søndag 13. april 2014

Den store klassefesten

Palmelaurdag møttest 21 av dei i alt 29 frå barneskuleklassen min til jubileum. Det er i år 30 år sidan vi gjekk ut av ungdomsskulen, og på høg tid med ein mimrekveld. Vi har hatt jubileumsfestar før òg, både i 1995 og 2004, men nytt på denne festen var at barneskulelæraren vår òg møtte opp. Ho er no pensjonist, etter å ha undervist på lærarutdanninga i Oslo i mange år. Ho har brukt tekstane våre og historier om oss aktivt i undervisninga si, og det var imponerande kor godt ho hugsa både oss og dei åra vi hadde saman. Sjølv må eg innrømme at eg hugsar forbausande lite, men då ho kom inn i lokalet og begynte å snakke, vart både eg og andre med meg fylt av ei svært positiv kjensle av tryggleik. Læraren vår hadde oransje krøllar og stavangerdialekt, og ho lærte oss ikkje berre fag, men òg haldningar som sit godt spikra. Eg håpar og trur vi fekk formidla til henne kor mykje ho har betydd for oss i oppveksten.

I tillegg var det utruleg hyggeleg å møte att flotte folk som eg ikkje hadde sett på svært lenge, kanskje ikkje sidan 80-talet. Praten gjekk utan stans, stemninga var på topp og kvelden gjekk altfor fort.

7 kommentarer: