbutikken. Dermed vart det meir kutting av greiner på mispelrødet då eg kom heim, og den noko skuffa drengen, som hadde sett fram til kverning av greiner, fekk klippe plen i staden. Han klipte noko meir enn vanleg på oppsida av huset, der målet er å kunne klippe heile området med plenklippar etter kvart. Planane er større enn arbeidsinnsatsen så langt.

I dag, torsdag, sette både drengen og eg i gang med greinkutting. Vêret var noko kaldare og meir skya, så det var mindre ubehageleg å jobbe enn det har vore før. Då me gav oss, hadde me fått nok greiner til å halde kompostkverna gåande i lang tid. No får me berre håpe den kjem som avtala, i morgon.

Denne rosa stod her før vi kom i hus


Heile gjesteparkeringsplassen er full av greiner

Nesten all mispelen er fjerna no, med handemakt. Langt meir og tyngre arbeid enn ein skulle tru

Bok 48 2018: "Paradisbakken" av Marit Reiersgård

Liket av ei ung jente vart funne i 1989, og politiet skal gjere eit siste forsøk på å løyse gåta like før saka vert forelda. Då vert liket av ei av venninnene hennar frå den gongen funne dandert på om lag same måte som den første jenta låg då ho vart funnen. Kva er samanhengen, og kven står bak?

Dette er den tredje kriminalromanen av Reiersgård eg hadde liggande, og den skuffa ikkje.

onsdag 11. juli 2018

Bok 47 2018: "Begynnelser" av Carl Frode Tiller

I denne boka møter vi Terje, som ligg i ei sjukeseng. I rommet er også mora og systera, og tonen mellom dei er noko anstrengt. Komposisjonen i romanen er slik at den går baklengs gjennom livet til Terje, slik at ein får gradvis innblikk i korleis livet hans, og ikkje minst familielivet, har blitt utvikla. Parallelt med historia om menneske som ikkje klarer å vere snille mot kvarandre, og overdriven bruk av alkohol, har Terje utvikla ei interesse for miljøvern og vern av trua artar.

Boka er noko av det mest gripande eg har lese på lenge, og komposisjonen er med på å gjere den veldig spennande. Likevel ergrar det meg at språket ikkje held seg til vanleg nynorsk rettskriving.

mandag 9. juli 2018

Og elles...

I dag kom eg brått på at eg er student

Heidelberg (eg har to)

New dawn 

Sandefjord

Gärtnerfreude (eg har to)

Denne planta eg i fjor. Namnet er Mandarin.

Desse visste eg ikkje at eg hadde planta!

Prosjektet på måndag

Før start i dag

Etter nokre timars arbeid

Annan vinkel

søndag 8. juli 2018

Familietreff på Hareid

I dag tok vi med oss eit par kaker og reiste til Hareid, der vi fekk deilig middag og mykje god prat. Mormora vart henta av Nevø 3, og det var heile seks heimeverande ungar til stades. Systa har blogga om mat og borddekking, så eg legg berre inn det fine biletet av Veslejenta, som fekk ny strikkagensar av tanta til forseinka bursdagsgåve. Fargane passa perfekt!