Denne boka er eit framhald av "De usynlige" og "Hvitt hav", og det vert snakka om at det kjem fleire. Slike seriar kan halde fram i det uendelege, viss forfattaren ønskjer, og det er sikker inntektskjelde dersom den første boka har vore populær.
Freden har kome til Barrøy, og Ingrid legg ut på reise for å finne att han som er faren til barnet hennar. Ho framstår som ei sterk og sta kvinne, og ho opplever mykje og møter fleire interessante menneske på reisa si.
Eg er truleg mindre begeistra for desse bøkene enn eg burde, og eg irriterer meg fordi eg synest dei har for lite fokus på praktiske ting. Til dømes legg Ingrid ut på reise i mange veker, med ein baby, utan at vi får vite korleis ho ordnar seg med bleier og klesvask anna enn ved svært få høve. Kanskje er det ikkje så interessant for forfattaren eller lesarane, men ein får trass alt vite kva dei et på brødskiva, liksom. Eg synest også at Ingrid vert litt for mykje av det gode, når ho eit par gongar utbryt "Jeg blir aldri sliten".
For å seie det enkelt: når det gjeld nordnorske kvinnelagnader, skriv Wassmo betre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar