søndag 20. november 2022

Ut på tur


Eg kan oppdatere eventuelle lesarar på situasjonen i Casa Margarita siste vekene. 31. oktober stengde Telenor koparnettet i bygda med umiddelbar verknad. Dette betydde at frå og med 31. oktober var vi utan internett, og dermed også tv, på ubestemt tid. Utover veka fekk nokre naboar installert fiber, men vi måtte vente heilt til 14. november før vi var påkopla att. Heldigvis har eg hatt diverse møte, eit teaterstykke og ein bunke bøker å kose meg med, men det vart noko stusseleg i lengda, må eg innrømme. Nokre lange telefonsamtalar vart det òg høve til, så eg har ikkje vore einsam.

Ungdomane forsvann like etter internettet, og kom att like etter. Det er ein viss samanheng. No kosar eg meg med tv, nyhende, nettshopping og diverse, og eg håpar fiberløysinga vert stabil og god for oss alle. Eg har heldigvis hatt rettefri medan eg var nettlaus, men snart brakar det laust med innleveringar og denslags. Vi er avhengige av nett, så enkelt er det.

Siste fredag var eg på vinklubb, og laurdag feira vi Thanksgiving med kalkun og fløytepoteter. I da, søndag, har Minstemann og eg gått tur i Mjeltvika. Det er lenge sidan eg var der sist, for vi plar unngå all flåtten der om sommaren. Det er litt sol og litt under 0 grader for tida, men medan eg var nettlaus var det både nedbørsrekord og flom- og rasvarsel. Livet er betre no,og med skapet fullt av strikkaklede skal ein sleppe å fryse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar