Så er det den datoen igjen. Tankane går attende til det som skjedde 22. juli 2011, som eg har lese så mykje om, sett dokumentarar, serie og filmar og som eg underviser om på ulikt vis kvart år i ein eller annan samanheng. Tankane går også til notida, til dei som overlevde og dei som miste nokon. I år las eg ein god artikkel om dei overlevande som no sit i regjering. Det er alltid ein fare for at nokon synest fokuset er usmakeleg i valår, men som ein sa det: det er val annankvart år, og 22. juli kjem kvart år. Det er viktig å minnast, og eg synest det er flott med dei regjeringsmedlammane som fortel si historie. Det gir håp om at ein kan leve med trauma sine.
Min eigen 22-juli- tradisjon er å plane ei rose i hagen min. I år vart det ei raud av typen "Minha". Ein får håpe den overlever i varmen og kan kome att neste år. Livet er skjørt og dyrebart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar