lørdag 25. august 2018

Innskulingsdag

Fredag skulle me la elevane bli betre kjende med kvarandre, så dagen skulle vere litt alternativ. For Vg1-klassen vår begynte dagen saman med dei andre vg-elevane med felles frukost i kantina. Deretter fekk dei ein time med informasjon i festsalen, før me tok dei med oss på rusletur rundt Rotevatnet. Dei fekk i oppdrag å ta bilete som skulle illustrere nokre sitat me hadde valt ut, og dei skulle gå saman med andre i den gruppa me hadde sett saman. Eg var baktropp og passa på at ingen vart ståande att undervegs. Då me kom attende til skulen, vart det pølsegrilling og kanonballturnering.

Eg trur dei fleste hadde ein kjekk dag, og me hadde brukt noko tid på førehand til å snakke med dei om å vere inkluderande og å ta ansvar for skulemiljøet. Ein skal ikkje berre vente på at andre skal lage ein kjekk dag for ein, men alle er ansvarlege for å gjere sitt for å gjere dagen kjekk for andre.

Charlie fekk vere med på jobb i dag, og det var fleire som syntest det var kjekt. Han hadde ein travel dag, men storkosa seg etter kvart saman med ungdomane.

onsdag 22. august 2018

Bok 60 2018: "Barføtt over isen" av Ingebjørg Berg Holm

Dette er andre romanen eg les av forfattaren, og den er eit framhald av den førre eg las. Lensmannen i Hurum på 1980-talet opplever nye mysterium og mystiske dødsfall i eit gamalt hus med tårn. Stemninga er veldig sær, noko som vert forsterka av at lensmannen nyleg har lese "Frankenstein" og er litt prega av det. Her er enkefruer og gudsøner, drepne kattar og forsvunne bøker - og alt blir skildra i fragmentariske kapittel som verkar forvirrande heilt fram til slutten.

Eg er ikkje udelt positiv til skrivemåten, men det er kjekt med bøker som utfordrar ein som lesar.

Det ligg an til å kome fleire bøker i serien, og eg kjem nok til å lese dei.

tirsdag 21. august 2018

Eit nytt og betre liv - eller er det det gamle?

Dei siste åra har vore prega av studium, politikk og sjukebesøk, og det syner både på kondis og badevekt. Tidleg i sommarferien gjekk skritt-teljaren min sund, og eg tenkte eg skulle ta fri frå den òg i sommar. I førre veke hadde vi så mange og lange møte og kurs at det ikkje var noko energi att på kveldstid, men no har eg sett i gang den nye skritt-teljaren for eit sprekare skuleår.

Måndag hadde eg om lag seks timar med elevar, og det kosta meg 7000 skritt. I dag, tysdag, gjekk eg frå kaia og opp til jobb (og ned att etter jobb). Eg var innom eit par butikkar òg. Etter middag gjekk eg ut og luka nokre bed medan Minstemann klipte plen, og etter det att sykla eg ein tur med hunden. No håper eg at eg skal klare å skape nye og betre trimvanar før haustmørkret set inn for alvor. Samtidig veit eg at rettebunkane og møtedokumenta kjem til å ta ein jafs av tida mi når det lid på.

mandag 20. august 2018

Nye barn

Skulen er ikkje den same utan elevar, og i dag var det dagen då vi skulle ta imot nye førsteklassingar, samtidig som andre- og tredjeklassingane  kom attende. Eg må innrømme at eg saknar mine gode, gamle elevar frå i vår, men eg skal nok greie å verte glad i dei nye òg. I år er eg kontaktlærar i ei vg1-klasse saman med ein kollega, og det er mange år sidan sist eg var det.

Dagen i dag brukte vi til informasjon, omvising og å lage ei veggavis med bilete og snakkebobler. Litt av poenget med dette er å få elevane til å snakke med kvarandre (dei lagar snakkebobler til kvarandre), samhandle og samarbeide. Eg tek aldri med meir enn eit par sakser og eit par limstiftar, så det blir mykje venting på tur. Dei måtte dessutan bruke min telefon til å ta bilete med kvarandre med, så då vart dei opptekne med det. Det vil alltid vere skilnad på kor snakkevillege elevar er første dagen, men eg trur dei fleste hadde ein ok dag. Og veggavisa vart veldig fin!

lørdag 18. august 2018

Bok 59 2018: "Stjerner over, mørke under" av Ingebjørg Berg Holm

Forfattaren debuterte med denne boka for få år sidan, og den fekk mykje positiv omtale då.

Handlinga går føre seg på slutten av 1800-talet, og romanen har delvis form som eit brev frå lensmannen til broren. I brevet fortel lensmannen om eit drap han har oppklara, samtidig som han tek eit oppgjer med broren. Alt blir avdekt undervegs, noko som er forventa i ein avslutta roman. Men romanen er berre delvis eit brev, for forma skiftar med vekslande synsvinkelbruk. Dette er greitt nok, men eg skulle ønske brevet hadde vore sett i kursiv eller noko for å skilje det frå resten av teksten.

Sjølve mordgåta er lett å gisse etter relativt kort tid, men boka har likevel eit særpreg som gjer den spesiell og leseverdig. Eg har liggande ei bok til av same forfattar, og eg må seie eg er spent på å sjå korleis stilen vert vidareført.

Vinklubb august 2018

Dei siste åra har vinklubben hatt ein veldig kjekk tradisjon, nemleg å ha låvefest for vindamene med gubbar. Også i år hadde ei av damene laga nydeleg fiskesuppe som vart servert i løda, og vi hadde bål, kaker og noko gitarspel i tillegg til ulikt utval av drykk. Det var, som vanleg, veldig kjekt, og nokre av oss avslutta kvelden med å rusle heim.

Dessverre gløymde eg heilt å ta bilete, så no satsar eg på at einkvan i facebookgruppa legg ut eit interiørbilete eg kan stele.

tirsdag 14. august 2018

Skulestart 2018/2019

Nytt jubileum: det er 25 år sidan eg fekk min første lærarjobb på Ulstein vgs. Mykje er endra i yrket sidan då - det er slutt på å bere med seg tunge ordbøker og kassettspelarar til undervisninga, slutt på handskrivne lysark og føring av fråvær i papirprotokollar. Det er òg slutt på å trille fjernsynsapparat inn i klasseromma, og det meste av skriving skjer på PC. Undervisninga er prega av PC-bruk når det gjeld presentasjonar, youtubeklipp, googling, deling av dokument og formidling av informasjon av anna slag. Både elevane og lærarane sin skulekvardag er endra, og mykje har blitt betre og meir relevant. Krava til samhandling og samtalar har auka på, noko som kan vere eit stress, men som òg gjer at forholdet mellom elevar og lærarar er tettare. Eg føler meg uendeleg privilegert som kan brette opp ermane og sjå fram til eit nytt skuleår med forventning om at DETTE skal bli det året då eg har orden i alle papir, ryddig pult, god tid til kvar elev og godt budde undervisningsøkter - vel vitande om at kaoset kjem sigande på og at det er ein del av denne meiningsfulle og krevjande jobben. Sidan eg begynte på Volda vgs i 2002 har eg ikkje søkt andre jobbar, sjølv om stresset og arbeidsbøra har vore uuthaldeleg til tider. Årsaka er nok at eg har hatt gode kollegaer, for det meste kjekke elevar og at arbeidsdagane aldri har vore keisame. Lukke til med skulestarten!

lørdag 11. august 2018

Bok 58 2018: "Forsvinningen" av Frode Granhus

Denne boka kom ut etter at forfattaren var død, og det er trist både for familien og lesarane at han ikkje er meir. Bøkene hans frå Lofoten er god krim, og denne siste er både spennande og godt skriven.

Ei gamal forsvinningssak vert aktualisert når fleire eldre menneske vert fanga og plaga nesten til døde. Kvar vart det av Ruth, og kan ein finne forklaring i dei gamle filmane frå den 17. mai-dagen då ho forsvann? Både gamlelensmannen Berger og den nye, Rino, er involverte i oppklaringa.

onsdag 8. august 2018

Bok 57 2018: "Jomsviking" av Bjørn Andreas Bull-Hansen

Dette er den første boka i ein planlagd serie, der del 2 er undervegs, skal ein tru internett. Den skal heite "Vinland", noko minst fire andre bøker heiter frå før, men det er ei anna sak. Serien handlar om Torstein Tormodson, som er ein gamal mann som fortel om liet sitt. Dermed er utfallet av dei fleste spennande scener avslørte, i og med at helten alltid overlever. Eg er ikkje sikker på om det er eit godt litterært grep, men på den andre sida skjønar nok lesaren at eg-personen overlever når det vert laga ein heil bokserie. Handlinga vert lagd til fleire land, og den startar når Torstein er 14 år, i år 993.

Torstein bur heime på garden hos faren då han brått vert teken til fange og gjort til træl. Han opplever mykje, reiser mykje og deltek i viktige slag. Han finn att bror sin, kjem bort frå han og finn han att, han møter jenter og han tek seg av ein trebeint hund, som vert med på alle eventyra. For eventyr er det, om det er basert på mykje historisk stoff.

Verkar eg negativ, må det vere fordi eg gjekk litt lei undervegs, Boka er på 573 sider, og det skal mykje til å halde lesaren engasjert så lenge. Det vart òg mange slag og mykje vald, og då har eg ein tendens til å falle av lasset. Likevel var det mykje interessant og spennande i boka, så den kan absolutt anbefalast, spesielt for historisk interesserte.

mandag 6. august 2018

Bok 56 2018: "Når månen står lavt" av Nadia Hashimi

I denne romanen møter me ei ung jente i Afghanistan som ønskjer å bli lærar. Stemora hennar held henne heime for å hjelpe til i huset, men etter kvart får jenta både utdanning, jobb og familie. Når så styresettet i landet vert endra, ser familien seg nøydd til å flykte frå landet, og me får følgje dei på flukt mot Europa.

Boka er veldig god, men eg likte ikkje slutten.

fredag 3. august 2018

Handle til hagen

Torsdag skulle det vere nattope på Plantasjen, og det vart ganske seint før me kom oss så langt. Dei skulle ha stauder til halv pris, og enda opp med eit lite innkjøp. Favoritten var Penstemon, som minner om revebjeller (som dei òg selde), men eg fann òg ein fin Klokkeblomst, som minner om blåklokker. Sekspakningen med alunrot kjøpte eg mest på grunn av det raude bladverket. Eg kjøpte ein i fjor som har mørkare farge, og det er fint med slike spesielle bladverk mellom alle blomane i eit bed, synest eg.
Penstemon, Klokkeblomst og ein sekspakning Alunrot (eg har ein frå før)

Den Trondhjemske postvei mellom Stranda og Hellesylt

Torsdag var temperaturen nede i 18 grader, og forma var betre enn på lenge. Dermed vart det til at eg kjøpte meg nye turskor og for på tur saman med mann og hund. Me køyrde nesten til Stranda, der det går ein bit postveg over til Hellesylt. Vonbrotet var stort då delar av vegen var stengd på grunn av gravearbeid, men så kom me på at me kunne gå andre vegen, og me nådde dermed turmålet Ljøbrekka (760 moh). Vegen var bratt og veldig svingete, men det gjekk lett å gå.
Nye turskor

Så langt kom me oss i retning mot Hellesylt. Vegen stengd i åssida

Utsikt mot Stranda

Ved setra oppom Ljøen

Ved Nykkjevatnet


På toppen av Ljøbrekka, utsikt mot Stranda


Den stengde delen av vegen


4 mil til Ørskog

Vegen ned mot Ljøen

Utsikt mot Geirangerfjorden

Dagens turkameratar

onsdag 1. august 2018

Summer rain

Tysdag var det meldt regn, så eg sette meg til med masterprosjektet mitt. Kroppen var noko prega av måndagens arbeidsinnsats, så det var godt med ein stillesitjande dag. Eg arbeidde hardt og effektivt nokre timar, før eg sette meg til med ei god bok i staden. Litt klesvask og liknande vart det òg tid til.

Før ferien sa eg at eg skulle bruke sommaren til å jobbe med masteroppgåva, men at eg ikkje ville sitte inne i finevêret. At det skulle bli finaste sommaren på mange år, ser eg som ein bonus for livet, om ikkje for masterskrivinga. Det kjem dagar etter dette.

Eg sette ut ei skål for å måle summen av regn, og det var eit imponerande syn. Naturen har godt av litt vatning no.
"The Fairy" blomstrar endeleg - eg har to

Samla nedbørsmengd tysdag/natt til onsdag