mandag 31. desember 2012

På tampen av 2012

Året er snart over, og det er tid for ettertanke. Dette året har vore mest prega av at eg har skapt ein eigen heim for første gong i livet, noko som har ført med seg uendeleg mykje arbeid, store kostnader og svært store gleder. Reint trivielle ting har stått i fokus, men under det heile låg eit ønske om å oppnå kjensla av å høyre til ein stad, både for ungane og meg.

2012 vart òg eit år der fleire av mine næraste relasjonar viste seg frå nye sider. Vener har gått tapt i denne prosessen, medan andre har kome til eller synt seg frå ei langt meir positiv side enn eg hadde våga å drøyme om. Eg har måtta hente fram krefter i meg sjølv som eg ikkje ante at eg hadde, og meistringskjensla har vore overveldande til tider. Samtidig har eg lært meg til å ta imot hjelp og ikkje tru at eg må klare alt sjølv.

Det er denne nyttårshelga ti år sidan det store vendepunktet i livet mitt, noko eg har tenkt mykje på den siste tida. Etter det har det kome fleire mindre vendepunkt, både på godt og vondt. Eg kjenner meg heldig som har fire friske og kjekke ungar, ein familie som støttar meg, gode vener og ein jobb som eg trivst med. Det seiest at motgang gir styrke, og eg kjenner meg sterk og full av pågangsmot. Samtidig er det godt å ha nokon å støtte seg til og få lov å vere svak saman med.

Mitt personlege ønske for 2013 er at det skal bli fredeleg år, både på personleg plan og på verdsbasis.

Godt nytt år til alle blogglesarar der ute!



søndag 30. desember 2012

6. juledag: familiebesøk på Hareid

I dag samla eg saman familien min og køyrde til Hareid, der vi fekk servert nydeleg mat og prata hyggeleg med slekta der. Alle søskenbarna var samla, men journalisten mangla då biletet vart teke under forretten. Minstemann går under namnet "Vitsekongen" fordi har stadig vekk underheld med høgtlesing av kransekakevitsar, men denne gongen vart han ikkje krona.


Vi takkar for oss!

Bok 88 2012: "Noa" av David Maine

Då eg såg denne romanen stå i hylla på biblioteket, plukka eg den med meg mest fordi eg lurte på kva  ein roman om ei av dei mest kjende bibelforteljingane kunne ha av litterær verdi. Det lurer eg framleis på, etter å ha lese boka. Det er kanskje god underhaldning å leve seg inn i korleis det gjekk føre seg då Noa bygde arken, og ikkje minst då dei skulle etablere eit nytt samfunn, men etter mitt syn har ikkje denne romanen noko særleg å tilføre. Her er ingen tydeleg bodskap, og her manglar både retning og tendens når det gjeld stil og innhald.

lørdag 29. desember 2012

5. juledag: mini-handlerunde

Eigentleg hadde eg berre eit par ærend på butikk i dag, men det kravde ein del krefter og paracet å kome seg opp og ut.

Eitt av ærenda var å stikke innom strikkebutikken til ein kollega av meg. Eg hadde vunne ein strikkepakke på bloggen hennar, og no kunne eg hente garn og mønster til nydeleg hals og hue. Fargen fekk eg velje sjølv, og dermed vart det blått.

Sidan eg allereie var i ein handarbeidsbutikk, hugsa eg endeleg å kjøpe meg sysaker. Eg er ingen handarbeidsentusiast, men eit lite skrin med det mest naudsynte er greitt å ha. Skrinet er dessutan så lite at ein lett kan ta det med i bagasjen på reiser.




fredag 28. desember 2012

4. juledag: julefred

I dag skulle Storegut på bandøving, Eldstejenta på jobb og Veslejenta og Minstemann på overnattingsbesøk. I bloggande stund er det berre Storegut, katten og eg att i heimen, og eg kan endeleg sige saman og gi etter for skrantande helse. Matlysta er på botnnivå, energien likeeins. Heldigvis har eg vore frisk nok til å køyre ungane dit dei skulle. Stilbunken må vente, for hovudet er ikkje klårt nok til å ta inn all verda.

torsdag 27. desember 2012

3. juledag: juletrefest

Dagen vart kort og litt hektisk i dag. Etter fire dagar utan støvsugar var det tvingande nødvendig med ein tur til tettbygde strok. Det vart ei større investering enn eg hadde budsjettert med (eg kan nemne at rabatten var på 740 kroner), men då fekk eg eit eksemplar som er kraftigare, lettare og har lengre leidning. Merket er Bosch, og den er på 2400 W. Førebels er den berre testa ut på halve stova, og den var i alle fall kraftig nok til å skremme katten. Utanom støvsugaren vart det berre handla mat og daglegvarer. Ungane skulle få velje middag, og då ville dei ha taco til kvelds. Det var heilt greitt for meg.

I 17-tida tok vi turen til grendahuset, der det var juletrefest. Det var ikkje så mange som møtte i år, men det vart ei triveleg stund for oss frammøtte med leikar, song, mat og gang rundt juletreet. Nissen kom dessutan innom med gåver til borna.



Poenget med denne leiken er å gå ni rundar rundt flaska før ein skal treffe ned i flasketuten med ein blyant som heng i ein tråd bak på buksa.


 Ei av jentene i salen meinte at dette var den ekte nissen, for den ho hadde hatt besøk av på julaftan var altfor tynn...

 For ein gongs skuld gløymde eg kamera, så bileta i dag er tekne (med mobiltelefon) av Eldstejenta.

Her er ei lenkje til heimesida til bygda, med fleire bilete

onsdag 26. desember 2012

2. juledag: familieselskap i Ørsta


Tradisjonen tilseier at slekta møtest i Ørsta andre juledag, og slik vart det òg i år, trass i at nokre av oss helst burde ha lagt seg føre med sykje. Det er så rart med det; når ein samlast i triveleg lag, er det lett å gløyme dårleg helse og snakke seg varme. Vi har hatt ein fin dag saman, med mykje god mat, prat og brettspel. Vitsekongen kunne slå til igjen - også det er blitt ein tradisjon.

Takk til vertskapet for ein fin dag!

tirsdag 25. desember 2012

Bok 87 2012: "Tyskerjentene - historiene vi aldri ble fortalt" av Helle Aarnes

Denne dokumentarboka er basert på ein artikkelserie som forfattaren publiserte som journalist i Bergens Tidende i 2009. Artikkelserien førte til ei stor grad av offentleg debatt og interesse, og forfattaren brukte derfor artiklane og noko av responsen som utgangspunkt for ei bok. Vi møter ulike lagnader, får lære mykje om lovverket og får tilbakevist mange mytar om til dømes "Lebensraum". Eg synest dette var ei viktig og god bok om ei mørk side av norsk nasjonalisme i praksis.

1. juledag: sløvaste dagen i året

Vi har ingen tradisjon for samkvem med andre på første juledag, men plar sove så lenge vi orkar, ete frokost og gå ein liten tur. Slik vart det i år òg. Eg hangla litt på julaftan, og kjende det verkje i bein og musklar. Dette ville eg kurere med å gå meg ein tur, men resultatet vart at eg fekk frosten i meg (trass i tre tjukke lag med klede) og la meg føre med eit pledd over meg då eg kom heim.

Etter ein halv time fekk eg beskjed om at ungane var svoltne, og at eg MÅTTE lage mat. Eg prøvde meg med eit "eg orkar ikkje", men det fall særs uheldig ut. Det enda med at eg heiv innpå nokre tablettar og laga middag. Appetitten min var ikkje noko særleg, men eg tvinga i meg og kjende meg litt meir pigg etterpå.

No fyrer vi i omnen og held varmen, og eg tenkjer litt på første juledag i fjor, då orkanen Dagmar tok frå oss julegleda og stemninga. I år har vi både straum, vatn og ved, så vi kan kose oss og ha det godt. Dette inneber både skyteleik og legobygging, og noko seier meg at det blir ein del brettspel i kveld. Det vart det i fjor på første juledag òg, og vi låg strødde utover i stova for å sove der alle saman under stormen.

Eg ser meg rundt i den rotete stova vår og tenkjer at vi har det veldig godt. Litt feber og hoste øydelegg ikkje den gode kjensla av å  vere saman som familie.

mandag 24. desember 2012

24. desember: god jul!






I kveldinga kan eg sjå attende på ei vellukka julefeiring så langt, med god middag (første gong eg har hatt eineansvar for julemiddagen) og fine presangar. Huset ser noko bomba ut, gutane har krig og gåver og gåvepapir flyt over det heile.

søndag 23. desember 2012

...og vi har pynta tre...

Så kom endeleg ungane heim til jul, og det vart liv og røre i huset. Vi har tent lys og pynta tre, og no sit vi og kviler og puster på ei stund med litt tv-sjåing før vi skal ha kveldsmat med julebrød og gløgg, bere inn pakkar og begynne på ein del førebuing av morgondagen.

Eg nyttar høvet til å ønskje alle blogglesarar ei fredeleg og god jul 
frå firarbanden min og meg


23. desember: vesle julaftan

Etter å ha grua meg til det i dagesvis fekk eg i dag festa juletreet på fot, sett det inn i stova og festa lysa på det. Det var ikkje fullt så mykje arbeid som frykta, men ille nok. Spesielt fordi støvsugaren takka for seg under oppryddingsarbeidet.

Eg har elles sett på eit julebrød i brødbakemaskina, så lukta av gjærbakst og kardemomme fyller huset. No skal eg gå meg ein tur før ungane kjem, og då skal treet pyntast og pakkane leggjast under. Gamla må truleg drage over golva etterpå, så då skal det bli fersk grønsåpelukt, lukt av kongerøykjelse og duftlys. Kanskje greier eg å tvinge innpå nokon ein kopp gløgg attåt det ferske julebrødet til kvelds - då blir lukta av jul perfekt. Vi skal sikkert sjå tv, høyre julemusikk og kose oss noko heilt frykteleg.

Det er litt ekstra spennande med jula i år, sidan det er første jula i denne heimen. Dei tre siste julene har ungane vore hos faren i jula, så det er på høg tid eg får stelle til jul for dei eg òg. Barnefaren har valt å feire jula saman med andre enn ungane og meg i år, så det vert òg ein overgang. Det viktigaste er sjølvsagt at alle har det bra der dei er, men det kan vere vondt å sakne nokon.

Trass alt fokus på trivialitetar som mat, pynt, gåver og husvask er julekjensla noko som kjem innanfrå. La oss håpe at alle får vere friske, og at julefreden senkjer seg i heimane.

lørdag 22. desember 2012

Bok 86 2012: "The Bell Jar" av Sylvia Plath

Eg las denne klassikaren då eg studerte engelsk på slutten av 1980-talet. Etter at den vart omtala på eit engelskkurs tidlegare i år, fekk eg lyst til å lese den på nytt.

"The Bell Jar" vart omsett til norsk under tittelen "Glassklokken", og då meiner ein klokke i tydinga "osteklokke". Tittelen er ein metafor brukt i romanen for å skildre kjensla av depresjon og tungsinn, og eg-personen Esther er ei ung jente som manglar meining og retning i livet, trass i at ho ytre sett kan verke vellukka. Parallellane til Plaths eige liv er svært tydelege, då ho sjølv òg jobba i eit magasin, prøvde å ta livet av seg og vart innlagd på psykiatriske institusjonar. Desse hendingane låg ti år attende i tid då ho gav ut romanen, og ho hadde i mellomtida gifta seg, fått barn, blitt separert frå mannen og fått psykiske problem igjen.

Dei fleste verka hennar kom ut etter at ho var død, men "The Bell Jar" kom ut ein månad før ho tok sitt eige liv. Ho gav den av ein eller annan grunn ut under pseudonymet Victoria Lucas. Plath vart den første som har blitt tildelt ein Pulitzer-pris etter sin død, så seint som i 1982. Ho vert først og fremst hugsa for dikta sine, i tillegg til romanen "The Bell Jar".

Bok 85 2012: "Alef" av Paolo Coelho

Coelho er ein høgt verdsett forfattar, og han er mest kjend for boka "Alkymisten". Eg har tidlegare lese både den og minst ei bok til av denne brasilianske forfattaren.

Handlinga i "Alef" dreiar seg mykje om reiser. Eg-personen har kome til eit punkt i livet då han vil finne ny meining, og han reiser derfor blant anna på ein boklanseringsturné med den Transsibirske jernbanen. Her møter han den unge fiolinisten Hilal, og saman har dei mange viktige og djupe samtalar.

Handlinga er mindre viktig enn det filosofiske aspektet ved romanen. Coelho vert ofte sitert, og det er ikkje utan grunn. Mykje av det han skriv er vakkert formulert utan å verke klisjéprega.

22. desember: skogens ro i julestria





Etter å ha handla inn siste rest av nødvendige varer til jul, fann eg ut at eg skulle gå meg ein tur på Stigedalen. Planen var å gå inn til Sagesetra, men då eg kom dit, var det så fint og lett å gå at eg gjekk vidare til neste seter. Og den neste. Til slutt var eg komen til vegs ende, og då heldt eg fram innover stien eit lite stykke, slik at eg fekk utsikt over Movatnet. Turen tok to og ein halv time, og dei fleste vil nok synast at det var ei merkeleg prioritering to dagar før jul. Sjølv meiner eg at både kropp og sjel har godt av frisk luft, mosjon og nokre timar fri frå stress.

fredag 21. desember 2012

21. desember: "Deilig er jorden"

I dag skulle verda gå under. Eg sat i kyrkja for å la julefreden senkje seg då det magiske klokkeslettet kom. Musikklinja framførte blant anna "Deilig er jorden", ein av dei finaste julesongane eg veit.

For ti år sidan gjekk noko av mi vesle verd under. Eg hugsar at eg sat i kyrkja på julaftan og tenkte at jorda verkeleg var fager, og at livet knapt kunne bli betre. Dei tre flotte ungane mine sat i kyrkjebenken saman med meg, og under hjartet bar eg det som kunne ha blitt nummer fire.

Det var ikkje berre barnet eg mista den jula, men òg ein del illusjonar og framtidshåp. I vanskelege stunder viser menneske kven dei eigentleg er, og eg fekk nokre vonde erfaringar med omverda. Livet gjekk likevel vidare, og jula etter hadde eg eit anna lite barn i armane som eg aldri ville ha vore utan. Det kom mange nye gleder, men livet vart aldri det same. Tapet av barnet kom eg over, men ikkje omstenda rundt.

Det seiest at tida lækjer alle sår, men arra bli att etter dei djupaste såra. Eg torer ikkje lenger å glede meg til noko utan atterhald. Eg tek ikkje for gitt at nokon stiller opp for meg dersom eg har det vondt og vanskeleg. Eg kan aldri høyre "Deilig er jorden" utan å få tårer i auga.

torsdag 20. desember 2012

20. desember: verdas beste jobb?

Det er merkelege dagar på jobb for tida. Eg har førebels lagt vekk den siste bunken og konsentrert meg om heimlege syslar i fritida, og undervisningstimane vert mykje brukte til film og kos. Elevane er slitne etter heildagsprøveperioden, og lærarane er tilsvarande slitne av å rette. Alle har mykje anna enn skulen å tenkje på no like før jul. Det vert forventa eit visst fokus på julefeiringa innanfor faga mine (norsk og engelsk), og i dag har eg vist "A Christmas Carol" i engelskundervisninga. Den er like god som i fjor.

I kveld skal eg "jobbe overtid", sidan det er Vardefest/juleball. Dei tre siste åra har Eldstejenta vore elev på skulen, og eg har hatt gleda av å sjå henne saman med venninnene på festen. Neste år kjem truleg Storegut til å vere der, og dersom dei to yngste òg vel denne skulen, kan eg risikere å ha eitt av borna mine på skulen i ni år samanhengande.

onsdag 19. desember 2012

Gamlas julekos

Eg har mange papirbøker eg har lyst til å lese, men her er lageret mitt over lydbøker som eg kan lytte til i ledige og fredelege stunder i ferien.

Bok 84 2012: "Jeg skal gjøre deg så lykkelig" av Anne B Ragde

Dette er den ellevte boka eg les av denne svært produktive forfattaren. Forfattarskapen hennar er variert både når det gjeld stil, tematikk og kvalitet, og eg har likt best "Arsenikktårnet" og "Berlinerpoplene". Sistnemnde las eg fleire år på rad saman med elevar, men resten av serien og tv-serien var eg noko skuffa over.

"Jeg skal gjøre deg så lykkeleg" er ei lettlesen og interessant bok. Handlinga utspelar seg i eit burettslag utanfor Trondheim i 1965, og boka kan seiast å vere ein slags kollektivroman om dei åtte familiane i oppgangen. Vi møter heimeverande kvinner som for det meste er opptekne av trivialitetar, og menn som kjem heim til duk og dekka bord og deretter bruker fritida til hobbyar. Ein av mennene er enkemann og behandlar dottera si dårleg, ein annan slår sønene sine, og vi kjem under huda på dei alle ein etter ein.

Eg har sett det kritisert at første delen er keisam på grunn av alle trivialitetane, men eg likte akkurat det veldig godt (kanskje fordi eg delvis lytta til lydboka medan eg gjorde husarbeid). Ein fekk innsikt i korleis kjønnsrollene fungerte på 60-talet, og korleis eit konformt ytre kan skjule mange lagnader.

Mi høgst personlege oppfatning er at boka er underhaldande å lese, men at den sluttar for tidleg. Der burde ha vore rom for meir "action", og eg kunne ha tenkt meg ei meir omfattande bok der ein følgde familiane over lengre tid.

19. desember: aktiv fri-onsdag


Med ein heil dag til disposisjon, burde eg ha rikeleg tid til å få det reint og ryddig i heimen. Eg plar vere effektiv, og her var ikkje så frykteleg rotete eller skite.

Er det nokon som ventar på eit "men"?

I går viste det seg at det var hol i ein pakke eplejuice som eg sette inn i eine buda. Det vart ein del kliss på golvet på grunn av dette, og då eg skulle vaske der, fann eg ut at eg skulle rydde og omorganisere litt i buda. Eller rettare sagt: budene. Dette førte til omfattande flytting av ting og tang frå det eine rommet til det andre, og enden på visa var at eg brukte meir tid enn forventa. I tillegg måtte eg pakke inn gåver før eg vaska, for det blir alltid mykje rusk og støv med slike aktivitetar. Ein tur til Folkestad måtte eg òg, for eg skulle på foreldresamtale og på butikken.

No er huset omsider reint og nesten ryddig, og eg skal snart ut for å lufte meg. Katten LOL(a) hatar husarbeid av alle slag, spesielt støvsuging. Den beste støvsugaren min har slutta å virke, og no vurderer eg å klippe katten for å lette jobben for den andre støvsugaren, som er så ineffektiv at det truleg går fortare å plukke opp rusket med fingrane.

tirsdag 18. desember 2012

18. desember: innkjøp av julemat (første del)

Er det noko som gjer meg stressa og sliten, så er det matinnkjøp. Eg synest det er vanskeleg å halde hovudet klart og få opp i korga alt som trengst, vite kva mengder som går med og å laste varene inn i bilen, ut av bilen og inn i skap og boder. Tungt er det òg.

I dag har eg handla inn til julemiddagen, kjøpt store mengder drikke av ymse slag og handla ein del julesnop. Neste storhandel skal dreie seg om pålegg, mjølkeprodukt og bakeutstyr for brødbakst, i tillegg til nokre ekstra middagsingrediensar til romjula.

I fjor handla eg inn svært lite til jul, sidan sjølve feiringa ikkje skulle vere i min heim. Dette var eg letta over då orkanen Dagmar førte til fleire døgn utan straum. La oss håpe at jula i år vert fredeleg på alle måtar, slik at vi kan halde oss varme, kose oss med tv-program og ete store mengder julerelatert mat!

mandag 17. desember 2012

Bok 83 2012: "I kjølvannet" av Per Petterson

Eg-personen i denne boka har mist dei fleste i familien sin i "Scandinavian Star"-ulukka, og mykje av boka handlar om kjensla av sorg og sakn, spesielt av faren. I tillegg har han gjennomlevd ein skilsmisse, og han har lite kontakt med døtrene. Eg-personen er forfattar som slit med å skrive, og på eitt tidspunkt kastar han eit manuskript og startar på nytt.

Dette er ei fin, lita bok, og Petterson skriv godt. Noko ved boka minner meg om Lars Saabye Christensens romanar, men Petterson har òg sin eigen, stillfarande stil. Trass i at boka er lita, rommar den mykje ettertanke, ikkje minst når det gjeld farsrolla.

17. desember: shopping maraton

Etter ein jobbdag der nynazisme og "Jeppe på Bjerget" stod på menyen (eg kan verkeleg det med å skape julestemning), tok eg ein lang shoppingrunde og handla inn resten av julegåvene. I alle fall nesten. Eg kjøpte dessutan juletre og juletrepynt, så no skal det snart bli jul i heimen, berre eg får handla inn mat og denslags. Dagane går fort, og eg blir lett sliten og kjenner senebetennelsen herje.

søndag 16. desember 2012

16. desember: tur i Mjeltvika på tredje søndag i advent


Eldstejenta har vore i Volda på fest i helga, og i dag tidleg ville Storegut plutseleg på bytur. Dei to yngste og eg har hatt ein roleg søndag føremiddag, tent tre lys og gått på tur. Det er mildt og fint ute no, utan så mykje vind, og eg nyt å få gå tur i dagslys når eg har fri.

lørdag 15. desember 2012

15. desember: juleverkstad og besøk

Kvart år arrangerer kyrkja juleverkstad for borna. Kvar familie betaler ein sum, og så får ungane delta i diverse aktivitetar og lage gåver, julekort eller bake Lussekattar. Eg hadde eigentleg tenkt å vere til stades og ha ei hyggeleg stund med ungane mine, men dei jaga meg derifrå, så det vart ein lang gåtur i staden.

Etter at juleverkstaden var slutt, for Minstemann på besøk til ein kompis. Veslejenta og eg køyrde han dit, og då fekk vi kome inn og sjå hunden som var på besøk hos dei. Veslejenta og eg drøymer om å kjøpe oss ein hund, og rasen vi er mest interesserte i, er Shetland Sheepdog. Det er ein liten, kvikk hunderase, og den vi møtte i dag var aldeles nydeleg.

Bok 82 2012: "Zona Frigida" av Anne B Ragde

Eg har hatt litt motvilje mot å lese denne boka, då eg trudde den likna på "En kald dag i helvete" av same forfattar. Ragde har ein svært variert forfattarskap bak seg, og eg må innrømme at eg eigentleg berre har likt "Arsenikktårnet" og "Berlinerpoplene" godt. Å lese "Zona Frigida" med forfattaren som opplesar vart ei altfor stor freisting, så eg plukka den med meg heim frå bibliotekhylla.

Bea er ingen typisk Svalbardturist, men heller ei desillusjonert, storrøykande fyllebøtte. I byrjinga forstår ein ikkje kva som er problema hennar, men ein skjønar at det ligg noko alvorleg til grunn for personlegdomen hennar. Brått er ho ombord i ein båt som skal frakte ei gruppe turistar rundt i Svalbardområdet, og det skjer både alvorlege og dramatiske ting på turen.

Som så ofte elles, likte eg boka ei stund. Det var interessant å sjå korleis fortida til Bea blir avslørt. Når boka deretter held fram og tek ei ny vending, misser eg noko av interessa. Slutten er nesten dårleg. Likevel var det ei god lesaroppleving å lytte til Ragde, som er ein dyktig opplesar. Ein av hennar store styrkar som forfattar er at ho etablerer interessante karakterar, og Bea er ein slik karakter som ein får sympati for og interesse for.

fredag 14. desember 2012

14. desember: shopping med god hjelp

I dag skulle eg handle julegåver. Det enda med at eg kjøpte mest til meg sjølv. Den nye kasserollen skal brukast til "mjølkemat" (til dømes rabbestappe på julaftan), og den raude muggen skal brukast til varm sjokolade i jula. Tusen takk til "Besta og Besten" for dei fine gåvene - det var akkurat det eg ønskte meg - og takk for hjelpa med å finne "den rette". Kasserollen, altså.

Takk for shoppehjelp også til Kollegavenninne K, og gratulerer så mykje med eksamensresultat!

torsdag 13. desember 2012

13. desember: hektisk dag, roleg kveld

I dag kjendest jobbdagen ekstra lang. Verken elevar eller lærarar er i storslag for tida, så det er tungt å undervise.

No i kveldinga er Eldstejenta på jobb, Storegut på juleball og Minstemann på besøk med ein kompis. Veslejenta har kosa seg med handarbeid og tv medan eg gjekk ein lang tur i vinterkvelden, og no sit vi framfor tv-en og slappar av saman. Eg må hente dei to store på kaia seint i kveld, men fram til det har eg absolutt ingen store planar om noko som helst. Ein må ha slike kveldar òg innimellom.

Lommerosk i media

I høve braksuksessen på "Urørt" er gutane no omtala i media. Ein liten notis i papirutgåva av Møre, men ei heil side i Sunnmørspostens kulturdel og den same artikkelen i nettutgåva.

Sunnmørsposten

onsdag 12. desember 2012

12. desember: juleverkstad og kakebakst

Eg vart vekt litt seint ut på morgonen i dag av ein mann frå Tussa som skulle parkere i oppkjørsla mi og som lurte på om det var greitt. La oss håpe han trur eg hadde hatt nattevakt og derfor måtte sove på dagtid!

Småungane og eg kosa oss i heimen med å lage kalenderting (dei) og gjere litt husarbeid (eg). Seinare vart det henting av Storegut, middagslaging og køyring av dei to små til fotballtrening og bading. Sjølv nytta eg høvet til å gå meg ein lang tur i vinterkvelden.

I bloggande stund har eg fått i hus dei to små att, og alle fire undersåttane er i full gang med å kjevle og stikke ut "julemannar" av ein deig eg laga i føremiddag. Eg får i oppgåve å setje på julemusikk. Stemninga er på topp enno - det går vel over medan deigen minkar.