mandag 27. juni 2022

Skuleslutt 2022


Kvar vår sender skulen frå seg eit årskull med ungdomar. I år takka eg av ei klasse som har vore heilt spesiell, noko eg sjølvsagt føler kvar gong, men kanskje spesielt denne gongen. Eg kan hugse korleis eg la ut lappar på pultane deira før skulestar, og prøvde å plassere dei saman med nokon dei ikkje kjende. Nokre hadde særskilde behov som skulle takast omsyn til, og eg la ein del arbeid ned for å trygge elevane best mogleg frå starten av. Førsteinntrykket var veldig godt, og utover hausten på vg1 merka eg at stemninga i klasserommet var uvanleg god. Ikkje det at alle var vener med kvarandre, for det er umogleg, men det var berre ei udefinerbar kjensle av tryggleik og godheit, på ein måte. Då vi fekk besøk av PPT i høve VIP-prosjektet same haust, utbraut ei av PPT-damene etterpå: "FOR ei fantastisk klasse!", og eg kan hugse at eg var stolt som om det var mine eigne born som fekk denne rosen. På foreldremøtet hausten på VG1 sa eg til foreldra at eg er "mom away from mom" for elevane, og det kjende eg tidleg at det stemde. Sjølv om det var overveldande å ha 28 kontaktelevar, var det ei fin klasse å vere saman med.

Våren 2020 var, som vi alle veit, svært spesiell. Som lærar vart eg sitjande mykje i godstolen med pc-en i fanget, og eg laga undervisningsopplegg, la ut meldingar og hadde elevsamtalar svært mange timar i døgeret. Ein sat der likevel, det meste av tida, så ein kunne like godt svare på spørsmål når dei dukka opp på Teams. Dette heldt ein i stor grad fram med etter at skulane opna att, og det vart mange timars arbeid med å sikre og trygge elevar som lurte på alt frå trafikklysmodellen til norskleksa. Dette gjorde at eg kom tettare på desse elevane enn noko anna klasse før, for vi følgde kvarandre inn på privaten med kamera og kommentarar tett på. 

Vg 2 og Vg3 har gått fort, og det har vore mykje styr med fråvær, fråværsreglar, sjukdom og sosiale problem. Motivasjon og psykisk helse har vore svingande, og no mot slutten av vårterminen har vi hatt eit svare strev med å hanke inn alle elevar til ekstra prøver for å kunne sette karakterar. Til dømes måtte heile 18 elevar ta utsett heildagsprøve i norsk, fordi dei hadde vore sjuke på ei av dei ordinære heildagsprøvene. Det har vore heilt vanleg med ti fråverande elevar for dag, både på grunn av korona og anna. 

Men vi kom i hamn til slutt, og nokre har svært gode vitnemål med seg vidare i livet. Andre har lågare poengsum, men like mykje meistringskjensle. Nokre skal studere og veit kva dei vil bli, mange skal ta seg eit friår og kjenne etter kva dei har lyst til. 

Avslutningsfesten heldt vi på høgskulen i år, og heile kullet var samla i kantina. Dette kohort-kullet har ikkje vore samla så ofte som tidlegare kull, så det var ekstra rørande å sjå dei samla i finstasen. Ingen av dei har hatt ein einaste ordinær eksamen i heile vgs-tida si, som det første kullet nokon gong, så dei vil måtte lære seg det i framtida. Det dei har lært meir enn nokon andre kull, er at det ein gledar seg til kan bli avlyst, og at det ein gruar seg til òg kan bli avlyst, eller utsett. Det kom ingen deadline for å levere før den dagen karaktermøtet vart halde. Dei har òg kunna seie dei var sjuke, og dermed har fråværet blitt nulla ut så det ikkje kjem på vitnemålet. Mange går ut med 0 i offisielt fråvær etter knapt å ha vore på skulen. Dei må altså lære seg noko om arbeidsmoral framover, ingen tvil om det.

Eg gav dei alle ein god klem til avskil, og let meteren vere eit tilbakelagt stadium. No er det framtida som gjeld, og eg ønskjer dei sjølvsagt alt godt. Det er merkeleg stille på Teams no, men etter ein lang ferie er eg nok klar for å ta imot nye elevar. Dei blir truleg ikkje like kjekke som dette kullet, men det tenkjer eg kvar gong eg sender frå meg ei VG3-klasse. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar