fredag 31. juli 2020

Prosjekt badekar 1: Eve of Destruction

For nokre dagar sidan bestilte eg meg badekar med dusjvegg til "oppebadet". Planen var eigentleg å få rørleggarane til å demontere den defekte dampdusjen, men så tenkte eg at det ville vere greitt å vaske skikkeleg der den har stått før badekaret vert montert, og det vart for dumt å få rørleggarane til å vaske for meg òg. Dermed sette eg i gang. Arbeidet tok tre timar, og det var tallause skruar og ein del tunge tak for ei lita kjerring. I bloggande stund står det att ein liten, men viktig detalj: å skru av nokre slangar og tette med pakningar så eg kan opne vatnet att. Pakningane fekk eg med frå rørleggarforretninga då eg bestilte badekaret. Det viste seg at skiftenøkkelen min rett og slett er for liten, så no har eg på ein måte dumma meg litt ut. Eg får klare meg utan fri vassføring fram til i morgon, då får eg kjøpe meg ein dertil eigna reiskap.
Før: ein stk defekt dampdusj 

Etter: ein del skrap som lyt leverast

onsdag 29. juli 2020

Bok 52 2020: "Verre enn sitt rykte" av Yngvar Ustvedt

Det ligg fleire bøker av forfattaren på Storytel, og dei er glimrande innlesne og lettfattelege. Denne boka omhandlar vikingane, og tek føre seg ulike kjelder som skal vere med på å gi eit nyansert syn på kven vikingane var og kva dei gjorde. Boka viser òg korleis vikingane vart romantiserte i Norden og Tyskland som ein del av nasjonsbygging og nasjonalromantisk kultur, seinare òg av nazistar. Boka begynner med ei skildring av korleis vikingar vert nytta i dagens samfunn i så ulike samfunnsområde som fotball og turisme, og mot slutten reflekterer forfattaren over ulike kjelder og kjeldekritikarar i nyare tid, som til tider har framstilt vikingane som ufarlege handelsmenn og forkasta historiske kjelder som propaganda. Boka er svært interessant av mange årsaker, og eg føler eg har lært mykje som eg kan ta med meg vidare i norskundervisninga.

mandag 27. juli 2020

Søndagstur til postvegen i Markane

Etter to fine solskinsdagar utan særleg mykje på programmet tok vi oss ein tur til den trondhjemske postvei i Markane då søndagen kom. Dette var ein skya dag, og høljeregnet kom akkurat då vi kom attende til bilen. Turen går frå dei gamle steinbruene eg har skrive om før, langs grusvegen i Sør-Markane og deretter ut i skogen. Dette er sjølvsagt den finaste delen av turen, då ein går på fint underlag i furuskog, utan særleg mange bakkar. Dette høver godt når ein er mest opptekne av å prate, ikkje trene kondisjon. Heimvegen la vi om panoramavegen til Lote, men då regna det så gale at vi ikkje gadd å gå ut av bilen for å ta bilete. Det vert arbeidd med å lage ein ny tunnell mellom Blakstad og Stryn, men dei let dei trange, gamle tunnellane stå att - det synest eg er flott, for dei er ganske spektakulære.
Dagens turkameratar




lørdag 25. juli 2020

Bok 51 2020: "Slavene på Akershus" av Yngvar Ustvedt

I denne boka fortel forfattaren om ulike lagnader blant alle fangane på Akershus festning, fram til og med landssvikoppgjeret etter andre verdskrig. Blant dei nemnde er til dømes Gjest Baardsen og Ole Høiland, to av dei mest romantiserte skurkane i norsk historie. Forfattaren tek i tillegg opp soningstilhøve, syn på straffemetodar og liknande tilhøve, og han avsluttar med å reflektere over Dostojevskijs syn på lovbrot og straff. Boka er både interessant og lærerik, og eg lærte mellom anna meir om Henrik Wergelands engasjement i tilhøva på Akershus, noko eg skal nytte i norskundervisninga til hausten.

torsdag 23. juli 2020

Onsdagstur til Ålesund

Eit anna turønske blant jentene var Ålesund, og vi køyrde dit i plaskregn. Først køyrde vi til Fjellstua for å sjå utsikta der, og vêret vart etter kvart ikkje så verst til byvandring. Jentene gjekk ned trappene, medan eg køyrde til sentrum og parkerte. Deretter gjekk vi på café og vandra rundt i byen ei stund.


Mine kjekke ekstradøtrer



På heimveg handla vi inn til middag. Jentene laga maten medan eg planta dei to rosebuskane. Det var 22. juli, og eg har ein tradisjon med å plante roser då. I år vart det to ulike sortar raude roser, og eg håpar dei overlever, trass hasteverksplanting i ufyseleg regnvêr.

Tysdagstur til Ørsta og Flø

Jentene hadde sett "Åndenes makt" på tv, der caféen Fru Svendsen i Ørsta hadde vore presentert. Det var derfor eit sterkt ønske om å besøke denne caféen, og då fekk vi med oss Mormora. Det vart ei hyggeleg stund med god servering og mykje prat. På vegen til Ørsta hadde vi stogga ved paddestatuen, og i Ørsta vitja vi Ivar Aasen-statuen.





Etterpå stogga vi på Plantasjen og kjøpte to nye rosebuskar, før vi tok turen til Flø. Der gjekk vi ein tur til Roppesanden, så jentene fekk sjå havet. Vi køyrde òg ein runde til byggefeltet der Eldstejenta levde sine første sju år.

Attende i Volda gjekk vi på restauranten My Kitchen, der vi bestilte sushi. Det var aldeles nydeleg mat, og vi var uhorveleg svoltne. Det vart ein kjekk og aktiv dag med elendig vêr, men fine opplevingar.

mandag 20. juli 2020

Bok 50 2020: "Falketårnet" av Erik Fosnes Hansen

Wolfgang er umyndig arving til ei  borg, og faren har blitt borte medan han var på korstog. Onkelen er dermed regjerande borgherre, og no vert Wolfgang snart myndig. Guten har eit merkeleg sinn, og ein enda rarare hobby, då han snakkar med jaktfalkane sine og er meir oppteken av dei enn av menneska rundt seg.

Denne boka var det vanskeleg å legge frå seg. Den har handling lagd til 1200-talet, men handlar likevel om tidlause tema. Denne kan verkeleg anbefalast!

Søndagstur til Hoven

Siste dag med alle samla denne sommaren måtte markerast på skikkeleg vis. Vi tok derfor turen til Loen, der vi tok skyliften opp til toppen av Hoven. Det var berre Eldstejenta, Veslejenta og eg som hadde vore der før, og det var nesten tre år sidan. Det var lov å ta med hund opp mot eit lite ekstrabeløp, så Charlie fekk seg litt av ei oppleving han òg.


Turfølgjet mitt

Familiebilete









Frå toppen av Hoven er det mogleg å gå fleire ulike ruter, og vi valde å gå skogsvegen ned att til Oppheim. Det er ein tur på om lag 6 km, og så var det 5 km å gå vidare attende til der bilane stod parkerte. Vi hadde flott utsikt det meste av turen, og vêret var stort sett skya med opphaldsvêr, så det var fint turvêr, eigentleg.

Etter turen køyrde vi til Stryn, der vi åt pizza på ein pizzeria. Pizza er veldig grei mat når ein er mange som skal ete og nokre er vegetarianarar, og vi var nesten daude av svolt på det tidspunktet.

Vel heime att reiste Storegut og Veslejenta til faren, etter fire ferieveker hos meg. Minstemann vart att ei natt til, men det vart vi "damene" som vart sitjande i stova og sjå Eurovionfilmen, som var veldig koseleg og morosam.

Storbyjentebesøk og Jallakoff

Laurdag 18. juli var ein dag eg hadde sett fram til, for då kom Eldstejenta på besøk, saman med dei to ho bur saman med i Oslo. Dei to er frå Kristiansand, og ei av dei har vore her på besøk før. Eg henta jentene på flyplassen i 11-tida, så vi hadde mykje att av dagen.

Mykje av ettermiddagen og kvelden vart for min del prega av at gutane skulle spele på Jallakoff, eit lokalt alternativ til den avlyste Malakoff-festivalen på Eid. Jallakoff vart arrangert på Bjørkedalen, og det vart både kjekt og vellukka, etter det eg har forstått. Mi rolle i dette var å køyre og hente.
Festivalstaden tidleg ettermiddag, medan det var lydsjekk


Då Veslejenta kom frå jobb, hadde Eldstejenta og eg laga minestronesuppe og pestofletter. Byjentene er vegetarianarar, så Gamla får fornya seg litt i kokekunsten. Om kvelden såg vi Cats-filmen, som var akkurat så dårleg som vi frykta, og så vart det mykje Eurovisionprat og youtubeklipp.

fredag 17. juli 2020

Bok 49 2020: "Den andre dødssynd" av Jan Guillou

Dette er den niande boka i serien om 1900-talet, som begynte med boka "Brobyggerne". Handlinga er denne gongen lagd til 1980-talet i Sverige, der mordet på Olof Palme er den aller viktigaste hendinga. Elles er det jappetid, forfølging av kurderar og økonomiske spekulasjonar som står i sentrum, samtidig som ein følgjer liva til nokre av etterkomarane etter brubyggarane. Tittelen refererer til dødssynda grådigheit, og det er betegnande for tiåret.

torsdag 16. juli 2020

Ferie i Casa Margarita

Feriedagane går utan at altfor mykje skjer. Det vert ein del hagearbeid, ein del husarbeid og ein heil del matlaging. Maskinparken sørgjer for at vi har reine kjøreld og klede til ei kvar tid, og Gamla har meir enn nok med å halde maskinene med arbeid og å setje inn og ta ut av dei same maskinene. Det er stor stas å lage skikkeleg middag som står klar når dei to mellomste kjem heim frå jobb, og denne veka har vi hatt pannekaker, kjøtkaker og laks. I tillegg har eg fått dilla på brødbaking, og i bloggande stund har eg vekas fjerde brødbakst på gang. Eg har berre to fungerande brødformer, men vi har likevel eit par brød i frysaren. Kanskje tek eg dei opp når Eldstejenta og venninnene kjem - vi får sjå.

Livet som hotelldirektør kjennest ikkje akkurat som ferie, men vêret innbyr meir til arbeid enn til verandakos. No er hagen finare enn på lenge, og nokre skap og skuffer ser òg betre ut enn på veldig lenge. Huset har bore preg av dei to sommarane med masterskriving, og eg kunne fått det skikkeleg shina før skulestart, men no håpar eg på nokre kjekke feriedagar med opplevingar også utanfor tomta.

Tysdag rydda eg matskuffer, baka og laga heimelaga kjøtkaker

Det gigantiske bedet før arbeidsdagen tok til

Same bed tre timar seinare, etter luking, klipping og seks sekkar med mold/gjødsel















tirsdag 14. juli 2020

Bok 48 2020: "How the Dead Speak" av Val McDermid

I denne hittil siste boka i serien om Carol og Tony sit han i fengsel, medan ho nok ein gong er ute av polititeneste. Det er derfor dei andre i gjengen som står mest i sentrum i etterforskinga av ei merkeleg sak. Ved ei tilfeldigheit vert det grave opp eit område ved eit nedlagt kloster, og der finn ein gravene til døde born, i tillegg til andre lik som tydeleg er blitt myrda. Saka vert ganske makaber og innfløkt, og midt i alt står også forholdet mellom dei ulike personane i sentrum. Boka er spennande til tider, og eg er litt lei for at der ikkje er fleire bøker i serien. Heldigvis har forfattaren skrive fleire bøker, men no skal eg lese noko anna.

mandag 13. juli 2020

Stigedalen

I dag spurte eg Minstemann om han hadde lyst tyil å jobbe i hagen eller gå tur, og han ville då helst gå tur - noko eg sjølv òg hadde mest lyst til. Siste tida har der vore arbeidd med å fjerne dei gamle straummastene langs vegen/skiløypa innover frå Tua til Movatnet, og eg var litt nysgjerrig på kva effekt dette har hatt for naturopplevinga langs vegen. Og det må eg berre seie, at stemninga der er heilt annleis no. Eg tenkjer hytteeigarane er spesielt glade for endringane. Eigedomen med trollgjerdet har til dømes hatt ei straummast ståande rett utanfor hytteveggen.



Planen var å gå inn til Movatnet, men ved Leivdalssetra møtte vi ein bonde som meinte vi burde snu på grunn av at kyrne hans kunne finne på å angripe hunden. Eg trudde det var nok med bandtvang på hund, men ein lyt visst til å setje kyrne i band òg, viss det skal vere mogleg å gå tur på setrevegar om sommaren. Vi fekk oss uansett ein god tur, og det var berre nokre få regndropar medan vi gjekk.

Dagen har elles innehalde ein tur til tannlegen, ein handlerunde og laging av pannekaker (for andre gong på ei veke). Litt huslege aktivitetar blir det alltids, men vi rotar meir enn ei kjerring greier å rydde. Om kvelden blir det litt jam i kjellaren og litt sløving framfor tv-en i andre etasje. Ferie er slett ikkje verst!

søndag 12. juli 2020

Prosjekt oppkøyrsle 3

Dagens program var blant anna å fylle opp bilen til Storegut med søppel som han kan levere på miljøstasjonen i morgon. Bilane har stått nede ved hovudvegen etter at gruslasset kom, så for å få flytta bilen nærare huset vart det naudsynt å flytte noko av grusen frå dungen i svingen. Gutane tok seg av dette medan eg leita fram diverse skrot, baka brød og laga middag. Fargeskilnaden er ganske stor, og viss det ikkje jamnar seg ut, må vi til med meir grus eller rake saman dei to sortane viss det skal sjå bra ut. Det viktigaste er at grusen vert liggande.


lørdag 11. juli 2020

Bok 47 2020: "Insidious Intent" av Val McDermid

Også i denne boka jaktar Carol, Tony og dei andre i gjengen på ein seriemordar. Han sjekkar opp damer i bryllaup, for så å etterlate dei i oppbrente bilar, og han er smart og har god greie på korleis han skal skjule spora sine.

Denne boka har ein ganske dramatisk slutt, så slik skil den seg frå dei tidlegare bøkene i serien. No er det berre ei bok att i serien, i alle fall så langt, og eg har allereie lasta den ned. Opplesaren er veldig flink, og det er fleire ulike dialektar representert i bøkene, og eg kosar meg verkeleg med desse engelskspråklege lydbøkene.

fredag 10. juli 2020

Prosjekt oppkøyrsle 2

Eg hadde ikkje høyrt meir frå mannen med gruslassa, så planen var å ta ein roleg dag og kvile armar og ryggar i dag, fredag. Stor var derfor forundringa då eg vakna av at ein lastebil køyrde i oppkøyrsla vår, og hunden gøydde som ein gal nede i buret sitt. Det viste seg at mannen med grusen hadde oppfatta siste samtale som ei bestilling, så han strødde utover ei stripe med knust asfalt. Begge bilane stod parkerte, så han fekk ikkje lagt grus der eg eigentleg hadde tenkt, men han sleppte derimot frå seg ein stor dunge i svingen då han heldt på å køyre utfor vegen. Dungen sperra for bilane, men Storegut greidde å svinge utanfor då han like etter måtte køyre på jobb. Deretter gjekk dei to resterande ungane og eg til angrep i eit kvarter kvar, såpass eg kom meg forbi då eg skulle køyre Veslejenta på kaia. Etter det att skrapa Minstemann og eg vekk grus i ein halvtime kvar, før vi tok oss ein tur. Sveitten rann, og sportsklokka mi varsla om at "målet mitt var nådd" - ikkje dårleg før klokka 12 på føremiddagen.
Onsdag morgon såg svingen slik ut

Torsdag ettermiddag hadde vi reinska vekk ein del gras

Fredag morgon såg det plutseleg slik ut

Turen i dag gjekk til tettbygde strok, der vi hadde diverse ærend. Minstemann skulle møte nokre kompisar etterpå, og då tok eg meg ein tur på kaffibesøk til mamma.

Eitt av handleærenda mine var å kjøpe nye inneskor. Det var på høg tid å skifte ut dei gamle.

onsdag 8. juli 2020

Prosjekt oppkøyrsle

I eit par, tre år har det blitt stadig mindre sand på vegen opp til huset. Eg har prøvd å få kontakt med eit Voldafirma tidlegare, utan hell, men i dag fekk eg telefon frå eit firma på Eid. Dei sende tilbod på frakting av ulike typar sand, så no er det berre å hive seg rundt for å gjere klart. Der er mellom anna nokre grastorver som må vekk, greiner som må kuttast og diverse anna. Minstemann kverna opp dei buskene vi saga ned tidlegare i sommar, og eg har brukt ein del av dagen til å hakke, kutte og sage. Minstemann klatra til og med opp i eit tre for å få vekk ei gjenstridig grein. Jobben er langt frå fullført, men vi er i gang.

Det største dramaet opplevde eg då eg vart angripen av hissige maur, noko som gjorde at eg måtte skifte klede og dusje midt i arbeidsøkta.

tirsdag 7. juli 2020

Hageliv 2

Sidan det var nokolunde opplett i dag, tok eg meg ei økt i hagen, etter å ha vore ein tur på Eid for å handle. I dag var det på tide å begynne på det enorme staudebedet, der det grør att med mose og gras, og der det var mykje daudt og visna som skulle takast vekk. Etter eit par timar gav eg meg, og resultatet var bra, om ikkje akkurat imponerande. Det begynte å regne, og då forsvann entusiasmen fort.

Bileta er tekne frå verandaen, og derifrå ser ikkje bedet så stort ut. Det nedste biletet viser resultatet etter eit par timars arbeid med klipping, kutting og luking. Eg har dessverre ikkje fiksa det øydelagde trappetrinnet, men trappa viser, om ikkje anna.



Eitt av ærenda på Eid var å kjøpe ingrediensar til å bake, for no tenkjer eg å begynne å bake brød att. Eg leita etter brødformer òg, sidan eg ikkje har så mange, men dei hadde ingen under 300 kroner på butikken, og det syntest eg var i overkant. Ettermiddagen brukte eg til å bake brød og lage pannekaker, så i dag sankar eg mammapoeng.