Til mamma strikka eg ein rosa "Etterår" genser. Det er sjette genseren eg strikkar med dette flettemønsteret, men denne gongen knota eg ein del. Å strikke slike mønster krev at ein fører nøye opp kva omgang ein er på, og der er to ulike mønsterrapportar ein skalføre opp. Ikkje så godt eigna som tv-strikk, i alle fall ikkje viss ein ikkje er aleine. Genseren vart heldigvis passeleg, og mottakaren rapporterer om at den er god og varm. Garnet er utruleg mjukt, og eg har liggande nokre nøste som eg skal bruke til eit liknande prosjekt seinare.
tirsdag 30. desember 2025
Genser nummer 84: Setesdalsgenser med raglanfelling
Den eine julegåva eg strikka i år, var ein brun og naturkvit setesdalsgenser med raglanfelling, strikka i Rauma tretrådsgarn. Denne skulle Svigerson få.
Desember 2025
Månaden desember gjekk i ein fykens fart, med tentamensbunkar, kommunebudsjett, bilreparasjon, konsertar og husvask, blant anna. Minstemann hadde passa hundane medan eg var i Oslo, så han var heime 1. søndag i advent. 2. søndag i advent var Veslejenta innom, då vi hadde vore på musikal på Eid ogg sett Matilda.
Elles vart søndagane rette- og vaskedagar, bortsett frå at Bladfyken og eg gjekk på kino 4. søndag i advent. Ungane kom dagen etter, så då tende vi dei resterande lysa. Storegut laga middag, Korean beef, og vi kosa oss veldig ilag. Eg hadde vore hos mamma tidlegare på dag for å ta med pakkar - gåva hennar hadde eg sete oppe og laga ferdig kvelden før.
Vesle julaftan pynta dei juletreet, og så tok dei seg ein besøksrunde medan eg laga mat og ordna i huset. Julaftan kom Bladfyken, og vi hadde ei tradisjonell julefeiring med kyrkjegang, julemat (pinnekjøt, mor, svineribbe, poteter, rabbestappe og raudkål) og mange flotte og kjekke presangar. Første juledag tok vi det veldig med ro, åt restar og spelte brettspel. Vi laga òg eit par kaker som vi tok med til Hareid andre juledag, då vi hadde slektstreff. Dei tre yngste tilbragte kvelden saman med vener, så Eldstejenta og eg hadde ein roleg kveld heime.
Tredje juledag køyrde Eldstejenta og eg til Eid og handla inn middag. Denne dagen hadde vi lyst på pizza, og den laga Veslejenta. Storegut var også denne kvelden saman med vener, så vi "damene" spelte brettspel og såg tv.
Fjerde juledag hadde vi nok ein roleg start på dagen, men ut på ettermiddagen reiste ungane til Ørsta. Då leita eg fram den eine stilbunken eg hadde liggande, og den har eg no endeleg fått retta ferdig. Eg har ein bunke til som eg skal kose meg med vidare i nyttårshelga.
I dag, sjette juledag, kom Storegut og kjærasten på besøk, og det var veldig triveleg. Eg fekk dessutan melding om at bilen min var ferdig reparert, og Bladfyken tok den med hit og leverte lånebilen attende. Det var ei god hjelp, og han sparte meg nokre timars styr der.
No har eg sett i bløyt pinnekjøt og er klar for ei roleg nyttårsfeiring for to. Godt nyttår til alle der ute!
Eg legg ved nokre bilete frå julefeiringa vår
Oslotur
27. november sette Veslejenta og eg oss på nattbussen, og tidleg neste morgon kom vi til Oslo. Etter eit cafébesøk på Oslo S leverte vi bagasjen vår på hotellet (Oslo Plaza), og deretter rusla vi rundt i byen i nydeleg vêr. Vi gjekk langs Carl Johan til slottet, deretter til Akershus festning og Hjemmefrontsmuseet, så til 22. juli-senteret og deretter lunsj på Sabrura. Så fekk vi sjekke inn på hotellet og slappe av ei stund. Eldstejenta kom innom, og vi vart med henne for å møte kollegaer før ho skulle på julebord. Veslejenta og eg gjekk på musikalen "Book of Mormon", som vi hadde sett i London i 2017. Det var ein veldig kjekk kveld, som vi avslutta med burger på rommet.
Laurdag kom Eldstejenta att, og vi tok oss ein tur til Jul i Vinterland i Spikersuppa. Det var både hyggeleg og morosamt, og eg fekk ta både parisarhjul og hestekarusell. Seinare gjekk vi på italiensk restaurant nede ved Munchmuseet (eg var der saman med Bladfyken i sommar), og så gjekk vi på ein svært julepynta bar og kosa oss vidare.
Søndag kom Eldstejenta og åt frukost saman med oss på hotellet. Ho skulle på kurs i Drammen, og vi hine tok bussen heim. Det vart ein litt spennande busstur på såpeglatte vegar, men vi kom heile heim med mange inntrykk i bagasjen (men ingen pakkar).
Feiring av Minstemann
Då Minstemann fylte 22 år, bad eg med Mamma, Bladfyken, Veslejenta og kjærasten i tillegg til jubilanten sjølv. Vi for til den indiske restauranten i Ørsta, der dei alltid har nydeleg mat og god service.
Plaster på såret
Haustferien min vart som nemnt ikkje som forventa, og turen til Paris vart avlyst. Jentene, derimot, hadde ein fin tur, og dei hadde med fine souvenirar til mora som eit plaster på såret.
mandag 29. desember 2025
Bok 47 2025: "Et lys i desember" av Siri Østli
Ei aleinemor med ei tenåringsdotter opplever førjulstida som svært vanskeleg. Mora har eit anstrengt forhold til familien sin, og no har ho også krangla med kvinna ho deler ei forretning med. Når kvinna så får beskjed om at ho har fått kreft, ser det ut til å bli ei forferdeleg jul, viss då ikkje omgjevnadene stiller opp.
Dette var ei veldig koseleg bok å lese, spesielt etter ei rekke krimbøker og ei bok om Auschwitz.
Bok 46 2025: "Jordmoren i Auschwitz" av Anna Stuart
Denne romanen er basert på verkelege hendingar i Auschwitz Birkenau, der ei kvinne arbeidde som jordmor under forferdelege tilhøve. Nokre av borna vart drepne ved fødselen, nokre døydde etter kvart og nokre som var av dei lysaste vart tekne frå mødrene og sett i fosterheim hos tyske familiar. Boka er skrekkeleg, men òg viktig og interessant, sjølv om eg heller hadde villa lese ei dokumentarbok.
Bok 45 2025: "Den låste døren" av Freida McFadden
Nora er ein vellukka kirurg som lever eit relativt normalt liv, og ingen veit at faren hennar var ein berykta seriemordar. Slik vil ho at det skal halde fram, men det blir vanskeleg når politiet brått dukkar opp. Nokon har drepe ein av pasientane hennar på ein nokså nøyaktig lik måte som det faren hennar brukte å gjere med sine offer.
Dette var nok ei spennande bok av forfattaren, og eg hadde nok halde fram med å lese bøkene hennar viss det hadde vore fleire av dei på Storytel.
Bok 44 2025: "Kvinnen i etasjen over" av Freida McFadden
Victoria har hatt eit rikt liv og ein fantastisk ektemann, men alt blir snudd på hovudet då ho kjem ut for ei ulukke og blir ute av stand til å kle på seg, ete eller stelle seg. Mannen tilset ei kvinne som skal ta seg av henne, og etter kvart opplever denne kvinna at Victoria prøver å formidle noko. Til slutt finn kvinna dagboka til Victoria, og sanninga kjem for ein dag.
Denne boka handlar ikkje om hushjelpa frå dei andre bøkene, men det er ein liknande karakter.
Bok 43 2025: "Hushjelpens hemmelighet" av Freida McFadden
Hushjelpa har kome noko vidare i livet, og ho har fått seg ny jobb. Denne gongen er kvinna i huset mystisk lite til stades, og ein gong finn hushjelpa blod på kjolen til kona når ho skal ta klesvasken. Dermed anar ho uråd. Dette er ei spennande bok, om enn ikkje fullt så god som den første i serien.
Bok 42 2025: "Hushjelpen" av Freida McFadden
Denne boka fekk eg anbefalt av Veslejenta, som ikkje akkurat er ein lesehest. Dermed tenkte eg den måtte vere spennande, og det var den òg. Hushjelpa har fått jobb og ein bitteliten hybel på loftet i eit nydeleg hus. Mannen i huset er veldig stilig og rik, men kona er rotete og uføreseieleg. Dottera er heller ikkje så grei å ha med å gjere. Når kona seier at hushjelpa har bestilt teaterbillettar og hotellrom til feil helg fordi ho og dottera kjem til å vere vekkreist den helga, vert freistinga for stor for hushjelpa.
Dette var verkeleg ein "pageturner"!
Bok 41 2025: "Dødelig mørke" av Egil Foss Iversen
Storytel skriv: Den vellykkede forretningsmannen Harald Myhre blir skutt i sitt eget hjem. Det eneste vitnet til drapet er mannens blinde kone. Hun forklarer at det ringte det på døren og at hun hørte to stykker som kranglet og så hørte hun to skudd og en dør som ble lukket. Politietterforsker Bodil Lien har heller ingen tekniske spor å jobbe med. Miriam Lundquist er advokaten til Harald Myhres selskap og blir derfor valgt til bestyrer av dødsboet. I et møte hjemme hos enken, Nora Myhre, blir Theodor Solomonsen spurt om han kan etterforske saken parallelt med politiet. Enken sier at hun ikke stoler på politiet. Theodor aksepterer oppdraget, og starter umiddelbart. Han får snart den ene overraskelsen etter den andre.


















