torsdag 30. juli 2015

Bok 72 2015: "Drep ikke en sangfugl" av Harper Lee

Denne klassikaren er blitt dagsaktuell etter at ein ny roman av same forfattar har dukka opp. Den skal vere ein tidlegare refusert roman, og ein del av innhaldet er blitt omtala som kontroversielt.

Handlinga er lagd til ein amerikansk sørstatsby på 1930-talet. Forteljarstemma er gutejenta Scout, som veks opp som dottera til ein advokat. Sentralt i boka står ei rettssak som faren hennar deltek i som forsvarsadvokat for ein svart mann som er anklaga for valdtekt. Forfattaren fekk Pulitzerprisen for boka, som vart ein umiddelbar storsuksess då den kom ut i 1960, men det kom ikkje fleire bøker frå forfattaren før ho no har stått fram med eit gamalt manuskript.

Det finst etter kvart mange sørstatsromanar som skildrar venskap og konfliktar mellom kvite og svarte, og eg plar like slike. Denne likte eg spesielt godt fordi den i tillegg fortel om menneske som vel å leve annleis enn andre, og om eit fantastisk forhold mellom ein far og borna hans. Best av alt likte eg Scout, som er ei flott jente det er lett å bli glad i.

Bodil Vidnes-Kopperud les på lydboka, og det fungerer svært godt.

onsdag 29. juli 2015

Bok 71 2015: "I morgen er alt mørkt. Brages historie" av Sigbjørn Mostue

Sigbjørn Mostue er eit namn eg er blitt kjend med gjennom elevar som har skrive fordjupingsemne om fantasylitteratur, ein sjanger eg ikkje er så begeistra for. Eg begynte derfor på denne boka med ein viss skepsis, men den forsvann fort. Boka er rett og slett svært spennande, og har lite med fantasy å gjere. Handlinga er ikkje heilt realistisk heller, men spenninga er bygd opp rundt ein skrekkvisjon som ikkje er ukjend i filmar, bøker og seriar - ikkje minst minner den om handlinga i zombieserien "Walking Dead".

Brage veks opp i eit heilt vanleg, norsk miljø, men så er brått heile livet snudd på hovudet. Ein pandemi spreier seg, og dei smitta vert galne og går til angrep på andre menneske. For å overleve, reiser ein flokk menneske ut av byen.

Denne boka har undertittelen "Brages historie", så det er truleg fleire historier på veg.

Boka er som sagt svært spennande, og eg vil tru både gutar og jenter vil kunne ha glede av den.

tirsdag 28. juli 2015

Tverahornet (796 moh)

Etter å ha sett nokre freistande utsiktsbilete på facebook, sjekka eg ut noko informasjon om Tverahornet på internett. Det viste seg at fjellet er eitt av kommunens TiTurmål i år, og at den arrangerte turen skal gå 30. august. No er ein ikkje sikre på at 30. august blir ein fin dag, så vi tok like godt og tjuvstarta ein månad før tida.

Råsa går opp gjennom skogen like før ein kjem til Langedalsbroe, på 320 meters høgde over havet. Ein får dermed god hjelp med høgdemetrane i starten viss ein køyrer opp til brua og parkerer der. Råsa er svært utydeleg mykje av turen, men der var ein heil del merking med raude band for å gjere det lettare å finne vegen opp. Nokre stader var det langt mellom banda, og nokre stader hadde banda rett og slett falle av, så det var ikkje heilt enkelt å finne fram. Elles var det ein lett og fin tur, og eit fantastisk vakkert område på toppen, med mykje berg og lyng og nesten flatt terreng. Vi fann oss eit berg midt inne i eit snødekt område der vi kunne sitje i ly av vinden og nyte påskestemninga medan vi hadde utsikt mot sjølve gullrekkja av fjell i Bjørkedalen.

Charlie framfor "gullrekkja": Store-Toren, Lisje-Toren, Klakken og Felden




Bjørkedalsvatnet

Det øvste vatnet, som ein så vidt skimtar, er Svartevatnet

mandag 27. juli 2015

Bryllaupsdag, familieselskap og hagearbeid

Eg gløymde heilt å ta bilete i familieselskapet på Hareid i dag, men systera mi og mor mi har skrive og lagt ut mykje kjekt om dagens selskap. Mitt bidrag blir derfor berre ein ny stemningsrapport frå staudebedet. Vi fekk nemleg med oss ein del røter heim, og det vart derfor hagearbeid til langt på kveld. Då var vi eigentleg gira nok til å halde fram med diverse prosjekt, men det får no vere grenser for entusiasme...

søndag 26. juli 2015

Søndagstur i hagen

Dagens prosjekt var å vidareføre skråninga nedanfor plenen framanfor verandaen. Det er eit svært stort område, noko som ikkje kjem heilt godt fram på biletet, og det var mykje arbeid å hakke vekk grastorver og ugrasrøter før sjølve plantinga kunne ta til. Etter ein visitt til ein god kollega kunne vi få i jorda mange stauderøter som med litt flaks og godt stell vil blomstre vakkert neste år. Det blir spennande å sjå kva som vil blomstre når, og korleis fargespelet vil bli. Rosene vi planta for nokre dagar sidan vil truleg blomstre litt i år allereie, så vi får sjå fargane på dei.


lørdag 25. juli 2015

Hestehornet 688 moh

Hestehornet sett frå Volda stadion





Keipen i det fjerne

Volda




Nedturen var ein opptur
Når ein ser Hestehornet frå Volda stadion, tenkjer ein at ein heilt klart vil gå opp på den slakke baksida av fjellet, og at stien opp heilt klart må gå der. Når ein så står i setrevegen og ser to alternative stiar, vel ein gjerne den som ser tørr og tydeleg ut, framfor den våte gjørmete som går over ei myr. Slik gjekk det til at vi i dag hamna på den brattaste sida av fjellet på veg opp, medan vi gjekk den slakke, udramatiske råsa ned att. Journalisten enda opp med å gå med begge hundane i band, då Gamla måtte krype på alle fire oppover på dei verste stadane. Valet av rute ned att vart dermed rimeleg enkelt.

Hestehornet er ikkje noko høgt og dramatisk fjell, men ein får flott utsikt i alle retningar. I tørt terreng vil den slakke ruta på baksida av hornet vere ein kjekk liten trimtur. Ein startar då ved enden av setrevegen, går over nokre myrar og endar opp på ein tydeleg sti.

fredag 24. juli 2015

Bok 70 2015: "Alene sammen" av Charlotte Glaser Munch

Namna til hovudpersonane, Kira og Kikke, er i seg sjølv nok til at skepsisen min vakna i første del av boka. Noko ved desse namna fekk meg til å tenkje på ungdomsbøker frå 70- og 80-talet, som verka så røyndomsfjerne for meg. I denne boka bruker dessutan forfattaren det litterære grepet eg kritiserte i førre blogginnlegg: synsvinkelen vekslar mellom dei to nemnde hovudpersonane.

Kira og Kikke (grøss) er eit forelska par på 18 år, og i boka følgjer vi dei gjennom tankar, ord og gjerningar gjennom eit halvt år. Dei to er eigentleg ganske ordinære, og det er ein viss sjanse for at lesarar vil ha glede og nytte av å lese om to ordinære ungdomar med ganske vanlege gleder og problem i forholdet sitt. Boka er i det heile gjennomført realistisk og nesten triviell, noko eg fann befriande etter nyleg å ha prøvd meg på fantasysjangeren utan særleg hell.

Boka vil kunne fungere som underhaldning og tankevekkjar for unge jenter, men dei fleste gutar vil neppe finne den særleg interessant. Eg vil tippe at dei vil tenkje som denne lesaren at boka minner om jenteprat, noko som oftast er mest interessant for jentene sjølve. Ja, eg er kanskje fordomsfull - eller så har eg røynsle.

torsdag 23. juli 2015

Bok 69 2015: "Alt du kan ønske deg" av Linn T. Sunne

I denne boka møter vi Siri, som tilsynelatande har alt ho kan ønske seg: velståande foreldre som bryr seg om henne, ei god venninne og ein kjærast. Likevel vert livet hennar noko komplisert då ho vert tiltrekt av kjærasten til venninna. Ho har dessutan eit noko anstrengt forhold til foreldra sine, og trivst betre med å vere heime hos kjærasten. Det er derfor ikkje berre ein kjærast ho mistar dersom ho gjer det slutt.

Boka er spennande, sjølv om problemstillingane i seg sjølve er trivielle, og forfattaren skriv på ein moderne nynorsk om truverdig moderne ungdomar. Eg skjønar ikkje kvifor det vert veksla i synsvinkelen mellom Siri og kjærasten, då dette etter mitt syn ikkje tilfører boka noko ekstra. I tillegg er dette ein noko "oppbrukt" skrivemåte, spesielt i ungdomsromanar. Alt i alt likte eg boka godt, og eg vil tru at den kan slå an hos jenter som likar å lese om liva til andre heilt vanlege norske jenter. Eit ekstra pluss er det for meg at desse ungdomane må ta ferje inn til byen for å gå på vidaregåande. Det er fint med bøker om livet på bygda, synest eg.

Bok 68 2015: "Odinsbarn" av Siri Pettersen

Gyldendal skriv:
"Femten vintre gammel får Hirka vite at hun er et odinsbarn - en halelaus råttenskap fra en annen verden. Foraktet. Fryktet. Og jaget. Hun aner ikke lenger hvem hun er, og noen vil drepe henne for at det skal forbli en hemmelighet. Men det finnes verre ting enn odinsbarn, og Hirka er ikke den eneste skapningen som har brutt gjennom portene...
Odinsbarn er original fantasy på norrøn grunn. Et oppgjør med fremmedfrykt, blind tro og retten eller viljen til å lede. Det er den første av tre bøker om Hirka, i serien Ravneringene."

Ariel skriv:
Eg har aldri vore særleg glad i fantasy, anna enn Narnia-bøkene, men eg tenkte eg skulle gi denne ein sjanse. Serien har fått gode kritikkar, og eg tenkte eg skulle halde meg orientert. Eigentleg burde eg ha avslutta lesinga midt i første CD, men eg har lytta ferdig, noko eg er svært letta og glad for. Dette har vore eit temmeleg mislukka leseprosjekt, for boka gav meg absolutt ingenting. Eg hadde heilt sikkert sett meir pris på ei meir realistisk bok frå norrøn tid, basert på historisk korrekte fakta og med vanlege menneske i rollene. Det er vanskeleg å vite om dette har med kvaliteten på boka eller min smak når det gjeld lesestoff å gjere, så eg vel å tru det er meg det er noko "gale" med.

onsdag 22. juli 2015

Rundt Bjørdalsvatnet

I dag vart det berre ein liten trimtur rundt Bjørdalsvatnet. Der er mykje øydelagt sidan sist eg gjekk der, og det er litt trist å sjå. Likevel må ein berre beundre den vakre naturen vi omgir oss med her på desse kantar.




Hageliv 22. juli

I høve dagens dato syntest eg det var ei slags markering å plante roser i hagen. Då passa det godt at det var sal på rosebusker på Plantasjen, og vi enda opp med å kjøpe seks rosebusker av ulike slag. Oppe i hagebedet planta vi ei buskrose med blålilla roser, medan skråninga bortom verandaen fekk to raude og tre rosa klatreroser/markdekkande roser. Når ein handlar utan briller (forfengelighet, forfengelighet) endar ein fort opp med litt anna enn det ein hadde tenkt, men vi får håpe det går bra.

I ei veggrøft fann vi nydelege rosa lupinar, og i journalistens hage grov vi òg opp nokre høge stauder til å ha i skråninga. Planen er å utvide skråninga litt om senn, for her er ein del areal som skal dekkast.
Eg synest lupinar er flotte blomar

Tyven, tyven...

2 stk Heidelberg, 1 stk Rhapsody in Blue, 1 stk New Dawn, 2 stk The Fairy

Fin utsikt frå verandaen

tirsdag 21. juli 2015

Bok 67 2015: "Chinese Cinderella" av Adeline Yen Mah

I denne sjølvbiografiske romanen møter vi ei jente som kallar seg sjølv eit "uønska barn". Ho vart fødd som nummer fem i ein søskenflokk, og fekk deretter skulda for at mora døydde like etter fødselen. Faren gifta seg på nytt og fekk to nye born, og stemora behandla dei fire stemora langt dårlegare enn sine eigne to. Som om dette ikkje var gale nok, vert eg-personen plaga av sine eigne storesøsken. Ho finn trøyst i å vere flink og populær på skulen, men får lite respekt i familien når ho oppnår utmerkingar.

Handlinga er hovudsakleg lagd til Kina på 1940-talet, og jenta veks opp i ein velståande familie. Ho blir send vekk på kostskular og lid inga naud materielt sett, men lid svært fordi ho ikkje blir elska, sjeldan får kome heim eller får besøk.

Eg likar å lese bøker frå andre kulturar med historiske hendingar som bakteppe, og denne boka gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Den er svært ulik andre bøker eg har lese frå Kina, som har hatt mykje meir materiell naud og svolt i handlinga, men det er likevel ei svært sterk historie.

Kornbergveten (577 moh) 20. juli

Det er ikkje så freistande å gå tur i fjellet, men ein liten tur på eit lågt fjell var det råd å motivere seg til i dag. Vêret var svært usikkert, men vi gjekk i sol mykje av turen. Like før målet kom skodda sigande, så vi måtte finne ly i den vesle hytta ved fjelltoppen. Etter ei stund fekk vi heldigvis panoramautsikt til mellom anna Austefjorden, Ørsta, Berkneset, Lauvstad og utover mot havet.







søndag 19. juli 2015

Hageliv i juli

I dag seier vel bileta sitt, både om hagen og humøret?


lørdag 18. juli 2015

No er det juli igjen

Minstemann har vore i Ørsta på fiskeri og besøk, og i dag kom besteforeldra heim med han. Med seg hadde dei mellom anna gåve frå Julinissen, kjøpt på Nilsbuda på Sæbø.

fredag 17. juli 2015

Forkle til Minstemann

Til hausten skal Minstemann til med "mat og helse" på skulen. Eg ser fram til at han skal bli flink til å kokkelere. I dag kom dette fine forkleet i posten. Han har designa det sjølv.

torsdag 16. juli 2015

Briksdalsbreen

I dag var det siste dag familien var samla denne sommarferien, og vi hadde lyst å gjere noko spesielt ut av dagen. Eldstejenta ville gjerne lærekøyre, så derfor fekk ho køyre til Olden/Oldedalen. Deretter gjekk vi til Briksdalsbreen og ned att, før vi vende nasen mot Stryn og kjøpte oss pizza før vi for heim att.

Turen opp til breen er ikkje spesielt lang, men det er litt bratt i starten. Det er interessant å sjå dei ulike oppslaga om kor stor breen har vore tidlegare, og ein får òg sjå nokre jettegryter langs vegen. Ikkje minst er det god underhaldning å sjå på turistlivet, som er imponerande. Asiatiske turistar med munnbind var kanskje det mest iaugefallande i dag.







Oldevatnet

Dagens suvenir (eg hadde fat med dette motivet frå før)