onsdag 29. januar 2014

Bok 10 2014: "Kammerpiken" av Cecilie Enger

I denne boka bruker Enger historiske fakta om ein verkeleg person og diktar ei historie - mykje som ho gjorde i "Himmelstormeren". Den verkelege personen er Hilda, som var kammerpike på slottet. Ein får såleis innblikk i korleis livet på slottet og i kongefamilien var, og det er underhaldande nok. Elles er historia noko stilleståande samanlikna med "Himmelstormeren", som eg likte svært godt.

tirsdag 28. januar 2014

Årets "Slumdog Millionaire"

Også i år les elevane i internasjonal engelsk romanen "Slumdog Millionaire" av Vikas Swarup. Det planlagde opplegget er i gang, og eg deler det gjerne:

  • Vi ser dokumentaren "Major Fraud" på youtube. Den handlar om ein major som juksa på eit engelsk gameshow, ei sak som inspirerte Swarup til å skrive boka "Q and A". Eg fortel elevane dette før vi begynner å lese, slik at dei har nokre forventningar knytte til handlinga. Saka om majoren vert nemnd i prologen, og då har dei ei førforståing eg ser på som verdifull.
  • Før vi les, nemner eg at romanen vart filmatisert med tittelen "Slumdog Millionaire", og at nye utgjevingar av boka vil ha denne tittelen, i og med at filmen vart så populær. Eg understrekar at filmen og boka er svært ulike, slik at dei blir litt nysgjerrige på kva skilnadene er, eller i alle fall ikkje trur det er "nok" å sjå filmen.
  • Ein tidsplan er utarbeidd med sakte progresjon i starten, slik at alle heng med.
  • Spørsmål er utarbeidde til alle kapitla, og nokre av dei blir gjevne som prøve undervegs i lesinga (om lag 1/3 av boka blir prøvepensum i skriftleg prøve, resten skal dei få bruke munnleg på språklaben og i timane)
  • Vi går gjennom spørsmål og oppfølgingsspørsmål i starten av kvar time, deretter les dei på eiga hand og svarar på spørsmål.
  • Nokre har fått låne lydboka
  • Etter vinterferien skal vi sjå filmen, og deretter diskuterer vi ein del om skilnader mellom bok og film, sterke og svake sider ved boka og filmen og eventuelt andre tema.

Det er eit flott syn å sjå 25 - 30 17/18-åringar med nasen ned i ei bok og eit smil om munnen.

søndag 26. januar 2014

Skøyteis på Folkestadsetra

Det er snøfritt og ikkje så altfor kaldt her på desse kantar. Veslejenta var på skøyteisen både onsdag og fredag, så ho foreslo at vi skulle ta oss ein tur på Folkestadsetra når vi likevel skulle levere Storegut på kaia. Minstemann var ikkje fullt så begeistra, men han og eg gjekk oss ein tur langs setrevegen medan Veslejenta gjekk på skøyter. Det var litt vind, men frisk og fin luft å vere ute i, og fleire enn oss tok turen dit i dag.



Bok 9 2014: "De usynlige" av Roy Jacobsen

Boka fortel om livet på ei øy i Nord-Noreg i perioden 1913 - 1928. Det var spennande og interessant å lese om korleis dei dreiv havet og gardane, og lydboka var lesen på dialekt, noko som gjorde den ekstra autentisk.

Eg likte boka, men synest den verkar noko uavslutta. Her manglar ei stor, samanhengande historie med byrjing og slutt - men det er kanskje ikkje meininga å lage ei slik forteljing, men å spegle av livet meir generelt. Boka har fått gode kritikkar og er seld til fleire land, så det er truleg lesaren sine forventningar det er noko gale med, ikkje boka.

Bok 8 2014: "Fuck off I Love You" av Lars Mæhle

Eg prøver å lese meg opp litt på nyare norsk, og gjerne nynorsk, ungdomslitteratur. Dette var ein roman heilt etter min smak, med spennande, realistisk handling og spørsmål til ettertanke. Komposisjonen er ein slags retrospeksjon der vi får vite at dramatiske ting har skjedd, og deretter får fortalt korleis det heile starta og utvikla seg. Hovudpersonen er ein ung gut som blir med på ting han eigentleg ikkje vil, og det store spørsmålet forfattaren stiller er kvifor det skjer.

Mæhle skriv godt med ungdommeleg språk utan å verte krampaktig på nokon måte. Boka kan truleg passe for elevar både i ungdomsskulen og vidaregåande, og både for gutar og jenter.

lørdag 25. januar 2014

Sånn apropos KS

Lærarar landet over er i harnisk over forslaga til arbeidstidsordning. Ein skal forlenge skuleåret, oppheve leseplikta og gi lærarane kontortid på 37,5 time i veka.

Mange trur at lærarar har mykje fri, og det er sant. Problemet er at vi har mykje arbeid som skal gjerast i "fritida", og at dette ofte skjer utan at nokon andre enn våre næraste ser oss. Eg sit også denne laurdagen med vurderingsarbeid, men eg set pris på å kunne gjere det heime i fred og ro, ikkje etter sju timar undervisning, fordelt på mange dagar. Snart kjem særemna inn, og det betyr 45 timar arbeid berre på den bunken. Kanskje KS meiner vi skal rette i det som no er sommarferie?

torsdag 23. januar 2014

Steikje fine gardiner

I dag fekk eg pakke i posten. Til den nette sum av 297 kroner fekk eg to fiks ferdige roll-up-gardiner til kjøkenglasa. Trass i at det var eit ork å stryke dei, var det eigentleg fort gjort å setje farge på kvardagen. Ungane vart sysselsette med rulling og knyting. Det vart verken beint, glatt eller pene sløyfer på, men vi er strålande fornøgde!

Bok 7 2014: "Katakombens hemmelighet" av Tom Egeland

Ein komet er på veg mot jorda, noko som vil føre til verdas undergang. Samtidig fyl 14 år gamle Robert mor si på jobb som arkeolog i Lærdal noko som igjen fører dei til vidare oppdrag i Roma. Spennande ting skjer, både realistiske og meir overnaturlege.

Boka kan minne om bøkene til Dan Brown, men i ei svært mykje enklare form. Eg likte ikkje "Lucifers evangelium" av same forfattar, for eg likar at ei krimbok er tvers gjennom realistisk. Denne ungdomsboka fungerer betre, og eg vil tru at ein ungdom på hovudpersonens alder vil kunne like den. Kan hende vil den fengje ungdom i vidaregåande òg, men eg trur den blir noko i enklaste laget for røynde lesarar. Spesielt ordforklaringane undervegs kan verke noko overdrive for nokre, men det kan fungere godt for ein yngre eller mindre røynd lesar.

Alt i alt er dette ei spennande eventyrbok som er lett å lese for dei som er glade i det okkulte og overnaturlege. Miljøet elles er noko dei unge vil kjenne seg att i, for her er både laptopar, iphonar og andre moderne hjelpemiddel tekne i bruk. Eg ville helst ha klart meg utan dei overnaturlege elementa, men skjønar at dette er noko ein kan forvente i Egelands bøker.

tirsdag 21. januar 2014

Bok 6 2014: "Lykkelige dager" av Sigrid Undset

Russeklassen min og eg har sett dokumentar om Sigrid Undset, og neste veke skal vi sjå filmatiseringa av "Kristin Lavransdatter". På privaten har eg lese ei lita bok forfattaren skreiv medan ho budde i USA under andre verdskrig. Her skildrar ho det norske bygdelivet og sitt eige familieliv i relativt unyansert idyll. Boka er ikkje akkurat god, og den er frykteleg romantiserande, men eg synest den nesten er ein liten kuriositet. Ho skriv rørande varmt om den psykisk utviklingshemma dottera, og om eldstesonen, som vart skoten under andre verdskrig. Ei imponerande kvinne som både skreiv og opplevde mykje i livet sitt.

søndag 19. januar 2014

Familietreff på Hareid

I dag har store delar av slekta vore samla på Hareid, der vi feira Nevø 3, som vart 20 år i går. Vi fekk servert mykje god mat, og jubilanten fekk marsipankake som mora hadde baka og systera pynta. Niesa hadde dessutan pynta to flotte peparkakehus som vart knuste i dag.

Vi takkar for ein fin dag!







lørdag 18. januar 2014

Bok 5 2014: "Fange 59. Taterpige" av Aina Basso

Ved eit samantreff handlar også denne boka om 1700-talet, og hovudpersonen er tater. Der stoggar likskapane mellom Falcones og Basso, berre så det er sagt.

Aina Basso er historikar, noko som pregar framstillinga. Ho har teke utgangspunkt i gamle protokollar og andre skrifter som vert siterte undervegs i romanen. I tillegg kjem kortfatta kapittel som omhandlar taterjenta Maria, som kjem på tukthus og deretter i teneste hos ein prost.

Det er først og fremst språket som gjer denne romanen spesiell. Setningane er ofte uavslutta, noko som gir eit sårbart preg på personane når dei snakkar med kvarandre. Livet blant taterfolket vert positivt og varmt skildra, medan det elles er ymse slag menneske der Maria ferdast. Her er ingen groteske skildringar, så boka kan høve for dei fleste.

Eg likte boka. Den var rask å lese og lett å forstå, og eg trur den kunne høve for ungdom, sjølv om eg las på Samlaget sine sider at Basso debuterer som vaksenforfattar med denne boka. Språket er nynorsk, men sitata er på autentisk dansk-norsk.

Bok 4 2014: "Barfotdronningen" av Ildefonso Falcones

Falcones skriv denne gongen ei bok om ei frigitt slavekvinne frå Cuba som blir ein del av sigøynarmiljøet i Spania. Handlinga er lagd til 1700-talet, og ein får mykje historisk kunnskap gjennom lesinga. Sjølve forteljinga inneheld både vald, kjærleik og erotikk, og det er til tider svært spennande lesing. Hovudproblemet mitt er at boka er for lang (21 cd-ar, nesten 27 timar lydbok). Eg greier ikkje å bli fanga av historia lenge nok, men går noko lei undervegs. Om det er forfattaren eller lesaren si skuld, veit eg ikkje, men eg har høyrt andre seie det same.

Come what may

Laurdag er ikkje nødvendigvis ein fridag for lærarar. Sjølv sit eg og les førsteutkast til det som skal bli fordjupingsemne i norsk i russeklassen min. Emna er mange og varierte, så det er eit interessant arbeid, men det tek tid både for elevar og lærar.

Storegut går på musikklinja, og dei held på med eit anna stort prosjekt i desse dagar. Dei set nemleg opp musikalen "Moulin Rouge", og poden min er blant dei heldige som skal ha ei rolle som skodespelar og songar. Eg ser sjølvsagt fram til dette med stor entusiasme, og i dag har eg sikra meg billettar. Framsyninga skal setjast opp på Ørsta kulturhus 12. - 14. februar.

fredag 17. januar 2014

Fornying på fredag

Etter ei innhaldsrik veke var det kjekt å gjere noko så trivielt som å opne pakke frå Indiska og fornye sofakroken. Etter tips frå ei kollegavenninne har eg no funne ein nettstad til, der eg har bestilt nye kjøkengardiner. Julefargane er ute, i vår blir det mykje turkis i Casa Margarita.

onsdag 15. januar 2014

Bok 3 2014: "The Guernsey Literary and Potato Peel Pie Society" av Mary Ann Schaffer

Etter det eg har funne ut, er dette den einaste boka Schaffer har skrive. Ho var amerikansk og levde 1934 - 2008, og i etterordet står det at ho måtte få hjelp til å fullføre boka på grunn av sjukdom. Boka vart publisert same året som ho døydde.

Det er mange grunnar til at eg likte denne boka uvanleg godt. Karakterane er tydelege og interessante, noko eg alltid set pris på. Hovudpersonen Juliet, til dømes, er ein sjarmerande og humoristisk karakter som ein straks får sympati med. Noko anna som gjer at eg likar boka, er at handlinga er lagd til Guernsey i 1946. Eg har vore på to av kanaløyane, Jersey og Sark, og visste frå før at området var okkupert av tyskarane under andre verdskrig. No er ikkje dette ei dokumentarbok, men eg reknar med at krigshistoriene i boka er nokolunde truverdige. Eg er dessutan blitt fortald at Guernsey minner om ein mindre versjon av Jersey, så eg ser føre meg noko av landskapet og bygningane der.Vidare likar eg at så mykje av boka handlar om litteratur, og kjærleik til litteratur. Annan type kjærleik er òg til stades, og til tider kan det bli spennande, utan sentimentalitet (som eg sjeldan likar).

Den aller viktigaste grunnen til at eg likar boka, er komposisjonen. Mesteparten av boka er brev som vert sende til og frå ulike personar, dei fleste til eller frå Juliet. Ein må derfor lese ein del av handlinga mellom linjene, og ein får eit effektfullt skifte i synsvinkel.

Etter min smak var dette ei herleg bok som eg hadde problem med å leggje frå meg. Eg las den på engelsk, og det gjekk heilt fint. Noko av humoren er typisk britisk, sjølv om forfattaren er amerikansk, og det kjem best fram på originalspråket. Eg hadde ikkje villa lese denne som lydbok, då komposisjonen kan bli forvirrande når ein ikkje ser breva. Elles kan eg berre seie "løp og les!"

Fri-onsdag i januarsol

Når sola skin på ein fri-onsdag, får husvask og skulearbeid vente til ein har fått seg ein tur ut. Det vart ingen "topp-tur" akkurat, men eg fekk no sjå at sola er koma til hagen min, om enn berre til tretoppane. Det går mot lysare tider!


søndag 12. januar 2014

Søndag og sol





Endeleg fekk vi lufta oss i solskin! Vi gjekk heimanfrå i skugge, men kom til strålande sol på hi sida av fjorden. På heimveg fekk vi nyte litt sol på denne sida òg, men då var det i ferd med å skye over.

Elles gjer vi fint lite anna enn å ete og slappe av, men Storegut har fått i hende manuskriptet til årets musikal. Vi er alle spente på korleis den vil bli, og Eldstejenta har fått billett så ho skal kome heim for å sjå broren på scenen.

Veslejenta reiste i bursdagsselskap, iført nytt antrekk frå gårsdagens handlerunde.

Bok 2 2014: "Menneskefluene" av Hans Olav Lahlum

Eg er begeistra for Lahlum som type, og har sett intervju med han og beundra entusiasmen og kunnskapen bak nerde-imaget med stor glede. Romanen eg no har lese er hans debut som kriminalforfattar, og den var veldig underhaldande og kjekk å lese. Handlinga er lagd til 1968, og forhistoria til andre verdskrig. Språket understrekar det autentisk gamalmodige, og sjølve historia er klassisk i den tydinga at det er eit mysterium med få aktuelle mistenkte.

Problemet med å vere røynd kriminallitteratur-lesar er at ein ser med det same kven mordaren er - dette er noko av grunnen til at eg nesten har slutta å lese krim. Der er så mange klisjéar i sjangeren, og Lahlum nyttar nokre av desse. Likevel var dette god underhaldning, og eg kjem truleg til å lese fleire av bøkene hans. La meg likevel legge til at etterordet der han fortel om "gamaltanta" si, var det eg syntest var mest spennande i heile boka.

lørdag 11. januar 2014

Laurdagssyslar

Vanlegvis unngår eg å handle på laurdagar, og i dag var det nydeleg turvêr og høve til å gjere anna enn å shoppe. Men har ein sagt noko, bør ein stå ved det. Eg vekte ungane ved å seie "vi reiser når eg er klar, så viss du vil vere med, må du stå opp. Du vel sjølv. Det er forresten sal." Det viste seg å vere uhyre effektivt, og alle tre ungane fekk fornya garderoben med fine plagg som no kosta helvta av det dei gjorde i desember. Sjølv finn eg meg sjeldan noko på sal, så eg kjøpte meg nokre plagg på full pris. Typisk nok.

Vel heime gjekk eg meg ein tur medan ungane slappa av, deretter kosa vi oss med god mat, snacks og ein god film. Innimellom spelte og song ungane slik dei plar gjere, og Minstemann bygde seg eit splitter nytt trommesett. Storegut hjalp han med å lage trommestikker av to 17. mai-flagg, og elles ordna han sjølv alt saman med mykje gjenbruk av tom emballasje.
Dagens impulskjøp

Minstemann med det nye slagverket sitt

10. januar: vinklubb

Årets første vinklubb fann stad i nabohuset. Vi var berre sju damer rundt bordet denne gongen, men vi hadde likevel ein triveleg kveld med mykje prat og latter - i tillegg til at vi fekk servert ei nydeleg chiligryte og tre kraftige vinar som alle smakte fantastisk både med og utan mat til. Biletet vart noko uskarpt, så neste gong tek eg med meg speilrefleksen. Dei mest skarpsynte greier sikkert å tyde etikettane.

onsdag 8. januar 2014

Første fri-onsdag i "fjorten"

Etter nokre netter med lite søvn var det i dag høve til å ligge lenge, noko Minstemann og eg nytta oss av. Eg hadde diverse planar for dagen, men først gjekk vi ein tur i Mjeltvika. Det er relativt uinteressant å gå tur no, med fargelaus natur og tunge skyer, men eg trivst godt med berre vegar. Når ein går saman med ein ung filosof, er det ikkje keisamt uansett.

Då vi kom heim, fekk poden besøk av ein kompis. Sjølv nytta eg dagen til å rydde vekk julepynten inne, vaske stovegardinene og henge dei opp att. Då eg skulle sette kassene med julepynt inn i buda, fann eg ein del rot og rusk som eg kveikte på nede på bålplassen. Til middag laga eg pannekaker med bacon, så heimen luktar no ei blanding av vaskemiddel, bacon og bål. Her er like fargelaust og keisamt som ute, men eg har nett-handla på "Indiska" og ventar på fornying til sofakroken.

tirsdag 7. januar 2014

Ein tankevekkjar

Video om mobilbruk som eg nytta i engelskundervisninga i dag, då vi starta på kapittelet om media.

søndag 5. januar 2014

Sov du vesle spire ung

Det blir lite fotografering for tida. Naturen er fargelaus, og det blir tidleg mørkt. Eitt av nyttårsforsetta mine er å kome i betre form, så eg er flink til å gå tur, med og utan lånt hund og/eller anna følgje. I dag gjekk eg dessutan ein runde i hagen, der tulipanløkane vi sette i haust har begynt å spire. Eg fryktar at naturen misforstår mildvêret, for det kjem truleg kulde etter dette vårlege vêret- Sjølv set eg pris på milde dagar utan snø og frost, sjølv om det gjer utelivet litt mindre inspirerande. Uteliv i form av moking og skraping av bilruter kan eg godt klare meg utan.

lørdag 4. januar 2014

Bok 1 2014: "Twilight of the Superheroes" av Deborah Eisenberg

Denne novellesamlinga fekk eg anbefalt på eit kurs om "post 9/11 literature". Eigentleg er det berre den første novella som handlar direkte om terrorangrepet, og dei andre tekstane handlar om svært mange ulike tema - ikkje ulikt novellesamlingane til Alice Munro, faktisk. Forfattaren skriv godt med eit rikt språk, men tekstane er likevel lettlesne. Eg må likevel innrømme at eg er lei av novellesamlingar for ei stund.