Torsdag og fredag var eg på mi siste studiesamling. Det var både vemodig og skummelt, skal eg innrømme. Samtidig ser eg litt lyst på arbeidet med oppgåva, for eg har fått mange gode råd med på vegen framover. Mange eg snakka med vert svært oppglødde og interesserte når eg seier kva eg skal skrive om, og eg sjølv er sjølvsagt veldig interessert.
Den vemodige biten gjeld både det faglege påfyllet, som har vore utruleg kjekt å få med seg, men aller mest at eg kanskje mister kontakten med fleire av dei kjekke medstudentane. Nokre av oss gjekk ut og åt middag saman torsdag etter samlinga, og det var veldig hyggeleg. Eg håper nokre av dei andre skal på rettleiing i Volda av og til, og at eg då kan møte dei til lunsj i kantina.Vi har hatt mange gode samtalar undervegs, og det vert litt trist viss vi kuttar all kontakt.
No skal vi på eiga hand forske vidare på kvar våre prosjekt, og eg sjølv sit med eksamensoppgåvene eg skal analysere og haugevis med teoristoff som skal lesast. Innan midten av mai skal det leverast 7000 ord, hovudsakleg med teoristoff, og så kan eg for alvor begynne å kategorisere og analysere stoffet. Det blir hardt arbeid, men kanskje litt kjekt òg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar