onsdag 29. juli 2026
6. hundedag: Lisjedalen
Denne dagen ville eg gå i fred, og då passa det godt å gå i Lisjedalen, der det verken var folk eller beitedyr. Eg gjekk først på eine sida av vatnet, og deretter gjekk eg på den andre. Det står att eit myrlendt område der stien ikkje viser, og det burde eg ha funne ut av, og eventuelt merka stien der. Bjarne gjekk rett i burdet då han kom heim - det er sikkert slitsamt å gå i djup lyng med dei korte beina hans.
5. hundedag: Folkestadsetra
Måndagen regna det utan stans, så då vart det ikkje nokon tur. Hundane, og då spesielt vesle Bjarne, e ikkje så begeistra for regn og kulde. Det vart leik i hagen i staden.
Tysdag, derimot, var det nokså lettskya og for det meste opphaldsvêr, eller "finevêr", som vi kallar det denne sommaren. Eg var aleine, sidan Bladfyken var ferdig med ferien sin, og eg pakka hundar og band inn i bilen og køyrde mot Folkestad. Eg var usikker på kvar eg skulle gå, men enda opp med å parkere ved bommen og gå opp på setra. Planen var å gå rundt vatnet, men det vart til at vi gjekk til enden av vatnet og snudde ved grinda. Der låg det ein flokk kyr og venta på oss, og det orka eg ikkje. Vi hadde allereie gått forbi to kuflokkar, nokre sauer og fleire turistar, og det var slitsamt med fire nysgjerrige (og delvis bråkete) hundar. Eg trur eg skal vente til kyrne er borte frå setra før eg går der att, i alle fall viss eg har alle hundane med.
søndag 26. juli 2026
3. hundedag: Naustdalskamben
Etter søking på nett fann vi ut at vi skulle gå på Naustdalskamben i dag. Dagsturhytta der var vist på 71 grader nord, og eg tenkjer at dagsturhytter vil ligge i enden av ein godt merka sti og vere ein fin stad å nyte utsikta uansett vêr.
Turten starta ved eit industriområde i nærleiken av Remmedalen/Hjelmelandsdalen ein stad, og den var verkeleg godt merka. Vi gjekk på sti, grusveg og traktorveg før vi kom til sti att. Den gjekk bratt og var til tider sleip og glatt, men vi kom oss opp, trass fire hundar og ein udugeleg arm. Dei einaste store problema vi opplevde, var då vi møtte hundar, noko som skjedde to gonger. Eg trua med å melde heile kvartetten på "Fra Bølle til Bestevenn". Det vafrt for langt å gå for vesle Bjarne, så han måtte sitje i sekken over halve turen. Han var likevel temmeleg sliten då vi kom attende til bilen.
Fordelen med å gå såpass lange turar, er at ein får ein fredeleg kveld.
2. hundedag: Lisjebøvatnet
Denne dagen var det kald vind og litt regn. Bladfyken og eg tok med hundane til Litlebøvatnet i Dalsbygda, og der gjekk vi utover ein traktorveg. Utsikta var fin og vi kunne godt ha gått lengre, men vêret var ufyseleg.
fredag 24. juli 2026
Hundedagar (dag 1 av 16): Geildalen
Sidan Veslejenta passa hundane mine medan eg var på Madeira og i Solund, er det berre rett og rimeleg at eg passar hennar to når ho reiser vekk i to veker. Offisielt starta hundedagane i går, men her begynte dei i dag tidleg. Eg brukte litt tid på å finne ut av korleis eg skal gjere ting, men så kom vi oss ut på tur. Eg køyrde til skogsvegen på Bjørneset, der eg tenkte vi ikkje kom til å møte så mange. Vi møtte ingen, og det var eigentleg greitt. Eg hadde to av hundane festa til belte rundt midja, og i tillegg ein i kvar hand. Det gjekk veldig greitt, og vi gjekk oss ein relativt lang tur med ein avstikkar inn i skogen. Det skal litt til før dei finn roa, men akkurat no har vi det fredeleg. Det kan hende eg må tilbringe natta i godstolen, men det har eg gjort før.
onsdag 22. juli 2026
Sommarferiebesøk
Dei vaksne ungane kom heim på besøk, og det vart nokre kjekke dagar med tur, båttur og brettspel, blant anna. I tillegg fekk eg hjelp til innkjøp og bilreparasjon før turen til Solund.
fredag 3. juli 2026
Hagehundar
Gjengen kosar seg saman når dei er samla. I sommar blir dei mykje samla då Veslejenta og eg skal skifte på å passe dei medan den andre er på ferie.
Løndalen
Pinsedag gjekk vi tur i Løndalen på Folkestad. På veg attende til bilen møtte vi Veslejenta med mann, svigerforeldre og hundar, og vi fekk helse på vesle Bjarne. Hundane sprang mykje rundt, men veslekvelpen var våt og kald, stakkars. Han er ein tøff type som veks fort, og dei kraftige labbane vitnar om at han kan bli stor.
lørdag 16. mai 2026
Folkestadsetra
15. mai var ein inneklemd fredag. Veslejenta og Svigerson skulle på besøk for å sjå sin nye kvelp, og eg sa eg kunne passe Albert så lenge. Dei skulle reise tidleg på dag, og allereie klokka 10 henta eg Albert og gjekk tur med alle tre hundane. Når ein går frå parkeringsplassen nede ved bommen får ein ekstra trim, og denne dagen hadde eg rikeleg tid til å rusle opp bakken, rundt vatnet og ned att. Inkludert fotoshoot i enden av vatnet tok turen om lag to timar, så vi fekk rikeleg trim og frisk luft. Resten av dagen kosa vi oss heime med leik i hagen og kvile på verandaen og inne. Albert vart henta seint på kveld, og han skjøna lite av kva som hadde skjedd, trur eg. På måndag har han bursdag, og då får han ein liten bror i presang.
søndag 1. februar 2026
Gjengen samla
Førre helg passa eg "barnebarnet" Albert, og gjengen fekk herje på heile helga. Det var nydeleg vintervêr, og laurdag fekk vi gå tur i strålande sol.
mandag 25. august 2025
Søndagsbesøk
Laurdag ettermiddag sende Veslejenta melding og lurte på om det var slik at dei skulle få kome på søndagsmiddag hos meg. Det hadde eg ikkje handla inn til, så då inviterte ho meg på søndagsmiddag i staden. Ho og kjærasten har leigd eit heilt hus, og dei har hatt ein enorm jobb med å male og flytte inn. Resultatet er veldig bra, og utsikta fantastisk! Middagen var "Marry me Chicken", som er ein rett eg berre har sett oppskrifta til før, men som var fantastisk smakfull og god! No har eg invitert dei m.fl. på søndagsmiddag hos meg komande søndag, så får vi sjå om eg kjem på noko godt eg kan lage. Dette var ein kjekk, ny tradisjon!
lørdag 19. juli 2025
Brundalen revisited
Eldstejenta kom og var her nokre dagar, og sidan det var nydeleg vêr gjekk vi oss ein tur i Brundalen. Der bada jentene med dei to unghundane, for Charlie fekk vere att heime. Eg vassa ein del, og vatnet var veldig lunka. Brundalen og setrevatnet der var barndomen deira sitt paradis, og det er noko heilt spesielt med staden.
mandag 21. april 2025
Teppe til Albert
Etter å ha sett litt på bloggen ser det ut til at eg ikkje har lagt ut bilete av eit babyteppe eg gav sonen til niesa mi i haust, og eg finn ikkje bilete av det på telefonen heller. Eg har uansett strikka eit tredje teppe - denne gongen til hunden Albert. Han har lite underull og tynn pels, så han er ofte frostig og vil gjerne ligge på fanget mitt når eg strikkar. Eg har derfor brukt noko restegarn til å strikke eit teppe til han, og det skal lukte "bestemor" så han slepp å sakne meg når han er andre stader.
fredag 21. mars 2025
14. mars: tur til Bremanger
Eg har ikkje så mange fri-fredagar, men denne gongen klaffa det med at Bladfyken også hadde fri, og vêret var fint. Sidan Veslejenta skriv master, enda det med at Bladfyken og eg for på tur saman med små-hundane, medan Charlie og Veslejenta vart att heime. Vi køyrde til Måløy og tok ferja til Oldeide, og derifrå køyrde vi til Grotlesanden. Der var utruleg fint, og eg kan godt tenkje meg å reise attende dit. Ved den gamle kyrkjegarden på Grotle kom vi i snakk med ein lokal bonde, og han kunne fortelje oss mykje om turmoglegheiter i nærleiken, om krigen og om orkanen Dagmar. Det vart ei bonuoppleving. Etter kvart køyrde vi til Kalvåg, der eg ikkje hadde vore før. Ingen kaféar var opne, dessverre, så også dit vil eg gjerne attende i sesongen. Det er mykje dårlege vegar på Bremangerlandet, så vi enda med å ta ferja til Måløy på heimvegen òg, sjølv om vi eigentleg skulle køyre til Isane. Frå Måløy er det autostrada inn til Eid, og då er det kjekkare å slappe av og prate. På Eid stoppa vi og handla med oss pizza heim til studenten.
Vinterferien 2025
I veke 8 hadde vi fri, og Eldstejenta hadde ferie samtidig. Ho kom midt i veke 7, slik at nokre av oss fekk gått på musikalen til musikklinja på skulen der eg jobbar. Det var som vanleg veldig kjekt og imponerande. Elles gjekk dagane med til turgåing og matlaging, litt besøk og mange gode samtalar. Det vart ikkje tatt så mange bilete, men det var nydeleg vêr nesten heile ferien, og då regnet kom kunne eg rette unna det arbeidet eg hadde tatt med heim i ferien.
søndag 12. januar 2025
Søndagstur på Bjørkedalen etter første veke på jobb i 2025
Første jobbveke etter jul var passeleg travel når det gjaldt jobb, og det var ingen politiske møte eller andre aktivitetar i fristida, bortsett frå at vi jobba inn ein planleggingsdag ved å jobbe til 18.30 på måndagen. Pangstart, med andre ord. Det store stresset vart at bilen fuska veldig med å starte, og torsdag og fredag måtte Veslejenta køyre meg til ferjekaia om morgonen og hente meg der om ettermiddagen. På hi sida vart det delvis skyss, og delvis gjekk eg til og frå kaia. Fredag etter jobb køyrde vi til Eid for å kjøpe startkablar og diverse, og laurdag morgon starta bilen min straks, så vi tok den med på tur til Eid for å handle mat, hundemat o.l. Også i dag, søndag, starta bilen, og no håpar eg at den startar i morgon, slik at eg får tatt den med til verkstaden i Volda. Anten er det noko gale, eller så treng eg ein motorvarmar.
Laurdag kveld hadde ei nabovenninne kalla inn ein gjeng til lystig lag med mat og drikke, og det var veldig hyggeleg! Det blir mykje jobb og familieliv på oss alle, og ein møtest altfor sjeldan til sosiale samkome. Vinklubben er eit unntak, men det er no kjekt at karane òg kan vere med av og til.
Veslejenta og eg gjekk ein lang tur på Bjørkedalen i dag, og det var nydeleg med 0 grader og vintervêr. Meldingane handlar om mildvêr, storm og regn, så det var berre å nyte medan vi kunne.
Vel heime laga eg brennsnut der eg putta oppi ein kveil julemôr og pinnekjøtrestar. Veslejenta rydda ut resten av julepynten medan eg laga mat, så no er vi attende til kvardagen interiørmessig òg.
søndag 5. januar 2025
Desember 2024
Etter ein svært travel haust vart desember i overkant strevsom. I politikken har det meste dreia seg om budsjettarbeid, som kom i hamn med eit resultat eg er nøgd med. Jobbmessig vart eg ferdig med rettebunkane 10. desember, etter fire helger med intens retting. 13. desember hadde eg munnleg tentamen med norskklassa mi, og deretter var det julebordhelg i Fosnavåg. Etter dette begynte eg å hangle, og siste jobbdag måtte eg heim etter avslutninga med elevane, og gjekk såleis glipp av julegudsteneste og julelunsj med kollegaene. Eg vart liggande sjuk eit par dagar, men måtte kome meg på butikkar for å handle inn mat. Gåvene var eg heldigvis ferdig med. Julaftan feira eg i nokolunde oppegåande form saman med Bladfyken, og andre juledag var eg erklært frisk og kunne reise til Ørsta i juleselskap. Ungane feira jul med faren i år, men vart med meg heim etter selskapet. Så fekk vi fine dagar med turgåing, brettspel og mat. Ungane er flinke til å lage mat, så det vart oftast dei som stod for det, noko som kom vel med når mora framleis var slapp. Nyttår feira vi her heime, og då var Svigerson og Bladfyken her òg. Storeungane laga nydeleg kalkunmiddag, og rundt midnatt reiste vi til Folkestad for å sjå fyrverkeriet på hi sida av fjorden. I tillegg var det flott nordlys denne kvelden.
2024 har vore eit innhaldsrikt og hektisk år for meg, men det har vore mykje gøy og interessant på vegen dit. Eg har fått mange positive tilbakemeldingar på arbeidet eg gjer på jobb og i politikken, og det er både hyggeleg og rørande.
torsdag 10. oktober 2024
Folkestadsetra
Rundt vatnet på Folkestadsetra går det veg og turveg, dermed kan ein gå tørrskodd når regnet bøttar ned. Med tre vaksne born heime blir det mykje mat, prat og sofaliv, derfor vart det nødvendig å gå ein tur òg. "Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårleg selskap".
søndag 8. september 2024
Kornbergveten 577 moh
Laurdag 7. september var òg ein nydeleg dag, og Veslejenta og eg tok med oss alle tre hundane på ein lengre tur. Kornbergveten er ikkje eit høgt fjell, men turen er ei mil lang (tur+retur). Den er ikkje spesielt bratt, men med den traséen vi vel, er det nesten ikkje skog og veldig fin utsikt det meste av tida. Vi møtte både folk og dyr, spesielt ved "Galten" på veg opp. Det var vindstille og varmt med strålande sol, så vi hadde for lite vatn med oss, men vi fann heldigvis nokre søyler med vatn til hundane undervegs. Det var litt disig luft, ikkje så klår luft som det plar vere om hausten, men det er vakkert å sjå fjordane møtast og dei vakre fjella i syningom. Turen tek eit par timar kvar veg.









