søndag 27. januar 2019

Opning av Ørstahallen

I dag skulle bandet til Minstemann, "Migraine", spele i den flunkande nye fleirbrukshallen i Ørsta. Veslejenta og eg var til stades i salen saman med frykteleg mange andre. Det var god stemning og mange takketalar, og eg ser fram til at vi skal på opningsfest i ein flott hall i Volda om ikkje så frykteleg mange år.

Migraine spelte dei same to songane som på Battle of the Bands, og det var stor stas å ha eit så stort publikum. Dei greidde seg svært godt.

lørdag 26. januar 2019

Meir slektsprat

Onkel sa dette biletet er frå hans tid i marinen
I samband med prosjektet "historisk person" besøkte Veslejenta og eg Onkel og Tante på Eid. Mora mi har ikkje fleire søsken, og det var kjekt å høyre ei anna side av familiehistoria. Tante har dessutan vore i familien svært lenge, og ho kjende faktisk Mormor og arbeidde saman med henne før ho vart saman med Onkel. Mormora mi budde i andre etasje hos dei i sytten år, etter at ho vart pensjonist. Det vart mykje mimring og interessante forteljingart, så Veslejenta har mykje å skrive om i prosjektet sitt. Vi fekk dessutan sjå mange gamle bilete, og vi hadde det veldig hyggeleg. Besøket vart meir langvarig enn vi hadde tenkt på førehand, så dei var vel noko letta då vi gjekk. Vi har ein tendens til å bli oppslukte når vi held på med noko.

fredag 25. januar 2019

Tiddelibom og huttemegtu

Jau då, det var fint med snø, men etter kvart vart det vanskeleg å handtere den. Etter nokre dagar der eg måtte parkere ved hovudvegen, og deretter naboen ikkje komseg opp innkøyrsla mi med traktoren sin, parkerte eg bilen ved kyrkja i staden. Då kom den snille naboen med traktor og rydda tunet og oppkøyrsla for snø. Denne veka har det vore litt mildare, og ingen nedbør siste dagane, men det er is og elende på vegar og gangvegar. Her heime har eg piggskor, men mykje av dagane er eg ikkje heime, og då vandrar eg rundt med liv og helse som innsats.
Naboen på veg opp oppkøyrsla


Imponerande pantelappar
Det har blitt ein del oppgåveskriving og pensumlesing i det siste, noko eg er stolt av å få til. Siste veka har det ikkje vore noko møte på kveldstid, og eg har ikkje hatt nokon rettebunkar. Det har dermed vore energi frigjort til oppgåveskriving, men òg til andre prosjekt. Eg har til dømes rydda i den eine kjellarboda, der eg  fann 14 plastnett fulle av tomflasker og boksar. Desse panta eg, og det vart over 300 kroner. Det vart dessutan litt ryddigare i boda, sjølv om mykje står att. Eg er fæl til å slenge frå meg diverse i periodar når eg har det travelt, og så må eg ta att ryddinga seinare. Og "seinare" kjem altfor sjeldan.

Det sunne livet uteblir litt, men vi har ete ein del restar frå frysar og kjøleskap. Det vert rydding av frysar og kjøleskap òg innimellom, og dessverre blir det kasta ein del ubrukeleg mat. Eg skal bli flinkare til ikkje å kjøpe inn for mykje friske grønsaker, til dømes, men heller satse på frosne i kvardagen. Det er så mykje enklare og meir handterleg for små hushaldningar.

Men i dag er det fredag, så då blir det nachos med salat.

tirsdag 15. januar 2019

Bok 3 2019: "Sveas sønn" av Lena Andersson

Ragnar vert fødd i Sverige på 1930-talet, og livet hans representerer det dei i Sverige kallar "Folkhemmet", altså framveksten av velferdssamfunnet og sosialdemokratiet. Haldningane hans til foreldregenerasjonen og generasjonen som kjem etter han er ubetalelege, då han har ei sterk tru på det moderne, effektive og menneskeskapte, utan omsyn til kjensler. Han synest til dømes det er tullete å bruke mykje tid på å lage mat når det finst halvfabrikata i pulverform, og han fortel dottera si rett ut at ho må gå ned nokre kilo for å bli betre til å gå fort på ski.

Romanen set mykje på spissen, sjølvsagt, men haldningane er ikkje heilt ukjende. Eg likte spesielt godt måten Ragnar held abstraksjonar for å vere overklassetøv, medan det vitskaplege og målbare gir mest meining. Samtidig er han ikkje heilt flat som litterær karakter, men har nokre sider og eigenskapar som ligg utanfor stereotypien.

Eg likte denne boka svært godt.

søndag 13. januar 2019

Søndag og snø

Dagen starta med ei frykteleg snøkave, men ut på dagen fekk eg med meg Minstemann og hund på ein tur i Mjeltevika. Veslejenta har slite med hoste sidan romjula, og vil helst bli frisk i god tid før musikalen. Det var frisk og fin luft ute, og hunden Charlie kosa seg veldig med det tynne snølaget. Vi hine snakka om mangt og mykje, og pulsklokka talde prosent. Det merkast på dagslyset at sola har snudd, men lyset og fargane er typisk vinterlege. Bygda er vakker som eit eventyrland.



Bok 2 2019: "Fem stjerner" av Lars Petter Sveen

Denne boka handlar om fem ungdomar som skal prøve å flykte frå Somalia, og kva dei opplever før dei flyktar. Det er ei sterk og dramatisk bok, men ikkje spesielt vanskeleg å lese.

Då eg googla boka etter å ha lese den, ser eg at der finst ei bok til om liknande tema, og den må eg prøve å få tak i.

Memory Lane

Laurdag hadde eg førespegla dei heimebuande borna ein tur til Ørsta, der vi mellom anna skulle besøke mormora. Vi tok oss ein rask butikkrunde før vi for på besøk, for det var forskjellig vi trengde. Hos Mormora fekk vi servert full middag med heimelaga kjøtkaker, og deretter dessert og kaffi. Hovudærenda våre var å handle for Mormora, som framleis har vondt i foten, og så skulle Veslejenta intervjue Mormora om Oldemora, i høve eit historieprosjekt på skulen.

Veslejenta har same namn som Oldemora, og det var mest derfor vi valde ut nettopp denne historiske personen til skuleprosjektet. Medan Minstemann og eg handla, hadde Veslejenta og Mormora ein lang, uforstyrra prat. Elles snakka vi mykje om fortida medan vi var der òg. Mormora hadde òg skrive ned ein del fakta, og ho hadde fleire bøker vi kunne kike i.

Eg meiner det er viktig å minnast tidlegare tider, snakke om det som har vore og minnast dei døde. Ikkje for å romantisere, kanskje tvert imot for å reflektere over kvifor dei har levd som dei gjorde, og kvifor ein er blitt som ein er. Borna mine har hatt eit tett forhold til alle sine besteforeldre, og eg veit at minna om dei to bestefedrane kjem til å leve vidare. Vi snakkar ofte om dei, minnest ting dei sa og gjorde både med latter og ei tåre i augekroken.

Eg hadde aldri eit så nært forhold til mine bestemødrer, og bestefedrane mine døydde før eg vart fødd. Mormora mi døydde sommaren 1991, men eg hugsar henne enno veldig godt. Når mamma fortel, vert minna vekte att, og eg lærer sjølvsagt mykje eg òg. Det er vel den kjekkaste skuleoppgåva "vi" har hatt så langt.

Vel heime tok vi oss ei økt med husarbeid, det vil seie vi fekk rydda vekk julegardiner, dukar, puter, figurar og adventslys. Så var det å vaske og henge opp dei auberginefarga blondegardinene, finne fram puter og dukar frå før jul og skifte ham på heimen. Det tok si tid, men no er jula ute, og eg får sjølvsagt lyst på noko nytt...

Vinklubb januar 2019

Fredag samla vi oss att, eit utval bygdedamer med sans for mat, vin og gode samtalar. Som vanleg fekk vi servert nydeleg mat og vin, og så heldt vi kvarandre i tale utover kvelden. Vi har alltid mykje å snakke om, og det er alltid veldig kjekt å møtast.

Denne gongen var temaet fransk mat og vin, for vertinna skal snart reise til Frankrike for å heie på nevøen sin, som skal konkurrere i kokkekunst.

søndag 6. januar 2019

Eit nytt og betre liv - trur eg

Torsdag leita eg fram att masteroppgåva mi. Det var tungt å kome i gang att, men i løpet av eit par, tre dagar klarte eg å vri utor meg meir enn 2500 ord, noko eg seier meg særs nøgd med. I tillegg klarte eg å få såpass med mosjon at klokka målte det til gjennomsnittleg 100%, kva no det måtte innebere.

Illustrasjonen syner laurdagshandelen, som òg er prega av optimisme omkring ein god livsstil. Heldigvis har vi mange restar å kose oss med enno.

torsdag 3. januar 2019

Bok 1 2019: "Lærerinnens sang" av Vigdis Hjorth

Den middelaldrande lærarinna har full kontroll over jobben sin, og har elles eit nokolunde normalt liv som ho trivst med. Ein dag ber ein student om å få lage ein film av henne, og han følgjer henne rundt og filmar, før han til slutt klipper saman ein film. Så sit lærarinna brått i ein kinosal og ser seg sjølv slik han presenterer henne, noko som gir henne ei sjølvinnsikt ho tidlegare har mangla.

Boka har ein kreativ grunnidé, og det er alltid interessant å sjå sitt eige yrke bli presentert i skjønnlitteratur. Likevel har eg ei kjensle av at det heile vart stereotypisk og klisjéprega, sjølv om slutten heldigvis ikkje er så ille som den kunne ha vore. Eg trur eg hadde fått enda meir ut av boka viss eg hadde lese den mykje omtala boka av Bertold Brecht først.


tirsdag 1. januar 2019

Godt nytt år 2019!

2018 vart eit svært spesielt år for familien. Ved middagsbordet nyttårsaftan tok vi ein runde med den tradisjonelle "best og verst i året som gjekk", og det var mykje som gjekk att. Det desidert tristaste vi opplevde i 2018, var at Pappa døde. Borna miste då sin andre bestefar, og dei har vore nær knytt til begge. Elles har kvar og ein av oss hatt sine gleder og utfordringar som ikkje nødvendigvis det høver å blogge om.

Når vi i dag begynte det nye året, var sjølvsagt tanken å trimme meir for min del. Eldstejenta har tenkt å kjøpe seg ny treningsklokke, og då fekk Gamla overta den gamle. Dette var langt meir inspirerande enn ein skritt-teljar, som ikkje registrerer at eg gjer husarbeid og liknande, og som ikkje skil mellom fjelltur eller tur på flat asfalt. No skal det blir fart på treninga her! Det vil seie: først må det slutte å blåse og regne så fælt. Det er det minst motiverande som tenkast kan når det i tillegg er mørkt det meste av døgeret.

Middagen i dag bestod av restar og restars restar, og i kveldinga pakka ungane tinga sine og drog til faren. No skal Gamla kvile seg og lese i ei bok, for i morgon er det jobb att (men først må eg sikre meg 100% på eit vis).

Nyttårsaftan

Eg starta dagen med å køyre ut på butikken og bunkre meir drikke av ymse slag. Det var ikkje det at vi hadde gått tome for noko, men vi mangla Hansa julebrus på flaske og Farris, som eg hadde fått så lyst på dagen før. Vêret var mildt sagt ufyseleg, og det var meldt storm til kvelden, så nokon lang spasertur vart det ikkje snakk om, sjølv om det var det eg hadde mest behov for. To av ungane låg dessutan rett ut og klaga på feber, så matlaginga skjedde mest på trass. Det vart nydeleg pinnekjøt med tilbehør, men det vart ikkje ete så mykje som eg hadde håpa.

Utover kvelden kom dei seg såpass til at vi såg ein film og spelte litt brettspel, men dei to pasientane la seg like etter midnatt. Vi hine heldt det gåande og rangla litt til, slik vi har gjort heile jula.

Heldigvis miste vi ikkje straumen eller opplevde andre utrivelege ting på grunn av uvêret.