torsdag 2. november 2017

Operasjon dagsverk

I dag skulle det vere Operasjon dagsverk, der elevane arbeider ein dag for å samle inn pengar til ungdom i andre land. Årets aksjon handla om Nigeria, og eg tilbaud Veslejenta å arbeide heime medan eg var på jobb.

Siste to kveldane hadde eg sete pal med arbeidskravet mitt, som skal leverast måndag innan klokka 14. Det har vore eit slit, og eg er slett ikkje sikker på om det vert godkjent, men i dag fekk eg i alle fall levert svaret mitt. Eg er noko lei av både z-skårer, korrelasjonskoeffisientar og konfidensintervall, men læringskurva har vore så bratt at den umogleg let seg rekne ut.


Elles brukte vi arbeidsdagen utan elevar til diverse møte, og eg fekk skrive ut nokre prøver som skal rettast i løpet av næraste framtid. Det blir nokre hektiske veker fram mot eksamen og jul, men så blir det desto kjekkare å få det unnagjort.

Vel heime etter jobb og henting av Minstemann kom vi til duk og dekka bord, ferdig middag og ryddig og reint hus. Veslejenta hadde til og med fått tid å gå tur med Charlie, så det må eg seie var ein effektiv dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar