Forfattaren var ukjend for meg, men fekk Nobelprisen i litteratur i 2017. Eg ville derfor sette meg litt inn i korleis han skriv ved å lese denne romanen, som eg hadde lese mykje både negativt og positivt om.
Kathy ser attende på livet på ein kostskule. I starten verkar dette normalt nok, men etter kvart legg ein merke til at ingen av borna der har foreldre, og at ein nyttar ord som "donor" og "omsorgsperson" som om dette er noko sjølvsagt og naturleg.
Romanen fortel om konsekvensar av forsking ute av etisk kontroll, og det er ei god bok, sjølv om denne sorten litteratur gjer meg litt nedstemt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar