lørdag 25. mars 2017

12-konsert med Tonika/Folkestad musikk-korps

Om laurdagane er det ofte "12-konsertar" i Volda kyrkje, og denne laurdagen var det det lokale korpset som skulle over fjorden for å spele. Volda kyrkje har svært gode forhold som konsertkyrkje, og det let veldig bra. 12-konsertane varer i om lag ein time, og det er ein fin tradisjon som mange er glade for å delta på som artistar eller publikum. Både Veslejenta og minstemann er med i korpset, så det var sjølvsagt for meg å stille opp.

Etter konserten tok vi oss ein snartur til Ørsta, der vi besøkte besteforeldra. Morfaren har det betre no når han er på sjukeheimen, og i ettermiddag skulle der vere eit sosialt arrangement for bebuarar og pårørande i regi av saniteten.

torsdag 23. mars 2017

Eldstejenta 24

I fjor låg vi på hotell i Oslo og hadde pakkar på senga, i tillegg til at Eldstejenta fekk gå rundt i Naturhistorisk museum med krone på hovudet. I år skal ho truleg danse på bordet, denne gongen utan familien til stades. Er det noko denne jenta likar, så er det å feire sin eigen bursdag!

Vi er uendeleg glade i denne jenta, som er så full av liv og futt. Ho er så flink og flittig der nede i storbyen, og det er godt å vite at ho har det bra, sjølv om det sjølvsagt hadde vore kjekt å ha henne her meir.

Uansett: gratulerer med 24-årsdagen, goll!

Neste år har både Eldstejenta og eg jubileum, og då har eg vore mor halve livet.
Tømmerrenna i Kristiansand Dyrepark 1998
London 2017

tirsdag 21. mars 2017

Bok 20 2017: "Bovara" av Jan Roar Leikvoll

Eg fekk anbefalt denne forfattaren, som var ny for meg, og dermed lånte eg dei tre bøkene av han som eg fann på det lokale biblioteket. "Bovara" er ei bok frå klostermiljø. Eg-personen er ein munk som ønsker å bli elska av ein annan, men som berre blir utnytta på ulike måtar. Den einaste måten han skil seg positivt ut frå dei andre i klosteret på, er at han har ei fantastisk songstemme. Etter kvart dukkar det opp ein ny korgut med vakker stemme, og eg-personen misser dermed det meste. Munken han elskar finn andre, blant anna gjer han ei kvinne gravid, og eg-personen går over i ein tilstand av vondskap eller galskap. Det er litt vanskeleg å halde greie på fortid og notid, men heilskapen er ein noko makaber, men likevel vakker og poetisk roman.

mandag 20. mars 2017

Dagens gledelege trivielle

Etter over eit halvt år utan, fekk vi i dag endeleg på plass ny tørketrommel. I bloggande stund held eg på med dagens tredje klesvask, og det er rett og slett ei fryd å skulle sleppe å ha ståande tørkestativ i gangen til ei kvar tid. Førsteprioritet i dag var sengetøy, som har vore ekstra vanskeleg å få unnatørka. Eg hadde dessutan spart opp nokre skitne handdukar så eg skulle få tørka dei - eg er mektig lei av sandpapirkjensla etter kvar dusj.

Bok 19 2017: "Arv og miljø" av Vigdis Hjorth

I starten syntest eg denne boka var masete, triviell og relativt uinteressant. Ei kvinne opplever at ho vert urettvist behandla i eit arveoppgjer då systrene arvar kvar si hytte medan eg-personen Bergljot og broren får tilbod om økonomisk godtgjersle langt under det dei meiner er ein realistisk takst. Etter kvart utviklar romanen seg veldig, då ein får vite stadig meir om kva som ligg bak konfliktane i familien. Det vart til slutt ei svært god bok som eg anbefaler alle å lese. Den viser kor komplisert eit liv kan vere, og kor stor skade ein kan ta av barndomsopplevingar. Den viser også godt korleis søsken kan oppleve barndomen forskjellig, sjølv om dei lever i den same familien. Kort sagt var det ein innhaldsrik roman som sette tankane i sving.

søndag 19. mars 2017

Flø

Laurdag gjekk vi oss ein tur ute på Flø. Det kom ein del snø fredag, og eg er ikkje klar for vinter no. Ved havet er det meir vårleg, og det er så fint å sitje nede i fjøresteinane og høyre på dønningar og sjå bølgene bryte. Der var ein del surfarar ute, men det var ikkje ein freistande aktivitet.

På turen møtte vi blant anna ein av elevane mine frå mediaklassen som var ute for å ta bilete. Ho vart veldig begeistra for Charlie, ikkje minst fordi ho hadde hatt ein shetland sheepdog sjølv, og denne vart avliva for berre nokre få dagar sidan. Begeistringa var sjølvsagt gjensidig.



lørdag 18. mars 2017

Vinklubb mars 2017

Sist det var vinklubb, møtte eg ikkje, sidan det var så kort tid før Londonturen. Fredag kveld møtte eg opp, etter ein fin tur i snøvêret, og det vart ein svært triveleg kveld med nydeleg mat og vin. Temaet var "australske vinar som skal/skal ikkje passe til ost og kjeks". Eg er ikkje så frykteleg kresen, og syntest at alle vinane var nydelege og passa rimeleg godt til maten. Eg held ein knapp på "Yellow tail", med kenguruen på etiketten - det er ein fløyelsmjuk vin som er nydeleg både til mat og aleine.

fredag 17. mars 2017

Bok 18 2017: "Arkitekten i Paris" av Charles Belfoure

Dette er ein spenningsroman som handlar om ein arkitekt i Paris under krigen. Han vert hyra av tyskarane for å teikne fabrikkar, men får òg eit langt farlegare oppdrag når nokon ber han om å teikne gøymestader for jødar i allereie eksisterande hus og leilegheiter. Eg syntest romanen var spennande, men likar betre dokumentarstoff om andre verdskrig, må eg innrømme.

Ny sveis

Å ta "selfie" med vidvinkel og speilreflekskamera er ikkje noko lett sak, men eg måtte no nesten dokumentere at eg endeleg har vore til frisør. Sist gong var i august i fjor, så det var på høg tid.

søndag 12. mars 2017

Basarsøndag

I dag rakk eg å lese gjennom eit par pensumartiklar før ungane stod opp, og deretter gjekk det slag i slag. Veslejenta og eg gjekk ein tur med hunden, deretter var det basar på grendahuset. Gutane og ein kompis har eit band som har spelt på UKM, og i dag stilte dei med basarrock. Etter basaren køyrde Veslejenta og eg til sjukehuset i Volda, der vi besøkte Morfaren. Etterpå skulle vi køyre Veslejenta på hybelen, og då nytta Mormora og eg høvet til å besøke Farmora, før eg køyrde Mormora heim. Det vart ein dag med mykje glede, men det var òg trist å sjå Morfaren såpass dårleg att. Sist søndag var han langt sprekare, så det går opp og ned. Midt oppe i alt elendet er eg så uendeleg glad for at vi har det lokale sjukehuset så nær.

lørdag 11. mars 2017

Laurdagshandel

I dag skulle dei to yngste og eg til Ørsta for å klippe Minstemann og handle på kjøpesenteret. Det er veldig praktisk med drop-in-frisør på kjøpesenter, men i dag vart det lang ventetid og dermed ein ganske dyr frisørtime. Veslejenta g eg gjekk frå butikk til butikk og shoppa medan Minstemann venta, og etterpå fekk han seg ny jakke og nye skor. Deretter køyrde vi til andre butikkar og kjøpte ny tørketrommel, stålampe og golvteppe (dei to siste til Minstemann). Det vart mange utskeielsar på ein dag, men så er det ikkje så ofte vi er på shopping heller.

Planen var sjølvsagt å besøke besteforeldra når vi likevel var i bygda, men dei hadde gjeve melding om at forma ikkje var bra og at dei ikkje ønskte besøk. Seinare på dag vart pappa lagd inn på sjukehus att, så denne gongen fekk han berre nokre få dagar heime. Vi kryssar fingrar og håpar det beste også denne gongen.

Gutane har øvd i dag, og Minstemann fekk ein del arbeid med å ta ned og setje opp att trommesettet på det nye golvteppet. Vi har dessutan sett norsk finale i MGP og ete sesongens første Freia påskeegg.

Bok 17 2017: "Frankenstein" av Mary Shelley

Denne boka vert nemnd i norskpensumet til klassen min, og eg tenkte eg skulle lese boka før eg presenterte eit utdrag av den for dei. Denne boka handlar om ein mann som finn ein mann som fortel ei historie om eit monster han har skapt. Det vert ein del eg-personar å halde styr på, men forteljinga er sjølvsagt interessant nok. Det er spesielt interessant å lese den som ei spegling av tidsånda, der galskap og vitskap vert problematisert. Å tenkje på at det var ei ung kvinne som skreiv den meir eller mindre som ein del av ein selskapsleik, gjer det også ekstra interessant. Så frykteleg spennande er den ikkje, men filmatiseringane vert litt skumlare. Det skal bli litt kjekke norsktimar den veka vi jobbar med denne....

fredag 10. mars 2017

Kvinnedagen 8. mars

I år var eg innom eit arrangement sett i gang av to jenter eg kjenner frå partiet. Dei arrangerte paneldebatt og quiz på Det Grøne Treet i Volda, og lokalet var stappfullt allereie då eg kom. Det vart ein interessant debatt, og arrangørane må seie seg godt nøgde med frammøtet. Feminisme og kvinnekamp er omgrep som stadig endrar innhald, og siste tida har det vore mykje fokus på ein viss ministers uttalar om at ho er imot "elitefeministane". Slikt skaper debatt - heldigvis.

tirsdag 7. mars 2017

Bok 16 2017: "London" av Tor Åge Bringsværd

Denne boka hadde eg høyrt før, men eg lånte den på nytt fordi vi skulle på tur. Eg rakk ikkje å høyre ferdig heile før vi reiste, men no har eg lytta meg gjennom dei siste spora. Det er alltid kjekt å lese om London, sjølv om eg ikkje kjem til å finne den ultimate boka som handlar berre om slikt eg er oppteken av. Det er trass alt ein utruleg mangfaldig by med uendeleg mange interessante ting å sjå, høyre og ete.

Avspark for valkampen

Måndag kveld var det felles møte for partilaga i Ørsta, Volda og Hornindal, og vår lokale stortingsrepresentant og kandidat Fredric Holen Bjørdal heldt ei inspirerande innleiing. Etterpå brukte vi om lag ein time til å diskutere ulike strategiar når det gjeld kva saker vi skal fokusere på - og korleis.  Det var eit lærerikt møte, og eg ser fram til å arbeide for regjeringsendring til hausten.

For meg er det arbeidsplassar og sjukelønsordning som er dei viktigaste sakene, saman med sjølvsagde toppsaker som skule og helse/omsorg. Det hadde òg vore positivt om partiet hadde fronta nokre viktige miljøsaker som plast i havet, som var ei av sakene vi snakka om på møtet.

mandag 6. mars 2017

Skidag i Hornindal

I dag var det skidag på jobben min. Eg orka ikkje gå på ski, men brukte dagen til hyggeleg prat i sola og ein lang spasertur i Harevadet hyttegrend.




søndag 5. mars 2017

Bling bling til stova

Kvart år er det eit problem med lys i stova etter at julepynten er rydda vekk. Eg har lenge tenkt at eg skulle kompensere for dette, og no vart det til at eg kosta på meg ein vinduslampe med "bling bling" på. Eigentleg kunne eg ha tenkt meg fleire vinduslampar, men denne var såpass stor og spesiell at eg trur det var nok med ein i første omgang. Den er fin sjølv om det er lyst ute, synest eg, og utsikta er de ingenting å seie på elles heller. Søndagen går med til ein rettebunke, sjølv om vêret tilseier at ein burde vere ute...

Lampen er kjøpt på nett, og eg kjøpte to likeeins til Bladfyken i presang. Han har òg store vindauge som kan trenge litt ekstra lys.

Laurdagstur til Eika

Det er nydeleg og kaldt vintervêr, men vi lengtar mot vår. Derfor la vi turen til ytre strok laurdag og gjekk tur på vegar og stiar på Eika. Vi rota oss skikkeleg vekk, men fann heldigvis attende til vegen etter nokre timar. Hundane kosa seg veldig med å springe lause i skogen, ikkje minst Charlie.