søndag 30. april 2017

Nytt frå og til sofakroken

Då ungane kom heim, merka dei at eg hadde kjøpt nye sofaputer. På sikt skal eg skifte ut påskeløparen og kjøpe nokre nye blomar til vinduskarmane, men det er svært travle tider for ei stakkars kjerring. Denne veka har eg vore på møte tre ettermiddagar/kveldar, på roseaksjon og vinklubb. Eg har hatt rettefri i helga fordi eg heldt meg heime førre helg, då mange på jobben min var på personaltur. Komande tysdag brakar det laust att, og eg får tre prøvebunkar som eg bør rette ferdig parallelt med at eg snart begynner på heimeeksamen.

Viss eg fekk velje heilt sjølv, hadde eg gått tur eller jobba i hagen det meste av tida, men slik er det alltid på denne tida av året. Læraryrket er basert på at ein arbeider seg halvt i hel somme tider og avspaserer i sommarferien.

Eg ventar forresten på svar frå Udir om eg får innvilga tilskot til studiane mine til hausten, så no kryssar eg fingrane for at det går i orden.

Bjørke og Finnes

Søndag tok vi oss ein biltur til Bjørke for å sjå korleis det går med oppussinga av Erkegarden, blant anna. Vi gjekk oss ein fin runde i bygda og såg på byggverk, kyrkjegarden og dei vakre omgjevnadene. Etterpå køyrde vi ut til Finnes, der vi oppdaga ein skogsveg vi skal prøve ut seinare og eit kraftverk som vi såg nærare på. Det har vore ein nydeleg dag med mange inntrykk.

Erkegarden var innpakka, men dei har bygd ny trapp på nedsida




Dette huset er så fint og originalt












Førarhunden Lasso

Vinklubb april 2017

Laurdag kveld hadde ei nabodame kalla inn til kombinert bursdagsfeiring og vinklubb. Dette førte til at fleire enn vanleg var samla, i og med at ho hadde kalla inn fleire som ikkje er med i klubben. Det vart ein veldig kjekk kveld med nydelege vinar, mat og samtalar rundt borda.

Roseaksjon 2017

Laurdag føremiddag hadde partiet den årlege roseaksjonen med utdeling av gratis roser til forbipasserande. Det vart nokre gode samtalar undervegs, men det vart så kaldt etter kvart at vi pakka saman før tida.

Charlie 3 år 28. april

Dagen vart feira med "kake" og lang tur saman med hundevenn og folk. Han er den beste hundevenn ein kan tenkje seg, og vi er så glade i han alle saman.

tirsdag 25. april 2017

Bok 28 2017: "Hollow City" av Ransom Riggs

Denne boka er nummer to i serien om Jakob, som reiste til Wales og deretter reiste i tid tilbake til 1943 og møtte Miss peregrine og hennar "peculiar children". Dette er ei relativt mørk fantasybok der Jakob og dei andre reiser vidare rundt i verda og møter andre "peculiar" menneske og dyr og prøver å få Miss Peregrine til å endre seg frå fugl til menneske.

Boka fenga meg ikkje like mykje som den første, slik det ofte er i oppfølgjarar, men eg reknar med at eg kjem til å lese den tredje òg.

søndag 16. april 2017

Endeleg fastelavn!

Vi gjekk av ulike årsaker glipp av fastelavnfeiringa tidlegare i vinter, og dermed innførte vi utsett fastelavn i dag. Krembollar med jordbærsylte er noko av det bestte nokre av oss veit.

Bok 27 2017: "Miss Peregrine's Home for Peculiar Children" av Ransom Riggs


Vanlegvis er eg ikkje så glad i fantasy, og viss eg skal forhalde meg til sjangeren fungerer det best på film. i vinter hadde eg tenkt å ta med ungane på kino for å sjå filmatiseringa av denne boka, men det vart ikkje høve til det. no hadde vi fått inn dvd-en på skulebiblioteket, og eg ville låne den med meg heim i påska. I tillegg tok eg med meg boka filmen er basert på og to andre i serien (eg er usikker på om det kjem fleire). 

Vanlegvis ville eg dessutan ha lese boka først og sett filmen etterpå, men denne gongen vart det omvendt, då ungane hadde lyst til å sjå filmen allerieie for ei veke sidan. 

Vi likte filmen veldig godt, og det var faktisk kjekkare for meg å lese boka etterpå, når eg visste litt meir om dei oppdikta vesena på førehand. Forteljinga er om ein gut som reiser til Wales, der bestefaren budde på barneheim under krigen. Guten reiser attende i tid på mystisk vis, og barneheimen er ein heim for born med særskilde evner. Det er ei spennande historie, og eg sette som sagt pris på å vite litt om vesena på førehand, slik at eg var litt budd. For meg krev det ein ekstra innsats å sette seg inn i uvanlege fenomen og vesen, og eg er ikkje nokon fan av verken Harry Potter eller Ringenes Herre, men denne boka fenga meg så mykje at eg kjem til å lese nummer to i serien òg.

lørdag 15. april 2017

Storegut 20 år

I dag er det ufattelege tjue år sidan eg stod ute på tunet i Ulsteinvik og ropte til ein forbipasserande kollega som var på veg til jobb: "Ej he vea!!!" Lukka var stor, for eg hadde time på sjukehuset same dag for å få same overtidsbehandling som då eg fekk Eldstejenta fire år tidlegare. Fødselen tok om lag 12 timar frå start til slutt, og eg utbraut "Ditta va no ingenting, ditta kunne ej ha gjort kvar veke". Elles var både barnefaren og eg mest opptekne av at nabodama var innlagd samtidig (ho fekk tvillingar dagen etter).

Storegut var ein fantastisk baby som åt, sov og smilte. Han vart seinare ein svært aktiv fyr som klatra høgt og lavt, men roa seg som ungdom. Det vil seie: han har vel heller kanalisert loppene i blodet til å dreie seg meir om akseptable aktivitetar som musikk, fotball og trening. No for tida jobbar han på møbelbutikk og studerer engelsk, og det er ganske klart jobbinga han likar best. Han har elles eigen bil, og han er ein dyktig sjåfør så vidt mora veit. Han er lett å be om ei teneste, er litt distré og er ufatteleg god og snill. Eg er takksam for at han valde å ta seg eit "friår" og bu heime dette året, for det hadde kanskje blitt keisamt for Minstemann og meg viss han ikkje var her.

Så glad i han her <3 p="">
Frå den minnerike Londonturen i februar

fredag 14. april 2017

Bok 26 2017: "Literacy i læringskontekster" av Dagrun Skjelbred og Aslaug Veum

Boka er ei samling artiklar som alle omhandlar literacy, kvar på sitt vis. Fleire viktige forskarar har kome med, både på norsk, svensk og engelsk, og det har vore lærerikt å lese boka. Likevel har nok lesinga mi vore prega av at det snart er eksamen, så eg har vurdert nytteverdien nøye i det eg har lese.

Forlaget skriv:
"Literacy-begrepet står sentralt i samtidens utdannelsestenkning. Hvordan kan vi arbeide for at barn og unge skal utvikle den tekstkyndigheten de trenger for å leve og lære i et komplekst tekstlandsskap? Boka Literacy i læringskontekster presenterer et utvalg artikler fra ny nordisk morsmålsdidaktisk forskning.Utvikling av tekstkyndighet har en viktig sosial og samfunnsmessig side. Den har også en individuell side som angår den enkeltes utvikling og opplevelse av å få tilgang til viktige tekster og kommunikasjonsarenaer, og til selv å kunne ytre seg. Artiklene i denne boka belyser tekstkyndighet både fra et individuelt og et samfunnsmessig perspektiv. Boka gir et mangfoldig bilde av hva literacy eller tekstkyndighet i læringskontekster både er og kan være, for barnet i barnehagen, for eleven på ulike trinn i skolen, for studenten og læreren. Den er derfor aktuell for studenter i lærerutdanningene, lærere og lærerutdannere."

onsdag 12. april 2017

Om kjole og kilo

Etter å ha tråla nokre butikkar både her og der på jakt etter ein ny kjole hadde eg eigentleg tenkt å kjøpe på nett, men så gjekk eg innom ein butikk då eg likevel var i tettbygde strok. Og apropos tettbygd, så har eg gått opp ein del kilo siste par åra, så det er litt vanskeleg å vite kva ein kler og kva storleik ein bør kjøpe. Dette betrudde eg butikkdama då eg hadde fått på meg ein kjole som eg sjølv syntest eg kledde - og ja, eg fiska kanskje etter nokre trøystande ord.

Eg: "Eg har lagt om livsstilen etter at eg begynte å studere"
Dama: "Blir det mykje stillesitjing?"
Eg: "Ja, altfor mykje"
Dama: "Eg trur heller det er alderen. Kor gamal er du?"
Eg: "Eg blir 50 neste år"
Dama: "Ja, du veit, kroppen forandrar seg veldig i den alderen. Det er hormonane som gjer det"
Eg: "Kjeften, Bitch - viss du ikkje har noko pent å seie, nektar eg å handle her, ever!"

(Dette siste tenkte eg stille inni meg, sjølvsagt. Ein har trass alt ein del danning å drage på, i tillegg til dei ekstra kiloa... )

Eg kjøpte kjolen, takka pent for hjelpa (men ikkje for naturfagtimen) og for strake vegen heim for å trøysteete. Ingen grunn til å slanke seg så lenge ein heller kan fornye garderoben!

Påskekos

Student, lærar og politikar - kva går feriedagane med til, skal tru?

tirsdag 11. april 2017

Bok 25 2017: " Øksa og ishavet" av Gaute Heivoll

Denne boka er ei novellesamling der mange av tekstane tek utgangspunkt i Heivolls eige liv eller andre forteljingar frå hans fortid. Eit døme er den vakre forteljinga om Bertor, som er ein tidlegare gardbrukar der Heivoll bur. Dette er ei av dei beste novellene, då den rommar eit heilt liv på nokre få sider. Eg fekk assosiasjonar til Bjørnsons "Faderen", som eg nyleg har arbeidd med. Ei anna god novelle er tittelnovella, som er svært lang, og som fortel om korleis ein ung mann blir forfattar - noko i slekt med Knausgårds "Min kamp"-bøker. Tittelen er basert på eit sitat av Kafka som blir brukt i teksten: "Ei bok må vere øksa til det frosne ishavet i oss." Så er det ganske fiffig at den siste novella handlar om bestefaren til Heivoll, som drep ein elg med øks under okkupasjonen.

Eg likte dei fleste tekstane svært godt. Kor vidt dei er sanne eller oppdikta historier interesserer meg ikkje, men eg synest det er eit interessant utgangspunkt å skrive om episodar frå eige liv eller fortid, sjølv om dette truleg snart vil gå av moten. Det er òg noko lettare å lese ei novellesamling i samanheng når tekstane er så ulike som desse er, samtidig som noko bitt dei saman. Ideelt sett burde ein berre lese ei om gongen og deretter ta ein pause.

Heivoll har fått blanda kritikkar for samlinga, mellom anna har Aftenposten ein svært negativ omtale som dei deretter kjem i møte ved å gi forlagssjefen ordet til forsvar. I Vårt Land fann eg eit intervju som eg syntest var interessant og lærerikt, så eg legg ved lenka her. Eg les som regel litt om bøkene i etterkant av lesinga mi, men etter at eg sjølv har tenkt og gjort meg opp ei meining. Denne likte eg godt, sjølv om nokre av novellene var klart betre enn andre.

http://www.vl.no/kultur/hogger-kortere-fortellinger-1.383344




søndag 9. april 2017

Bok 24 2017: "Nei og atter nei" av Nina Lykke

Denne boka er ei forteljing om eit trekantdrama, sett frå vekselvis kona, mannen og elskerinna sin synsvinkel. Kona er ein middelaldrande lektor som er flink og flittig i alt ho gjer. Dei vaksne sønene bur heime, og ho dagdrøymer om at dei reiser til Australia. Livet er rutine og trivialitetar, og mannen føler at han vaknar til liv då han møter Hanne, som på si side er lei av korte forhold og er klar for noko meir.

Boka minner om Fay Weldon og liknande forfattarar som eg har vore glad i, og den er lett å lese og bli mora av. Noko tankevekkande var den òg.

Påskesyslar

Ferien er så vidt i gang. Håpet er at eg skal få retta, lese mykje pensum, lese romanar og gått turar. Blant anna. Eg har i alle fall sikra meg ein bunke romanar som eg allereie har begynt på. Fordelen med å ha eldre born er at ein får ei stille stund kvar morgon.

God påske til alle der ute! :)

Lillebror Syvertsen

Ein gong for fleire år sidan spurte eg Minstemann kva song han ville at eg skulle synge til han. Svaret var: "Lillebror Syvertsen". Eg stussa lenge og spurte kva song det var, og fekk som svar: "Lillebror Syvertsen er så trist". Dette er eitt av dei beste døma eg veit på "misheard lyrics" i heimen, berre toppa av Storeguts sjørøvarsong "Vi seiler på sjøen i vind og i flesk".

I ønskesongen til Minstemann står det i siste strofe: "En gang skal Lillebror selv bli stor, fryktelig stor, større enn mor". Den dagen har plutseleg kome (det er god hjelp i at Mor er meir som ei teskeikjerring). Siste året har han hatt eit enormt forbruk av skor og klede, men det stoggar vel snart opp for han òg. Det er like før han er høgst i familien.


lørdag 8. april 2017

Palmelaurdag

I dag starta vi dagen med ein tur til Volda, der vi var publikum på 12-konserten i Volda kyrkje. Det var ei vi kjenner som skulle synge, Kirsti Ytrestøyl Kvakland, og Magnar Åm spelte piano og song saman med henne. Det var ein stemningsfull og fin konsert, og mange hadde tatt turen til kyrkja denne dagen.

Etterpå tok vi oss ein butikkrunde for å sjå på kjolar, før vi enda opp på besøk hos besteforeldra i Ørsta. Feriens første dag vart avslutta med mathandel og heimreise. Her har vi kosa oss med god mat, snop og film/tv. Det er deilig å finne roa etter travle veker på jobb og skule.

onsdag 5. april 2017

Bok 23 2017: "Forkynnaren" av Jan Roar Leikvoll


Då forfattaren døydde brått, berre førti år gamal, låg det fleire uferdige manuskript og skisser blant tinga hans. Ei lita forteljing, som han sjølv var ivrig etter å gi ut, vart bearbeidd og publisert med tittelen "Forkynnaren". Boka fortel om roaren Hans som vaknar frå sjukeleiet og ror rundt og tek kontakt med menneske som om han har fått eit kall. Boka er poetisk og vakker, og den minner ikkje noko om dei andre to bøkene eg har lese av same forfattar. Ein får ei kjensle av ein slags draumesekvens når ein les, og eg sit att med ei kjensle av ikkje å vite heilt kva eg har lese. Kanskje handlar boka om forsoning med døden - eg veit faktisk ikkje heilt.

lørdag 1. april 2017

Bear.Inc på UKM fylkesmønstring i Midsund

Storegut, Kompisen og Minstemann er i Midsund i helga, der det vert arrangert fylkesmønstring i UKM Møre og Romsdal. Dei to store har vore med tre gonger på fylkesmønstring før, og i 2014 kom dei vidare til landsmønstringa, men for Minstemann er dette ei heilt ny verd.

http://tv.ukm.no/fylke/moreogromsdal/2017/9832-Bear-Inc/

Bok 22 2017: "Songfuglen" av Jan Roar Leikvoll

Dette skriv Magasinett om boka:

"Romanen skildrar eit lukka bysamfunn, styrt for og av kvinner. Berre nokre få menn har opphaldsløyve på eit bordell i byen, ein viss funksjon har mennene trass alt. Det hender no og då at menn lever i skjul innanfor bymuren, dei er utkledd som kvinner og det går brutalt gale med dei om dei blir oppdaga. På utsida av denne namnlause staden herjar mennene som ein gong blei forvist. Dei driv ein slags geriljaverksemd mot byen, og kvinnene svarar på same valdelege vis. Vaktgrupper patruljerer gatene og skyt mot skogen om menn syner seg.
Det er ei underleg ramme Leikvoll har skapt, men forteljinga blir ikkje svulstig eller parodisk sjølv om det fort kunne ha vore slik. Vi får ikkje vite kva som er bakgrunnen for konflikten mellom kjønna, men det er ein underordna detalj i forteljinga. Dette er ikkje ei forteljing som tar sikte på å forsone kvinner og menn. Romanen viser ein fastlåst konflikt mellom dei siviliserte kvinnene og dei tilsynelatande primitive mennene.
Jakoba er ein gut som heile livet har vore kledd ut og oppseda som ei jente. I takt med dei pubertale endringane på kroppen, blir det vanskelegare å halde sanninga skjult. Det er ikkje mange karrierevegar for gutar i denne byen, heldigvis har Jakoba ei uvanleg fin songstemme. Han kan leve av talentet, men då må han la seg kastrere før stemmebandet blir for grovt. Dette er heile tida planen til mora og songlærarinna, men før dei kjem så langt har Jakoba forelska seg i tenestejenta Tikva. Det korte forholdet mellom dei gir Jakoba nye og intense erfaringar med å vere mann."
http://www.magasinett.no/meldingar/1070-songfuglen-ein-fortryllande-roman
Dette skriv eg: dette var veldig sært og spesielt, men det var ei bok som gav ettertanke òg, på eit vis. Eg er nok meir glad i realistiske romanar.

Bok 21 2017: "Dei som flyktar og dei som blir" av Elena Ferrante

Då eg begynte på denne boka, hadde eg gløymt at eg allereie hadde lese den sist haust. Den gongen gjorde den ikkje så stort inntrykk, men eg tenkte eg kunne lese den om att i papirutgåve før eg tek til på den siste. Eg kopierer igjen det forlaget skreiv om boka:

Forlaget skriv:

"I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir, har dei to jentene frå Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner.

Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønna fabrikkarbeidar, og tar del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår og meir demokrati. Begge kvinnene har frå dei var barn forsøkt å unnsleppe livet i bydelen der dei vaks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har.


Napoli-kvartetten er eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag.

Dei som flyktar og dei som blir er ein roman om to kvinners liv i Italia på 70-talet, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre."


Eg meiner framleis at denne boka vart noko meir triviell enn dei to første, men eg er sjølvsagt spent på korleis kvartetten vert avslutta. Den kjem eg òg til å lese i papirutgåve, då så lange og kompliserte bøker når det gjeld namn ikkje eignar seg så godt som lydbøker.