søndag 13. januar 2019

Memory Lane

Laurdag hadde eg førespegla dei heimebuande borna ein tur til Ørsta, der vi mellom anna skulle besøke mormora. Vi tok oss ein rask butikkrunde før vi for på besøk, for det var forskjellig vi trengde. Hos Mormora fekk vi servert full middag med heimelaga kjøtkaker, og deretter dessert og kaffi. Hovudærenda våre var å handle for Mormora, som framleis har vondt i foten, og så skulle Veslejenta intervjue Mormora om Oldemora, i høve eit historieprosjekt på skulen.

Veslejenta har same namn som Oldemora, og det var mest derfor vi valde ut nettopp denne historiske personen til skuleprosjektet. Medan Minstemann og eg handla, hadde Veslejenta og Mormora ein lang, uforstyrra prat. Elles snakka vi mykje om fortida medan vi var der òg. Mormora hadde òg skrive ned ein del fakta, og ho hadde fleire bøker vi kunne kike i.

Eg meiner det er viktig å minnast tidlegare tider, snakke om det som har vore og minnast dei døde. Ikkje for å romantisere, kanskje tvert imot for å reflektere over kvifor dei har levd som dei gjorde, og kvifor ein er blitt som ein er. Borna mine har hatt eit tett forhold til alle sine besteforeldre, og eg veit at minna om dei to bestefedrane kjem til å leve vidare. Vi snakkar ofte om dei, minnest ting dei sa og gjorde både med latter og ei tåre i augekroken.

Eg hadde aldri eit så nært forhold til mine bestemødrer, og bestefedrane mine døydde før eg vart fødd. Mormora mi døydde sommaren 1991, men eg hugsar henne enno veldig godt. Når mamma fortel, vert minna vekte att, og eg lærer sjølvsagt mykje eg òg. Det er vel den kjekkaste skuleoppgåva "vi" har hatt så langt.

Vel heime tok vi oss ei økt med husarbeid, det vil seie vi fekk rydda vekk julegardiner, dukar, puter, figurar og adventslys. Så var det å vaske og henge opp dei auberginefarga blondegardinene, finne fram puter og dukar frå før jul og skifte ham på heimen. Det tok si tid, men no er jula ute, og eg får sjølvsagt lyst på noko nytt...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar