fredag 11. juni 2010

Lufta ut av ballongen

Stod opp grytidleg i dag. Kledde på meg kjole med tights til, og sidan det regna, drog eg på meg overtrekksbukse og regnkåpe. Hovudband og hanskar høyrer med til antrekket, og så måtte eg ha med discman i mi kamuflasjefarga rumpetaske som eg festa på magen. Handveska putta eg i ranselen medan eg sykla til ferjekaia, der eg parkerte sykkelen.

I Volda måtte eg vente på bussen i tjue minutt, og då fekk eg frosten i meg. I løpet av bussturen greidde eg å smette av meg nokre plagg, fikse håret og sminka, pakke vekk lydbokutstyr og frage fram handveska.

Jobben i dag var å sensurere sju håpefulle norskelevar. Eksaminator og eg var totalt på linje, og karakterane var temmeleg klare. Eit par tvilstilfelle var der, men dei drog eg opp - tvilen må kome "tiltalte" til gode, synest eg.

Etter utført oppdrag vart det retur med buss, handel, henting av bil og Minstemann, middagslaging o.l. Resten av gjengen er på andre oppdrag, så det er berre han og eg i dag òg. Vi har landa framfor tv-en med kvar vår data, og her skal minimalt gjerast resten av kvelden anna enn å kose og fyre i omnen. Eg går glipp av vinklubb i kveld pga mangel på barnevakt, men det hadde sikkert blitt ein tidleg kveld på meg uansett. Og i morgon er det på tide å begynne innspurten før engelskeksamen på måndag.

Nokon som hugsar "I morgon i morgon, men ikkje i dag! I dag,  nei, i dag, gjer eg ikkje det slag"?

5 kommentarer:

  1. Ja, det er litt av eit tempo! Håper du får slappe godt av i kveld og ev ta det litt rolig i morgon, sjølv om eg veit at du må jobbe.Vi lurer på kva bil du henta og kvar du henta den?

    SvarSlett
  2. Henta Opelen på Folkestad, der Erlend besøkte ein kompis. Lars er på Lillehammer og har reist i minibuss med korpset.

    SvarSlett
  3. Ja, eg veit at Lars er på Lillehammer, men eg lurte på om det var Opelen du hadde eller om du hadde fått reparert Neonen.

    SvarSlett
  4. Nei, dessverre... Går bra med sykkel, men det var lettare dei dagane sola skein.

    SvarSlett
  5. Sjekk bloggen min

    kmoe.blogg.no

    jeg har utfordret deg ! :)

    SvarSlett