mandag 4. desember 2023

Bok 30 2023: "Den bortkomne" av Øystein Orten

Svogeren min er ute med ny bok, og denne gongen er det ein roman som omhandlar to marerittliknande situasjonar i eit liv. Vi får tidleg vite at noko har skjedd på jobben til hovudpersonen, og at det dreiar seg om skuldingar om upassande framferd ovanfor elevar. Detaljane kjem fram undervegs, samtidig som vi i tillegg får vite noko om familiebakgrunnen til den same hovudpersonen. Ein vert sitjande og gruble på om det finst ein samanheng mellom forteljingane, og til slutt kjennest det som om alt heng saman.

Eg likte boka svært godt. Den har ein viss slektskap med Dag Solstads lærar-romanar, og dei likar eg òg svært godt. Her er til og med ein scene med Vildanden, som i "Genanse og verdighet". Eg likte òg måten skuleleiinga og prosessen på arbeidsplassen vert skildra. Ikkje minst likte eg korleis starten av romanen kunne minne om opninga til "Fred" av Arne Garborg, ei bok som eg òg er svært glad i. Denne klangen frå andre verk gjer ikkje denne boka mindre original, men forteljarstemma vert kan hende meir truverdig, i og med at det er ein eg-person som har lese mykje, og som kan vere inspirert av det han har lese. Eg fekk mykje sympati for denne hovudpersonen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar