mandag 28. juni 2010

Sveledebut

Eg har aldri laga sveler før, og takka vere Systa og nokre andre bloggarar i slekta har eg tenkt mykje på sveler i det siste. Systa har lagt ut oppskrift på sin blogg, og i dag leita eg fram ingrediensane og sette i gang. Sjølvsagt har eg ikkje takke til å steike på, så det vart to steikepanner i staden. Det fungerte fint, men tok noko tid. Eg hadde feil sort surmjølk (skumma kultur) og  eg mangla hjortesalt, men svelene vart rett så gode likevel. I alt sju svoltne ungar (to puljer) var særs nøgde med kveldsmaten i dag, og eg har utvida repertoaret mitt ein heil del. Likevel må eg seie at det er meir lettvint med vaflar, så lenge ein ikkje har takke.

6 kommentarer:

  1. Einig, men når ein har ei stor takke, steiker ein 7 sveler på omtrent same tisa som ei vafle. I den opprinnelege oppskrifta er der like mykje hornsalt som natron. Det har eg forandra på, hornsaltet kan lett gi smak. Eigentleg forstår eg ikkje vitsen med det, natron burde vere like greit.

    SvarSlett
  2. Eg har opplevd å få sveler med hornsalt-smak på ein fotballcup ein gong. Ikkje godt. Men eg innbiller meg at mine kanskje hadde blitt luftigare med hornsalt. Ein lyt vel eksperimentere litt? Og misforstå meg rett: eg har ikkje tenkt å kjøpe takke. Dei skal oppbevarast innimellom slaga, og eg slit litt med plassmangel.

    SvarSlett
  3. Kjøp heller små billige steikepanner på Europris. Dei kostar nesten ingen ting.

    SvarSlett
  4. Eg har også tenkt at eg skulle ha laga sveler heilt sidan turen til Hareid. Har handla inn rette melka og smøret, takke har eg, så alt ligg til rette. Kanskje det blir i dag!?

    SvarSlett
  5. "Ei svele gjer ingen sommar" - i dag såg eg at dei hadde hatt takker til 499 på Rema, men dei var utselde... Litt av stasen er at Systa lagar sveler, og så kan vi lage noko anna sjølve. Men kjekt å ha prøvd!

    SvarSlett
  6. Ja, "systa" kan lage sveler og karamellpudding, så slepp vi det!
    Men sveler og vaflar er veldig lettvint å trive til "om det skulle komme eit menneske".

    SvarSlett