tirsdag 25. april 2023

Florø

 Veke 17 gjekk inn i historia som ei svært travel veke på jobb, med fem vikartimar og ein rettebunke på kveldstid. Fredag kom eg heim relativt tidleg, etter ein jobbdag med 21 elevsamtalar og ein film, og då vart eg sittande i ein stol på verandaen i fem timar - først sovande, deretter strikkande.

Laurdag var det siste finevêrsdagen, så då bestemte vi oss for å fare på roadtrip. Turmålet var Florø, der eg aldri har vore i dagslys før (eg måtte overnatte der ein gong på 80-talet, men då var det vinter og mørkt). Vi reiste over nordfjorden ved Stårheim-Isane og køyrde via Svelgen, men på heimveg reiste vi den mykje finare vegen om Førde. Det er lengre, men mykje meir behageleg. Det var dessutan eit poeng å køyre ein runde, ikkje fram og attende.

I Florø vandra vi litt i gatene, før vi fann noko som heiter Lilleåsen. Der ligg ein gamal vasstank som opphavleg var brukt for å få nok trykk på vatnet i sildeoljefabrikkane, men som no var tømd. På området restaurerer dei tanken og lagar ein kulturarena på toppen av åsen. Det var eit flott prosjekt!

Elles inntok vi årets første softis i hovudgata i Florø, men middagen enda vi opp med å ta på kinarestauranten på Eid, før vi tok helgehandelen. 

Eigentleg burde ein ha jobba i hagen eller gjort noko anna nyttig ein slik fridag, men det var ufatteleg godt å kome seg ut og sjå noko nytt og noko anna enn det kvardagen byr på.








søndag 16. april 2023

Bok 16 2023: "Maria Stuart og hennes verden" av Richard Herrmann


I denne boka presenterer forfattaren, som les sjølv, heile Stuart-rekkja i det britiske monarkiet, frå Mary til Anne. Det er ei fryd å høyre Herrmann lese, og her får historia kjøt på beina såpass det er god underhaldning òg. Eg likte spesielt å høyre om Cromwell og den republikanske perioden, for den visste eg minst om frå før.

mandag 10. april 2023

Bok 15 2023: "Si ingenting" av Patrick Radden Keefe


Undertittelen til boka er "en sann historie om mord og terror i Nord-Irland", og sjangeren er altså sakprosa. Den har fått terningkast 6 i VG og Adresseavisen, og den har blitt tildelt Orwell-prisen. Eg begynte på boka for snart to år sidan, men det er såpass tung materie at eg berre har lese i den periodevis. Temaet er "The Troubles", eller borgarkrigen i Nord-Irland frå 1960-talet og fram til langfredagsavtalen i 1998. Boka tek også føre seg tida etter 1998 og fram til den kom ut i 2019. 

Handlinga overgår den verste påskekrim, med terroråtak, bortføringar, sveltestreik og tysting som nokre av ingrediensane. Ei stadig tilbakevendande historie er den om tibarnsmora som vart bortført, og kva som skjedde med henne. Ein får også høyre om den hardbarka terroristen Dolours Price, som overlevde sveltestreik i fengsel fordi ho vart tvangsmata i over 160 dagar. Etter all mediepublisiteten rundt dette vart tvangsmating forbode, noko som førte til at Bobby Sands og ti andre seinare svalt seg til døde. Den karismatiske Gerry Adams blir kritisert for å ha fornekta fortida si, og ein leiande IRA-mann vart avslørt som tystar ("tout") for lojalistane. 

Eg underviser om Irland og Nord-Irland kvart einaste år, og det er tema som engasjerer meg, sjølv om det er vanskeleg for elevane å skjøne det heile. I år er det 25 år sidan fredsavtalen vart signert, og ein får berre håpe at freden vil vare, trass i  at Brexit har sett nytt søkelys på denne delen av UK.

Kvitebjørn i Oslo

Eldstejentas kvitebjørngenser vart ferdig strikka og vaska  i løpet av påska, og den vart akkurat ferdig tørka til ho skulle reise attende til Oslo om kvelden påskeaftan. 


Genseren er den første i mitt nye bjørneprosjekt. Ungane mine heiter Bjørneset til etternamn, og då passar det godt å ha bjørnegenser. Eldstejenta har fått ta ut fargane sjølv, og det skal vel hine gjere også - i alle fall litt. Eg har nokre restar eg kan supplere med også.



Påska 2023

Veslejenta palmelaurdag

Dei to eldste måndag i påskeveka

Denne påskeferien har vi hatt nydeleg vêr mykje av tida, så skientusiastane har gått bananas i sosiale medium. Sjølv har eg hatt dei tre eldste ungane heime mykje av tida, og vi har gått turar på vegane og sete oppe til langt på natt med gode samtalar. I tillegg har det blitt eit par besøk hos Besta, litt jobbing, lesing og seriesjåing. Etter at ungane reiste, vart det litt hage- og skulearbeid òg, men enda meir strikking. Eg møtte alle tre i vinterferien, men dei hadde ikkje sett kvarandre. Om halvannan veke flyttar Veslejenta heim, og det ser vi fram til. 


fredag 7. april 2023

Genser nummer 48: "Kvitebjørn" til Eldstejenta


Då ho var heime i vinterferien, bestemte Eldstejenta seg for kva fargar ho ville ha på Kvitebjørngenseren sin (mitt nye prosjekt er å strikke ein bjørnegenser til kvart av borna). Vi gjorde også nokre justeringar fr å få mønsteret meir symmetrisk, noko eg trur var lurt. Genseren inneheld 8 fargar, og det kan lett bli rotete viss mønsteret i tillegg er asymmetrisk. Det var mykje arbed med å feste trådar, sidan dei fleste trådane måtte kuttast kvar gong ein brukte ein farge. Garnet er lettlopi, og mønsteret er frå boka Villmarkstrikk 2. 

Tromsø

Utsikt frå rommet i 9. etasje

Utsikt frå rommet neste morgon



I midten av mars var eg så heldig å få reise på landslagsamling i LNU i Tromsø, saman med to kollegaer. Den eine kollegaen er opprinneleg frå Tromsø, så ho viste oss rundt ein del, sjølv om vi hadde lite fritid. Eg har aldri vore i Nord-Noreg før, så det var ei oppleving, og konferansen var også svært interessant og inspirerande.

Genser nummer 47: "Dahlia" til meg sjølv


Denne genseren har eg hatt liggande ei stund. Garnet vart kjøpt inn i håp om at det skulle bli ein julegenser, men no vart den brått ferdigstilt til eg skulle stille som settevaraordførar på eit kommunestyremøte. La oss kalle det ein valkampgenser. Fargen er "dyp rød" i Sandnes garn, ein tråd tynn silk mohair og ein i tynn merino. Eg strikka ein grøn som Eldstejenta fekk fordi den var for liten til meg, men no gjekk eg opp eit par storleikar så den skulle passe betre til meg. Eg har også ein blå i same mønster, men med anna garn.

Bok 14 2023: "Syndebukken" av Sofie Sarenbrant

I forstaden Bromma vert ein tenåringsgut funnen drepen. Blant dei velståande svenskane som bur der begynner rykta å florere, og mistankane mot utanlandske arbeidarar vert fort spreidde i sosiale medium. Handlinga er interessant og relevant, om enn noko usannsynleg.

Bok 13 2023: "Tiggeren" av Sofie Sarenbrant


 I Stockholm lever ei ung kvinne som livbergar seg med tigging. Ein tiggar vert funnen død, og mykje tydar på at nokon vil drepe fleire menneske i same kategori. Innhaldet i denne romanen er mildt sagt søkt, men igjen kan eg seie at boka er underhaldande krim, om ikkje så realistisk.




Bok 12 2023: "Avdeling 73" av Sofie Sarenbrant


Etterforskarhelten i serien, Emma, vaknar opp etter fleire månaders koma etter ei rideulukke. Ho oppdagar at mannens tidlegare sambuar har teke mykje av ansvaret for å passe dottera, noko som uroar Emma. Etter kvart lurer ho også på om rideulukka kan ha blitt arrangert. Innhaldet er noko urealistisk, men god underhaldning.

Bok 11 2023: "Visning" av Sofie Sarenbrant


Ein familie har hatt visning på bustaden sin, og neste morgon finn ein familiefaren død, drepen med ein av familiens kjøkenknivar. Dottera i huset er berre seks år, men ho hevdar at ein framand mann har klappa henne på kinnet i løpet av natta. Kan nokon ha gøymt seg i huset etter visninga? Igjen ei enkel og god krimbok.

Bok 10 2023: "Andre åndedrag" av Sofie Sarenbrant


Handlinga i denne boka går føre seg under Stockholm maraton. Ein mann kollapsar like etter start, og like etter døyr han. Seinare blir ei kvinne funnen død like ved løypa. Emma er til stades for å heie på systera, men blir oppteken med å løyse gåta rundt dødsfalla. God og enkel krim!