lørdag 30. august 2025
Bok 20 2025: "Dødelig sannhet" av Egil Foss Iversen
To drap frå slutten av 1990-talet og ein mystisk oppringar som truar ei politikvinne dannar eit bakteppe for ei rekke drap. Mykje av bakgrunnen for drapa handlar om menneske som møter kvarandre på internett, og fleire blir mistenkte for drapa utan at floken er løyst. Denne boka var av dei betre, sjølv om ein ser at forfattaren har ei slags oppskrift der menneske ikkje er dei dei gir seg ut for, der menneske kan kle seg ut som andre og der berre fantasien til forfattaren set grenser for kor sære menneske kan vere.
mandag 25. august 2025
Søndagsbesøk
Laurdag ettermiddag sende Veslejenta melding og lurte på om det var slik at dei skulle få kome på søndagsmiddag hos meg. Det hadde eg ikkje handla inn til, så då inviterte ho meg på søndagsmiddag i staden. Ho og kjærasten har leigd eit heilt hus, og dei har hatt ein enorm jobb med å male og flytte inn. Resultatet er veldig bra, og utsikta fantastisk! Middagen var "Marry me Chicken", som er ein rett eg berre har sett oppskrifta til før, men som var fantastisk smakfull og god! No har eg invitert dei m.fl. på søndagsmiddag hos meg komande søndag, så får vi sjå om eg kjem på noko godt eg kan lage. Dette var ein kjekk, ny tradisjon!
Valkamp
Laurdag var eg på plass i Volda sentrum, klar for å gjere ein innsats for partiet. Nokre kom og snakka med oss, men dei fleste frammøtte var meir opptekne av andre ting enn politikk. I det vi pakka saman, kom det ein fyr som sa at Arbeidarpartiet burde "dra seg til Russland", for ein sveik landet ved å vere for EU. Eg slapp ikkje til me innvendingar (heller ikkje EU-synet mitt), så til slutt kneip eg berre att munnen og heldt fram med å pakke saman. Fyren gjekk vidare til MDG, der han truleg heldt fram med tiraden. Ein annan person som eg ikkje snakka med sjølv, stod og la ut om kor ein ikkje kan stole på norsk media, som berre tok side med Palestina og ikkje fekk fram sanninga. Folk er rare...
Bilbryderi
Første jobbveke vart avslutta torsdag ettermiddag, etter mange nye inntrykk og møte med 60 nye elevar. Eg sat i bilen min på ferja og tenkte at det skulle bli deilig å kome heim og sløve litt på sofaen. Bilen min er liten og snerten, så eg blir ofte send til midtrekka når det er mange bilar på ferja. Eg stod fint og stille og venta på min tur til å køyre av ferja, men så høyrde eg eit smell og såg at ein utanlandsk bybil hadde køyrt rett inn i spegelen på førarsida mi. Sjåføren var nederlandsk og køyrde ein leigd bubil, og han verka durkdreven i å skrive skademelding - noko som neppe er eit godt teikn. Det var ikkje tvil om skuld, men det var litt vanskeleg å fylle ut skademelding på tysk og engelsk, og så brukte vi tid på å finne ei løysing for å halde spegelen på plass medan eg køyrde heim. Vel heime sende eg skademelding til forsikringsselskapet på nett, og fredag fekk eg time til å få skaden taksert. Mannen på verkstaden teipa spegelen fast med gaffateip, slik at eg skulle sleppe bot, som han sa. No får eg vente på verkstadtime for reparasjon.
Eg vart skikkeleg sur, stressa og irritert, men i kjend stil sa eg til det hollandske paret: "don't let this ruin your holiday". Som om det var eg som skulle trøyste dei, liksom. No køyrer eg rundt med teipa spegel og gaffateipen liggande klar sånn i tilfelle.
Bok 19 2025: "Dødelig omsorg" av Egil Foss Iversen
Denne boka startar med ei familietragedie, der ein liten gut er blitt teken frå ein familie. Etter kvart vert familieløyndomar oppdaga, fleire personar forsvinn og serbiske kjeltringar dukkar opp. Heng sakene saman, eller er det separate saker? Denne boka var ekstra spennande, synest eg.
Bok 18 2025: "Dødelig fortid" av Egil Foss Iversen
Bok 17 2025: "Dødelige forbindelser" av Egil Foss Iversen
Ein mann vert sikta for å ha drepe kona si, men han kan ikkje hugse noko om hendinga. Boka skildrar korleis mannen og etterforskarane vert overraska etter kvart som dei vert betre kjende med fortida til den døde kvinna. Denne boka er spennande heilt til siste slutt.
Bok 16 2025: "Dødelig begjær" av Egil Foss Iversen
Statsadvokat i Hordaland, Harald Karlsvik, blir funnet drept, sammen med sin kone som er også blitt drept. Gjerningsmannen blir arrestert. Mannens forsvarer er advokat Sande, som sitter i rullestol og den høytfungerende autisten, advokat Miriam Lundquist.
Dette skriv Storytel om boka: "Rett etter drapet på statsadvokaten, skjer det et innbrudd i et IT firma. En gammel stasjonær pc er det eneste som blir stjålet.
Et år senere starter rettssaken som gjelder drapet på statasadvokaten og hans kone. Dette skjer samtidig som en ukjent kvinne begår selvmord ved å skyte seg selv, på hotell Norge, i Bergen.
Bedriftsrådgiver og psykoterapeut Theodor Solomonsen blir oppringt av sin kamerat som arbeider med data. Han har funnet et manuskript på en gammel pc - som han vil Theodor skal se. Det som Theodor Solomonsen først trodde var en enkel sak med et tyveri av et manus, endrer seg til noe helt annet. Sammen med advokat Miriam Lundquist, står de plutselig midt oppe i drap, trafficking, prostitusjon, korrupsjon, svart arbeid og menneskehandel, og de opplever selv å bli truet på livet."
Bok 15 2025: "Dødelig hevn" av Egil Foss Iversen
Denne boka startar med fleire funn av bilar fulle av blod, men ingen lik. Samtidig er fleire personar sakna, og dei har ei viss tilknyting til kvarandre, I boka blir det stadig referert til det som skjedde i den første boka i serien, og det er ei kjekk bok å lese dette òg.
fredag 22. august 2025
Turmål i Syvde
Gode, gamle Charlie Hund har hatt problem med halting heile sommaren, og han har derfor ikkje gått så lange turar. Etter ei veke utan antydning til halting, tenkte eg at han skulle få gå ein litt lengre tur, så vi pakka med oss hundane i ein lånt elbil, klare for ein lang biltur med ein liten spasertur som del av opplevinga. Då vi kom til Eid, fekk vi problem med å lade batteriet, som ikkje var så fullt som det burde vere. Det enda derfor med at vi tok ein kortare biltur over til Åheim og vidare til Syvde, der vi gjekk ein tur rundt eit vatn i Røfsdalen, der det fanst eit Stikk-ut-mål som heiter Nyestøylen. Turen var knapt fire kilometer lang, så det var ikkje så gale for Charlie, som var overlukkeleg og ikkje fekk nokon problem etterpå. Tvert imot hadde han det heilt hivens, spesielt då vi møtte ei jente som var over middels begeistra for hundar.
tirsdag 12. august 2025
Dagstur til Astruptunet
Det er mange spennande turmål i dagsturavstand frå heimen, og vi har sett mange av dei. Siste laurdag i ferien køyrde vi til ein stad eg har sett skiltet til mange gonger, men som eg aldri har vitja, nemleg det såkalla "Astruptunet" i Jølster. I barndomen hadde vi hengande ein kopi av "Soleienatt" på stova, og eg hugsar eg trudde motivet var frå Ørsta, sidan fjella likna. På 1990-talet måla den eine onkelen min ein del bilete der han kopierte Astrup sine måleri, og eg fekk eit slikt bilete som eg har hatt hengande i stova alle stader eg har budd sidan då. Eg veit ikkje om eg synest at alle bileta til Astrup har så stor kunstnarisk verdi, men dei er verkeleg stemningsfulle mange av dei. På 1990-talet vart det masseproduser ein del kopiar slik at Astrup kanskje vart litt "kitch", men likevel må eg seie at eg likar kunsten hans - og meir no når eg har sett garden og galleriet.
Vi kom til tunet og kjøpte billettar fem minutt før omvisinga starta, og så fekk vi høyre mykje om livet til Astrup og kona, sjå dei ulike husa og til slutt ta ein runde i galleriet, Vêret var grått med litt yr og regn, noko som gav landskapet det same preget som ein ofte ser i bileta. Det var imponerande å sjå alt arbeidet som var lagt ned av Astrup sjølv, og interessant å sjå korleis dei no prøver å rekonstruere hagen, som han på eit tidspunkt bestilte meir enn 2000 plantar til.
| Dette biletet har onkelen min måla |
| "Liten" porsjon med ball |
| Mora til Astrup |
![]() |
| Min favoritt |
![]() |
| "Soleienatt", som hang heime hos oss i barndomen min |
Vi hadde kome vegen frå Skei, og på returen heldt vi fram på vegen til Vassenden, slik at vi var rundt heile Jølstravatnet. På Skei stogga vi på Audhild Viken, der eg kjøpte ein souvenir, og så kjøpte vi oss potetball i kafeteriaen i andre etasje, Vi har ein ståande vits der eg etterspør souvenirbutikkar og Bladfyken leitar etter kafeteriaen, uansett om vi er på museum eller galleri, så begge fekk ønsket sitt oppfylt. Maten var fantastisk god, men eg er glad for at vi tok "liten" porsjon.
Genser nummer 80: "The Basic" til Veslejenta
Veslejenta hadde bestilt ein strikkepakke på nett, men fekk kalde føter og ville ikkje strikke den sjølv. Då passar det godt å ha ei mor med litt strikkedilla, for dette arbeidet har teke meg ei vekes tid, knapt. Mønsteret er rimeleg enkelt, men det er ikkje så ofte eg strikkar erme og halskant ved å plukke opp masker. Eg trudde det var vanskelegare å få pent, men garnet var litt ujamnt i strukturen i og med at det er to ulike garn (Drops Melody og Merinor Soft Merino). Eg strikka den heilt etter oppskrift, men det ferdige produktet ser litt lite ut, med erme som kanskje er for korte, samanlikna med biletet på nett. Eg har sagt til den komande eigaren at ho får prøve den, og så får vi vaske og strekke den viss det trengst. Når eg strikkar med loddent garn i ein så lys farge, tenkjer eg i utgangspunktet at eg ikkje treng å vaske plagget før bruk, men ein kan forme ein våt genser viss den ikkje passar.
fredag 8. august 2025
Bok 14 2025: "Dødelig tro" av Egl Foss Iversen
Egil Foss Iversen er eit nytt forfattarnamn for meg, og eg må innrømme at eg vart litt skeptisk då eg såg den enorme produksjonen han har av kriminalbøker. Som barn/ung las eg mykje av Agatha Christie, og eg hugsar at bøkene var av varierande kvalitet og ofte følgde ei slags oppskrift. "Dødelig tro" er den første i ein serie på 36 (!) bøker der hovudpersonen er ein mann som samarbeider med politiet. I denne første boka vert han involvert i ei rekke mord på prostituerte, fordi foreldra til eitt av offera nektar på at dottera har vore prostituert. Offera vert myrda på same måte, med klare religiøse referansar. Plottet er kanskje noko i overkant dramatisk og søkt, men dette var overraskande spennande krim! Det er ikkje sikkert eg les dei neste 35 bøkene i serien, men i tilfelle er det god motivasjon til å få unna kjedeleg husarbeid.
onsdag 6. august 2025
Bok 13 2025: "Kusinen" av Klas Ekman
Fanny opplever at kjærasten slår opp med henne, og like etter blir ho oppsagd frå jobben. I eit familieselskap får ho tilbod om å tilbringe sommaren saman med den rike kusina, noko som utløyser mykje elende. Boka er god underhaldning, men òg noko føreseieleg. I dag har eg rydda skap med telefonen i baklomma, og arbeidet gjekk langt lettare med ein thriller som "bakgrunnsstøy".
mandag 4. august 2025
Genser nummer 79: Eftirvænting
I fjor fekk eg ein pose med garn som er laga av restar frå garnproduksjon. Garnet har ein nokså nøytral farge, og eg fann fram restar av léttkopi til mønsteret. Eg vart svært nøgd med fargevalet, og genseren vart ein ny variant av det mønsteret eg har strikka to gonger før. I pøsregn er det fint å sitje inne og feste trådar, men noko vemodig å vite at det snart vert strikkagensersesong att.
søndag 3. august 2025
Bok 12 2025: "Det er natt" av Ole Asbjørn Ness
Dette er ei av dei verste bøkene eg har lese, men det vil ikkje seie at det er ei dårleg bok. Det er berre det at innhaldet til tider er så frykteleg at det nesten gjer vondt, og eg oppdaga fort at boka ikkje eigna seg til sengelektyre. Hovudpersonen utfører skrekkelege handlingar og påfører andre smerte og død, og ein kan seie at romanen filosoferer rundt kva det onde er og kvifor ein utfører onde gjerningar. Hovudpersonen er evnerik og har ein viss suksess i livet, men så rotar han det heile til for seg sjølv og andre. Nokre tilbakeblikk lanserer nokre tankar om kva som har gjeve han det kvinnesynet han har, men ikkje nokon fasit på kvifor han vel det han gjer. Ei fasinerande, men altså grusom bok.
Genser nummer 78: "Etterår" med liten vri
Etter å ha strikka tre variantar av "Etterår", skulle eg strikke ein annan genser til Minstemann. Så skjøna eg ikkje mønsteret, og dermed laga eg ein hybridgenser som kombinerte bolen frå Etterår med ermane frå den andre. Eg har hatt litt dilla på flettemønster, men det er vanskeleg å finne fine og ikkje for kompliserte mønster med raglanfelling. Garnet heiter Viking Eco Highland Wool, og det er veldig mjukt og godt å jobbe med.
Nåva 2025
Den lokale festivalen "Nåva" samla også i år mange lokale musikarar med spelekompisar frå andre stader. I år skulle ikkje Storegut spele, men han og kjærasten deltok i festivalen. Minstemann deltok med eitt av banda sine, Elmers, og dei var imponerande flinke. Veslejenta og eg stilte som sjåførar, i tillegg til å få med oss noko av konsertane. Det vart òg ope hus for musikarar som hadde behov for husly. Det vart ei kjekk helg!






.webp)
