mandag 23. mars 2026
Bok 7 2026: "Der skogen møter stjernene" av Glendy Vanderah
Denne boka har eg hatt liggande ei stund, etter at eg kjøpte den til nedsett pris då bokhandlaren anbefalte den. Eg begynte på den ein gong, men gav opp etter eit par sider då det dukka opp ei jente frå verdsrommet. Fantasy er ikkje noko for meg. No gav eg den ein sjanse, og det er ei fin bok som ikkje har så mykje fantasy i seg, men heller meir romantikk. Det er ei lettlesen bok som handlar om ein fuglebiolog på feltarbeid som møter ei lita jente som seier ho er frå verdsrommet. Elles møter vi den eggseljande naboen med familie, ei festleg venninne og fleire skumle menneske. Mange løyndomar kjem til overflata, og det heile blir ei god leseoppleving, meir som ein "feel good" film. Alt treng ikkje vere så akademisk og komplisert for å ha kvalitet.
lørdag 21. mars 2026
Arme meg
25. februar ramla eg og fekk vondt i armen. Eg hadde vore på eit langt formannskapsmøte etter ein halv dag på jobb dagen før, og eg hadde hovudverk då eg la meg tysdag kveld. Onsdag morgon stod eg opp som normalt, men ute i gangen vart eg svimmel og svimte av. Då eg kom til meg sjølv, låg eg med den venstre handa framfor andletet og hadde vondt i skuldra. Eg testa ut at eg hadde gripetak og kunne bøye albogen, men eg greidde ikkje å løfte armen høgare enn i midjehøgde. Eg tenkte eg hadde slått meg og at alt ville bli bra att, og eg for på jobb som vanleg.
Etter kvart som dagane gjekk vart det stadig vanskelegare å køyre bil, eg verkte om natta og fekk problem med nattesøvnen. Etter 16 dagar for eg til lege for kanskje å få ei kortisonsprøyte, men ho sende meg på røntgen. Det viste ingenting på bileta, men etter noko undersøking meinte legen at det truleg var ein skadd muskel i skuldra, og at den truleg må opererast. Eg skulle bli innkalla til MR-undersøking etter 1-3 dagar, og eg vart sjukmeld i to veker.
Dette hende på ein fredag, og måndagen etter fekk eg innkalling til MR 12 dagar etter, laurdag 28. mars. Palmelaurdag. Inntil det skulle eg unngå å belaste skuldra.
No har eg vore sjukmeld ei veke. Det er ein del å gjere med fjernplanlegging av undervisning, og eg får litt flashback til Covid-nedstenginga. Elles har Bladfyken vore her og halde meg med selskap, og han handla eit par nett med mat til meg etter at eg ein dag berre hadde ete makaroni med ketchup. I går, fredag, køyrde han meg til Ørsta, der vi besøkte mamma. Broren min var der på besøk, og systra mi med mann og barnebarn dukka også opp. Vi hadde kjøpt med oss pizza, så ingen måtte stå på kjøkenet og styre denne dagen.
Eg vart sliten etter besøket, og eg blir generelt sliten av ingenting. Smertene er minimale dersom eg sit i ro, men eg kan no ikkje sitje her til evig tid. I dag har eg prøvd å brette litt klesvask, og så har eg prøvd å strikke litt, for å sjå om det går bra. Elles blir det veldig mykje tv. Armen går framleis berre opp i midjehøgde, men det er heldigvis venstre arm, så eg greier i utgangspunktet mykje. Eg hadde sikkert greidd å vere på jobb også, men problemet er å kle på seg, køyre bil og sove om natta.
Det er mange år sidan sist eg var sjukmeld, men eg er ein utruleg lite tolmodig pasient. Tre timar på røntgenavdelinga heldt på å ta knekken på meg aldeles, og å vente ei heil veke til på den MR-undersøkinga verkar totalt meiningslaust. Eg plar seie at eg aldri kjedar meg, og det gjer eg ikkje no heller, men eg begynner å føle at tilveret er noko einsformig.
Bok 6 2026: "Gjestene" av Agnes Ravatn
Karin og Kai får låne ei luksuriøs hytte ved sjøen av ei kvinne som Karin har eit traumatisk forhold til. Kvinna fekk henne som ung til å føle seg mislukka, og no slit Karin med mindreverdskjensle når ho opplever den luksusen kvinna eig. Då ho møter hyttenaboar, som viser seg å vere yndlingsforfattaren hennar med ektemann, får ho eit innfall om å gi seg ut for å vere eigarar av hytta dei låner. Kai er med på notane, og dsnart har dei vikla seg inn i eit samansurium av løgner. Boka er morosam med eit lag av alvor, og det heile dreiar seg om å føle seg mindreverdig og å leve eit fasadeliv.
Bok 5 2026: "Samtale ventar" av Marit Eikemo
Elisabeth har vore journalist, men er no på attføring. Gjennom NAV vert ho send til ei lita bygd for å intervjue menneske der, slik at opptaka kan brukast til å kartleggje dialekten på staden. Som utanforståande kjem ho inn i liva til ulike menneske i lokalsamfunnet, og tida hennar der vert alt anna enn problemfri. Ho har dessutan ein del problem knytte til sosiale medium. Boka er frå 2011, då Facebook var meir i bruk og på ein annan måte enn no, og det var artig å tenkje attende på den tida. Samtidig er boka både morosam og trist, og både realistisk og melodramatisk. Eg likte den svært godt!
Bok 4 2026: "Drøm om de levende" av Gaute Heivoll
Denne romanen har forfattaren skrive om sin eigen far, og han skildrar oppveksten og ungdomsåra hans på ein utruleg varm måte. Den unge guten opplever sorg og vonbrot, og trass i mange fine og gode opplevingar vert det negative sitjande fast i han. Heivoll har ein fin måte å skildre karakterar slik at ein føler ein forstår dei, uansett kva dei opplever, tenkjer og føler.
Bok 3 2026: "Forklaringen" av Gaute Heivoll
Eit lik av ei ung jente vert funne i ravnedalen, ein park like utanfor Kristiansand sentrum. Ein ung mann som vert kalla åndssvak og som har ei forhistorie med politiet, vert snart hovudmistenkt. Denne boka er ein slags kriminalroman, og den er svært godt skrive. Forklaringa er ikkje så enkel som ein trur.