tirsdag 30. juli 2024

Liverpool 2024

 Måndag 22. juli starta reisa til Liverpool. Vi tenkte å gjere avreisa så lite stressande som mogleg, og valde derfor å køyre til Lillehammer første dagen og ta inn på hotell Breiseth. Det var eit mistak. Hotellrommet var svært lite hyggeleg, og det regna fælt ute. Frukosten var heilt ok, men vi burde ha skippa den for å få betre tid. På Gardermoen stressa vi fælt med parkering og innsjekking, men med god hjelp av personalet og ein heil del springing kom vi oss om bord i flyet like før dei stengde inngangen. Flyturen til Manchester gjekk fint, og der var ingen vidare problem verken med bagasje eller togturen vidare. Rommet på hotellet (Heywood House hotel) var kjempefint, og vi hadde ein stor balkong i tillegg til til dømes kjøleskap, noko som gjorde opphaldet triveleg. Dei serverte ikkje frukost på hotellet, så vi kunne handle inn og legge på kjøl sjølve, eller vi kunne velje tradisjonell engelsk frukost i puben som låg vegg i vegg, noko vi gjorde dei to siste dagane.

Sidan vi kom fram på tidleg ettermiddag, fekk vi brukt første dagen til å gjere oss kjende i sentrum, som var overraskande triveleg. Det var fint å spasere rundt nede ved elva, og Albert Dock var eit tidlegare hamneområde som var gjort om til hyggelege restaurantar og caféar. Rundt omkring stod gamaldagse bilar som vart brukte til å selje gatemat, noko som også gjorde området ved elva veldig triveleg. Nede ved statua av the Beatles låg eit bygg der ein mellom anna kunne kjøpe billettar til ferjetur på elva Mersey, og på takterassen låg ein restaurant der ein kunne nyte mat og drikke med ei flott utsikt over området. Vi for ikkje på shopping, men vi gjekk nokre gonger gjennom det imponerande shoppingområdet Liverpool One. Hotellet låg like ved Mathew Street, som er gata der klubben the Cavern låg. Der finn ein no ein kopi av klubben, i tillegg til fleire andre klubbar der ein mellom anna kan oppleve "8 days a week Karaoke". Det var eit støyande og yrande folkeliv i dette området både dag og kveld. Vi brukte veka godt til å oppsøke fleire museum (Museum of Liverpool, World Museum, British Music experience, the Beatles Story) og den anglikanske katedralen, i tillegg til opplevingar som Magical Mystery Tour, som er ein to timar lang rundtur der ein får sjå ulike stader som har å gjere med the Beatles, ferje over Mersey, kanalbåttur, parisarhjultur og eit besøk på the Cavern. Vi åt mykje og god tradisjonell mat som "scouse" (som er inspirert av norsk lapskaus og har gitt kallenamn til folka i byen), fish and chips, pai and mash, scones og den før nemnde frukosten. Det vart òg drukke både øl og te, og eg må seie vi fekk ei temmeleg god kjensle av kulturen gjennom fleire sansar. Vi hadde eigentleg tenkt oss turar ut frå byen, men likte oss så godt at vi vart verande. Det var nok av ting å finne på, og siste dagen var det Pride-arrangement som gjorde at byen var full av folk, og dermed køar og fulle caféar.

Søndagen skulle vi reise litt ut på kvelden og mellomlande ein time i København.Vi tok toget til flyplassen så tidleg at vi heilt sikkert skulle unngå slikt stress som vi hadde utreisedagen, men så vart det kaos likevel. Først forsvann telefonen min i sikkerheitskontrollen, men dukka heldigvis opp att. Deretter vart flyet forseinka, så det var fare for at vi ville miste flyet vidare frå København. Vi fekk melding om at flyet til Oslo skulle haldast att, men så vart vi ståande fast i passkontrollen så lenge at flyet gjekk utan oss likevel. Vi fekk dermed overnatte på eit hotell på Kastrup til måndag morgon. Det var litt surt å kome ditt ved midnatt, utan anna enn handbagasje, men vi valde å ta det sporty og tenkte at vi slapp å køyre heim om natta. Måndag morgon rakk vi så vidt litt frukost før eg oppdaga at vi hadde sett feil på tida, så flyet skulle ikkje gå klokka 8.10, men klokka 7.00. Vi såg då føre oss svært mykje stress, men det var langt enklare å sjekke inn på Kastrup enn på Gardermoen. Vi fekk dessutan hjelp av hyggeleg personale, som fortalde oss at bagasjen skulle kome på same fly som oss. Det gjorde den ikkje, men den stod heldigvis lagra på eit bakrom på Gardermoen, då den hadde blitt sendt på det flyet vi eigentleg skulle ha vore på. Deretter somla vi fælt med å finne att bilen, men derifrå og ut gjekk heimturen svært bra. Vi brukte 8 timar heim, inkludert lunsj på ei vegkro ved Lillehammer og ein beinstrekk i Oppstryn. Begge var samde om at opphaldet i Liverpool hadde vore ei fantastisk oppleving, men at vi har gjort oss ein del erfaringar når det gjeld flyplassar. Heldigvis vart ikkje noko stole, og vi rakk det vi skulle rekke. Vi har framleis eit par veker att av ferien, så forseinkinga var ikkje eigentleg noko problem anna enn der og då




























.

søndag 21. juli 2024

Sjal nummer 1: "Swallowtail"


Dette vart på fleire måtar ein prøveklut for å teste ut eit litt komplisert mønster. Sjal nummer 2, som eg gav til mamma, var nok penare strikka, men dette er i "mine" fargar. Garnet er "Nordlys", eit fleirfarga garn iblanda nylon. Det kan brukast til lestar, men er òg eigna til slike plagg som ska "blokkast". Mønsteret ligg på Ravelry, og det var på engelsk. Læringskurva er bratt!

Svartedalsvatnet

Laurdagen kom med nydeleg sol og varme, og det vart svært varmt i hagen. Etter ein krevjande handlerunde på Eid vart det derfor til at vi gjekk oss ein tur frå Postvegen (den mellom Bjørkedalen og Harpefossen) opp til Svartevatnet. Vi hadde vore der før, og denne gongen tok vi med eingongsgrill og mat, for det passa med middagstid akkurat då. Turen er verken lang eller vanskeleg, men med varme og sekk vart det ein trimtur like fullt. Vi kom ikkje heim før etter solnedgang, og då var det svalt og fint å sitje på terassen.








fredag 19. juli 2024

Sjal nummer 2: "Swallowtail"


Eg beundra eit sjal ein kollega (som har strikkebutikk) hadde på seg og fekk tilsendt ei lenke til Ravelry, der oppskrifta låg ute gratis. Garnet som er brukt er eit blandingsgarn som heiter Nordlys, som både finst i fleirfarga og einsfarga garn. Først strikka eg eitt i blåtonar til meg sjølv, med ein del feil og plunder, og det har eg ikkje strekt ut enno. Deretter strikka eg eitt i kvitt og rosatonar til mor mi, som har blitt så glad i rosa. Det tok litt tid før eg fekk ordna ein måte å få strekt ut sjalet på, men eg er nøgd med resultatet. I dag fekk ho sjalet som gåve, og ho vart noko overraska over at EG hadde greidd noko slikt. Eg vart i grunnen overraska sjølv òg.

torsdag 18. juli 2024

Jallakoff 2024



Storegut deltok også i år på Jallakoff, den heilt lokale festivalen som vart starta opp i koronaperioden. Også i år samla det gamle bandet Lommerosk seg, noko som er naturleg i og med at fleire i bandet er med og arrangerer. Det er i år 10 år sidan dei kom til landsmønstringa i UKM i Trondheim, etter å ha kome vidare til fylkesmønstringane tre år på rad. Rart å tenkje på at to av dei no bur i Trondheim, og at fleire av dei framleis driv med musikk trass i andre yrke. Tre av dei er til dømes lærarar. Det var uansett kjekt å høyre både dei og dei yngre banda, med medlemer som no er eller skal bli elevar på musikklinja, der Lommerosk var legendariske. Det var tydeleg å sjå beundring blant dei yngste, og eg tenkte på kor viktig det er å ha gode førebilete - og å vere gode førebilete, for den saks skuld.

Brundalen


Eldstejenta, kjærasten hennar, Storegut og eg tok med oss hundane mine i Brundalen medan dei var heime på besøk. Veslejenta var ei veke i Sandnes med hunden sin, og Minstemann var på countrytreff, så vi vart ikkje fulltallige denne sommaren. Det er no alltid vemodig at nokon reiser og ikkje kjem att på lenge, men samtidig skjer det liksom enno mykje i sommarferien, så det vert nok verre når det går mot skulestart.

onsdag 17. juli 2024

Genser nummer 65: "Fanagenser med rundfelling" til Veslejenta


Eg har allereie strikka to slike, men det var eit veldig kjekt mønster å strikke. Garnet er Viking Alpaca storm, fargane naturkvit og ein brunaktig oransjefarge som vi likte svært godt. Garnet er veldig mjukt, men eg lurer på om eg skal strikke den neste med litt tynnare pinnar for at ikkje fargane skal skine gjennom. Eg har allereie planar om to til av denne modellen.

Solund 2024

I år var det Veslejenta, kjærasten og eg som reiste til Solund. Vi budde i rorbu på Steinsund Marinesenter, like ved Hardbakke, for tilfeldigvis skulle bandet til Minstemann spele på Solundfest akkurat medan vi var der. Dagane gjekk med til turgåing, båtturar, sightseeing og slektbesøk, før vi altså hamna på countrykonsert siste kvelden.