torsdag 31. august 2017

Ny bil: Kia Rio 2017

Torsdag fekk eg endeleg nyebilen, som eg bestilte (usett) i mars. Det er ein splitter ny Kia Rio, same sort som eg hadde frå før. Fargen er derimot ny, og den høver godt no i valkampen.


Tur til Movatnet

Onsdag kveld gjekk vi tur på Stigedalen, på vegen inn til Movatnet. Vi gjekk ikkje heilt ned til vatnet, sidan det var temmeleg vått i marka. Sola slapp dessverre ikkje heilt gjennom skyene, noko som var synd, sidan det var så fine haustfargar i naturen.

søndag 27. august 2017

Bok 63 2017: "Menn som hater ulver" av Lars Lenth

Denne boka viser seg å vere nummer tre i ein serie eg ikkje har lese dei første bøkene i, men samanhengen mellom bøkene skal visstnok berre vere at nokre av personane er med i dei tidlegare bøkene. Det burde ikkje gjere nokon stor skilnad i lesinga, men det veit eg sjølvsagt ikkje sikkert.

Tittelen seier mykje i seg sjølv. Dette er ein humoristisk roman med mange ordspel og underforstått humor, men handlinga er òg svært dramatisk. I starten vert ei kvinne tilsynelatande  drepen av ulv rett framfor auga til sonen, som ho har berga opp i eit tre. Handlinga går føre seg i Østerdalen, og lokalmiljøet er svært prega av ulvestrid. Det finst mange som er ute etter å verne eller drepe ulv, og det er mellom desse grupperingane slaget står.

Boka er underhaldande nok, men satiren treff nok betre dersom ein er meir interessert i ulvespørsmålet. Personane som er med er først og fremst typar, for ikkje å seie stereotypar, og handlinga er heilt urealistisk. Eg såg element av Knut Nærum og Erlend Loe i skrivestilen, men det er eit stykke att opp til det nivået.

lørdag 26. august 2017

Fisketur til Rjåneset

Etter den politiske innsatsen laurdag tok Minstemann og eg turen til Rjåneset i Ørsta, saman med Bladfyken og yngstesonen hans. Der var det nydeleg sommarvêr, så det vart ein nydeleg tur. Fiskelukka var ikkje den heilt store, så det vart grilla pølser til middag i staden.



Laurdagsjobben

I dag hadde vi større pågang og meir avsetjing på roser på standsaksjonen. Det vart mange interessante diskusjonar og nokre litt skremmande, då fleire kom med svært rasistiske synspunkt. Mange ungdomsskuleelevar hadde fått i oppgåve å sanke inn brosjyrar frå ulike parti, så det var mange unge og foreldra deira som kom. Vêret var fantastisk, og det var dermed kjekt å kunne gjere noko så meiningsfylt ein laurdag føremiddag.

Skulevaldebatt 2017


Ordføraren leia debatten
Det er alltid sjarmerande å sjå og høyre unge politikarar som skal delta i paneldebatt. Nokre er nervøse, nokre prøver for hardt å vere morosame, nokre er superflinke og andre er ufrivillig morosame fordi dei bommar totalt på publikummet sitt. Etter debatten var det valtorg, der elevane kunne snakke med politikarar, få popcorn og karamellar og ikkje minst partiprogram. Norsklærarane har teke føre seg emnet retorikk i forkant av debatten, og i etterkant vil både norsklærarar og samfunnsfaglærarar ta føre seg innlegga og argumentasjonen med kvar si vinkling. Det er mogleg at medialærarar tek føre seg valprogramma frå ein meir mediafokusert ståstad, og i tilfelle vil elevane få eit godt grunnlag for å kunne gjere seg opp ei meining.

Sjølve skulevalet ventar vi med ei dryg veke til, så då unngår vi at elevane stemmer ut frå kven dei syntest gjorde det best på debatten. Dei fleste elevar eg har snakka med, seier at dei tek testar på internett for å sjå kva parti dei ligg nærast. Det gjorde vi i heimen her i ettermiddag, og utfalla vart både varierte og lite sannsynlege.


onsdag 23. august 2017

Eit nytt og betre liv dag 3

Kvardagane er hittil denne veka noko rolege i høve til det eg er van med. I dag skulle eg ha undervisning i to timar, 5. og 6., så eg fekk ein roleg morgon. Eg parkerte på Folkestad og gjekk frå ferjekaia både til og frå jobb i dag òg, og eg kom heim samtidig med Minstemann. Han fekk besøk av ein kompis etter middag, og eg har hittil nytta ettermiddagen til artikkellesing, plenslått og sykkeltur. Det er liksom ikkje grenser for kva ein får tid til! No vurderer eg å lese ein artikkel til før valsendingane begynner - det må eg nesten følgje med i.

tirsdag 22. august 2017

Tysdag kveld på Krumsvikneset

I dag skulle eg undervise i andre time og gå på møte i niande time - elles hadde eg ingen bestemte planar for arbeidsdagen. Eg var med andre ord ferdig å undervise 9.40. Litt før klokka 10 ringde ei dame og spurte om eg kunne stille som vara i formannskapet klokka 12, og ho verka overraska då eg straks svara ja på så kort varsel. Dermed vart dagen litt meir interessant for meg, og eg fekk litt meir å gjere òg. Eg hadde aldri møtt i formannskapet før, og det var ganske interessant. Sakene er mykje likt det som kjem i kommunestyret, sjølvsagt, men det var eit mindre forum og dermed rom for meir diskusjon.

Vel heime kosa Minstemann og eg oss med smoothie og Netflix fram til det var tid for å køyre han til korpsøving. Medan han spelte, gjekk eg ein tur med Charlie i det fine sommarvêret. Attende på korpsøvinga hadde dei fyrt opp ein grill, så det vart ei koseleg kveldsøkt.

Bok 62 2017: "Greven av Monte Christo" av Alexandre Dumas den eldre

Dette er historia om den unge mannen som på grunn av nokon sin vondskap vert fengsla - men som greidde å rømme. Etter mange år kjem han attende, og då vil han ta hemn! Ei spennande forteljing, men denne utgåva var noko forenkla, og dermed for fortetta i handlinga etter min smak.

mandag 21. august 2017

I posten i dag

Minstemann har jobba litt i heimen i sommar, og for noko av løna har han fått handla på nettet. I dag henta eg ein pakke med eit pedalbrett, og etter middag hadde han mykje arbeid med å kople detopp. I mellomtida las eg eit par pensumartiklar, så no er eg i gang med nytt studium òg.

Undervegs i prosjekta våre tok i oss ein tur ut og lufta hunden og oss sjølve. Det er bra vi har hunden til å lokke oss ut, for det hender at vi er skikkeleg opptekne av innesyslane våre.

Ny kvardag


I dag var det, som i fjor, berre ein av avleggarane som skulle på skulen. Det nye av året er at ingen storebror bur heime, så i vekene blir det berre Mamsen og Lillegutt som er heime. I tillegg til hunden, sjølvsagt.

Minstemann skal gå i 9. klasse no, og Veslejenta har begynt på andre året på vgs. Ho bur framleis på hybel, men eg ser henne fleire gonger i veka i kantina på jobb. Det er veldig koseleg.

Sjølv skal eg jobbe 62,5% i år, med frikjøp gjennom utdanningsstøtte. Eg skal ta eksamen 1. desember i Vitskapsteori og metode, noko eg trur eg må jobbe hardt for å få til. Håpet er likevel at frikjøpet skal gi meg rolegare dagar med høve til meir trening og moro.

I dag, til dømes, skulle eg ikkje ha undervisning, så eg var berre innom jobb ei stund for å ordne litt før eg stakk ned på treningssenteret Stamina. Eg hadde sett att bilen på kaia på Folkestad, noko eg òg håper på å bli flinkare til, så eg fekk litt mosjon slik, men i tillegg tok eg meg ei miniøkt på tredemølle og roapparat.

Etter eg kom attende til "rette sida av fjorden", handla eg inn nokre middagsalternativ som kan passe for to personar med dårleg tid. Elles skal vi no kunne unne oss det vi har lyst på no når vi berre er to i heimen, men vi skal no prøve å vere litt sunne òg.


søndag 20. august 2017

Bok 61: "Bluebeard's Egg" av Margaret Atwood


Denne novellesamlinga minner om den førre eg las av same kategori, derfor gjekk eg lei undervegs og las den ut mest på grunn av velutvikla pliktkjensle. Novellene er små refleksjonar meir enn forteljingar, og tema er forhold, foreldre, barndom og så vidare.

Låvefest for vinklubben

Laurdag kveld hadde vi for tredje år på rad låvefest hos ei av vindamene som har låve. Denne vinklubbkvelden er den einaste der menn har adgang, så fleire av oss hadde med mannen i sitt liv. Vertinna serverte fiskesuppe, elles hadde vi med drikke sjølve og ein del snacks og kaker. Det vart ein artig  kveld med mykje song og prat, bålbrenning og latter.

I bloggande stund har eg ikkje bilete frå seansen, men viss det dukkar opp noko anstendig eller utan folk på i sosiale media, skal eg oppdatere.

Valkampstart i Volda

Laurdag hadde vi første organiserte valkampstand i sentrum- Det var lite folk ute, sjølv om det vart fint vêr, men vi fekk rikeleg tid til å diskutere politikk med partifeller og konkurrentar. Stemninga var roleg og vennleg, og det er no alltid greitt. Etter å ha lese meg opp på kommentarfelt, synest eg det er fælt å sjå der korleis ein karakteriserer meiningsmotstandarar som hjernevaska idiotar, landssvikarar og det som verre er. Forhåpentlegvis blir den offisielle valkampen meir verdig.

fredag 18. august 2017

Første veke på jobb etter ferien

No er planleggingsveka over, og ein kan gå til helg med senka skuldrar. Eg synest ofte dette er den tyngste veka i skuleåret, då ein skal legge alle moglege planar for elevar ein ikkje har møtt, gå på tallause møte og samarbeide på kryss og tvers i dei ulike faga og teama.

Onsdag var eit høgdepunkt, då den fylkeskommunale fagdagen i engelsk var svært vellukka på alle måtar. Temaa for forelesningane var Brexit, og vi fekk gode analysar av kva utfordringar det medfører og kva årsakene til resultatet i folkerøystinga kunne vere. I tillegg fekk vi tips om vidare lesing, noko eg alltid synest er engasjerande.

I dag reiser Storegut til Trøndelag, der han skal gå eit år på folkehøgskule. Det er hardt å sende kyllingane ut av reiret, sjølv om eg ønskjer dei alt godt av spennande opplevingar. Skulen han skal gå har godt rykte, og eg unner han verkeleg å få dyrke musikkinteressa og finne ut meir om seg sjølv som person. Han er ein god gut, og det reknar eg med han vil halde fram med å vere også etter dette året.

søndag 13. august 2017

Bok 60 2017: "Et uoverskuelig mørke" av Håvard Syvertsen

"Det som bare rammer andre, det som aldri skulle kunne skje, skjer oss. I en ikke veldig fjern framtid blir Norges regjering styrtet, Oslo satt i brann og folket tvunget til å flykte på grunn av borgerkrigslignende tilstander. 

En kald januardag blir Oslo angrepet. Byen bombes, bygninger brenner og infrastrukturen bryter sammen. I de første, avgjørende dagene følger vi Martin, Kaisa og Lilly. Martin forsøker å flykte sammen med kona og barnebarnet, men det finnes ikke noe trygt sted å dra. Kaisa er sykepleier og går gjennom en sønderreven by på vei til jobb på et overfylt Ullevål sykehus. Lilly hjelper en barnefamilie å flykte til hytta på fjellet, men hvor lenge kan de overleve der, og hvor kan de dra etterpå? 

All kommunikasjon har brutt sammen. Ingen vet hvem de nye makthaverne er, og hvor store områder som er i deres hender. Dette er en fortelling om hvordan tre enkeltmennesker opplever og reagerer når de står overfor altomveltende hendelser." (Frå Tanums nettside)

Eg syntest boka var noko sær, då eg ikkje heilt såg kven dei nye makthavarane var, noko eg hadde sett som nyttig viss denne dystopiske boka skulle ha ein politisk brodd. Det var tydelegvis ikkje meininga med boka, og då lurte eg litt på kva som eigentleg var poenget. 

lørdag 12. august 2017

Siste helg i ferien

Laurdag for Veslejenta og eg på butikkar i tettbygde strok, så då fekk vi handla inn litt til skulestart. Å få årets lærarplanleggar i hende er alltid litt kjekt, for ein har alltid optimistiske tankar om det nye året. Årets lyslilla farge var til å kome i godt humør av.

Vel heime gjekk Minstemann og eg ein tur langs vegane (han får som regel velje turmål), og tanken slo meg undervegs at vi bur mellom mektige fjell og elvar utan eigentleg å registrere det. Heime er heime, liksom, men naturen her er så flott at turistar kjem for å nyte det som vi altså knapt legg merke til.


I bloggande stund har dei to heimeverande borna gått i gang med taco-laging. I natt kjem Storegut heim frå Syden, det ser vi fram til!

fredag 11. august 2017

Bok 59 2017: "Skjønnhet er et sår" av Eka Kurniawan

Det vert sagt om denne indonesiske forfattaren at han vart inspirert til å bli forfattar då han som student las "Sult" av Knut Hamsun. Eg kan ikkje seie eg ser noko spor av dette i boka eg har lese, men derimot las eg i ein kritikk at bøkene hans blir samanlikna med Gabriel García Márquez, noko eg sjølv tenkte medan eg las. Denne boka kan plasserast i sjangeren magisk realisme, der ei realistisk handling vert krydra med heilsprø og utrulege element.

Opningssetningen seier det meste om korleis skrivestilen er: "En ettermiddag en helg i mars sto Dewi Ayu opp av graven etter å ha vært død i tjueen år." Grensegangen mellom døde og levande vert oppheva, kronologien er broten og mange forteljingar flettar seg inn i kvarandre - dei fleste om familien til Dewi Ayu. Mange av forteljingane handlar om kjærleik og sensualitet, men dei er svært uføreseielege og endar ofte med forferdelse. I tillegg er språket uføreseieleg og har mange artige vriar, som til dømes " Han var som en navle. Alle visste han var der, men ingen brydde seg om ham." Og til slutt kvinna som møter ein flokk soldatar og spør om dei har drepe mannen hennar, og dei svarar: ""Ja, denne gangen har vi det, frue", sa lederen deres, "og vi vil gjerne få kondolere"."

Eg hadde sansen for boka, men ser at ein må vere i rette modus for denne sjangeren.

onsdag 9. august 2017

Keipen (965 moh)

I dag fekk eg med meg gjengen på ein liten fjelltur i perfekt fjellturvêr, med knapt 20 grader og litt skyer.









tirsdag 8. august 2017

Triviell tysdag

I dag ville Veslejenta vaske vidare, men Minstemann og eg gjekk ein lang tur med hunden (med ny pedometer-app). Etterpå laga vi middag og styrte vidare kvar med vårt. Det vil i mitt tilfelle seie å lese i ei bok, medan Minstemann styrte med noko musikk og datarelatert på rommet sitt. Elles har vi sett serie og berre slappa av og kosa oss, men Veslejenta stakk på besøk til nokre venninner.

mandag 7. august 2017

Måndagsprosjekt: kjøkenskap

Nokre prosjekt vert alltid utsette til sommarferien, og nokre av desse vert utsette til siste ferieveka. I dag har vi rydda og vaska kjøkenskap, som er eit slikt prosjekt som ofte vert utsett lengst mogleg. Når ein er tre personar, går det eigentleg ganske raskt - og ikkje er det så keisamt heller. Det er dessutan lurt å bruke litt tid på å diskutere seg fram til fornuftige system for plassering, sidan det då er lettare å halde orden i sakene framover òg.

Eitt av diskusjonstemaa var: kvar plasserer vi snacks og godteri slik at det er tilgjengeleg, men ikkje så tilgjengeleg at ein vert freista i utide?
Godtehylla akkurat mogleg å rekke utan stol

Sløv søndag

Vëret er sånn passe, ungane sov til langt på dag, vi rusla ein ganske lang tur etter vegane og har elles berre slappa av inne med diverse huslege syslar og denslags. Veslejenta for for å besøke nokre venninner, men Minstemann og eg har halde oss i heimen. Eg har lese, han har spelt og så har vi sett på serie saman. Hunden trivst med folk i huset, og han synest det er like kjekt å kvile på sofaen som å gå tur. Det er vel helst eg sjølv som meiner ein lyt gå sine 10000 skritt kvar dag - dei hine er berre med. No er det berre ei veke att av ferien min, og vi har ein del gjeremål  og turmål eg håper vi får realisert.

søndag 6. august 2017

Bok 58 2017: "Far og Sachsenhausen" av Karin Kinge Lindboe

Steffen (Steff) Kinge sat som politisk fange i Sachsenhausen i perioden 1942 - 1945, og han har seinare vore med "Hvite busser" som tidsvitne. Denne boka er skriven av dottera, som fortel om ein gamal og forvirra far i notida, parallelt med historia om Sachsenhausen, kjærleik og ungdom. Det er ei relativt kort bok, og på mange måtar skulle eg ønske den var lengre, men den er ei fin skildring - spesielt av kjærleiksforholdet mellom Steff og Mia.

Bok 57 2017: "Heart and Soul" av Maeve Binchy

Binchy var ein irsk forfattar, og eg har lese fleire noveller av henne i engelskbøker på skulen. Denne romanen er lett å lese både språkleg og innhaldsmessig, og den gir eit godt innblikk i livet i Dublin og ulike mennesketypar og lagnader. Eg trur eg kan karakterisere det som ein kollektivroman, då det er mange sentrale karakterar som står sentralt. Historia om Clara og den nye jobben hennar er meir som ei rammeforteljing rundt det heile, medan mange andre på hjarteklinikken har interessante historier å fortelje. Felles for dei er at mange av dei er skadeskotne og treng hjelp for å kome vidare i livet.

Her er presten som vert utsett for løgner frå ei kvinne som hevdar å ha hatt eit forhold til han, den polske jenta som arbeider hardt for å sende pengar attende til heimlandet, ungkaren som bur heime med dominerande foreldre, vaksne døtrer som hånar mødrene sine utan å bidra til hushaldninga, ein pasient som nektar å bli innlagd fordi ho ikkje har nokon til å passe hundane hennar - lista er lang, og det er gode bakgrunnshistorier som vert rulla opp og tatt oppgjer med.

Eg likte boka svært godt, ikkje minst fordi den handla om Dublin.

Lat laurdag

I dag regna det tett då eg stod opp, og eg bestemte meg for å nyte stillheita og nytte tida til å lese i ein roman medan ungane kvilte seg ut. Det tok si tid, men etter at dei hadde stått opp, gjekk vi oss ein lang tur i regnet før vi styrte på litt inne med småpjask som rydding og diverse musikk- og medierelatert kos. Det var ikkje nødvendig å handle, for det hadde vi gjort i tettbygde strok fredag. 

Vi snakkar stadig om å få ein sunnare livsstil (med unntak av dei mange burgermåltida i Irland), og i sommar har vi vore flinkte til å kose oss med smoothie av frukt og bær. I dag hadde vi smoothie som mellommåltid, og i tillegg åt vi salat til tacorestane til middag. Dermed kunne vi med godt samvit leite fram taxfree-snop til kveldskos.
Dagens smoothie inneheldt tre små bananar, ei pære, to nektarinar, ein pose frosa bærblanding og om lag 7 dl eplejuice. 

lørdag 5. august 2017

Bok 56 2017: "Det nye vannet" av Roy Jacobsen

Bygdeoriginalen Jon føler at eksistensen hans står i fare når systera seier ho vil flytte til byen og ta han med. Han begynner å setje ut rykte om at ei ung jente som reiste frå bygda for ei tid sidan er blitt drepen, og det kjem politi til øya for å etterforske.

Eg likte boka ganske godt, men syntest òg den var litt vanskeleg å få full klarheit i. I tillegg synest eg det hadde vore betre med ein opplesar som hadde nordnorsk tonefall, for autensiteten si skuld.

torsdag 3. august 2017

Hagedag

Når ein har vore vekkreist ei veke, og det har regna både før og etter den tid, tek ugras og gras seg til rette og veks ut over alle proporsjonar. Når det i dag var meldt opplett, var det derfor tvingande nødvendig å gjere ein innsats i hagen. Avtalen som var inngått med ungane i går, var at ein av dei skulle klippe plen, ein skulle klippe kantar og så skulle eg konsentrere meg om beda. For å seie det slik: beda vart luka. Eg hadde dessutan liggande eit par sekkar mold som eg supplerte med i det største bedet, og så hadde eg på rosegjødsel. I bloggande stund truar eg med både det eine og hitt for å få ein av ungane til å klippe plen - den andre har eg gitt opp å få i arbeid. Straffa blir at eg ikkje gidd å lage middag heller, så får dei berre ha det så godt.
Før

Etter (dette bedet tok tre timar)

Bok 55 2017: "Rachels ferie" av Marian Keyes

Det er ikkje så ofte eg kastar meg over sjangeren "Chick lit", men denne boka handlar om Irland og kom derfor med i lånebunken på biblioteket. Eg likar å lese mange sortar bøker, og ferielektyre kan vere så mangt.

Rachel lever eit heilt normalt liv i New York, meiner ho sjølv, då venene og familien tek affære og sender henne heim til Irland på avvenningskur. Dei meiner nemleg at ho er narkoman, noko eg-personen hevdar er totalt feil. Ikkje er avvenningsinstitusjonen det luksusspaet ho forventar heller.

Gjennom opphaldet vert ho gradvis meir kjend med seg sjølv og må ta eit oppgjer med livsstilen og sjølvoppfattinga si.

Boka er morosam og interessant, men kjærleikshistoria er noko slapp i høve til resten. Då eg oppdaga at boka er ein del av ein serie om Rachels familie, tenkte eg at eg vil lese fleire av bøkene, men vi får sjå. Det er artig å lese om Irland, i alle fall, og så var det kjekt å høyre den som lydbok.

Bok 54 2017: "Dublin" av Frode Grytten

Denne boka er nokre år gamal, frå 2004, så ein del av innhaldet er noko ute på dato. Dagsaktuelle artistar og saker frå tidleg 2000-tal har no blitt historie. Irland har utvikla seg mykje siste åra, og Dublin har nok òg endra seg, utan at eg har detaljkunnskap om dette. Likevel er denne boka god underhaldning og ein fin måte å få tak på den irske folkesjela og kulturen. Grytten skriv levande og godt, og utan å gi for mange tips om kva ein "må sjå". Eg likte boka som eit supplement til vanlege turistbøker.

onsdag 2. august 2017

Dag 7: heimreise

Måndag morgon tok vi oss ein sakte frukost før vi pakka saman og reiste ut mot flyplassen i 11-tida. Det var akkurat passeleg med tid til å kome seg dit, sjekke inn og handle på taxfree. Stemninga var roleg på flyplassen, sjølv om den verka slitt og lite moderne.

Flyturen vart ein halv time forseinka, men det gjorde ingenting for oss. Fleire ombord stressa med at dei skulle vidare, men vi skulle vente i 6 - 7 timar før nattbussen gjekk heim. Desse timane brukte vi til å ete pizza på Peppes og kose oss med internett (kjekt med smarttelefon!).

Bussturen heim vart ikkje så fredeleg, så det vart lite søvn. I bloggande stund har vi hatt ein roleg dag med litt småsoving innimellom, ein handletur til Eid og fisk til middag (etter tallause besøk på Burger King gjorde det veldig godt).

Det har vore ein del arbeid å gå gjennom bileta og blogge om opplevingane våre, men dt er også utruleg kjekt å sjå attende på ein så vellukka og kjekk tur. Ungane har vore eit fantastisk reisefølgje, og det har vore svært lite krangel og misnøye. Det har rett og slett vore så kjekt at vi allereie har lyst attende...

tirsdag 1. august 2017

Irland dag 6

Siste dag på turen brukte vi til ei utflukt i regi av selskapet "Wild Rover Tours". Første stopp på vegen var Belfast, der ein kunne velje mellom politisk taxitur og besøk på Titanic-senteret. Det fanst inge utflukter som inkluderte begge delar pluss Giant's causeway, derfor hadde vi reist opp og tatt den politiske delen av Belfastopplevinga på førehand, noko eg var svært glad for då eg såg kor lite tid vi ville ha fått.

Titanicsenteret er ein flott bygning, og eit svært moderne og interaktivt museum. Vi fekk audioguide som losa oss gjennom dei ulike utstillingane, som i tillegg til sjølve hovudattraksjonen også synte sider ved det industrielle Belfast. Det var sjølvsagt ekstra kjekt å sjå utstillingar frå interiøret, og ikkje minst filmen til slutt som viste funn som dykkarar har gjort.
Utsikt ut mot stolpane som viser kor stort skipet var

Lugar på første klasse

Lugar på tredje klasse


Noko av eksteriøret

Neste stopp var Dunluce Castle, eit viktig historisk bygg som har fått sin renessanse som House of Greyjoy i Game of Thrones. Denne tv-serien er svært populær verda over, og Nord-Irland utnyttar dette kommersielt i svært stor grad. Dette var berre eit kjapt stopp for å ta bilete.


Hovudattraksjonen på turen var den vulkaniske klippeformasjonen Giant's Causeway. Det var verkeleg flott å sjå, og det aula av turistar i området. Området står på Unescolista over verdsarvplassar saman med området rundt. Vi var utruleg heldige med vêret, for styrtregnet begynte då vi kom opp att til bussen.








Siste attraksjon var Carrick-a-Rede Rope Bridge, ei taubru 30 meter over havet eller klippene under. Dette er òg ein turistattraksjon som er populær, og turistar betaler ein sum for å få gå over hengebrua. Eg var spent på om eg kom til å tore å krysse brua sjølv, men det gjekk heilt fint. Eg såg aldri ned, og såg heller ikkje på utsikta før eg var komen trygt over på fastlandet att.