søndag 30. oktober 2022

Gravferd på Eid


Vi fekk ei trist melding om at onkelen min hadde gått bort, og dermed vart det gravferd fredag 28. oktober. Mange gode og fine ord vart sagt, og songar sunge, og det vart ei fin markering og gode gjensyn med slekt på morssida mi. Minstemann vart med, og begge søskena mine, ein nevø og mamma var med frå vår side av familien. Mamma hadde liten familie frå starten av, med berre denne eine broren, men det vart tre barn og 11 barnebarn på den sida òg. Hittil har det kome to oldebarn på den sida, og det er kjekt å sjå nye slekter kome til. I tillegg kjenner eg mange av svigerslekta til onkelen min, for mange av dei budde og bur i nærleiken av Eid. Det er trasig å møtast i så triste samanhengar, men slik vert det vel ofte når alle konfirmasjonar og bryllaup er feira.

Onkelen min vart så fint framstilt i alle talane. Han var ikkje den mest høgrøsta og utagerande, men ein hjelpsom og flink mann med ein herleg humor. Akkurat humoren hugsar eg spesielt godt frå barndomen, då vi syntest han var så morosam. Sjølv heldt eg ingen tale, men eg minnest frå dei siste åra nokre fine treff vi har hatt der temaet har vore slektshistorie. Ei påske reiste han, tanta mi, mamma og alle ungane inn til Innvik og over til Breim, og han fortalde om slekta der (mormor-slekta mi). Ein annan gong stilte han opp og fortalde Veslejenta om mora si (mormora mi) til eit prosjekt ho hadde i historiefaget på vgs. Og ein gong var vi innom med bilete som Eldstejenta hadde teke av huset der oldemora mi vaks opp.

Laurdag tok eg ein tur på grava i ro og mak, og då kunne eg sjå nærare på alle dei nydelege blomane. 

1 kommentar:

  1. Takk, Margrete, for eit fint blogginnlegg om min kjære Svein. Eg las det først i dag og det rørte meg sterkt. Eg er fast følgjar av bloggen til mor di, men det har blitt med det siste åra. Ønskjer deg og den fine familien din eit godt og fredeleg nytt år, 2024!
    Helsing
    Eidabesta

    SvarSlett