I dag var det skulestart for store og små. Eg fekk skyssa dei to yngste ut dørene før eg sjølv for på jobb. Der sneik eg meg til å vere til stades då rektor tok imot førsteklassingane, sjølv om eg ikkje er kontaktlærar. Det er stort for ei mor når sonen begynner i første klasse, også når det er på vidaregåande.
Etter kvart kom mine eigne "barn" på plass, og det var sjølvsagt kjekt å sjå dei att etter ferien.
Etter skuletid køyrde eg Veslejenta på ballett, og så besøkte eg foreldra mine medan ho dansa. Minstemann fekk vere med ein kompis heim etter skulen, og så fekk han vere med på speidar. Dei gjekk på setra og laga bål, steikte pinnebrød og kosa seg i regnvêret.
Eit lite attersyn frå 2003: søskenbarna begynte i første klasse på barneskulen - i dag begynte dei på vidaregåande skule i studieførebuande og musikklinja. I den tida var dei så like at dei kunne ha passert som tvillingar.
Mormora skulle fått stilt dei opp ti år etter ...
SvarSlettJa, vi får få dei til å posere ved eit høve!
SvarSlett